Tja, eg tvilar på at det finnes mange mennesker som kan seiast å ha den "dannelsen" som det her er snakk om..

Sjølv såg eg på dette sitatet, som ein slags "litteraturteoretikarens trøyst" - det er berre eit fåtall som leser tekstene det her er snakk om, men teoretikarane kan trøyste seg med at dei er heva over resten av oss og har "de dannedes dannelse".

Leo Löventhal hevder at Hamsun (og Ibsen) høyrer til høgdepunktene i den ideologikritiske tradisjonen, så det er nok godkjent å lese desse for å oppnå "dannelse". Om du ynskjer å verte endå meir "danna", skal du vissnok lese Balzac og Thomas Mann.

Lukke til på vegen mot "de dannedes dannelse".

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Populærlitteraturen skrives av andre forfattere, formidles av andre forlag, selges i kiosken og leses av et publikum uten de dannedes dannelse.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg skreiv tidlegare ein teori om at Romeo var gamal (eldre enn Julie) Vi får vel ikkje vite kor gamal han er, eller?

Prologen passar i grunnen ganske godt. Den viser oss at dette er ei tragedie, til tross for all humoren ein kan spore i byrjinga. Humoren henger vel i grunnen med gjennom heile stykket, sjølv om den endrar form frå "komediehumor" til galgenhumor (tragi-komisk?). Det er jo i grunnen litt komisk med broder Lorenzo som skal ordne opp, kjem for seint, også går han heim..

Eg trekker tilbake det eg skreiv om Fru Capulet sin seksualitet, det var nok minner frå filmen - der ho er veldig seksuell ;)

Kan hende at Tybalt ikkje er så mannevond, men han er i alle fall mindre sympatisk enn til dømes Benvolio som truleg er den mest reflekterte av karakterane i stykket.

Forresten har du tankar om kvifor Capulet godtek at Montague-gutane er tilstades på festen hans. Er han brisen? Tenkjer han på åtvaringa frå fyrsten? Eller ynskjer han ikkje å øydelegge ein vellukka fest?

Paris er ein fjott! Men han er nok snill og godtruande. Han hadde heilt sikkert vore eit betre gifte for Julie enn Romeo.. Trur du karakteren Paris har noko å gjere med Illiadens Paris?

Hehe eg såg klippet du linka. Det var grusam overperformance, etter mitt syn, sjølv om eg ikkje høyrte kva dei sa. Likte kommentaren: "wow romeo was a very horny guy lol" ;)

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Tja, eg vart i alle fall forbløffa over kor godt eg likte stykket ;) Men eg er enig i at historia kanskje er litt for familiær til at ein kan oppleve dei heilt store overraskingane.

Hmm, eg skjønar kva du meiner. Sjølv er eg også veldig skeptisk til moderniseringar av klassiske verk. MEN akkurat denne filmen synes eg var veldig gjevande.

Enig i at Julie sin oppvåkning rett før Romeos død er med på å forsterke det tragiske, mon tru kva tankar som farer igjennom han i det han trekker sine siste drag med luft. Andre trekk eg likte med filmen var at Romeo truleg var høg på partydop første gong han såg Julie, og pistolar med våpenmerket "Sword" som Anja nemnde under (eller over..)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Interessant. Eg og er usikker på om Romeo gjer ein tragisk feil, men ein kan vel kanskje seie at han er fulgt av ulykke. Først vert han indirekte skuld i drapet på Mercutio, drep Tybalt i raseri, og vert forvist frå Verona. Så er det brevet frå Broder Lorenzo som ikkje når frem, og til slutt det at han når frem til Julie, litt for tidleg..

Det einaste som kan verke som Romeo sin skjenesvangre feil er at han sniker seg inn på Capulet-festen..

Eg lurer på om Romeo er eldre enn Julie? Var det ikkje vanleg at unge jenter vart gifta vekk til gamle gubber, sjølvsagt har han ganske mange ungdommlege trekk, men han kan jo vere ein barnleg 20 åring, eller litt treig 30 åring for alt vi veit - Juliet er vel den einaste som vi får bekrefta alderen på, og etter all den lediggangen ho opplever trur eg ho ville kasta seg over kven som helst som gav ho merksemd..

Men Julie er vel, som du seie, meir moden.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Stjernene har alltid skulda! ;)

Eg trur at både Romeo og Julie er meir forelska i følelsen av forelskelse enn i kvarandre. Begge er altfor mykje med på notane til at det kan vere snakk om noko anna enn eit gjennsidig behov for å fylle ut tomrom i liva sine.

Elles er eg veldig enig med det du seier, når det kjem til følelsane til hovudpersonane - og eg må innrømme at deira dødsfall gjorde langt mindre inntrykk på meg enn drapet på Mercutio (og kanskje tosken Paris!). Om dette har noko å gjere med at eg ikkje følte at Mercutio fortjente å døy eller om det bunnar uti at eg heile tida var viss på at emo-kidsa kom til å drepe seg sjølve, er uvisst..

