Kortprosa, står det når ein søker opp tittelen på denne samlinga i bibliotekbasar og internettkjelder. Og det er det, til tider kort-kort prosa. Ikkje mange av stykka går over tre sider, nokre dekker berre ei halv. Likevel er dei få sidene tettpakka med liv og lagnar og gode historiar fortalt med berre akkurat so mange ord som trengs. Her kan ein lesa om han som vert forleten, om han som skal forlata, om han som kan drepa med blikket, han som tek toget heim og han som endeleg har funne noko som plagar han nok til å unna seg ein godbit på ein kvardag.

Sortland skriv ikkje noveller som gjer at ein sit att med ein klump i halsen. Kanskje heller tvert i mot, ein sit att med eit lite smil og tenkjer at "eg kjenner denne personen". Og so vert det gjerne litt urovekkande òg, for Sortland viser oss litt kva heilt vanlege folk, personar me kjenner, ber inni seg - og alt er ikkje like vakkert som turen med Bergensbana eller utsikta over ein by ein snart skal reisa frå.

Fyrst publisert her

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Nobody Owens er ein ganske vanleg gut. Han er nysgjerrig, likar å leika med jamnaldrande og synes ikkje alt lærarane har å fortelja er like interessant. Men på den andre sida er han ikkje ein heilt vanleg gut. Nysgjerrigheiten fører han ned i krypter og inn i andre verder, dei jamaldrande vert aldri eldre, og lærarane er ikkje av den typen ein møter på landsbyskulen – dei er varulvar og vampyrar, utplassert for å passa på vesle Bod Owens medan han veks opp på den nedlagte kyrkjegarden etter at resten av familien vart drepne av den mystiske Jack.

Eg har sett skildringar av denne boka som kallar den “den beste Gaiman har skrive til no”. Eg vil ikkje dra det so langt, personleg likte eg vel so godt Neverwhere, men det heng vel litt saman med at Gaiman sjeldan skuffar. Heller ikkje her, i ei barne- eller ungdomsbok som like gjerne kunne vore for vaksne. Bod Owens er kanskje vaksnare enn meg, sjølv som seksåring, men sett reint vekk frå det er karakterane både sjarmerande, skumle og truverdige, og historia har den rette blandinga av realisme og fantastiske hendingar. Gaiman plasserer ofte historiane sine rett i utkanten av det som kunne vore – under London i Neverwhere og bortanfor muren i Stardust - og det gjer han her òg: ein heilt vanleg by i England, på ein heilt vanleg kyrkjegard, utspinn historiar og eventyr me med mindre fantasi ikkje kunne førestilla oss. Slik flaks at me har Gaiman som kan fortelja oss om dei då!

Fyrst publisert her

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det har skjedd noko undarleg med meg i det siste, og eg har av ein eller annan grunn konsentrert med om mannlege, nynorske forfattarar, og sakprosa. Det skal eg fortsetja med i helgi, eg les mellom anna Frå Hovland til alle, som er e-postkorrespondansen til Ragnar Hovland medan han jobba i Samlaget tidleg på 2000-talet, og Hulda Garborg. Forfattaren og feministen av Sigrid Bø Grønstøl, som undarleg nok er særs spanande, sjølv for alle oss som ikkje har lese grunntekstane, nemleg Hulda Garborg sin samla forfattarskap (og oss er det mange av!)

Men det går ikkje berre i sakprosa, på øyra har eg The Greatest Love Story of All Time av Lucy Robinson, lett og humoristisk og varmt. Og mot slutten av helgi håpar eg å få dukka ned i noko ungdomslitteratur - sidan sist har eg nemleg fått ny jobb, som bibliotekar på eit skulebibliotek. Då kjem det mange freistingar seglande forbi.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Serien heiter Thursday Next, og til no er det komme sju bøker - ikkje nok, spør du meg :) Den fyrste heiter The Eyre Affair, og kan lesast åleine, dersom du vil gje deg etter den. Men absolutt verdt å prøva, og eg vender tilbake til dei gong på gong.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Kaptein Laurence har sitt eige skip, sitt eige mannskap og patruljerer Atlanteren for å halda franskmennene frå livet. Når skipet hans tek eit fransk skip er det nett som einkvar anna (god) dag, heilt til dei ser kva det franske skipet er lasta med: eit drageegg - eit drageegg som skal til å klekka. Når dragen kjem ut og skal kledast i seletøy, er det Laurence han vel - og kaptein Laurence går frå å vera kaptein i den britiske marine til å vera flygar i det britiske luftforsvaret, ombord på dragen Temeraire.

