Ja den filmen er ikkje dum =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Har nett lese/høyrt denne på lydbok.

Eg synes Innsirkling var ganske bra, til tross for dystre menneskeskjebnar. Spennande å lære David å kjenne gjennom andre sine minner. Eg likte også alle dei vage røyndommane som ein kan skimte gjennom historia.

Eg likte best delen med Jon (lurer på om dette kan ha noko å gjere med at eg las den delen sjølv eller om det går på naiviteten hans), men kjende meg vel best igjen i Silje.

Men er det ikkje noko som manglar i boka? Eg er ikkje ute etter det store svaret, men saknar eit eller anna som eg ikkje kan sette fingeren på. Kanskje det heile vert klarara i Innsirkling 2?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Føler du deg litt i skuddlinja ;) Men det var ikkje berre deg eg sikta til altså, og det hender vel at eg sjølv skriv litt meir enn kva som er naudsynt - eg er ikkje verre enn at eg ser flisa i mitt eige auge.

Jo plass er det sikkert nok av her inne, men kan det hende at andre føler seg litt "overvelda", om dei kjem inn på ein diskusjon der 3-4 personar har skrive 80 av dei 100 innlegga. Viss dei i det heile veljer å bidra med noko sjølv, vil dette innlegget fort verte lite synnleg.

Eg meiner at i trådar som denne, altså litt "alternative" trådar, kan det vere på sin plass at ingen bidrar for mykje, sjølv om dei har mykje å kome med.

Diskusjonar som omhandlar bøker er ein annan sak. Der må folk berre kome med eigne innspel så lenge dei har noko (nytt?/relevant?) å kome med. =)

For å sette det heile litt på spissen. Om eg loggar på bokelskere og ser at Kåre Gunnar har kome eit sitat og Rita har kome med 9, kven sitt sitat er det størst sansyn for at eg les? ;)

No har i grunnen sagt mitt, og vart brått litt i stuss om kvifor eg skriv dette. Eg burde jo heller ha skrive ei artig historie!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg ser no at det eg skreiv over kanskje kunne oppfattast litt negativt. Det var ikkje meininga å støte nokon. Det eg prøvde å seie er at somme bokelskarar er litt for ivrige til å bidra med sine eigne innlegg, og då kan lett andre forsvinner i mylderet frå den vesle kjerna som skriver ganske mykje.

Eg seier ikkje at det dei som skriver mykje seier er mindre bra enn kva andre seier, men eg synes det er viktig at andre får kome til.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja eg tenkjer ofte at eit "Maks 3 innlegg per brukar" i starten av ein tråd kan vere på sin plass. Det er somme bokelskarar som har litt vel mykje å kome med =)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg har eit døme på ein situasjon der ein "selvgod mann" (i dette tilfellet meg sjølv) hoverte over dumme kvinner.

Eg var ein tur på Rema i går. Eg skulle ha meg brød. Brødet må sjølvsagt skjærast opp på butikken, for dette er altfor tidkrevjande å gjere heime.

Framfor meg i køen sto det 3 blonde damer (ei mor med sine to vaksne avkom) og dei hadde det ikkje lett. Dei sto med eit brød og prøvde å finne ut korleis brødet gjekk inn i maskina. Etter ein del feilforsøk, klarte dei i fellesskap å resonnere seg frem til at dei måtte late opp luka og legge brødet nedi (brødet vart plassert på høgkant..). Så vart dei ståande å vente. Ingenting skjedde.

Eg synes det heile var rasande festleg så eg valte å ikkje blande meg inn. Blondinene ville tydelegvis klare dette på eigen hand for dei spurte ingen om hjelp. Til slutt fann dei ut at dei skulle late igjen luka, og alle 3 skvatt tilbake då maskina byrja å skjere.

Etter ei stund kom brødet ut (det hadde til min skuffelse snudd seg riktig veg). Blondinene snakka ivrig og oppstemt saman, og alle ville hjelpe til med å legge brødet oppatt i posen. Resultat - brødet datt i golvet.

Dette vart for mykje for meg så eg byrja å humre ganske høgt, medan eg kviskra eit "kor mange blondiner må til få å skjere opp eit brød" til sidemannen. Eg sa det nok litt for høgt for eg fekk eit stygt blikk frå damene, før dei hasta vidare, utan brød.

Eg fekk skore opp brødet. Sjølv om eg ikkje er nokon praktikar, klarte eg dette lett.

Godt sagt! (13) Varsle Svar

Hehe veldig enig med det du skriver, og titelen burde sjølvsagt vore Breaking Down ;) Historia er veldig tynn, karakterane ganske livlause og dei einaste formene for overrasking ein støyter på er negative. Som når dei store slaga vert avblåst..

Bella si vidare utvikling er ikkje spessielt vanskeleg å skimte frå starten av, og eg meinar eigentleg at Meyer er feig som velger å la ho bli ein "snill vampyr", utan blodlyst, eg trur eg hadde likt historia betre om eg hadde fått opplevd ei mørkare utgåve av ho, men dette hadde nok ført til mange skuffa og sure småjenter.

