Jeg har lest 26, men er halvveis i Anna Karenina, så 26,5?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne blei altfor keisam for min del

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Er gjerne med på felleslesning og diskusjon rundt Til Fyret i august. Synst dette var ei interessant bok, og eg innbillar meg at det var lettare å kome inn i den enn Mrs Dalloiway. Det kan også vere at eg var innstilt på å lese boka for min egen del og ikkje som ein del av eit fag på universitetet og at det derfor føltes lettare. Gler meg i alle fall til å høyre kva andre tenker om boka. :-)

Eg synst at Breens bok er verdt å lese, sjølv om eg kanskje ikkje er einig i alle synspunkta ho fremmar. A room of one's own var i alle fall veldig interessant, for kvinner på starten av 1900-talet hadde eit heilt anna utgangspunkt enn kvinner på starten av 2000-talet. Det var veldig fint å få eit slags innblikk i historien, også synst eg Woolf er veldig flink å ordlegge seg (boka er jo, som sagt, basert på førelesinger, så det blir litt annleis enn romanane hennar).

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg las sjølv Mrs. Dalloway som del av engelsk årsstudium på universitetet for nokre år sidan. Eg syns boka var lett nok å lese, men eg sleit med å "komme inn i boka", om ein kan seie det sånn. Synst det var vanskeleg å følgje med kven som tenkte kva og kva som skjedde på ordentleg og kva som berre var tankar. Eg skjønte at det var ei bra bok og at Woolf var ein bra forfattar, men det var liksom ikkje noko for meg.

I alle fall, så blei eg interessert i feminisme for omlag to år sidan og begynte å lese meg opp på det. Las bl.a. "How To Be A Woman" av Caitlyn Moran og "Født Feminist" av Marta Breen. I sistnemnde bok blei "A room of one's own" av Virginia Woolf nemnt, og eg fann ut at eg ville lese den boka (som er basert på nokre førelesinger av Woolf). Eg likte denne boka veldig godt, og fann ut at modernisme og Woolf kanskje var noko for meg likevel.

Held no på å lese "To the lighthouse". Eit tips eg kan gi, som eg ser at andre óg har gitt: ta deg god tid med å lese. Det er også ein fordel om det ikkje er så mange distraksjonar rundt deg, sånn at du klarar å følge med i "tankerekka" - og, om du "faller ut", så klarar du mest sannsynleg å hente deg inn igjen om du les litt meir. Woolf er nemleg flink til å skape samanheng og til å knyte saman starten og slutten.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Orsak, men om du ikkje har høyrd ei einaste låt frå Mötley Crüe, korleis kan du då seie at dei ikkje er musikarar? Vil påstå at musikken deira er mykje betre enn Åge Aleksandersen sin ("fire pils og ei pizza" er ei handleliste, ikkje ein song), t.d., sjølv om det kanskje er tilfellet at boka hans er betre skrive.

Grunnen til at boka er mykje omtald, er jo nettopp pga. det ville rock'n roll-livet som skildras, ikkje pga. musikken dei produserte, så eigentleg er jo også musikken deira ikkje så viktig når det kjem til boka om liva deira. Eg likar t.d. ikkje Justin Bieber sin musikk, men eg kan tenke meg at biografien han kjem til å skrive om tjue år blir interessant likevel.

Eg fekk mi første MC-CD av onkelen min då eg var 13, og dei blei liksom soundtracket til tenåra mine. Eg hugsar at eg storkoste meg med boka "The Dirt" då eg var 17, ikkje fordi eg synst det er kult med rus og kriminalitet, men fordi Mötley Crüe så til de grader levde rockelivet og fordi det rett og slett er litt av ein historie! :) Igjen, om du meiner dei ikkje produserer god musikk, så er vel det greit. Eg kan ikkje så mykje om musikk, men eg likar dei i alle fall veldig godt.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Korleis meiner du at Moran legg føringer for korleis ein skal vere ei riktig kvinne? Er det ikkje akkurat det ho ikkje gjer?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har lest 24 av dei.

Godt sagt! (0) Varsle Svar
Denne teksten røper noe fra handlingen i en bok. Klikk for å vise teksten.
Godt sagt! (1) Varsle Svar

Same her! Eg flirte i eine sekundet og gråt i det andre. Ei av dei beste bøkene eg har lest!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg og! Er litt nervøs då, sidan krim (etter mi meining) anten er veldig bra, eller veldig dårleg. Men samstundes er jo harry potter-bøkene oppbygde litt som krimbøker, og dei likte eg jo veldig godt, så dette har jo potensiale til å bli veldig bra :)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er rart kor forskjellig ein kan oppfatte ei bok. Eg las ho ut på tre dagar, klarte nesten ikkje legge ho vekk.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg las boka ut på to dagar, eg. Synst ho var kjempespannande. Men så klart, alle kan jo ikkje like det same. Samstundes kjennes det litt som om folk forhandsdømde boka, liksom "ho kjem aldri til å kunne toppe Harry Potter!" Nei, eg trur det er vanskeleg å skape same type sensasjon rundt ei bok som det blei rundt Harry Potter, men kor mange forfattarar opplevar nokon gong halvparten av suksessen ho fekk med Harry Potter? Også skulle ho klare å gjere det på nytt? Då hadde eg blitt mektig imponert.

