Litterært befinn eg meg ein stad i Tyskland saman med "forfattaren" Harry Hayden. Eg les altså Sannheten og andre løgner av Sascha Arango - ei bok eg likar veldig godt så langt. Dette er underhaldande og spennande lesing.
Eg er også i den svenske byen Växsjö saman med den ufyselege, rasistiske og homofobe politietterforskaren Evert Bäckström: parallellt les eg Linda - som i Lindadrapet av Leif GW Persson. Svensk krim med høg humrefaktor.
Interessant debatt med mange forgreiningar og med enkelte merkelege synspunkt!
Når det gjeld forhold til kjæledyr og andre dyr er eg veldig enig med deg. Å setja menneskelege egenskapar på dyr er heilt feil. Ein hund eller ein katt vert sjølvsagt knytta til familien sin, men kjensler som sorg, moral og empati trur eg ikkje dei er i stand til å ha - sjølv om ein som dyreeigar gjerne skulle ønska at det var slik.
At forhold til dyr er kulturellt betinga er eit viktig poeng å få fram. Eg er enig i at eit dyreliv på ingen måte kan sidestillast med eit menneskeliv. Synspunkta til ekstreme dyrevernarar - som gjerne framstiller alle dyr med (menneskelege) positive eigenskapar og "rettigheiter" - har eg ingen forståing for.
Når det er sagt, må eg presisere at eg er opptatt av dyrevelferd; av at dyr skal ha det bra. Med det meiner eg at mishandling og vanrøkt av dyr er forkasteleg og at avliving av dyr bør skje på ein rask og smertefri måte.
Men eg er tilhengar av næringar som jakt, fangst, fiske, kjøt- og mjølkeproduksjon. Dyrehald har lange tradisjonar og er viktig for kulturlandskap og næringsutvikling.
Helsing ein katte-, hunde-, kanin- og undulateigar, samt tidlegare saueeigar.
I mars vart det mykje nytt innan krim for meg. Ingen av bøkene fekk terningkast seks, men eg gav ein femmar til både Den grenseløse og Silkeormen - dei nyaste bøkene til hhv Jussi Adler-Olsen og Robert Galbraith.
Eg har også lyst til å trekka fram dei to nye nynorske kriminalromanane Satans mor av Rune Timberlid og Død manns kiste av Kroken og Kolden.
Takk for den, jeg har oppdatert spørringen for å hente innlegg - tror jeg har fått fjernet problemet.
Sist sagt-lista er bygd opp på en litt rar måte. Det er ikke en liste over de siste ti innleggene som er skrevet.
Det er en liste over
Det nyeste offentlige
(ikke-vurdert-som-upassende)
innlegget
til de ti personene
som postet sist i en offentlig kontekst.
Jeg ser ikke hvorfor brukere skulle falle ut av Sist sagt lista, jeg måtte kikket på et konkret innlegg dette har skjedd med for å finne den feilen.
Et gammelt innlegg kan poppe opp hvis en bruker sletter et innlegg mens det ennå ligger på forsida, da vil det nest eldste offentlige innlegget til personen dukke opp der - det hadde jeg jammen ikke tenkt på.
Eg les norsk og svensk krim - og ein dameroman skriven av ein mann.
Eg har tre bøker som blir lest parallellt denne helga, - den fyrste er den nyaste Svalbard-krimmen til Monica Kristensen, Ekspedisjonen. Eg har lest dei tidlegare bøkene hennar om sysselmannsbetjent Knut Fjeld - og likar dei godt. Lettleste og i eit uvant miljø i krimsamanheng.
Som lydbok har eg debutboka til svenske Joakim Zander; Svømmeren. Dette er ein velskriven og velkomponert agent-/spion-/thriller/spenningsroman med eit aktuelt bakteppe. Svært bra så langt!
Innimellom les eg litt i den boka som eg i denne samanhengen kallar "dameroman": Bok nummer to i Clifton-krøniken til Jeffrey Archer, Fedrenes synder. Ei OK underhaldnigsbok med mykje "drama".
Ynskjer alle som er innom denne spalten ei strålande lesehelg!
