Eg føler at dei framstillar Fanny heilt feil! I 1999-versjonen er ho alt for lik Jane Austen sjølv, i det at ho skriv bøker og er veldig "rappkjefta" (positivt meint, altså). Sjølv om det er ein grei nok karakter i seg sjølv, er det ikkje Fanny som framstillas der. 2007-versjonen blir berre heilt feil fordi ho som spelar Fanny også har spilt prostituert i ein eller anna serie, og assosiasjonane blir heilt feil, i tillegg til at her også føler eg at Fanny absolutt ikkje kjem godt nok fram. Ho er liksom meir beskjeden og uskuldig i boka, synst eg.
Orsak, men då skjønner eg ikkje kva karakteren på analysa di har med oppfattinga av boka di å gjere. Var berre det. :-)
Ja vel.
Ja, der seier du noko :-)
Du veit, det er mogleg å få god karakter på ein analyse sjølv om boka ikkje falt i smak. Om du skreiv at du hata, hata, hata boka på analysa, kan eg fatte den dårlege karakteren.
Berre ikkje vent deg for mykje av neste bok! Ho er bra, men ikkje like bra som dei tre fyrste.
Heilt uenig med deg. Eg klarte ikkje å lese ho ferdig. Forferdeleg bok. Korleis forfattaren klarte å overtale eit forlag til å publisere denne, er meg eit mysterium.
Ja, det har vore kjempeartig! Ho er veldig flink, og ho har så mykje kunnskap om tysk historie. :)
Har veldig lyst til å lese denne. Forfattaren har vore forelesaren min i år, i eit grunnkurs i tysk kulturhistorie.
Dén var det eg tenkte på ja, tusen takk! :)
Vel, du spesifiserte ikkje at det var menneskeblod du snakka om. "Blodsugarar" er ein ganske vid definisjon. Blodiglar er t.d blodsugarar. Men eg skjønner kva du meiner.
Tja, om du vil vite meir om vanlege folk i Tyskland under krigen, kan filmatiseringa av Sophie Scholls siste dagar tilrås! På tysk heiter den "Sophie Scholl - die letzten Tage", og eg trur at oversettinga blir "Sophie Scholls siste dager". Historia som blir fortalt der, er like sann som den om Anne Frank, men ho blir fortalt gjennom film og er full av spenning. Veldig interessant og rørande film.
Sjølv leste eg Anne Frank som 12- eller 13-åring, og eg hugsar eg syntest det var så fælt, og eg gråt når eg såg bileta av ho og visste at denne jenta hadde vorti drept for noko så dumt som at ho var jødisk.
Vel, dei er jo blodsugarar. Dei berre unnvik frå å suge menneskeblod fordi dei har eit samvete, og sug istaden dyreblod. Så der tek du feil. Det at dei glitrar i sollys derimot, avvikar ganske kraftig frå gamal mytologi, as far as my knowledge goes.
Eg interesserer meg for regency-tida i England, og har derfor opparbeida meg litt kunnskap på ymse internettsider om denne perioden. Eg leste ein eller anna plass at diktaren Lord Byron, som var ei slags rockestjerne på den tida, for ikkje å snakke om uhelbredeleg kvinnebedårar visstnok skal ha inspirert nokon til å skrive ei bok kor dei tar utgangspunkt i ein lord Byron-aktig vampyr, som seinare har inspirert til moderne vampyrfortellinger, kor vampyrar gjerne har interesse for vakre menneskejenter. Dette er kanskje litt svar på spørsmålet ditt om kva som får folk til å tenkje på vampyrar som romantiske førsteelskarar.
Er forsåvidt enig i at Bella Swan er eit heller dårleg forbilde for ungjenter.
Eg studerer germanistikk, og held nett no på å skrive eksamen om boka. Likar spesielt kontrasten mellom Czentovic og Dr. B :-)
Du klarte House of Night, men mener Twilight blei for dumt? House of Night er jo det absolutte lågmålet innanfor vampyrsjangeren.
Klarte ikkje lese videre etter to kapitler. Fæl skrivestil, og skjønte at ho kom til å vere full av fæle klisjéar allereie på fyrste side. Mest bortkasta hundrelappen eg nokosinne har brukt på ei bok.
Ja, herregud. Eg diggar Mr Woodhouse <3
noko som stemmer ganske godt med alle bøkene skrevet av Jane Austen :)