En lat bonde på Grønland blir snart en sulten bonde.
Gud ga ham nok, og enda vil han ha alt. Slik er blekansiktet.
Et særtrekk ved kolonikrigene i Nord-Amerika var at man måtte overvinne villmarkens slit og farer før de fiendtlige hærene kunne møtes. En stor og tilsynelatende ugjennomtrengelig grense av skog skilte Englands og Frankrikes to fiendtlige provinser fra hverandre. Den hardføre kolonisten og den veltrente europeeren som sloss ved hans side måtte ofte utholde måneder i kamp mot fossende stryk eller slite seg oppover ulendte fjellpass for å få anledning til å vise sitt mot i krig.
Eg tek jula som ventar med knusande ro
For av bøker så skal eg i gang med minst to
Det er Alt etter havet som samlesingsbok
Og om livet med sauder som Rebanks opptok
Får du til å legge det inn som omslagsbilete på boka du les?
F. eks, dersom det skulle gjelde boka Hva visste hjemmefronten (tilfeldeg eksempel), ser ein at under biletet er det eit val for å laste opp omslagsbilete.
Trykker ein på dette, så kjem ein hit. Her ser ein at der er enkelte krav til biletet som skal lastast opp (format jpg, gif eller png, og storleik mindre enn 9,8MB). Eg har ikkje prøvd, men gjeng ut at det er mulig å nytte mobilen til å lasta opp biletet. Om dette ikkje gåt ovefør biletet til PC og prøv å nytte PC til å laste opp biletet.
Om du får til å laste opp biletet på denne måten, kan du seinare nytte det som illustrasjon i innlegg du skriv.
Runekorset av Vera Henriksen, forfattaren har spunne ei historie omkring det forsøksvise landnåmet i Nord-Amerika rundt år 1000 som heng godt saman med dei tilgjengelege kjeldene. Ho nyttar også ein del plass bakerst i boka for korleis ho har nytta kjeldene.
Dersom du set ein "<" rett før, og ein ">" rett etter web-adressa så blir den klikkbar slik:
https://spraakraadblaagg.wordpress.com
Det er ikkje heilt klart for meg kva du meiner.
1 - ynskjer du å ha eit bilete av bokomslaget inne i eit diskusjonstillegg?
2 - ynskjer du å legge til eit bilete av ei bok slik at det visest i bokhylla di?
3 - noko anna?
Der var nokre overdådige juleselskap i Bjørndal-trilogien, ja. Slik sett er det god timing å lese desse no.
Då stend advent for døra, det blir sikkert topp
Men eg nektar å bli med på shopping-gallopp
Det er betre at Fenimore Cooper fortel
Mohikanar-historie om kvelden eit bel
Åja ... er det slik det gjeng føre seg?
Eg er nok ikkje atletisk nok til slik hopping, så det er vel berre å henge seg på.
Og korleis var no dette ordtaket igjen; du skal ikkje hoppe over boken etter spilt mjølk .... eller noko slikt
Vart nyfiken, så eg måtte berre google litt:
Her er den!
Tysk wikipedia-artikkel om vidunderet. Eg er ikkje kjempestødig i tysk, men så vidt eg kan forstå er det ein berbar spyttebakke for tuberkulosepasientar. Artikkelen har også eit avsnitt om dingsen sin rolle i Mann sin bok.
Var det felleslesing av "Nullingen av Paul Abel"? Anten har det gått meg hus forbi, eller så har eg fått eit snev av Alzheimer.
"Alt etter havet" er bestilt på den lokale bokhandelen. Så langt eg kan forstå ut frå det eg har lest om den bør den passe meg bra.
Det var helg, og så er det brått veke igjen
Og Mulvaney blei ferdig på seinsøndagen
No får Island og Grønland og Vinland visitt
Runekorset av Henriksen tek meg med dit
Null stress. Eg kan også godt vere med på lista, og som kommentert lenger oppe i tråden så siktar eg på sisteplassen.
Denne kjensla den kjem til meg år etter år
At november er mørkaste månaden vår
Og den bota eg har for slik melankoli
Er å grave meg langt inn i bokhylla mi
Og der fann eg ei bok eg har tru på er god
Om Familien Mulvaney, den les eg i no
Men på søndag, på langtur i fullstappa bil
Blir det Dickens og Copperfield mil etter mil
Jeg var sunket så dypt at hvis jeg hadde valget mellom å elske en kvinne og å lese en bok om kjærlighet, så ville jeg vakgt boken.
Litt forseinka, så melder eg her frå mi krå
Om at helga var roleg, og veka blir grå
Le Carré er no utlest, eg undrar meg på
Trommestikkene, kvar skriv no dei seg ifrå?
Så då handlar dei komande dagane om
Å bli ferdig med Zorbas sin sogerikdom
Og før helga som kjem er eg kanskje i gang
Med Mulvaney-familien sin lagnad så vrang
I novembertrist haustregn så passar det bra
Å ta turen til Grekenland dag etter dag
Der er Zorbas, og som om det ikkje var nok;
Piketrommisen som le Carré diktar opp
Så er helga straks over, eg takkar for det
Den var travel og kjekk, så det blei ikkje fred
Til å lese så mykje som eg hadde lyst
Men litt lydbok i bilen, det greidde eg nyst
Men til veka, då trur eg på likare kår
le Carré skal få bli med på jobbreisa vår
Så i kofferten ligg der ei jente på vent
Ho er trommis, men også ein løynleg agent