2009
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Israel Armstrong er på veg frå London til Nord-Irland for å starte i draumejobben som bibliotekar. Han er bare så vidt komen fram da problema startar, det viser seg at biblioteket er nedlagt. I staden er det meininga at han skal køyre ein nedsliten bokbuss på den nordirske landsbygda, men alle bibliotekbøkene er forsvunne. Israel får oppgåva med å spore dei opp, og jakta på dei bortkomne bøkene fører Israel til omgivnader fjernt frå det trygge storbylivet i London.
Omtale fra forlaget
Møt Israel Armstrong . ein ung og urban lesehest og vegetarianar frå London, med kurs for Nord-Irland og draumejobb som bibliotekar. Helten vår er ikkje meir enn akkurat kommen fram til sin nye arbeidsplass før problema startar. Framleis sjøsjuk etter overfarten frå England får han den første kalddusjen . biblioteket er nedlagt. Det viser seg at han i staden skal køyre ein nedsliten bokbuss på den nordirske landsbygda. Og som om ikkje dette er nok: Alle bibliotekbøkene er borte vekk, forsvunne på mysteriøs vis, og stakkars Israel får oppgåva med å spore dei opp. Svært ugjerne blir helten vår kasta inn i jakta på dei bortkomne bøkene, i omgivnader fjernt frå det trygge storbylivet i London.
Bokbussdetektiven og mysteriet med dei forsvunne bøkene er klassisk britisk hyggelesing; ei varm og humoristisk forteljing med ein skikkeleg antihelt i førarsetet. Med sikker språksans og ein suveren evne til å skrive levande dialog serverer forfattaren ei forteljing som engasjerer og underheld. Sansom fortel historia om Israel med stor kjærleik både til hovudpersonen og til menneska han ferdast blant. Den ytre ramma er jakta på dei forsvunne bøkene. Gjennom jakta får vi eit innsyn i eit land prega av store omveltingar, og vi møter eit fargerikt persongalleri som til saman utgjer eit tverrsnitt av Israel sine nye landsmenn.
Forlag Baskerville
Utgivelsesår 2007
Format Innbundet
ISBN13 9788281870062
EAN 9788281870062
Genre Spenning
Omtalt sted Irland
Språk Nynorsk
Sider 276
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Krimromaner jeg har lest de siste åra der handlinger foregår på øyer i vest og/eller vanskelig tilgjengelige steder i vest. For eks. Shetland, Island og steder som blir/er utilgjengelige pga for eksempel tidevann etc. Eller steder i vest som bare er sære...
Tidsmessig foregår romanene på lista i vår samtid sånn cirka.
Lista er ordna alfabetisk og seriene er ordna i handlingens kronologiske rekkefølge.