Omtale fra forlaget
Ellevilt gjensyn med hovudpersonane frå klassikaren «Sveve over vatna».
Munk, Waglen og Forteljaren møtest igjen etter 15 år. Waglen er blitt familiemann og videohandlar i Sogn med kannibalfilmar som spesialitet. Forteljaren er lektor og familiemann. Munk har arva eit småbruk, «driv med sau», held hund og har eigen nærradio.
Når Munk vil ha den tilårskomne spelegjengen til å turnere, er det eit konsept som skal «seie noko om livet i Norge no [...] særleg no når det går mot eit tusenårsskifte». Men når Wartburg en med dei tre rullar ut på Autobahn, er det også for å finne att Munks ukjende son i Heidelberg. På vegen er dei innom både Dressmann og Theatercaféen og filosofisk-satiriske detaljkunnskapar om filmar, musikk og video. Korkje Hamsun, Caterina Valente, Bruce Willis, Helen Mirren, Karl Erik Harr, Shakespeare eller Helen Shapiro går fri.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2022
Format Heftet
ISBN13 9788234007699
EAN 9788234007699
Serie Munk, Waglen og Forteljaren
Genre Humor
Språk Nynorsk
Sider 266
Utgave 3
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Midlivskriseroman eller ein norsk versjon av Jack Kerouacs On the road? Det er vel opp til lesaren å velje i ein roman der tre vestlendingar bryt opp frå heimen for å gi seg ut på turné med eit musikkutval henta frå Sex Pistols og andre kultband. Det kryr av meir eller mindre obskure referansar til musikk, film og litteratur på 1990-talet og tidlegare. Men smarttelefonen (som ikke var oppfunne i 1996) har no svar på alt du måtte lure på i denne romanen.
"– Å fy faen, sa Munk. – Fytti helvete, sa Waglen. – Fy faens skinn og bein, sa Munk. – Helvete faen og steike meg over langsam eld, sa Waglen. – Faen skalpere meg i helvete, sa Munk. – Sattan gjelde meg i helvete, sa Waglen. – Faen ...æh...griljere meg, sa eg. Munk og Waglen såg på meg. – Faen pule meg i pissholet, sa Waglen. – Med slapp kuk. – Det meste er vel sagt, sa eg. Vi gav oss til å sjå tenksamt ut av vindauget."
– Det har aldri vore meg imot å vere innblanda i konversasjonar på høgt nivå, det vil eg berre ha sagt. Og no synes eg faen meg eg høyrer kaffien.
– Du har rett, sa Munk. – Som Vårherre sa ein gong så treffande: Det verte kaffi. Og så vart det kaffi.
KOKT ULV Skyt ein ulv (middels stor). Sprett han opp, ta ut det du ikkje trur du orkar å ete. Set på ei stor gryte vatn. Kok ulven, saman med rikeleg kvitløk, persille og løk, i om lag 14 timar. Rør om av og til. Tilset salt og pepar. Server han saman med ein god saus, kokte poteter og tytebær. Godt med øl eller raudvin til.
Det var ein heime som fortalde om då Hitler var på cruise på Sognefjorden. Ja, dei visste jo ikkje kven han var då, at han skulle bli slik ein helvet. Men han var grei nok den gongen. Gav mykje driks til sognabøndene. Han reiste saman med dei to brørne sine. Og med ho Eva Braun. Sogningane tykte ho var eit jevvla flott kvinnfolk. - Eg visste ikkje at Hitler hadde brør, sa eg - Jau, han hadde det. Peder og Olaf Hitler. Dei såg heilt like ut, med same luggen og Hitler-barten.
Eg kjende altså i si tid godt Munk, eller Doktor Munk, som han gjerne kalla seg, ja eg ser ikkje bort frå at det var fordi eg kjende han at eg klarte å få meg jobb i den vidaregåande skulen. Våre eventyr frå den gongen er elles godt dokumenterte, bearbeidde litterært av ein norsk forfattar, og gitt ut på eit anerkjent, mellomstort norsk forlag*).
*) Ragnar Hovland: Sveve over vatna. Det Norske Samlaget 1982.
171 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verketBøker jeg har lest i 2010, oppdateres fortløpende