Har telt på knappane korvidt eg skal foreslå noko, eg er inne i ein lesetørke som har vart nokre veker, og ser ikkje enden på den enno. Men kanskje er det ny lesesirkelbok som kan anspore til å kome i gang att?

Derfor resirkulerer eg eit forslag frå tidlegare; Constance Ring av Amalie Skram

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg har eit par andre, men kanskje mindre aktverdige, argument for at eg helst vil lese "Før plogen din ..."
1 - Den ser ut for å vere kortare enn Løperne. Skulle forfattaren ikkje falle i smak så er det mindre ulempe med kortare bok.
2 - Det ser ut for at den norske omsetjinga av Løperne berre er å få i mjuke permar. Sjølv likar eg best stive permar, og " .. plogen ..." er til sals med slike.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg nominerer Charlotte av David Foenkinos.

Boka er basert på livet til den jødisk kunstnaren Charlotte Salomon som flyktar frå Tyskland til Frankrike på grunn av nazismen. Historia er sikkert interessant nok i og for seg, men det som gjer at eg spesielt festar meg ved denne boka er språket og stilen. Eg har bladd litt i boka, det er særs uvanleg, det er nesten som eit langt dikt.

Boka har fått fleire høgthengande prisar, og kanskje vel så viktig; gode omtalar her på bokelskere.

skriv bildebeskrivelse her

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Skal henge meg på, eg.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Tusen takk for tips. Har bestilt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Skulle på ein liten fottur i dag, men det kokte vekk i latskap. Eg har planlagt ein litt meir ambisiøs tur i morgon, då er det i tillegg meldt penare ver, så vi får sjå om eg kjem meg over dørstokken til slutt.

Innandørs så er eg straks ferdig med Kryssild av Alf R. Jacobsen. Boka har undertittelen "Krig og kjærlighet i atlanterhavskonvoiene 1940-1941". Vel, eg kan røpe at der var ein god del meir krig enn kjærleik. Det har i det heile vært ein del krig i dei siste bøkene eg har lest, så eg bør kanskje finne på noko anna til neste bok. Tatt av kvinnen av Erlend Loe, kanskje? Jau, eg satsar på den.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

To posar med mykje artigt, kr 100,-
Billig moro, med andre ord.


Godt sagt! (4) Varsle Svar

Åja, eg gløymde å nemne at på Samlaget sine sider så kan ein bla i og lese dei første 25 sidene. Kanskje er dette til hjelp for å vurdere korvidt boka egnar seg til ei felleslesing?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg vil tru at Øystein Orten er ein forfattar som har gått under radaren for mange. Det er det på tide å gjere noko med. Derfor foreslår eg Rasmus rebellen til felleslesinga.

Boka er ei forteljing om eit bondeopprør mot dei danske styresmaktene i 1650, og er slik eg forstår det tufta på verkelege hendingar. Boka har fått gode kritikkar, mellom anna i VG, og kritikkane summerast opp i lokalavisa Vikebladet Vestposten. Eg vil også oppmode til å lese Steinar Jøsok si bokmelding her på Bokelskere.

Eg har sjekka litt, og boka ser ut til å framleis vere i handelen hjå diverse nettbutikkar.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Nydeleg fin seinsomar/haustkveld her i garden, sat nett på terrassen i korterma og såg damelandslage vinne mot Nord-Irland. No blir det ein kveldstur med bikkja, og så får vi sjå om det blir ei økt med Familien Moskat. Denne blir eg nok ferdig med i løpet av helga. Har ikkje heilt bestemt meg for kva neste bok skal bli enno, men det kan fort bli Kryssild av Alf R. Jacobsen.

Nok anna eg må gjere i helga er å pønske ut eit forslag til lesesirkelbok. Gleder meg til nye runder med Kjell k og flokken.