Eg synes også at den bodskapen som indirekte kjem frem i boka er litt kvalmande; "La meg døy så vi kan leve lukklege og elske kvarandre i all evighet".

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har i grunnen ikkje så stor tru på forkjølelse, sidan eg aldri er sjuk, men sikkert mange som vil dra nytte av dette =)

Eg ser også at du har skifta til meir haustlege fargar, dette var lurt! No kan ein skimte menneske Norah bak alle fargane ;)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Slik skal det vere! Stå på! =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Hehe, sitter du også klar med penn, i stadig jakt etter nye gullkorn?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Du skriver veldig mange sitat! ;)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Takk for flotte svar. Bøkene dykk viser til har vore, og er, til stor hjelp. Stjerner til alle ;)

Litteraturteori kan vere spennande, men akk, så tungt..

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg lurer på om det er nokre oppegåande bokelskarar som kan anbefale meg bøker om litteraturteori. Emner eg er spessielt interessert i for augeblikket er: Dekonstruksjon, russisk formalisme og amerikansk nykritikk.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Someone once said that a great general can lead even the weakest army into victory. Clearly whoever said that never met these losers.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

There is at least ONE good thing about war. For some reason it makes women extraordinary pliant and horny

Godt sagt! (1) Varsle Svar

”Jack og Fables” er ein spin-off til den meir kjende serien ”Fables” med Jack (som i Jack og bønnestengelen) i hovudrolla. Han er det ein kan kalle ein typisk antihelt, med sine narsissistiske og skruppellause haldningar, og det kan verke som dei einaste måla hans er å ligge med flest mogleg og bli rik. For å oppnå dette går han ikkje av vegen for å dolke sine venner eller elskarar i ryggen. Likevel brukar dei fleste planane hans å slå tilbake på han til slutt. Ein kan seie at det er ganske mykje meir svart humor i denne serien enn i Fables.

Serien presenterer også ei rekkje nye overnaturlege skapningar, som vert kalla ”literals”, og er personifikasjonar av språklege verkemiddel og sjangrar . Jack vert til dømes god venn med ” the Pathetic Fallacy” som er ein personifikasjon av antropomorfisme (besjeling), og Deus Ex Machina (Dex) dukkar tidvis opp og reddar dagen når alt ser som svartast ut. Vi støyter også på sjangerpersonifikasjonar som Fantasy, Blockbuster og Noir.

For ein litteraturstudent som er glad i språklege verkemiddel, var det ganske artig å sjå korleis desse vart framstilt med menneskelege eigenskapar. Eg var i byrjinga litt skeptisk til serien, sidan eg er utrulig glad i ”Fables” og var redd for at denne skulle øydelegge, men alt i alt synes eg at det var ein solid serie med mykje bra plot og humor i seg.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Nei så flott! Eg gjorde nokre halvhjerta forsøk på å finne skodespelet, men klarte ikkje å finne ut kva det heite originalt. Flott at du gjorde litt research. Trur nesten eg må lese det no. =)

Og eg er enig i at Anne Marit Jacobsen hadde mykje utstråling på scena. Sjølv om eg kan tenkje meg at det hadde kome betre frem om ho hadde hatt ei rolle som ikkje var hovudrolla ;)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

"Historien om.." bøkene var faktisk svært populære i klassa mi då eg gjekk på barneskulen. Eg trur omlag halve klassa på eit eller anna tidspunkt las ei av desse. Sjølv ploga eg igjennom mange av dei. Favorittane var Historien om Florence Nightingale, Jeanne d’Arc og Columbus. Synd om desse bøkene går i gløymeboka.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg trudde det skulle verte enkelt å ramse opp nokre "samtidsdømer" på kvinneskikkelser som har festa seg på minnet, men det viste seg å vere vanskelegare enn eg trudde. Faktisk var den einaste kvinneskikkelsen eg kom på, Marianne i Erlend Loes "Tatt av kvinnen.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Vel eg ser ikkje heilt problemet her, sjølv om ein høyrer eller les ei bok, gjer ein vel seg opp omlag dei same meiningane. Boka endrar ikkje innhald sjølv om det er i eit anna format.

Sjølv høyrer eg mykje på lydbok, og særleg krim synes eg er passar til dette formatet. Dessutan hender det at eg faktisk veklser mellom å lese i boka, og å høyre lydboka. Dette synes eg er greit om det er delar av boka som eg synes eg bør kikke nærare på.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Linda RastenAnn Christinmay britt FagertveitLene AndresenHarald KAnniken LTanteMamieDemeterEllen E. MartolReidun Anette AugustinIngunn SBjørg L.Bjørg  FrøysaaReidun SvensliRune U. FurbergIna Elisabeth Bøgh VigreDinaEster SmgeVannflaskeSynnøve H HoelRufsetufsaKristine87EvaThearitaolineCamillaKarin BergBeathe SolbergelmeVariosaMarianne  SkageConnieAxelinaPiippokattaKarina HillestadEmil ChristiansenGunillaHarald AndersenIngeborg