Jo, dragen heitte Falkor (eller noko slikt)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Nokre dagar ut i helgi ser eg at påsken som vanleg vert travlare enn ein hadde tenkt, og bokbunken ikkje minkar. Kan ein kalla det ein tradisjon...? Men sjølv om det går seint framover kosar eg meg, med Blekkhjerte av Cornelia Funke på papir og Dracula av Bram Stoker på lydbok. Ikkje krim for min del altså, men spenning likevel.

Elles føl eg familien sine påsketradisjonar - gardsarbeid, vaska glashuset/lysthuset på traktorfrie (=raude) dagar og ein tur til sjøen med tanter og onklar og syskenbarn. Lite lesing når ein har slike syslar - ein får satsa på kvardagen i staden.

Ei god påske til dykk alle!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er nyttårafta, og på toppen av Topper’s House sit ein avdanke TV-vert og dinglar med beina. Ei middeladrande dame kjem bak han for å få låna stigen hans og klatra over kanten. Ei ung jente spring mot avgrunnen for å hoppa. Ein amerikanar kjem med pizza. Ingen set utfor dei 15 etasjane denne kvelden.

A Long Way Down handlar om Martin, Maureen, Jess og JJ, som alle har sine ting å stri med, og som alle har tenkt å ta livet av seg denne kvelden. Men møtet stoppar dei, iallefall for ei stund. Spørsmålet er om det er nok, om dei har noko å leva for, om dei eigentleg har grunn nok til å dø. Romanen er morosam, tankevekkande og til tider gripande, men tippar aldri over verken i det sentimentale eller det verkeleg kloke – til det er hovudpersonane for munnrappe, hendingane dei vert utsett for for rare, og stilen til Hornby for lett.

Historia er fortalt i fyrste person frå dei fire hovudpersonane, noko som gjer at den både får eit episodisk preg, at ein ser dei ulike hendingane frå ulike sider, og vert kjent med fire svært ulike personar. Eg høyrte denne som lydbok frå Peguin, og denne vert lesen av fire ulike stemmer, som gjer ein strålande jobb. Eg ser for meg personane som om dei skulle stått framfor meg, og særleg Pauline McLynn og Beattie Edmondson overbeviser som Jess og Maureen.

A Long Way Down er ikkje Nick Hornby sin best kjende roman, men har mange av trekka dei andre bøkene hans har. Musikken er kanskje nedtona, men dei einsame – og likandes – personane, leitingi etter seg sjølv, dei tapte draumane og humoren er til stades. Dette er ein roman som ikkje kan anna enn å få ein i godt humør, trass det sørgelege utgangspunktet.

Omtalen vart fyrst publisert her.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg har lese dette under tittelen "Ferdaminne frå sommaren 1985" og synes det er so vakkert. Den tittelen gjer noko med måten eg les Halldis på - det gjer heisturen til noko større, det trekker linjer til Aa. O. Vinje (og kven kan vel mislika den godaste Aasmund) og det plasserer dette diktet seint i livet, sjølv om kjenslene ho fortel om vert tolka som ungdomsforelsking (eg har brukt dette diktet i klassen min, ikkje ein av dei kunne plassera dette diktet i slutten av eit liv - er det ikkje godt å vita at denne kriblinga kan vara livet ut, komma attende når ein er godt oppi åri, med ein ny kjærleik?)

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Ein dag inni helgi, og eg er allereie nøgd med alt eg har lese - det teiknar godt, sidan planen for i morgon er 28 stilar om nasjonalisme og 1800-talet.
Eg har akkurat ferda Allegiant, tredje og siste bok i Divergent-trilogien til Veronica Roth. Den fyrste filmen hadde premiere i går, og bror min har nesten lovt meg kinodate i morgon. Men etter å ha lese slutten veit eg ikkje heilt om eg har lyst å bli betre kjent med desse folki. Godt med YA-bøker innimellom, men at dei må vera so blodige då... No når eg er ferdig med dystopien ventar fantasyen, eg skal vidare i Blekkhjerte av Cornelia Funke, spanande og fornøyeleg fantasy for litt yngre lesarar - og det passar meg godt :)
På øyra har eg noko heilt anna (men òg bok som har blitt film), nemleg A Long Way Down av Nick Hornby. Eg har jobba utandørs i dag, og då rekk ein mykje, so no er eg berre to timar frå slutten, beklaglegvis. Boki er om fire ulike menneske som møtest på eit hustak nyttårsafta, og bestemmer seg for ikkje å hoppa utfor nett enno. Vakkert, morosamt og spanande.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Earlier that week, Christmas Day to be precise, I'd finished Revolutionary Road by Richard Yates, which is a totally awesome novel. I was actually going to jump with a copy, not only because it would have been kind of cool and would have added a bit of mystique to my death, but because it might have been a good way to get more people to read it. But the way things worked out, I didn't have much preparation time, and I left it at home.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Neil Gaiman, Jasper Fforde (nokre av seriane hans har litt kompliserte univers, men t.d. Last Dragonslayer-serien er rett fram fantasy med mykje humor), Gone-serien av Michael Grant, Uglies-serien av Scott Westerfield (begge YA dystopi), eller klassikarar som H. G. Wells og E. R. Burroughs (sci-fi frå 1900-talet), og Snow Crash av Neal Stephenson, som er sci-fi for litt vidarekomne.