Åja, og så såg et på facebook at det lokale biblioteket skal ha posesal komande veke. Kvar i all verda skal eg få klemt inn ei ny bokhylle, skal tru? Dette må eg også pønske på i helga.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Har vært frykteleg travelt siste veka, og helga "forsvann" i ei gjetarhundtevling eg var med på å arrangere. Minimalt med lesing med andre ord, og framleis er det Familien Moskat som ligg på nattbordet. Men no nærmar det seg slutten.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Det blei ei travel veke, inkludert helga, så eg fekk noko mindre tid enn normalt til lesing. Derfor held eg framles på med Familien Moskat, er omlag halvvegs i 2. bind no. Veka som kjem teiknar ikkje til å bli mindre travel, skal tru om eg klarer å gjere meg ferdig innan neste lesehelgtråd? Vi får sjå. Det er uansett ikkje så nøye.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sidan du spør;
Nei, eg tykkjer ikkje den er tung. Litt omstendeleg, kanskje.
Var du med og las Buddenbrooks i lesesirkelen for nokre år sidan (eller i ein annan samanheng kva tid som helst, for den del)?
Eg tykkjer det gir meining å samanlikne desse to bøkene. Moskat glir for min del litt lettare enn det Buddenbrooks gjorde.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Det er sikkert rett. Eg har ei bokklubb-utgåve på to bind, høvesvis 259 og 350 sider, altså 609 sider til saman.
Bind 1 inneheld del I - IV
Bind 2 inneheld del V - X
Kvar del er inndelt i kapittel, og stort sett er kapitla inndelt i nummererte underkapittel.
Systematisk herre, denne Singer.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Endeleg helg. Det har vært ei travel veke, men eg fekk likevel tid til å lese ein del i Familien Moskat, blir truleg ferdig med bind 1 i kveld, og gjeng direkte vidare til bind 2. Grei familiekrønike så langt, artig med innsyn i eit for meg framandarta miljø.

Lille linerle las eg tidlegare i år, og tykte også at den var bra sjølv om temaet er rimeleg fråstøytande.

Utover lesing, så blir det nok å ta med bikkja på tur, det er meldt brukbart ver i helga. Kanskje ein såpass lang tur at ein treng matpakke? Vi får sjå. God helg!

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Og igjen retter han oppmerksomheten mot spørsmålet som har forvirret ham i alle år og vært en trofast bestanddel av hver eneste preken han har skrevet: Er mennesket stort eller lite?
For føste gang forstår de også hva han mener, han er nemlig kommet til en konklusjon: Mennesket er stort.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Han [...] skulle gjerne ha hatt en diagnose som het krigen, så det kunne oppstå en slags sannhet i papirene hans.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

JESUS FEEDS FIVE THOUSAND

"He cut the bread very thin," claim sceptics.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Philosophers have agreed that the Ten Commandments form a sound basis for future societies.

"I think they are pretty thorough," said one. "Although I would have liked to see `No Smoking´ included."

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det ser ut for å bli ei bra lesehelg dette også ... når det er godver så les eg utandørs, og er veret dårleg så les eg innandørs. Alltid bra lesehelg, med andre ord.

Eg er straks ferdig med to bøker, humorboka The Tabloid Bible og Roy Jacobsen sin Hvitt Hav, andre boka om Ingrid frå Barrøy. Så i morgon må eg nok fiske fram ei ny bok. Spørs om eg skal take fatt på Familien Moskat, eg trur den skal vere bra. Satser på det.

God helg!

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Sist sett

Berit REllen E. MartolPiippokattagretemorAnn ChristinVibekeAnneWangKirsten LundHarald KReidun VærnesToveHanne Kvernmo RyeMarteBjørg L.Mads Leonard HolvikIngunn SAndreas BokleserEivind  VaksvikMarenTonesen81BenedikteTove Obrestad WøienKristine LouiseAnne Berit GrønbechIngunnJRufsetufsaJarmo LarsenChristofer GabrielsenTrude JensenMonika SvarstadTurid KjendlieBjørg  FrøysaaTonjeJulie StensethOleMorten MüllerTanteMamieLilleviAvaTine Sundal