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg og las stykket på både norsk og engelsk, og synes at dette er den beste omsettinga (av dei eg har lese så langt). Originalen har eit meir flytande, poetisk språk, men det var fleire partiere eg likte betre på norsk..

Sjølv om eg har sett fleire filmatiseringar og lese fleire bøker som har basert seg på dette stykket, vart eg overraska over kor lite eg tenkte gjennom dette medan eg las. På førehånd hadde eg bestemt meg for å finne minst 3 argument for at stykket ikkje er tidlaust. Eg fann ingen som var nemneverdige..

No som du har lese stykket bør du prøve deg på filmen "Romeo + Juliet" av Baz Luhrmann, den er utruleg bra! =)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ja eg skjønar godt at du ikkje vert lei, stykket er absolutt gjenlesbart. Stykket passar nok bra på ein ungdommskule. Der er vel elevane i rette alderen for å kunne kjenne seg igjen i karakterane. Sjølv vart eg overraska over kor unge Romeo og Julie er, eg var klar over at dei ikkje var gamle, men eg hadde sett for meg 16-17 år, ikkje 13-14..

Eg og trur Lorenzo er ein klok mann, og han gjer jo sitt beste, men det er vel litt vanskeleg å kunne gripe inn når skjebnen allereie er bestemt for dei to, som vi ser av prologen: "Av disse slekters skjebnesvangre skjød får et par elskende sin levefrist, som stjernene forkorter." Dette viser jo også til dei gamle greske tragediene, som Kong Oidipus, der skjebnen alltid er bestemt, og ikkje kan endrast.

Når det kjem til Tybalt og Mercutio, har eg mest sansen for Mercutio. Han er brautande, men ynskjer ikkje anna enn å vise seg (trur eg), Tybalt er eit anna stykke, han verkar aggressiv og vond. Men Mercutio sitt drap var vel eit uhell frå begge si side? Eg fekk i alle fall inntrykk av det.

Men ein ting eg lurte litt på. Er det ei slags seksuell spenning mellom Lady Capulet og Tybalt? Eller er eg heilt på viddene her?

Ja det kan verke litt urettferdig at Mercutio, som ikkje har noko med striden å gjere, vert offer for den, indirekte på grunn av Romeo, men dette mordet er vel ein slags katalysator for dei neste elendige hendingane.

Ja Julie sin frykt for å fortelje foreldra sanninga er også tragisk, men ho er jo ikkje like fri som Romeo. Er Paris eit dårleg gifte for ho? Personleg synes eg eigentleg at han berre er irriterande. Kvifor er han i det heile på kyrkjegården? Er det berre for å vere endå ein trist skjebne?

Eg synes at Baz Luhrmann sin filmatisering av stykket er svært bra. Handlinga har vorte modernisert, men er samstundes tru mot originalen. Dette viser vel kor tidlaust dramaet kan vere.. "Sukk" no må eg vel sjå denne filmen igjen også ;)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Romeo:

Hun kunne lære fakler flammeskinn! Det er som henger hun på nattens kinn lik smykket på en afrikaners øre, for skjønn til bruk, for dyrebar å røre! Hun er mot andre kvinner, vakre nok, en snehvit due i en kråkeflokk. Min grove hånd vil efter dansen ta på hennes, og lykksaliggjøres da. Kan jeg ha elsket før? Syn, sverg på at sann skjønnhet så jeg aldri før i natt!

Første akt, scene 5

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg og var ganske så nøgd med stykket. Trur kanskje at dette kan kome av at eg kjente til historia frå før.

Den karakteren eg likte best i stykket var Broder Lorenzo. Han fremstår som ein litt klønete hjelpar, men han ynskjer jo berre dei to elskande det beste. Likevel kjem han også med fleire åtvaring til Romeo som: "Wisely and slow; they stumble that run fast." Med dette meinar han at Romeo må ro ned den ildfulle kjærleiken han nærer, elles kan det gå gale.

Ein kan jo også stille spørsmål ved om den altoppslukende kjærleiken som vert presentert her i stykket, kan vare..

Ein annan karakter som eg likte godt, var ammen. Ho er ei småkåt og jordnær matrone, som er med på å bringe litt humor inn i stykket.

For sjølv om stykket er ein tragedie, er det jo også mykje humor å spore her. Sverdkampane inneheld mange artige og kommentarar, og stykket kan fungere som ein komedie, frem til vendepunktet, der Tybalt drep Mercutio.

Kven er så den mest tragiske av dei to heltane? Romeo er utan tvil ein ulykkesfugl. Alt går gale for han, og dette påverkar alle som er rundt han. Men Julie lar seg jo vikkle inn i dette nettet, sjølv om ho kanskje kunne ha vorte lukkeleg med ein annan mann.. Kan vi seie at Broder Lorenzo har ein del av skulda? Det var jo han som arrangerte Julie sin "død".