Kom på eit par til: Darlah av Johan Harstad er spanande sci-fi for ungdom (og vaksne, eg vart liggande vaken), og Patrick Rothfuss sine Kingkiller Chronicles (to bøker til no) er den beste fantasyen eg har lese.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Denne helgi blir det lite lesing for min del, men eg ber med meg dystopi for unge i veska, i form av Insurgent av Veronica Roth. Det er andre bok i Divergent-trilogien, den fyrste høyrde eg på lydbok førre helg, då eg både fekk utnytta finveret og høyrde so mykje på boki av øyrepluggane rauk... Nye er kjøpt inn, so på bussen og til fots vert det Throne of Jade av Naomi Novik, andre bok i Temeraire-serien. Trist å sei det, men etter halvanna bok er eg enno ikkje hekta. Eg lurer på om det kan ha med opplesaren å gjera.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dr. Munk er rask med å slå fast at han berre er produsent – eller eigentleg berre har lånt namnet sitt – til dette popleksikonet. Innhaldet er det Ragnar Hovland som står for. Og det er eit subjektivt leksikon, basert på kva Hovland har i cd-hyllene sine og som han synes er verdt å nemna. Eg sit att med to tankar: tenk om ein var so interessert i musikk som Hovland, det må gjera livet mykje rikare. Og eg kan verkeleg lite om populærmusikk frå 60- og 70-talet. Nei, vent, tre tankar: finst det ei Spotify-liste? Det gjer det ikkje, men du skal ikkje sjå vekk frå at eg lagar ei ein vakker dag.

I popleksikonet tek Hovland føre seg, i alfabetisk rekkefylgje, artistar og band som er betydd noko for han gjennom livet. Og litt andre viktige musikalske kuriositetar, som beste song når ein har kjærleikssorg og kva som eigentleg er greia med norsk popmusikk. Boki er kanskje ikkje det beste oppslagsverket om ein lurer på historia til The Beatles eller diskografien til Michael Jackson (som manglar i platesamlinga til Hovland), men den er god når ein lurer på kva som kan ha påverka Hovland opp gjennom tidene, eller om det eigentleg er verdt å ta ein kikk på hitlister (og undergrunnsscener i Paris) frå 60-talet. Og svaret er nok ja – eg får iallefall lyst til 1. lesa enno meir Hovland (inga overrasking der, nei) og 2. finna ut kva Nico, Procol Harum og The Incredible Stringband eigentleg har til felles.

Omtalen vart fyrst publisert her.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg vart so inspirert av dette at eg brukte ein heil del tid på å snekra saman mitt eige bibliotek og dela på bloggen min. Som fleire her nemner er det sterkt basert på biblioteket i Skjønnheten og udyret - det må vera alle ungjenter sin draum å kombinera bøker og romantikk på den måten. Men det er sjølvsagt diverse endringar lagt inn - mellom anna skal mitt vera mindre, fullare, med meir behaglege møbler, og - viktigast av alt - eit hemmeleg rom.

Fram til eg får bygd meg eit slott (eller iallefall eit stort påbygg), får eg nøya meg med ei krå av stova. Der står ei gamal stålampe, ein (diverre ikkje svært behageleg) lenestol og to av bokhyllene mine (nr. tre står på kontoret og fire og fem på jenterommet heima hjå mamma og pappa). Det er ikkje so verst det heller, i eit kollektiv - men helst går eg og ventar på at Udyret skal by meg sitt.
skriv bildebeskrivelse her

Godt sagt! (4) Varsle Svar

I høve Hovland sine seksti år, tok Tokvam og Folgerø med seg forfattaren til Berlin, og utførte eit tredagars intervju på kafeen zur Rose i gamle Aust-belrin, over varm sjokolade og baileys, medan Hovland alltid var den som bestilte nytt til dei. Slik fekk Tokvam og Folgerø eit nytt innblikk i ting dei ikkje visste om sin gamle helt – og det får lesarane òg.

I mange år arrangerte vi Hovland-seminaret, parallelt med Vossajazz.
Vi var dei to einaste deltakarane, der vi sat nede ved Vangsvatnet med
pappvin og Hovland-tekstar.

No inviterer dei fleire med på Hovland-seminar, og sjølv om eg mangla pappvin fekk eg både ny kunnskap og nokre nye hovland-tekstar i denne boka. Og bilete eg aldri før har sett av Hovland som bjørnen Alfred, med Jon Fosse som hunden Samuel. Det seier seg sjølv at dette er ei bok som gir lesaren det meste.

