eg vil enten lese boka eller sjå tv-serien som går i desse dagar. Har endå ikkje bestem meg for kva format. Har du fulgt med på serien slik at du kan anbefale den eine over den andre? :)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Har overraskende lest tjue av disse og har omtrent fem eller seks uleste stående på hylla å vente. Mange gode bøker her så nå økter omfanget av "må- lese" - lista betydelig

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Å ås artig! Eg starta på Forbrytelser og straff i går. Ferdig med del I no og likar boka mykje betre enn eg forventa. Einaste som gjer at det tidvis går litt trått er desse Russiske namna som ikkje er så enkle å halde styr på. Gid så fint det ville vore om dei kunne halde seg til eit og same namn gjennom heila boka... :-p "

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Begynnelser kan du glede deg til med god grunn - det var mitt første møte med Herr Tiller og eg gjekk umiddelbart til innkjøp av fleire av hans bøker etter å ha lese Begynnelser. Har Innsirklingstrilogien stående på vent her...gleder meg til den! Enn så lenge er debutboka hans, Skråninga, mi favoritt. Anbefaler altså den om du ikkje alt har lese ho

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Siden så mange allerede har omtalt denne boka, ser jeg ikke noe poeng i å gjenta det som alt er sagt. Men vil dog understreke og evt påpeke et par ting som fikk meg til å like denne boka. Først og fremst finnes det utallige "slike" bøker - en smågretten hovedperson med mer dybde og følelser enn hva man først tror, et alvorlig tema skrevet med humor og ironi (død, sorg, selvmord...). Mange slike bøker finnes. Det som får denne til å fungere er at forfatteren ikke går for langt, det finnes overdrivelser, jovisst, men de går ikke så langt at det blir tåpelig. I tillegg finnes mange originale trekk her slik at det ikke blir "noe en allerede har lest" ørten ganger før. Det er også mye å kjenne seg igjen i her - enten hos Ove eller i de andre karakterene.

Det er få ting som trekker ned - svært lite, faktisk. Det største "problemet" mitt med boka er at Ove - på femtini år - fremstår som langt, langt eldre og utdatert enn hva nåtidens menn på denne alderen vanligvis er. De fleste femtiniåringer i dag vet å bruke en datamaskin, de vet mer om Internett og henger vanligvis bedre med i samfunnets nåtid. Én bitteliten flise-detalj, som "irriterte" meg litt var skildringen av den sjuårige nabojenta. Hun fremstår som mer fjortis (kanskje 10-11-12 år?) enn som sju... Hun er sarkastisk, hun ruller med øynene og virker svært selvstendig til sju år å være.

Kort oppsumert: Dette er en sann "feel-good"-bok med en herlig miks av humor og alvor - nok alvor til at boka ikke blir fjasete og meningsløs, nok humor til at den ikke blir sort og tung og traust. Enkel og lettlest. Fint og greit språk. Herlige, troverdige karakterer. Skal du lese én humoristisk feel-good-bok så er dette blandt de få jeg virkelig kan stå bak å anbefale

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Nettopp ferdig med Murakami... Og så tenkte eg faktisk på Forbrytelse og straff... Den svære kolossen av ei bok som gjer meg nervøs mtp å skulle lese. No som du nemner Little FIRES EVERYWHERE blei valet plutseleg vanskeleg.. Hehe

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Planen min er å lese ut Hard-boiled wonderland and the end of The World av Haruki Murakami. Rekner med å bli ferdig i løpet av laurdagen og så er eg svært usikker på kva bok som blir d e neste for det står så mykje bra på hylla og venter.

Vurderer mellom anna
-Den sanne historien om Bobby Brown
-en moderne familie
-lykka er ein sjeldan fugl
-The Housekeeper and the Professor, Yoko Ohawa
-Little Fires Everywhere, Celeste Ng
-Innsirkling, Carl Frode Tiller
Mrs Dalloway
A monster calls, Patrick Ness
Karthago, Joyce Carol oats
4321
The Color Purple, Alice walker

tidenes luksusproblem.... Men trur kanskje eg skal gå laus på Innsirkling, har elska alt anna eg har lese av Tiller så kvifor ikkje..

