Det er jammen bra at det er litt ekstra tid, ja! Mi bok er ei svært gammal utgåve frå 1954 - som kom ut i 1976…..Med eit svært stivt bokmål.
Eg har lese ei side, og ser at eg treng tid på å tyde enkelte ord og setningar. Berre etter nokre få setningar kom ordet veivspillet som stod på ein stake og spelte….For meg er det heilt ukjent.
Men- eg skal prøve å vere med- har vore glad i å lese Hamsun før, så,eg håper å få det til…
Jau, viljestyrken blir svak når det gjeld Mammut- så det vart nok eit par bøker på meg og. Gemalen kom også heim med ei. Bøkene som vart innkjøpte er: «304 dager» av Simon Stranger, og «Kveldens ubehag» av Rijneveld. Ein forfattar som er heilt framand for meg, men eg las eit par positive omtalar, så då….
No les eg: «Arsenikktårnet» av Anne B Ragde….ei bok eg har lese for mange år sidan, men skal diskuterast mellom nokre damer neste veke.
God helg!
Heia!
Eg har leita litt i hyllene mine og synest det er vanskeleg å velje….
Men- trur eg landar på kilden av gabriel scott
eg kan ikkje sjå at den har vore diskutert før, men det er iallfall ei bok som gjorde Scott velkjend som forfattar.
Den handlar om fiskaren Markus som lever eit stille, roleg liv i selskap med havet og fiskeutstyret sitt.
Eg har lese den. Inst to gongar før, men den toler godt eit gjensyn- ei vakker bok med gode skildringar.
(Om vi har hatt den før, så kan eg finne noko anna)
Eg var så heldig at De kaller meg ulven av Zeshan Shakar var ein av pakkane som låg under juletreet sist jul. Har lese i den eit par dagar, og likar den godt. Forfattaren skriv godt og får fram
konflikten som kjem fram når to ulike kulturar skal leve saman. Det er ikkje alltid lett- hverken i heimen eller ute mellom vener og kjende.
Boka fortener mange lesarar!
Vil ynskje både deg og alle andre leseglade ei god helg!
Ei svært sterk bok som gjer inntrykk! Har lese den meir enn ein gong….
Hei!
Eg håper å få tilbake leselysta, og jammen ser det ut til at eg skal få nokre trivelege timar i selskap med Havets kirkegård av Aslak Nore.
Har ikkje fått lese så svært mange sider, men det vesle eg har lese har eg likt godt….trass i den lite positive tittelen på boka….
Har også leita fram igjen Årene av Annie Ernaux.
Har lese den før, men sidan eg skal diskutere den i ein lokal lesesirkel, så må eg repetere….huskar ikkje alt så godt.
Ynskjer deg og andre bokelskere ei god helg, med ei god leseoppleving!
Godt nytt år, …og hei!
Eg trur eg ikkje kjem med noko forslag denne gongen…lesinga mi har vore litt laber, og eg har bra mange bøker som eg både bør lese ferdig - og som eg bør sjå til å få lest!
Men- eg kjem til å følgje med, og kanskje eg kjem til å blande meg inn i diskusjonen om det passar seg slik!
Lukke til med godt val! :-)
Det kan lett verte litt hektisk i desse adventstidene- men i dag laga det seg slik at eg fekk ei lita stund i selskap med Stefansson.
Eg må sei at han imponerer med språkbruken, ordvalet, humoren og ironien - noko han meistrar godt.
Vart imponert over oldefar som ikkje gav opp jobben med å få den maken han ynskte seg over alt…..og murskeia som var med som ein viktig reiskap, på meir enn eit vis.
-No er boka halvlesen, og likar framleis godt det eg les…sjølv om vi må vere med på å springe litt fram og tilbake i tid.
…..og tenk, kor tilfeldig det var at eg-personen i det heile kom til verda….:-)
Eg har dessverre ikkje lese mange sidene ( s24 no), men det vesle eg har fått med meg er meir tiltalande enn eg hadde tenkt. Den vesle pjokken saman med pappa og tinnsoldatane….som får kvardagen snudd på hovudet då dama og havregrauten braut inn i tilværet hans.
Likar godt, svært godt, både språk og innhald. Originalt, trur eg….
Som vanleg har det vore litt «elle melle» før eg har greidd å bestemme meg for kva eg skal foreslå….
Men, trur eg landar på Stjernenes knitring av Kalman Stefansson.
Meiner eg har likt godt dei bøkene eg har lese av han tidlegare- og at fleire enn meg likar bøkene hans.
Eg har starta på Tatovøren i Auschwitz av Heather Morris.
Ein lesesirkel eg er med i skal lese «Cilkas reise» av same forfattar, så eg tenkte det var best å lese denne først. Nokre meiner visst at det ikkje er nødvendig, då, men…..
Eg har ikkje lese så veldig langt, men til no er ikkje så svært imponert. Det er enkelt språk, og litt springande om eit tungt, mørkt emne - ein mørk epoke i historien vår. Ein ting er eg heilt sikker på- eg skal fullføre, sjølv om eg har mange nye, fristande bøker i bokhylla!
