Hei Cathrine,

1 - Under "min side" er det ein funksjon som heiter "Bokeksport". Eg har aldri prøvd den, og anar ikkje korleis den virkar, men eg forestiller meg at oppføringane i bokhylla di blir lagra i ei fil. Kva ein eventuelt kan gjere med denne fila etterpå veit eg ikkje. Men du kan jo prøve.

2 - Eg har lagt merke til at det finnest ein del innlegg i gamle diskusjonstrådar frå sletta brukarar, det står berre "slettet bruker" i staden for profilnamnet. Dette får meg til å tru at innlegga dine blir såande dersom du sletter brukaren din, men altså utan referanse til brukarnamnet ditt.

Til slutt; eg vonar du ikkje gjer alvor av å kutte ut bokelskere. Eg har hatt stor glede av å lese innlegga dine desse åra, sjølv om det har vært færre av dei i det siste.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

-- En protese kan aldri adlyde nøyaktig slik som man vil, sier Beveren til Saga. - Det er nesten som om maktforholdet blir snudd på hodet når man begynner å tilpasse seg protesens begrensninger.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

-- Har dere hørt at politiet i Sverige fikk en nødmelding fra kirkegården - det hadde blitt funnet tre hundre nedgravde lik, spøker han lavt og ler for seg selv mens han ser ned i bakken.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det tar så liten tid å endre et livsløp, og det tar et livsløp å forstå endringen.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Disse to bildene til sammen forklarer hvorfor menn opplever kvinner som truende. Verden kommer ut av kroppen deres, og ... (han viftet med Mona Lisa) vi har ingen anelse om hva som foregår i hodet deres. Skjønner du at det kan være skremmende?

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Gjorde unna siste rest av Shakespeare sin The Winter's tale her om dagen, og er godt i gang med Jeanette Winterston sin versjon, Et gap i tiden. Etter å ha kome meg vel halvvegs i denne vil eg påstå at ho har gjort ei god gjendiktning. Vonar resten blir minst like bra.

Utover det så har eg vært ute og gått i sånn der natur i dag. I morgon så blir det nok gangsperre, så då er det berre å halde seg i ro i lesestolen. Dvs eg må nok flytte litt på den alt etter kvar det er best skugge utandørs.

God helg!

Godt sagt! (12) Varsle Svar

Jeg så et underlig syn i kveld.

Et gap i tiden, Jeanette Winterson

Godt sagt! (4) Varsle Svar

"Vi beklagede meget, at vor Tobak var sluppet op, skjønt Braskeruds Vestelommer, der engang havde indeholdt Tobak, gjorde Tjensete som Tobak i hele tre Dage."

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Lomme-Reiseroute, gitt ut av en anonym forfatter i 1840, beskriver rutene fra Oslo til Trondheim via Gudbrandsdalen og Østerdalen. Her får vi blant annet vite at gjestgiveren på Kongsvoll skysstasjon har to "smukke Døttre".

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Hadde det vært moro med ein tråd der ein kan fortelje om, eller vise bilete av, rare innfall som ein får av å lese bøker medan ein held på med andre ting?

Eg åpnar ballet med:

  • Eg skulle visst ikkje ha steikt vafler medan eg las krimbok ...

skriv bildebeskrivelse her

Godt sagt! (18) Varsle Svar

Eg gjorde ferdig karthistorieboka Verdensteater no i helga, og har starta på Kepler sin krimroman Lazarus. Solid sjangerskifte, altså.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Skodda lette endeleg litt utpå ettermiddagen, så då blei det helgestemning her også. Eg driv og les The Winter's Tale av Shakespeare, som inngang til gjenfortellinga av same historia i Et gap i tiden. Ved siden av så har eg starta på Verdensteater av Thomas Reinertsen Berg, eit historisk oversyn over kart. Den lovar bra så langt.