Lydbokmessig er eg i gang med The Temp av Michelle Frances.. Elska The Girlfriend av same forfattar så hadde høge forventingar. Foreløpig heilt ok.. Boka gjer seg særs godt i lydbokformat så det trekker veldig opp =) ei bok det er enkelt å henge med i og som er underhaldande.. Og akkurat no er det nok

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Jeg er så enig! Dette er, i min mening, den dårligste boka om Harry Hole. Heldigvis er den neste og siste, Tørst, mye bedre og de løse trådene fra Politi tas opp igjen. En ting som irriterte meg med Politi var dessuten skrivemåten mot slutten av boka, de siste hundre siden kanskje. Veldig gjentakende skrivestil. "Han satte seg på stolen. Stolen som .... stolen som blablabla" altså at ordet som avslutter en setning blir det første ordet i neste setning. Noe Nesbø ofte bruker uten at det har plaget meg, men i denne boka, og særlig mot slutten, forekommer denne formuleringen hele tiden !!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

I går starta eg på den ellevte og (foreløpige) siste boka om Harry Hole: "Tørst" av Jo Nesbø. Er nesten halvvegs inn i boka allereie... Så kan vel seie at den har fenga godt! Synes serien har holdt seg veldig godt. På lydbok lyttar eg til En mann ved navn Ove, ein veldig herleg kontrast til den til tider grotesk krimbok.

Været er prega av regnbyer og vind så det blir ein del innetid og eg bruker det som unnskyldning til å gøyme nesa i boka. Har dog òg vore litt sosial - har mellom anna banka sambuaren i Scrabble, vore å klatra og vaska hus. I morgen er eg åleine heime og forutan ein treningsøkt rekner eg med å fordrive sundagen slik han er meint - å halde sundagen heilag, og det gjer eg med bok og sofa!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Jøss... Etter disse lovordene vet jeg hvilken bok jeg skal lytte til på Storytel hvor jeg nylig kom over denne =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Har du lest de andre bøkene om Mino? Hvis ikke kan det kanskje være derfor du evt ikke har fått like stor sammenheng/helhetsopplevelse? Har ikke lest denne selv, enda, men har planer om å lese mengele zoo og denne dersom førstnemnte faller i smak. Hva var det som var så fryktelig elendig med denne boka? Språket? handlingen? :-)
Bare lurer, siden det skal en den til å kalle en bok for makkverk og gi den en ener. Ikke at det er noe galt med det, er veldig for å kalle en spade for en spade, men lurer veldig på hva som gjør den så elendig

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Heile Teksas-serien er herleg! Dei fleste gjer høgre rating av dei neste to bøkene, sjølv likte eg derimot denne første best. Dei andre er vel og merke heller ikkje dårleg, altså, eg likte berre denne første så veldig godt. Serien utviklar seg til å bli meir og meir "krim-aktig" dess lenger ein kjem i handlinga. Renberg skriv godt, merker det ved at eg alltid sit og gruer meg til boka skal ta slutt fordi det blir så vanskeleg å finne noko nytt å lese etterpå.

Du har sikker allereie lese hi, men i motsett tilfelle never eg boka "Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet?" av Johan Harstad. Veit ikkje heilt kvifor eg får assosiasjonar til denne boka men eg gjer iallfall det. Trur det er ei bok etter di smak

Godt sagt! (2) Varsle Svar

LYDBOK;
Hadde det ikkje vore for den talentfulle oppleseren (Hedda Munthe) hadde eg lagt denne boka bort relativt kjapt trur eg. Men ... ho er dyktig til å lese og stemma er høgst behageleg. Likevel gav eg opp omtrent 60% gjennom boka, og mtp kor mykje eg nettopp skrøyt av oppleseren så seier jo det ein del.

Synd dette ... har lese ein del av Sarah Jio, og likte den første eg las. Etter det syntes eg berre det har gått nedover. Synd, for eg håpte og trudde at eg kanskje endeleg hadde funnet meg ein "feel-good"-forfattar med mange bøker eg kunne dykke ned i. Men nei ...

