Det er årsmøtetid rundt i klubbar og lag
Så då blir det fort stressasamt, masing og jag
Men litt lesing, til det blir det alltids ei råd
Og eg nemner det no i vår lesehelgtråd

Her blir lest Murakami-noveller av rang
Der er Menn uten kvinner, ja gang etter gang
Og i samlesingsringen så les eg at Når
Du minst ventar det
, får du ei bikkje på kår

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Oj, vonar du vart tilnærma like begeistra for Keiseren av Portugalia som det eg blei.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er betre enn aldri; å gjere det seint
Seier ordtaket, det har eg uansett meint
Så før komande helgetråd startast om litt
Kjem som snarast ei melding om boklivet mitt

Med An-Magritt så er eg no komen i mål
Samt på Nesbø sin Mere blod nesten gjort kål
Og imellom tek Bringsværd meg med rundt om kring
Når ein allerminst ventar det, helt til Beijing

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg slit litt med å sjå koblinga, men det kan jo vere hyggelig med litt musikk uansett.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Så er søndag på hell, då er helga straks slutt
Med ein antiklimaks-handballkamp utan futt
Men om kveldane held eg i bokverda tritt
Med alt slitet til Falkberget sin An-Magritt

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Første episoden låg vel så nær opp til boka som ein har lov til å vente når ein gjer om ei bok til ei TV-serie. Nokre tilpasningar er det sjølvsagt gjort, men historia og persongalleriet er stort sett til å kjenne att.

Eg fekk ingen "må sjå heile"-kjensle, men det var brukbart nok til at eg kjem til å sjå episode 2. Så får vi sjå, boka tykte eg blei litt langdryg etter nokre hundre sider, men det kan jo tenkast at serien held meg i ande på ein annan måte.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg meiner Innsirkling hadde 6 stemmer, men det var likevel langt opp til førstvalet. Skal bli moro å ta fatt på Bringsværd-boka.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Ein får halde tunga beint i munnen når denne boka skal bestillast. De har kanskje alt lagt merke til at det er minst 3 andre bøker i handelen som har nøyaktig lik tittel?

Når du minst venter det av Sarah Rayner frå 2012 (den engelske originaltittelen er One Moment, One Morning og er frå 2010).

Når du minst venter det av Mahmona Khan frå 2015

Når du minst venter det av Pia Pedersen, kjem i handelen 12. april i år men kan tingast på førehand alt no.

Eg trur vel egentlig ikkje at det er så stor fare for at nokon kjem til å bestille feil, men det var litt morosamt at det har gått inflasjon i denne tittelen.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

knappe 4 timar att til fristen

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Då er fredagen komen og det kjennest bra
Så ein lesehelgtråd skal vi allerhelst ha
Eg tek sjansen på oppstart frå godstolen min
Og så nært som eg greier så blir det på rim

Her er snøfall som monnar på mark og i li
Så ein skitur med bikkja det må det vel bli
Og på bokfronten er eg i Steinbeck sin vold
Med Sweet Thursday kjem latteren ut av kontroll

Enn i januarmørkret i bygd og i by
Får de ro til å lese i varme og ly?
Eller sveittar de ute med måking av snø?
Ta det roleg, til våren så smeltar den sjølv.

Godt sagt! (15) Varsle Svar

Har de fått med dykk at denne kjem som TV-serie? Første episode på FOX i morgon torsdag 22. januar kl. 22. Eg var berre middels begeistra for boka, men kjem til å benke meg foran TV'en for å sjå om serien er bra.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg finn ikkje lenke til avstemmingstråden, korkje her i forslagstråden eller i hovudtråden. Derfor lagar eg ein lenke til avstemmingstråden her.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eit kjapt google-søk gjev treff på antikvariatet pilgrimen.
Velbekomme

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg gjeng ut for at popularitet over tid er grunnen til at denne boka framleis er å få i bokhandelen etter så mange år. No har eg ikkje sjekka så mange bokhandlar, men Ark, Haugenbok og Bokklubben har den i alle fall.

Skulle nokon ynskje å kjøpe denne i bruktbokbutikk så har eg fått treff følgende stadar:
antikvariat.net
Bokbua
Bokbyen ved Skagerak
Boklageret på Lunde
Bokloftet
BokPåNett
Galleri Gallera
Nome Antikvariat
Nydalen bokstue
PBok
Skiens antikvariat
Skrotnissen
Stavanger antikvariat

Det skulle med andre ord ikkje vere vanskeleg å skaffe seg denne boka.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Jau det stormar og bles, men det gjer ingen ting
For eg les i ei bok om eit mord i Peking
Og når denne er ferdig så får eg ein smak
På eit Landstrykerliv med Jack London eit tak

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Sidan du spør ...
Eg ser ikkje bort frå at eg ville like alle forslaga du set fram dersom eg les dei, men sånn ved første augnekast så fenga dei ikkje. Derfor så tok eg meg friheita å snoke i bokhyllene dine, dei med lesetilstand Skal lese og Ønskeliste. Eg festa meg ved desse to:

Og været skiftet og det ble sommer og så videre av Pedro Carmona-Alvarez
Urenskning av Sofi Oksanen

Eg vil heller ikkje legge skjul på at ein viktig grunn til at eg festa meg ved desse to er, bortsett frå at eg trur det er gode bøker, at eg alt har dei ståande i bokhylla.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Hun hadde ikke hatt et menneske å snakke med disse fjorten dagene hun hadde ligget syk. Matilde drog jo ut tidlig hver morgen, hun stod jo og slet på bryggeriet til langt på kveld, så henne var det ikke stor hygga ved. Det var å ligge der og fundere og ergre seg og samle så mange kraftige ord til hun fikk bruk for dem en gang. Og nå i kveld hadde hun fått bruk for dem! Og nå i kveld skulle de ut!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Denne gårdsplassen er et fredet sted. Sola er nektet adgang. Den kan gjerne la være å anstrenge seg, den får ikke lov å forstyrre barna. De kan trygt leke på søplekasser og skylledunker og i vedskjul og i de andre "ytre nødvendige rom". De grå murveggene er så velsignet tykke. Og trofaste er de mot dem de skal verne. Ennå har ingen plagsom solstråle greid å lure seg inn i dette gårdsrommet.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Man bør vite når det er på tide å slutte, mumlet Jary. Det er det som er hele saken, man skal vite når det er på tide å slutte.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Det var de gangene hun likte ham aller best. Som da han spurte henne om hvilke tanker hun gjorde seg om at 99,73 prosent av menneskene i Tyskland og Østerrike hadde stemt likt ved folkeavstemningen.
Det vekker mer redsel enn tanker, hadde Matilda svart.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Sigrid NygaardHarald KNina SolåsPiippokattaElisabeth SveeTone Maria JonassenKine Selbekk OttersenKatrinGBeathe SolbergMonica CarlsenEmil ChristiansenPer LundAvaAud Merete RambølThomas Heie H.Turid KjendlieStine AskeMads Leonard HolvikIngebjørgGroStig TChristoffer SmedaassiljehusmorCarine OlsrødBrit HonningsvågAlice NordliHanneTine SundalAnne-Stine Ruud HusevågEllen E. MartolStian AxdalBjørg RistvedtHeidiElin FjellheimEirin EftevandChat_noirGodemineRufsetufsaMorten MüllerHanne Kvernmo Rye