Thoughts? =)

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Lady Capulet:
I beg for justice, which thou, prince, must give; Romeo slew Tybalt, Romeo must not live.

Act 3, scene 1.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Juliet:
My only love sprung from my only hate! Too early seen unknown, and known too late! Prodigious birth of love it is to me, That I must love a loathed enemy.

Act 1 scene 5

Godt sagt! (4) Varsle Svar

They're just like the old aristocracy! Kings sitting up to their ears in cabbage. And the simple people are trash. A herd of sheep that are good for shearing, but sometimes it's more profitable to slaughter them. Nothing's changed.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

"But even so, you're not right," he replied more calmly. "Logic does exist, of course, yes… But if you compare things with the Middle Ages, then morality has definitely advanced."

"Don't be ridiculous!" I said, shaking my head. "How has it advanced?… Even in the wars back then they had a strict code of honour. A war then was a real war, and kings fought with their armies, risking their thrones and their heads. And now? A big country wants to put pressure on a little one, so it bombs it for three months and gets rid of its outdated armaments at the same time. Not even the soldiers risk their lives! It's the same as if you drove up onto the sidewalk and started knocking down pedestrians like bowling pins."

Godt sagt! (2) Varsle Svar

I saw an old woman in a window. The shadow of death was already hovering over her, she could probably sense it herself. But she was still smiling. Her grandson had come around to see her that day. Probably only to check if his grandmother were still alive, or if the expensive apartment in the center of Moscow were free now. She understood that too, but she was still happy. I felt ashamed, but I touched her and took a little Power. A fading orange and yellow bouquet of asters and autumn leaves...

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Artig! Godt å høyre at eg ikkje er den einaste av hankjønn som er teknisk tilbakeståande. Og eg skal prøve å heve "selvfølelsen" deira neste gong =)

Sjølv lese eg faktisk ein del "gjør det selv" bøker, som "enkel muring og støping", "terasser på en, to, tre", "fliser og flislegging", for å nemne nokon. Dette gjer eg ikkje for å tillegne meg desse eigenskapane, men for å skjønne prinsippet og dermed få ein viss tryggleik, ikkje fordi eg kan gjere det, men fordi eg veit korleis andre kan gjere det - skjønar du? =)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Hehe, godt forslag! ;)

109 bøker er ikkje så verst, men med tanke på at vi samla har lese omlag 2000 bøker og berre 100 av desse overlappar er det likevel ikkje så mykje =)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Du kan jo kanskje plassere dei du les litt av og til i kategorien "oppslagsverk". Dette passar vel eigentleg bra for diktsamlingar, faglitteratur og liknande.

Personleg brukar eg ikkje å legge inn bøkene før eg er heilt ferdig med dei, ettersom eg har merka meg at eg ikkje leser bøker eg har lagt i kategoriane "skal lese" eller "leser". Eg kan til nøden legge inn ei bok i "leser" om den har sitat eg ynskjer å fremje.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det ser ut som du har sett poenget mitt, og eg synes du argumenterer godt for dine syn. Sjølvsagt kan folk skrive så mykje dei berre vil om vitsar, interiør i heimen og det nye brødet, men det betyr ikkje at eg treng å like det.

Personleg synes eg diskusjonar om bøker er dei mest spennande diskusjonane her inne, men desse klarer skjeldant å utvikleg seg til noko meir enn - "boka var bra" og "eg er såååå enig", og når nokon prøver å diskutere litt rundt handlinga og plottet kjem det ei rekke sure kommentarar frå sutrete brukarar, fordi det ikkje sto "spoiler".

Når det kjem til desse alternative diskusjonane synes eg at dei kan vere greie (i små mengder), men dei tek så fort opp altfor mykje av fukuset.

Det ser likevel ut som eg står aleine når det kjem til mine visjonar om eit utopisk bokelskere, der fokuset ligger på bøkene.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Ikkje verst, då ser eg frem til å lese Innsirkling 2. Det skal verte spennande å sjå kven som sender inn dei neste "minne" breva.

Etter at eg hadde lese Jon og Arvid sine delar satt eg igjen med eit inntrykk av at David ikkje hadde missa hukommelsen, noko som Silje også misstenkjer. Og både David og Silje er jo dyktige manipulatorar med ein hang til å vere eksentriske, men dette vert jo berre spekulasjonar.

Kvifor likte du Jon sin del best?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Linda RastenAnn Christinmay britt FagertveitLene AndresenHarald KAnniken LTanteMamieDemeterEllen E. MartolReidun Anette AugustinIngunn SBjørg L.Bjørg  FrøysaaReidun SvensliRune U. FurbergIna Elisabeth Bøgh VigreDinaEster SmgeVannflaskeSynnøve H HoelRufsetufsaKristine87EvaThearitaolineCamillaKarin BergBeathe SolbergelmeVariosaMarianne  SkageConnieAxelinaPiippokattaKarina HillestadEmil ChristiansenGunillaHarald AndersenIngeborg