Ho verker til å skrive etter følgende oppskrift denne godeste Jio (Ho, og ein heil haug av andre damer som skriver i denne "sjangeren" som eg er freista til å kalle for "kiosklitteratur")
1) Hovudperson nr 1 i no tid opplever noko vannskeleg som dødsfall, sjukdom, samlivbrudd, arbeidsløyse o.l
2) Hovudperson nr 1 drar vekk eller flytter for å få seg ein ny start eller pause frå dette vanskelege livet
3) På denne nye staden treffer hovudperson 1 på hovudperson nr 2 - enten via eit direkte møte eller indirekte via ei gamal dagbok, ei kiste med gamle objekter osv...
4) Hovudperson nr 1 bler fenga og interessert i historia til person 2 og graver etter heile historia
5) Så veklser boka mellom fortellingene til person 1 (i notid) og person 2 (i fortid) og etterkvart som historia blir røska opp bit for bit:
5) blir Person 1 (gjennom historia til person 2) påverka til å gjere nokre endringar i sitt eige liv...
6) Og som regel ender det med at det går ganske bra ....
( og ein ting til som nesten alltid går igjen: person 1 treffer i løpet av boka på ein eller to menn - kor ting i førstinga er supert og fint, og så skjer det noko som avslører den eine mannen som noko anna enn kva ho først trudde mens mann nr 2 som ho i utgangspunktet ikkje var så interessert i viser seg å være ein kjernekar!)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Mener du forutsigbar? Synes nemlig det var nøyaktig det den var...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det hender ofte at eg les ei bok som får meg til å tenke på andre bøker eller forfattarar som på ei elller anna måte liknar - enten pga tematikk, skrivestil eller miljø. Tenkte det kunne vore artig å dele slike assosiasjonar her i ei tråd slik at ein kan finne/gje gode boktips basert på bøker ein allereie har lese og likt.

Eg kan f. Eks nevane at boka "hjertet er en ensom jeger" minte meg på følgende bølee
- drep ikke en sangfugl
- å plystre slentrende over kirkegården

Og at følgende kriminalromaner har nokre freistande fellestrekk
-døde og levende i Winsford, Håkan Nesser
-hviskeren av Karin Fossum

Og at eg får ein slags mystikk - stemning av følgjande :
Den trettende fortellingen av Diane Setterfield
Miniatyrmakeren av Jesse Burton

Altså - list opp 1-3 bøker du liker spesielt godt og la ein av bokelskarane her inne få gje deg lesetips ved å nevne nokre bøker dei assosierar med dei du nevnte.

Håper nokon vil hive seg meg for dette trur eg verkeleg at kan bli ein artig tråd å følgkemed på, enten som altiv deltakar eller som stille observatør

Og jo da, eg veit ein får opp ei liknande liste nederst på sida når ein leser bokomtale her på nettsida ("andre som leste xxx leste også :"), men eg tenker denne lista her skal lagast av Oss som menneske, ikkje av datamaskin... Interessant då ettersom alle har unike assosiasjonar og ulike erfaringar som lesarar

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Denne veka las eg Fossum si nyaste bok, Formørkelsen... Elska ho!! Har også lese "La den rette komme inn" - bisarr, brutal og sær... Og er no nesten ferdig med "Together" av Julie Cohen... Så ei svært variert leseveke.

Når det gjelder neste bok-som altså blir helgas bok - så har eg eit skikkeleg luksusproblem for eg aner ikkje kva eg skal velge blandt hyllas mange godbitar. Har så mykje eg vil lese!! Driver jo å leser meg gjennom Harry Hole - serien så tenker kanskje eg starter å neste bok der - "gjenferd". Elles har eg eit vanskeleg val føre meg: Lykka er ein sjeldan fugl, Little fires Everywhere, Karthago av JC Oats, Keiseren av Portugalia, Innsirkling-trilogien, The Colour Purple, Balansekunst, Nineteen Eighty - for, Emma av Jane Austin, 4321 av Paul Auster..... Herremin eg trur kanskje eg ender opp med Harry Hole berre for å slepe velgje...

Ellers har gubben bursdag på sundag og eit familiemedlem er alvolrefsjuk og på sjukehus så det går nok ganske mykje tid med på dette denne helga. Enkelte ting er, utruleg nok, viktigare enn å rømme inn i den litterære verda, dessverre. Heldigvis spring ikkje fiksjonen sin veg... Står støtt og fanga mellom hyllene mine!