Ut over det så er planen å late meg i helga. Grundig.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Gjensidig inspirasjon då, dette var den vesle dytten eg trengde for å setje i gang med The Winter's Tale (ferdig med første akt) som førebuing til Et gap i tiden

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det vart ikkje slett så mykje einsam aldersom i Stoner som eg trudde det kom til å bli då eg starta på boka, Men på mange måtar virka jo mannen ganske einsam gjennom store delar av livet.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Hmm, skal tru om eg er i ferd med å ta mentalt skade av å gå som grasenkemann i fleire veker, når eg ser på kva eg har lest i det siste så er det foruroligande mange bøker om einsame godt vaksne menn; Vinter i Maine, The Old Man and the Sea, Homo Faber og no altså Stoner som eg starta på i går. Dvs i Stoner så startar jo historia med studietida til hovudpersonen, men innleiinga peiker mot at det kjem til å ende med alderdom i einsemd.

Får satse på noko meir lysteleg etter denne boka.

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Kva med Trygve Gulbrandsen sin romantrilogi om Bjørndals-folket? Stort meir bygdete kan ein vel ikkje få det?

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Halvårsoppdatering kan vere ei artig øving.
Sjølv så satte eg opp nokre nyttårsforsett ved årsskiftet, det kan vere nyttig å sjå korleis ein ligg an;

  • lese minst ei bok frå kvar verdsdel:
    Status: manglar Sør-Amerika, Oseania og Afrika
  • lese minst 2 bøker som er utgitt før 1800:
    Status: 0
  • lese minst 2 bøker som er nye av året:
    Status: 0
  • lese minst 6 bøker på engelsk:
    Status: 2
  • lese minst 3 bøker på portugisisk:
    Status: 0
  • lese bøker frå minst 2 nobelprisvinnarar som eg ikkje har lest noko av frå før:
    Status: 0
  • ha færre enn 75 uleste bøker i bokhylla ved slutten av året (97 pr 1. januar 2019):
    Status: 102, har altså kjøpt 5 fleire bøker enn eg har lest hittil i år

Dette betyr at eg godt kan vere litt meir medviten på målsetjingane for året dei komande månadane.

Beste boka eg har lest hittil i år, eller i det minste den som gjorde sterkast inntrykk på meg, var nok Vinter i Maine av Gerard Donovan.

For tida så kosentrerer eg meg med Kjærlighets veier, avslutninga på Falkberget sitt storverk om An-Magritt. Har kome godt over halvvegs no.

God helg!

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Stolpejakt var ukjent for meg, men no fann eg ut kva det er. Trur eg. Er det rett å seie at det er ein slags stikkut-tur med anstrøk av O-løp? For min del blir det for langt til nærmaste stolpe, det ser ut for å vere først og fremst ein austlandsaktivitet.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Når eg endeleg kom meg heim frå arbeid starta styrtregnet. Det ser ikkje ut for at det har tenkt å stoppe på ei stund. Då passar det bra å ha ei bok for handa. Eg held framleis på med Kjærlighets Veier av Johan Falkberget. Det tek meg nok minst ei veke til å kosentrere meg igjennom denne.

Godt sagt! (10) Varsle Svar

"kosentrasjon" var sikkert ein skrivefeil, men det kom veldig heldig ut, for ordet passar perfekt til denne boka.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Readninggirl30Julie StensethalpakkaGunn DuaasEllen E. MartolKirsten LundPiippokattaAud- HelenNinaAlice NordliCarine OlsrødTove Obrestad WøienHanne Kvernmo RyeMarianne  SkageEli HagelundHeidi BHeidiVannflaskeElisabeth SveeHarald KKjersti SGrete AastorpAmanda AChristoffer SmedaasKatrinGSvein Erik Francke-EnersenEmil ChristiansenGro-Anita RoenOdd HebækMarianne MSynnøve H HoelReidun SvensliBerit RgretemorAnn ChristinVibekeAnneWangReidun VærnesToveMarte