Bøkene om Temeraire, som His Majesty's Dragon er fyrste del av, er både fantasy og alternativ historie. Det er historien om kva som kunne ha skjedd med ein drage og kapteinen hans dersom ein brukte dragar under Napoleonskrigane. Korleis flyvåpenet var bygd opp, korleis treninga gjekk føre seg, kva dragane og kapteinane deira snakka om under måltida (vel, akkurat under måltida var vel dragane opptekne med å ta livet av feet dei fekk servert, men etterpå konverserte dei gjerne) og korleis kampane kunne sjå ut. Ideen er både absurd og svært god, og karakterane, både folk og fantasifigurar, sympatiske bekjentskapar. Kanskje for sympatiske, det vert nesten uinteressant når Laurence so klart føl plikta si, og når Temeraire er so overlegen dei fleste motstandarar. Men konseptet er godt nok til at eg kjem til å fylgja dragen og kapteinen vidare.

Fyrst publisert her

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Dagane et kvarandre, eg går gjennom tida, kroppen skjør av lengt.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Holly rømmer frå romkameratane frå (eit svært reint) helvete, og flytter inn saman med bestekameraten Josh, arbeidsnarkomanen Kath og den usynlege Addison, datanerd med ikkje-eksisterande døgnrytme og sosial angst. Holly er blomsterdekoratør, men har hatt dårleg hell på jobbmarknaden, og på kjærleiksfronten. No ventar ein jobb som assistent under ein 19-åring som søv seg til topps i rocke-bransjen, og eit val mellom data-nerden Addison (dersom han berre oppdagar henne) og fysikk-nerden Finn (dersom ho berre oppdagar han).

Romanen er leiken, med karakterar som ikkje går gjennom dei store aha-opplevingane, men som jamnt over lærer noko, veks litt og tilbyr god underhaldning undervegs. Dette er den andre romanen av Colgan eg har lese, og i høve Meet Me at the Cupcake Cafe synes eg dette var eit lite steg opp – rett og slett fordi det smittande humøret til Holly er – vel – smittande.

Fyrst publisert her

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har lese nokre gode bøker i januar, men ferda dei ikkje før månadsskiftet var komme og gått, so eg får spara å skriva om dei til slutten av februar.

Dermed vert den beste lesaropplevinga i januar, overraskande nok, sakprosa. Det fleirspråklege Noreg kom ut i fjor i samband med Språkåret 2013, og er portrett av ei mengd to- eller fleirspråklege personar og familiar i Noreg. Boki viser at fleirspåklegheit er meir regelen enn unntaket, og fortel både morosame og sterke historiar om menneska bak språka, og språket si påverking på menneska. Boki er illustrert med sterke protrett av Oddleiv Apneseth.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Men nå har me begynt med folkedans, og eg må seie at ting går mykje betre mellom oss. For eg toler ikkje å snurre rundt. Har aldri gjort det. Karusellar gjer meg svimmel i dagevis. Og det er tydelegvis snurring det dreier seg om i folkedansen. Særleg heftig går det for seg i polsdansen, som eg og kona mi har lagt vår elsk på. Folk trur det er hallingkastet eller sparket som er det viktigaste i folkedans, men det er berre tull. Det er vanvittig kvalmande snurring, rundt og rundt, som er greia. Kona mi elskar sjølvsagt å svinge seg rundt, som kvinnfolk flest, og medan ho smiler, så brekker eg meg og smågulpar, og me blir begge to så herleg utslitne av påkjenninga at me kan unne oss både det eine og det andre etterpå.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Han har dessutan ein plastpose i kvar neve og ein merkeleg hatt på hovudet. Eg har aldri sett han før, og det ser faktisk ut som han synest det er litt pinleg at han har han der. Som han har stått lenge framfor spegelen og tatt hatten av og på og vurdert om han er ein hattemann eller ikkje, men så tenkt at jammen skal han fleske til og vere ein hattemann slik han alltid har hatt lyst til, før han kjem ut i dagslyset og merkar at han nok ikkje er nokon hattemann likevel.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

-Ja, ja, takk, seier eg berre. Og så nikkar han usikkert og går sin veg. Eg ser over på hagen til naboen, som er eit einaste bringebærkratt og har vore det så lenge eg har budd her. Gartnar? Eg ristar på hovudet. Forstår ikkje ein skitt og tenker tanken som i ettertid skal komme til å stå som den beste tanken eg tenkte i 2010 (og det seier sitt): "Livet består av dei merkelegaste ting, men om ein ikkje har ei kone, kven skal ein då fortelje til? Og kven vil bry seg om det eller tru på ein?"

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Merete har gode tips her, eg personleg har slukt alt av Fforde.