Trur aldri målet hennar var å "leve opp til suksessen etter Harry Potter". Som ho sa, ho er ferdig med det universet no. "Den tomme stolen" er jo også ein heilt anna sjanger, utan eventyr og magi og skreve for eit vaksent publikum, ikkje for born. Om ein venta seg noko ala Harry Potter, er det klart ein blir skuffa. Eg skal ærleg innrømme at det er lite truleg at eg hadde kjøpt boka viss ikkje det var Rowling som hadde skreve ho, men eg er veldig glad for at eg gjorde det likevel.

Men, om ein likar fantasy og allerhelst berre fantasy, så er det klart at "Den tomme stolen" ikkje er ei bok ein burde lese.

Synst berre det er dumt at folk skal samanlikne med Harry Potter heile tida. Det verkar på ein måte litt urettferdig gjort.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Har du lest dei to andre bøkene i serien? Dei er heller slettes ikkje verst :)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Fyrste boka var heilt OK, men siste var ein sabla stor skuffelse og heller dårleg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Då eg var lita, syntest eg at eg var prikklik Ronja, men ingen var einig. Klart eg var lik ho. Ronja er tøff og sterk og modig. Utrulig bra moral for unge jenter, bedre enn Snehvit og alle desse Disney-prinsessene som er kjempevakre og hjelpeslause.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Trur det må vere skummelt å vere Rowling og skulle skrive voksenlitteratur etter Harry Potter. Det verker som om folk trur at sidan ho hadde braksuksess med bornebøkene, skal ho ha det med voksenlitteraturen også. Eg er einig med deg, og eg synst Rowling funkar bra som voksenlitteraturforfattar også, ho berre er ikkje ute etter å skrive same typen superspannande, eventyrleg litteratur, men prøvar ut noko nytt. Og det synst eg er kult, og er spent på neste bok :-)

Godt sagt! (3) Varsle Svar
Denne teksten røper noe fra handlingen i en bok. Klikk for å vise teksten.
Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg sleng meg på dei fleste andre kommentarane her og seier at dette er skjønnlitteratur. I skjønnlitteratur er det fullt lov å vri på historiske fakta for å gjere ei historie meir interessant og for å få det til å passe inn i plottet for øvrig. Det at Dan Brown har feil i forordet, burde jo ha tipsa deg om at han kanskje ikkje har gjort den grundigaste researcha i forkant av boka. Om eg hugsar rett, skreiv han denne og "Engler og Demoner" etter å ha lese ei anna bok, "Hellig Blod, Hellig Gral", og kanskje den igjen hadde visse faktafeil?

Eg trur det er svært få som les og har lest "Da Vinci-koden" som ei slags fagbok i kristendomens historie. Dei fleste skjønner nok at dette berre er underhaldning, nesten kiosklitteratur. Det er spenning, krydra med kontroversielle emne - som kanskje var grunnen til den store suksessen boka fekk.

Om ein klarar å sjå bort frå faktafeil og til tider dårleg språk, er boka veldig spannande, i alle fall etter mi meining. Eg kan skjønne at det irriterar deg, då, sidan du tydelegvis veit veldig mykje om dette emnet. :-)

Godt sagt! (2) Varsle Svar
Denne teksten røper noe fra handlingen i en bok. Klikk for å vise teksten.
Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg gler meg også til å lesa. Kritikarane tek ofte feil, kanskje dei er veldig kritiske nettopp fordi det er J. K. Rowling som prøvar noko heilt nytt? Viss det var ein ny forfattar, hadde boka kanskje fått heilt andre kritikkar... Så ein veit jo aldri før ein har lest :-)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaritaolineAvaHarald KLailaRufsetufsaEvaHilde H HelsethConnieKaramasov11Mads Leonard HolvikmgeHanne Kvernmo RyeJarmo LarsenSissel ElisabethIngvild SAnniken LDolly DuckEli HagelundDemeterFride LindsethBjørg L.Egil StangelandBeathe SolbergVannflaskeStig TIngunn STatiana WesserlingJulie StensethKirsten LundSigrid NygaardNina SolåsElisabeth SveeTone Maria JonassenKine Selbekk OttersenKatrinGMonica CarlsenEmil ChristiansenPer LundAud Merete Rambøl