At selvmord mislykkes er ikke nødvendigvis den mest bedrøvlige sak i verden. Ingen kan lykkes med alt.

Godt sagt! (32) Varsle Svar

Nettopp ferdig med denne, og er litt i stuss om kva eg synes.. På ein måte var det spennande å bevege seg vekk frå den faste "krim-sona", eg vanlegvis vankar i (Noreg, Sverige og England), men eg er endå usikker på om eg var så nøgd med historia og plottet.

Eg tykkjer i grunnen boka minner svært mykje om Snømannen, av Nesbø. Skilnaden er vel den generelle elenda som pregar dei fleste av karakterane i "Myren". Mange mørke og dystre personar her!

Men til tross for alt dette tungsinnet, er jo Erlendur ein spenande karakter som ein får lyst å følgje vidare. Trur eg skal prøve meg på den neste boka også =)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Artig "problemstilling" Rose-Marie. Etter litt tenking kom eg frem til at eg ikkje er flau over å ha lese nokon bøker, sjølv om eg i førstninga var sikker på at eg kunne ramse opp ein god del.

Men det eg kanskje er litt flau over, er den haldninga eg har hatt til nokre bøker, før, og medan eg las dei. Særleg gjelder dette bøker som ALLE roser opp i skyene, til dømes Knausgård sin Min Kamp. Dess meir ros ei bok får, dess meir skeptisk vert eg.

Eg las også bibelen for nokre år sidan med eit einaste mål - å finne mest mogleg dritt. Eg fann frem boka for ei tid til bake og såg at eg hadde streka under alt av tvetydige, vulgære og sjikanerende setningar. Dette skammar eg meg litt over no.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Dersom du har som ambisjonar å lese verket på både norsk og engelsk, må du nesten berre prøve deg frem. Sjølv startar eg lesinga med nokre samandrag eg finner på nettet, slik at eg får oversikt over karakterane og handlinga. Så lese eg verket på engelsk, og til slutt lese eg det på norsk, i tilfelle det var noko eg skulle ha oversett i den engelske versjonen. Shakespeare engelsk er poetisk, men tungt.

Såg at dei hadde nokre bøker på bilioteket med engelsk/norsk, annankvar side, men eg synes det verkar rotete!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Orsak, eg får skulde på ein tåkelagd persepsjon. Poesien, tja, eg likar å forstå alt eg leser og samstundes halde ein god fart, Shakespeare sitt språk får meg til å stoppe opp og stusse litt vel ofte.. Er usikker på om dette er positivt eller upositivt(?)

Lukke til med omsettinga di, flott hobby, sjølv maler eg.

Ikkje noko problem, eg er vand til å lese alt med tvisyn og rekna med at du var ein skøyar. =p

Tja, no har ikkje eg lese dette stykket ("Julius Caesar"?), så eg føler ikkje at eg har grøde til å kunne utale meg om tydinga på "tide of times", men eg reknar med at dette som så mykje anna er tvetydig, og dermed vanskeleg for ein omsettar å.. omsette. Synes derfor det er flott at han lar orda stå, slik at vi vanlege dødlege kan gjere forsøk ;)

Forresten synes eg at du også skal vere med i Shakespeare gruppa vår, nesten berre gamlingar her, så "ferskt blod" kan kome godt med ;)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Bra at du står på Tone =) Sekundærlitteraturen trur eg at eg skal vente med, sjølv om det freistar =)

Eg er ikkje så nøye på rekkefølga, så lenge det vert lese! (og så lenge eg slipper å lese alle dei historiske stykka eller tragediene etter kvarandre..)

Er enig i at magien gjer seg i stykket, Ariel har eg ikkje sett så mykje på endå, men eg synes han minner ein del om Pukk i "en midtsommernattsdrøm", begge er magiske vesner som tjener sine herrer, sjølv om ein kan spørre seg om Pukk roter det til med vilje =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Enig at det kjem ann på oversettaren. Sjølv har eg støtt på mange svake omsettingar, men det eg har lese av Shakespeare til no,(på norsk altså), har eg vore svært godt nøgd med, var einaste i "en midtsommernattsdrøm" at eg reagerte litt på nokre namnendringar..

Eg synes flyten i språket er svært godt bevart, og at du, monsieur Røkkum, er litt snobbete som hevder noko anna! =P

Hmm, ja eg ser at dei linjene du viser til, ikkje er av dei sterkaste og mest velklingande omsettingane, men så altfor gale er dei ikkje!

Fekk lyst å prøve meg som omsetter:

Du er ruinen av den edleste mann/Som noen gang levde i tidenes ... - og her vart eg usikker - "vekslende vann"? eller "farvann"? Kanskje "historiens tidevann".

Godt sagt! (1) Varsle Svar

"Kysset som fikk snøen til å smelte" av Tor Fretheim. Nydeleg tittel, heilt grei bok!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Har no lese både den engelske og norske versjonen av dette stykket, og må innrømme at Shakespeare fungerer vel så godt på norsk!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

hehe, hadde nett tenkt å legge ut denne sjølv ;)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Etter å ha høyrt mykje negativt om Sandemo tenkte eg det var på tide å prøve meg på denne svært så uglesette forfattaren, og eg må innrømme at eg vart positivt overraska!