Dersom du ikkje har lese fantasy før ville eg ha venta med Martin, det er lange bøker, ein lang serie og uhorveleg mange personar å halda styr på. Rothfuss er ein mykje betre start - og dei kan nesten sjåast som oppvekstromanar vel so mykje som fantasy. Ei fantastisk forteljarevne hjå den mannen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg gjekk lei Veum etter Vi skal arve vinden, men Roser gjorde at eg fekk att trui. Klassisk Veum, akkurat ekkel nok - kos deg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det som er bra med Neverwhere er at boka er berre ein av måtane Gaiman fortel denne historia - få takk i høyrespelet frå BBC4 i 2013 (litt kaotisk, men det funkar - særleg når du kan historien) med mellom andre James McAvoy og Benedict Cumberbatch (jepp, Sherlock sjølv) eller BBC-serien frå 1996. "Herleg" 90-tals, men i god Gaiman-stil (myyyykje betre enn filmatiseringa av Stardust frå tidleg 2000-tal).
Eg er òg på Gaiman-køyret, som du kan merka. Neverwhere i tre ulike versjonar i løpet av hausten, og no er det The Graveyard Book (forfattaren sjølv les - og han les godt!). Eg har lese Stardust før eit par gonger, og Good Omens ventar i bokhylla.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Utanom 28 elevtekstar skal eg i helgi ha fylgje av Shakespeare og Kong Lear - denne helgi òg. Måndagen ventar det dramatikk-time om Jon Fosse, so eg skal òg skumma gjennom Barnet.
På øyra har eg The Graveyard Book av Neil Gaiman. Eg byrja Garcia Marquez førre veke, men gav meg etter tjue minuttar då eg fann ut at eg trong noko lettar. Og då er Gaiman ganske midt i blinken.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne helgi les eg Kong Lear av Shakespeare, i omsetjinga til Edvard Hoem - eg har sett Lear på Den Nationale Scene i Bergen og er over meg av begeistring!
Elles har eg òg denne helgi Du kom igjen og alt vart forandra av Gaute M. Sortland og Det fleirspråklege Noreg på planen - eg vert ferdig med begge berre eg får nokre minuttar samanhengande lesing i sofakroken.
På øyra har eg nettopp byrja på Gabriel Garcia Marquez si Love in the Time of Cholera.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Tenk, helg att, endeleg!
Eg har lagt vekk Wuthering Heights for no (det var på tide, vil vel kanskje nokon seia) og kosar meg med andre bøker i staden. Ein tur på biblioteket etter noko heilt anna resulterte i at praktboka Det fleirspråklege Noreg vart med heim, og på ein knapp ettermiddag i går og til frukost i dag slukte eg over halve - det er spanande å lesa om dei mange fleirspråklege i Noreg, og alle opplevingane kring å vera fleirspråkleg, om det er norsk-samisk, arabisk-norsk, bokmål-nynorsk nederlandsk-teiknspråk-norsk eller noko heilt anna.
Eg har òg fått med meg heim Du er her igjen og alt er forandra av Gaute M. Sortland. Det er som ein lekk i nokre av lesemåla for 2014 - meir av menn, meir av nordmenn, meir på norsk (og helst nynorsk).
På øyra har eg His Majesty's Dragon av Naomi Novik, fyrste bok om bruken av dragar i luftkrigen mot Napoelon. Ikkje akkurat fakta, for å sei det mildt, men underhaldande so langt.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg har endeleg gjort opp rekneskap for fjoråret, og kom fram til at beste bok var 1964 av Ragnar Hovland - den likte eg so godt at eg tok opp att kjenskapen med Hovland, og har kost meg med han utover hausten.

Elles har eg prøvd å oppsummera andre leseopplevingar enn "beste bok" på bloggen min

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Å, eg driv som vanleg på med Wuthering Heights av Emily Brontë - heller ikkje denne veka gjorde særleg veg i vellinga, og ikkje hjalp det nemneverdig at boki låg att heime når eg gjekk på kafe for å lesa. Urut, som "ungdommen" sikkert (ikkje) ville sagt.
I tillegg har eg Fredagsstrikkeklubben av Kate Jacobs på sengekanten. Ho var eit impulskjøp i haust, og sjølv om eg har lese nærare 100 sider er eg ikkje gripen. Men grei nok seint om kvelden når ein trass alt skal sova likevel.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Gled deg til Haddon! Eg les ho for fleire år sidan, og tenkjer på ho enno. Har òg gjeve ho vidare til begge brør mine, sjølv ikkje-lesaren likte ho.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

AndreaKaramasov11PiippokattaHarald AndersenMorten BolstadTove Obrestad WøienAnn-ElinToveGroLailaKirsten LundKjell PMads Leonard HolvikAlice NordliVigdis VoldTralteVannflaskeThomas KihlmanDolly DuckWencheRune U. FurbergTonesiljehusmorIreneleserEster SLeseberta_23Heidi BBLabbelineNorahTerje MathisenSynnøve H HoelPirelliTone SundlandTore OlsenBente NogvaJarmo LarsenEmil ChristiansenHilde Merete GjessingEgil Kristiansenmarithc