Ingen lesedato
Favoritt!
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Boka inneheld ti noveller som er inspirert av ti måleri av Edward Hopper. Det handlar om å gå, om å bli, om å stanse rett framfor katastrofen, om perfekte dagar, skjebnedagar og dagar som løftar eller endrar alt. Forfattaren skildrar det mange kanskje har ein mistanke om; at hjartet er ein einsam jeger.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2008
Format Heftet
ISBN13 9788252171907
EAN 9788252171907
Serie Samlaget noveller
Språk Nynorsk
Sider 188
Utgave 2
Tildelt litteraturpris Nynorsk litteraturpris 2007
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
I denne novellesamlingen har Frode Grytten latt seg inspirere av 10 malerier av kunstneren Edward Hopper. Til hvert av bildene følger det en historie.
I novellene møter vi mennesker som befinner seg på ulike stadier i kjærlighetslivet. Noen søker seg tettere innpå den de har valgt som sin livsledsager, mens andre søker fornyet spenning hos andre gjennom utroskap. Handlingen i novellene finner sted på ulike steder i verden - fra New York til Lisboa og Kinsarvik.
Stemningen i novellene er mollstemte og Grytten evner å få frem hvor ensomme hver og en er når det kommer til stykket. Hvilke valg tar vi når vi står overfor et vendepunkt i livet? Velger vi det trygge, kjente og kjære, eller er vi fra naturens side spenningssøkende og alltid på jakt etter noe som kan løfte oss opp fra hverdagens trivialiteter?
Jeg liker Gryttens fortellerstil svært godt. Han tegner skarpe personportretter med enkle ord, og evner å få frem det særegne hos hver og en. Denne novellesamlingen koste jeg meg med!
Ei kunstbok med ti måleri av amerikanaran Edward Hopper. Til kvart bilete har Grytten skrive ei historie om strabasiøse kjærleiksliv. Medan bileta er meistens frå USA på 1930- og 50-talet, er novellene lagt til fleire land i notida, men for meg som lesar spel det knapt noka rolle. Det er mykje den same melankolien som set preget sitt på heile boka. Men det er òg nokre spor av lukke, heldigvis.
Dei sov slik ein søv når ein elskar kvarandre, tett omslyngte og utan å vite kor den eine tar til, og kor den andre sluttar.
(...) det vakre er alltid innan rekkevidd, det er bare å strekke seg ut og ta på det.
... han såg for seg alle typar kjærteikn, alt ein kan gi og ta før ein åpnar seg opp og blir sårbar, før dei lange åra saman gjør det legitimt å gå laus på den andre.
Han visste at han ikkje var nokon stor fotograf, men han sette æra si i å gjøre folk vakre. Han var dyktig til å gjøre folk meir attraktive enn dei i realiteten var. Fotografar kunne snakke om den avgjørande augneblinken så mykje dei bare orka, om korleis dei fanga sjela til objektet, om evna til å gripe sanninga eller visualisere ei innsikt. Det var noko piss. Folk ville ikkje ha sanninga hengande på veggen heime, dei ville ha noko dei kunne leve med.
Etter at ringinga gav seg, lyste telefonen nokre sekund til, sendte ei blå pust ut i rommet, för lyset brått blei kutta.
Elskar du han framleis? spurte James McGregor i mörket.
Ja, svarte ho.
Han skjønte at dette utvikla seg til ein av dei telefonsamtalane han ville hugse seinare, som ein slags forbanning, noko katastrofalt der alt blir korta ned og forma til setningar han ikkje kom til å glømme.
Jeg ba om forslag til gode novellesamlinger og bokelskerene kom med mange gode forslag. Her er en liste over de novellesamlingene som ble anbefalt :)