Du er her igjen og alt er forandra

kortprosa

av (forfatter).

Samlaget 2011 Innbundet

Gjennomsnittlig terningkast: 4.39 (18 terningkast.)

73 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra Den Norske Bokdatabasen

Boka inneheld forteljingar spreidd utover eit heilt år. Om folk som opplever at livet har endra seg, eller som med eitt oppdagar seg sjølv midt i livet.

Omtale fra forlaget

Boka inneheld forteljingar spreidd utover eit heilt år. Om folk som opplever at livet har endra seg, eller som med eitt oppdagar seg sjølv midt i livet.

Bokdetaljer

Forlag Samlaget

Utgivelsesår 2011

Format Innbundet

ISBN13 9788252178104

EAN 9788252178104

Språk Nynorsk

Sider 97

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

1 9 4 4 0 0

Bokomtaler

Kortprosa, står det når ein søker opp tittelen på denne samlinga i bibliotekbasar og internettkjelder. Og det er det, til tider kort-kort prosa. Ikkje mange av stykka går over tre sider, nokre dekker berre ei halv. Likevel er dei få sidene tettpakka med liv og lagnar og gode historiar fortalt med berre akkurat so mange ord som trengs. Her kan ein lesa om han som vert forleten, om han som skal forlata, om han som kan drepa med blikket, han som tek toget heim og han som endeleg har funne noko som plagar han nok til å unna seg ein godbit på ein kvardag.

Sortland skriv ikkje noveller som gjer at ein sit att med ein klump i halsen. Kanskje heller tvert i mot, ein sit att med eit lite smil og tenkjer at "eg kjenner denne personen". Og so vert det gjerne litt urovekkande òg, for Sortland viser oss litt kva heilt vanlege folk, personar me kjenner, ber inni seg - og alt er ikkje like vakkert som turen med Bergensbana eller utsikta over ein by ein snart skal reisa frå.

Fyrst publisert her

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket


Sitater fra dette verket

Han har dessutan ein plastpose i kvar neve og ein merkeleg hatt på hovudet. Eg har aldri sett han før, og det ser faktisk ut som han synest det er litt pinleg at han har han der. Som han har stått lenge framfor spegelen og tatt hatten av og på og vurdert om han er ein hattemann eller ikkje, men så tenkt at jammen skal han fleske til og vere ein hattemann slik han alltid har hatt lyst til, før han kjem ut i dagslyset og merkar at han nok ikkje er nokon hattemann likevel.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Men nå har me begynt med folkedans, og eg må seie at ting går mykje betre mellom oss. For eg toler ikkje å snurre rundt. Har aldri gjort det. Karusellar gjer meg svimmel i dagevis. Og det er tydelegvis snurring det dreier seg om i folkedansen. Særleg heftig går det for seg i polsdansen, som eg og kona mi har lagt vår elsk på. Folk trur det er hallingkastet eller sparket som er det viktigaste i folkedans, men det er berre tull. Det er vanvittig kvalmande snurring, rundt og rundt, som er greia. Kona mi elskar sjølvsagt å svinge seg rundt, som kvinnfolk flest, og medan ho smiler, så brekker eg meg og smågulpar, og me blir begge to så herleg utslitne av påkjenninga at me kan unne oss både det eine og det andre etterpå.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Når ein står langt ute i skogen med sin beste venn og laftar eit hus, er det lett å la tankane gå mot øksemord. Eg meiner … her står eg og høgg med ei sylkvass nyslipt øks, og like framfor meg med ryggen til: Einar. Og det same arbeidet gjentar seg dag ut og dag inn. Det kunne nesten vore interessant å gi han eit kakk berre for variasjonen sin del. Eg meiner … det er vel heilt naturleg å tenke slik?

Godt sagt! (4) Varsle Svar

(...), men så blir du lei deg fordi sjøhestene ser så ulykkelege ut.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

-Ja, ja, takk, seier eg berre. Og så nikkar han usikkert og går sin veg. Eg ser over på hagen til naboen, som er eit einaste bringebærkratt og har vore det så lenge eg har budd her. Gartnar? Eg ristar på hovudet. Forstår ikkje ein skitt og tenker tanken som i ettertid skal komme til å stå som den beste tanken eg tenkte i 2010 (og det seier sitt): "Livet består av dei merkelegaste ting, men om ein ikkje har ei kone, kven skal ein då fortelje til? Og kven vil bry seg om det eller tru på ein?"

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Lister som inneholder dette verket

I år skal jeg se om jeg ikke kan fullføre PopSugar sin Reading Challenge 2015. Det er hele 50 bøker å lese. Noen blir utfordrende, mens andre ser jeg blir lette. Har bestemt meg for at en bok ikke skal høre til mer enn en kategori. Blir nok noen barnebøker også på min liste da det er en del av jobben min. For de som ikke har sett listen, kan de sjekke ut denne linken http://www.popsugar.com/love/Reading-Challenge-2015-36071458


Godt sagt! (1) Varsle Svar

Du vil kanskje også like

  • "Johan - roman" av Gaute M. Sortland
  • "Korte meisterverk" av Gaute Sortland
  • "Fotturar i Norge" av Gaute M. Sortland
  • "Herfra til virkeligheten - lesninger i 00-tallets litteratur" av Ane Farsethås
  • "Vårar seinare - dikt" av Anna Kleiva
  • "Eg kom for å elske - roman" av Brynjulf Jung Tjønn
  • "Alle barn er laget av ild - noveller" av Nicolai Houm
  • "French Milk" av Lucy Knisley
  • "Hjemmelekser - essays" av Pedro Carmona-Alvarez
  • "Hjartemekanikk - dikt" av Kristina Leganger Iversen
  • "Korea - noveller om kjærleik" av Lars Mæhle
  • "Vivaldi" av Helge Torvund
Alle bokanbefalinger for dette verket