Ei god helg til deg og alle andre som kosar seg med boka si denne helga!
Har fullført «Hvit krysantemum» no i ettermiddag- var greit å bruke ettermiddagen til det mellom stormkasta! Huff, for eit ver- er glad eg ikkje er ute på havet!
Boka er tøff, ja, og veit ikkje om eg vil kalle det eit litterært meisterverk - MEN innhaldet er viktig! Så vondt å lese om alt det desse kvinnene måtte gå gjennom! Og nesten det verste er at det er basert på verkelege hendingar!
Håper berre at dei ansvarlege har fått den straffa dei fortener! Kjenner at det var vel verdt å bruke nokre kroner på denne- den gjorde inntrykk, både på godt og vondt!
Ein god søndag vidare til deg og! :-)
Hei!
Eg har gått i gang med ei bok Hvit krysantemum av M L Bracht.
Kjøpte boka ganske nyleg…ein dag regnet ausa ned og eg hadd lyst på noko som kunne flytte merksemda mi.
Og eg likar det vesle eg har lese til no, sjølv om det er fæle hendingar som vert fortalt om. Jenter som vart misbrukte under Koreakrigen…..
Skal også prøve å fullføre ei anna god bok: Zuleika åpner øynene.
Den har lagt ei stund halvlesen sidan vi her i heimen har hatt vel mykje influensa innom veggene.
God helg!
(Ooops…ser eg har sett svaret mitt litt langt ned- meinte å svare Readinggirl 20)
Dette opplever eg som ein «nedtur»! Likte Øya godt, men denne veit eg ikkje om eg orkar å fullføre- og berre svært! sjelden avbryt eg ei bok.
Har lese litt over halvparten, utan å bli det minste engasjert.
Beklagar, Hislop, men dette vart ein gedigen skuffelse. Er glad eg berre har lånt boka….
Heia- til dokke alle! Eg har fått «Blikktrommen» i hus, men boka er så lurvete og velbrukt at eg kvir i mot å vere lesar…..så, eg trur eg leverer den tilbake til biblioteket- eit bibliotek som har gjort uvanleg mykje for å skaffe meg boka! (Dei som har hatt boka før meg har slite den godt ut!)
Dei har bode meg to utgåver før denne, så eg trur dei skal få sleppe å gjere meir…..og det er første gong eg gir opp grunna stor slitasje.
Eg ynskjer dokke andre lukke til- og håper de får ei god leseoppleving og ein god diskusjon!
Eg har henta eit eksemplar av «Blikktrommen» på biblioteket- men ser litt svart på å lese den- trass i at den vert nærmast kalla eit «litterært grunnfjell».
Boka eg har fått i hus er på ca 500 sider - med mikroskopisk skrift. Ser at det finst andre utgåver som er på ca 600 sider, men då sikkert lettare å lese.
Som fleire her har også eg ønsket å lese denne, men om eg får det til…det veit eg ikkje.
Trur eg seier at eg skal prøve…..Og til alle som har bestemt seg for å delta i felleslesinga seier eg Lukke til!
(oops…ser no at det er Lillevi som har brukt uttrykket «litterært grunnfjell» - håper det er ok at eg brukte det, Lillevi? Det er no eit godt uttrykk! )
Denne romanen likte eg kjempegodt! So mange gode språklege formuleringar…..angrar ikkje på dette bokkjøpet. Trur eg kjem til å lese denne meir enn ein gong!
Det vart jammen litt vanskelig å velje- nokre av dei eldre bøkene kan vere litt vanskelege språklig…men, trur eg landar på ein klassikar: Hva nå lille mann av Hans Fallada.
Eg var litt borti den boka i mi ungdomstid, og no seinare har eg lese «Alle dør alene» som eg likte godt.
Så dermed: «Hva nå lille mann» blir mitt framlegg. Boka gir eit bilete av økonomiske nedgangstider i Tyskland i mellomkrigstida. Kanskje det vere aktuelt også no når økonomien er litt ustabil i dagens Europa?
Trur elles eg må undersøke nokre av dei bøkene eg har arva etter ei eldre dame i familien. Kan kanskje vere nokre «gullkorn» der - har ikkje registrert dei inne på baksida mi enno.
Eg har nettopp starta på ei bok som verkeleg gjer inntrykk- det vesle eg har lest: Zuleika åpner øynene av Jakhina.
Forfattaren er heilt ukjend for meg, men det ser ut il å verte ei leseoppleving av det sterke slaget!
Trur eg må leite meg opp noko meir moro og underhaldande når denne er ferdig!
God helg til deg og alle dei andre som har noko godt eller engasjerande i lesehaugen sin!
Eg har vore svært passiv med lesing i det siste- har hatt trivelege sommergjester og litt slit med helse…MEN, no har eg leita fram igjen Årene av Annie Ernaux. Likte godt det eg las for ein god del dagar sidan!
Har elles tenkt å sjå om ei av krimbøkene eg har i hylla kan gi meg ei god lesestund!
Ynskjer deg og alle andre lesarane i god helg!