Godt sagt! (9) Varsle Svar

I dag las eg ut ei heilt nydeleg bok "I Capture the Castle" av Dodie Smith. Vakker og smart bok frå tidleg 1900-talet, fortalt via hovudpersonens tre notatbøker kor ho fortel om livet sitt - livet saman med ein høgst eksentrisk forfattar-far og hans nye kone, og hennar to sysken. Faren var ikkje fått noko utgitt på lang tid of familien lever eit fattig, pengelaust liv. Og ja, dette livet lever dei forresten i eit slott! Eit slått dei flytta inn i den gong dei endå hadde pengar til å betale leiga. Ei leige dei dei siste åra ikkje her betalt. Så får slottet nye eigare og bekjentskapet mellom desse to familien fører til ein rekke endringar for alle saman, både reint praktisk og sjeleleg. Elska senna boka! Anbefales!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

I dag las eg ut ei heilt nydeleg bok "I Capture the Castle" av Dodie Smith. Vakker og smart bok frå tidleg 1900-talet, fortalt via hovudpersonens tre notatbøker kor ho fortel om livet sitt - livet saman med ein høgst eksentrisk forfattar-far og hans nye kone, og hennar to sysken. Faren var ikkje fått noko utgitt på lang tid of familien lever eit fattig, pengelaust liv. Og ja, dette livet lever dei forresten i eit slott! Eit slått dei flytta inn i den gong dei endå hadde pengar til å betale leiga. Ei leige dei dei siste åra ikkje her betalt. Så får slottet nye eigare og bekjentskapet mellom desse to familien fører til ein rekke endringar for alle saman, både reint praktisk og sjeleleg. Elska senna boka! Anbefales!

Så var planen å lese Fossum si nyaste men så lyttar eg på Se def ikke tilbake! Av same forfattarinne og ser føre meg at det for kam bli rotete å ha to Fossum - krimbøker gåande samstundes. Såå ferdor startar eg heller på anna Gavaldas bok "eg Elska ho" som er ei luta roman på berre nokre og hundre sider så eg reknar med å være klar for Fossum igjen på sundag. Her er med andre ord leseplanane lagt!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Irriterer meg ofte, nesten alltid, over slike bøker skrevet nærmest etter oppskrift. Person J i nåtiden treffer på historien til en person i fortiden og disse to menneskene får på ett eller annet vis påvirka hverandre... Klissklass... Klisjé... Men... Men... Av og til det så godt å bare synke ned i stolen med en slik bok og la seg drømme helt vekk. En sjelden gang, riktig nok! :-p

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Denne helga las eg ut boka Hjertet er en ensom jeger... Ei bok som har stått altfor lenge på skal-lestast - lista.. Fekk endeleg tak i ei billig utgåve på nettet og las den med det same. Nydeleg bok! Fekk litt like vibber av denne som av Drep ikke en sangfugl, Å slentre plystrende over kirkegården og Et tre vokser i Brooklyn. Språket i denne boka er imidlertid eit godt hakk betre enn i dei øvrige bøkene.. Vakker, sårt, tidvis vittig,... Verkeleg ei bok som fortener å kallast ein klassikar. Og at forfattaren berre var nokre - og tjue så ho skreiv denne er ganske så utruleg for djubden og personskildringane er så gjennomført.

No går eg vidare med noko heilt anna, fortsetter nemleg med Harry Hole - serien og no er det den åttande boka, Panserhjertet som står for tur

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

VannflaskeHanne Kvernmo RyeEster SElin FjellheimToveTove AlmaReidun SvensliAmanda AAgnete M. HafskjoldHanneKirsten LundReidun GranberggretemorAud Merete RambølAnne-Stine Ruud HusevågHarald KLailaRonnyAnniken RøilPiippokattaTheaAstrid Terese Bjorland SkjeggerudNicolai Alexander StyveVariosaIngunn SVigdis VoldEli HagelundedgeofawordsiljehusmorTone SundlandFarfalleLinnDemeterGodemineMorten MüllerMarit HåverstadTone Maria JonassenPirelliSynnøve H HoelKoriander