Ken Follett sine historiske romanar Stormenes tid bind 1 Sverdet og korset og bind 2 Katedralen vart høgdepunktet i januar for meg. Storslagne, omfattande og interessante bøker.
Andre bøker eg gjerne vil trekka fram er Edvard Hoem si fine forteljing om oldefaren, Slåttekar i himmelen, lydbok glimrande opplest av forfattaren, samt Stillheten, den avsluttande boka i Bestialitetens historie av Jens Bjørneboe, også som lydbok og ein glimrande opplesar; Nils Ole Oftebro.
Månadens største nedtur for meg vart den mykje omtala og oppskrytte Stoner. Hovudpersonen var irriterande patetisk og historia fenga meg ikkje i det heile.
Eg kosar meg med tre forskjellige bøker i tre ulike format:
Livet de Luxe, den siste i Stockholm Noir-trilogien til Jens Lapidus - som papirbok.
Den fyrste boka i Clofton-krøniken til Jeffrey Archer; Bare tiden vil vise - som ebok
og i lydbokformat; gode gamle og salige Richard Herrmann som sjølv les Med en kniv om natten og andre mord.
Det er med andre ord ei knakande fin lesehelg.
God betring til deg, håpar du kjem deg såpass at du får lesa litt i helga, du òg :)
Kjekt du likte bøkene!
Kan eg få spørre deg kva du ikkje likte?
Sidan du likar krim, kan eg anbefala
Den mørke porten og Linnes dystre lærdom av Lars Mæhle
Sanct Svithuns gåte og Operasjon Siskin av Rune Timberlid
Sjekk gjerne også bøkene til Kolbjørn Hauge og forfattarparet Kroken & Kolden.
Artig. Hittil i år har eg lest 12 bøker - og kan kryssa av for 12 av desse kritera.
Fjorårets nest mest oppskrytte bok. (Den mest oppskrytte var for meg Et helt halvt år)
Dette er egentleg ei fin og spennande historie, men ho vert dessverre skjemd av mange trege skildringar og eit meiningslaust melodrama.
Takk for at du sa fra! Bøkene var koblet sammen uten at de skulle vært det. De er nå adskilt.
Interessant.
Lesesmaken min har endra seg lite med åra, men erfaringane eg har fått, både i litteraturen og i livet elles, tek eg med meg når eg les bøker. Korleis ein oppfattar ei bok kjem an på den enkelte sin livssituasjon, tenkjer eg.
Når det gjeld Et helt halvt år, er eg enig med mor di, - og om eg forstår deg rett er eg på alder med henne (50+). Eg meiner dette er ei svært oppskrytt bok som er klissete og sentimental. Og mi mor, som er 76, er enig med meg.
Det hadde vore interessant å få greie på alderen på dei som elskar Et helt halvt år. Er det berre dei unge og naive, slik som trådstartar antydar?
Grunnen er mer komplisert - ved søk etter bøker søker vi gjennom verk. Søker du etter "lord of the rings" eller "ringenes herre" vil første søkeresultatet være samme verk. Når vi skal vise fram et verk velger vi å vise den mest populære utgivelsen av verket.
For å finne den nye versjonen av utgivelsene du nevner må du klikke deg inn på den gamle utgaven og rulle ned til "andre utgaver", fordi verket representeres av dets mest populære utgave ved søk.
Eg har starta året med ein historisk roman, ein murstein på 705 sider: Stormenes tid av Ken Follett. Sidan denne boka er for tung og tjukk for sengelesing, har eg ei krimbok liggjande på nattbordet; Djevelens barn av Chris Tvedt og Elisabeth Gulbrandsen.
Nå er disse bøkene importert, de to første kommer nå opp som alternative utgaver av sine førsteutgivelser.
Klar over det, jeg har utsatt nyimport av bøker på grunn av tekniske utfordringer. Venter snarlig løsning!
Eg les krim, i jula som ellers i året. I skrivande stund er eg halvveges i Elle melle av M.J. Arlidge - herleg spennande og småekkel så langt!
I tillegg har eg lydboka Svøm med dem som drukner av Lars Mytting - og den slit eg med. Eg tykkjer boka er omstendeleg og kjedeleg og skjønnar ikkje all merksemda rundt denne.