Nokon språkleg meister kan ikkje Sandemo anklagast for å vere, men både historia, språket og karakterane var heilt greie, etter mitt syn.

Einaste eg faktisk misslikte var "erotikkdelen", men no har eg i alle fall fått augene opp for kva omgrepet "husmorsporno" tyder.

Eg kjem neppe til å fullføre serien, men har skaffa meg dei fire første bøkene på lydbok, så kjem nok til å høyre desse.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Hehe, er du også ein av dei som kan stå i timesvis fremfor spegelen, å tenkjer at du kunne drukna i ditt eige speglbilete, medan sola, månen og mange stjerner krinsar rundt deg? ^^

Lukke til med Aschehoug! Stor tru på eiga evne er ein dyd!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Har De ikke lagt mærke til, at de mennesker der ude ved det åbne hav er ligesom et folk for sig selv? Det er næsten som om de leved havets eget liv. Der er bølgegang – og ebbe og flod også – både i deres tænkning og i deres fornemmelser. Og så lar de sig aldrig omplante.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Solness.
For Aline – hun havde sit livskald, hun også. Ligeså godt, som jeg havde mit. (dirrer i stemmen.) Men hendes livskald, det måtte forkludres, det, knuges, knækkes sønder og sammen, – for at mit kunde vinde frem til – til et slags stor sejr. Ja, for De skal vide det, at Aline – hun havde sine anlæg til at bygge, hun også.

Hilde.
Hun! Til at bygge?

Solness
(ryster på hodet).
Ikke huse og tårne og spir – og sligt noget, som jeg går og driver på med –

Hilde.
Nå, men hvad da?

Solness
(blødt og bevæget).
Til at bygge op små barnesjæle, Hilde. Bygge barnesjæle op slig at de kunde rejse sig i ligevægt og i ædle, vakkre former. Så de kunde højne sig til ranke, voksne menneskesjæle. Dette her var det, som Aline havde anlæg for. – Og alt det, det ligger nu der. Ubrugt – og ubrugeligt herefter. Og til ingen verdens nytte. – Akkurat som grushaugene efter en brand.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Great wakering (participial vb.)

Panic which sets in when you badly need to go to the lavatory and cannot make up your mind about what book or magazine to take with you.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Slik galskap vil eg også vere med på, men eg har eit lyte (utrulig nok) og det er at eg skjeldent klarer å vere dedikert til ei sak over lengre tid. Men eg vil i alle fall prøve meg..

Eller kanskje eg kunne få vere med som "støttemedlem" (dette er eg allerie i IOGT, og det funkar fint ;))

Alle Shakespeare sine verker finner ein vel på veven, tenkjer eg =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Mitt gjennomsnitt er 4.5 - eg har ein tendens til berre å gi "positive" terningkast (4,5 og 6), bøker eg synes er dårlege bryter eg av ganske fort.

Eg gjev berre låge terningast til bøker som eg hadde store forventningar til, eller som andre har rost opp i skyene, men som skuffa. Trur eg berre har delt ut ein 1-ar, og det var til Dan Brown si siste bok "det tapte symbol".

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ja dette var også min store lidenskap, nokre år tilbake, den gongen eg var ung og lovande.. Alvefolket har ei fantastisk historie, eit flott persongalleri med karakterar ein fort vert glade i, og ikkje minst, utrulege illustrasjonar!

I mitt tilfelle gjekk faktisk interessa så longt at eg lærte meg å teikne i same stilen som Pini, og lagde mine eigne historier (eg vart faktisk ganske god etter ei stund - sjølv om eg brukte 2 veker på kvar side).

Du kan sikkert få skaffa Alvefolket (elfquest) i farga på amazon.com, på engelsk sjølvsakt..

Ryktene går dessutan på veven, om at serien skal kome på film =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

En dame er en dame. Selv i helvete.

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Etter ein rask titt i "krim bokhylla", kan eg konstantere at eg les omlag like mykje kvinnlege som mannlege krimforfattarar. Har til no les 42 krimbøker av kvinner og 37 menn.

Men eg har notert meg at nokre kvinnlege forfattarar, til dømes Unni Lindell og Camilla Läckberg, har ei form for mønster i krimgåtene sine som gjer at ein lett kan avsløre kven mordaren er. Lurer på om dette er ein "kvinneting", men eg fann også eit liknande mønster i Nesbø sine bøker (i alle fall dei siste..).

Nokon som har teoriar?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundPiippokattaChristofferTrude OmaMartineTjommiHarald KPer Åge SerigstadLars MæhlumTor Arne DahlBerit RBjørg  FrøysaaNicolai Alexander StyveIngeborg GKarin BergToveritaolineHanne Kvernmo RyeChristofer GabrielsenKristin_Kjersti SNorahSissel ElisabethIngunn SHilde Merete GjessingAnn ChristinTove Obrestad WøienIreneleserG LMads Leonard HolvikCarine OlsrødBjørn SturødVibekeStig TVidar RingstrømLailaJarmo LarsenKari-AnneMarit MogstadAud- Helen