Vel bør ein kanskje kjenna til iallfall Hovland før ein les ei tredagars intervju med han. Helst bør ein kanskje kjenna til Tokvam og Folgerø òg for å ta alle (dei fleste?) referansane og den personlege humoren. for dette er ikkje berre eit møte med Hovland. Det er til dels òg eit møte med lesarane til Hovland, og mellom dei eit par av hans største fans, og deira veg til å finna ut sanninga om forfattaren.

Skal ein oppsummera Ler dei no, så har eg vunne må det vera at den er mangslungen. Den er både humoristisk og lettlest, men tek med dei tyngre sidene av livet til Hovland. Den er springande og leikande, men likevel strukturert – mellom anna vert bøkene til Hovland lista i kronologisk rekkefylgje med forfattaren sine eigne kommentarar. Og ho har gitt meg enno meir lyst til å fortsetja mitt Hovland-prosjekt, sjølv om eg skjønte to ting gjennom denne lesinga: med 40 utgjevne bøker bør eg kanskje få opp farten skal eg rekka alle før det har gått for mange år – og eg er glad Hovland ikkje strauk med på 90-talet, for då hadde me gått glipp av eit par favorittar som 1964 og Stille natt.

Fyrst publisert her

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Både eg og min yngste bror syntes Fem-serien (Enid Blyton) var strålande lesnad, men den òg har jo sine skumle sider. Det same med Fem/seks på eventyr (hugsar aldri kor mange dei vaer og om papegøya skal teljast med.

Den fyrste serien eg les, og då gjekk eg vel i fyrste klasse, var Gulltopp, men dei blir gjerne for barnslege for born i dag. Elles koste eg meg òg med TROL-gjengen (hugsar ikkje kven som skreiv dei) og bøkene om Hardy-guttene, Davy Crockett og Tow Swift, astronaut. Men då var eg nok komme opp i 3.-4. klasse. Og så hugsar eg at resten av klassen min les Den vesle vampyren, men det syntes eg var litt barnsleg (so kanskje det kan passa?). Michael Ende sin Den uendelige historien og Lise og Lotte eller omvendt av Erich Kästner var andre favorittar tidleg i lesekarriera.

Diverre har eg lite oversikt over kva som rører seg på barnebokfronten i dag, det er litt for lenge sidan det var aktuelt

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Når helgi byrja trudde eg det kom til å verta ei dårleg lesehelg, men at eg iallfall skulle komma eit stykke i The Fiddler's Gun av A. S. Petersen, som er ein historisk ungdomsroman om Georgia under den amerikanske frigjeringskrigen. Slik gjekk/går det ikkje. To seine kveldar på byen har vist meg at eg ikkje ein gong er so ung som eg var, og søndagen har dermed blitt brukt på sofaen med Halvor Folgerø og Finn Tokvam si bok om Ragnar Hovland, Ler dei no, så har eg vunne. Lun, morosam, intern og med bilete av Jon Fosse utkledd som hunden Samuel- kva meir kan ein ynskja ein søndag føremiddag?

På lydbok har eg Throne of Jade av Naomi Novik, andre bok om dragen Temeraire. Eg prøver og prøver, men blir ikkje heilt hekta. Kanskje er det at eg ikkje er heilt fornøydd med lesaren, han klarar ikkje heilt å gjera personane truverdige.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Han kan gå på vatnet, sjølv om det ikkje har regna på lenge.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ein middelaldrande mann reiser heim til staden han vaks opp for å gå i ei gravferd. Når stemninga vert for trykka set han seg i bilen og køyrer til banrdomsheimen, og til Hempstock-garden i enden av vegen. Medan han sit ved andedammen, som barndomsveninna Lettie kalla Havet før ho flytta til Australia, hugsar han barndommen. Ein barndom med meir magi og spanande hendingar enn han kunne sett føre seg.

The Ocean at the End of the Lane byrjar som ein eldre mann sine memoarar, men det viser seg snart at dette ikkje berre er Neil Gaiman i kjent stil, men på høggir. Han fortel frå ein sjuåring sin ståstad med overbevisning og innlevelse, samtidig som det heilt klart er ein roman for vaksne lesarar. Dette er både ein rein fantasy-roman med magi, parallelle verder og monster skumlare enn dei som gøymer seg i mørkret, og ein roman om minne – kva me hugsar, kva me vel å hugsa, kva som er sant og kva som er fantasi – og kva me gløymer.

Når eg byrja på Ocean var eg innstilt på ei Gaiman-oppleving, men med Neverwhere, min nye favoritt, ferskt i minne tok det omlag halve boki før eg var heilt gripen. Dei siste timane med lytting gjekk derimot unna alt for fort, og vakre – og sanne – skildringar av barndommen veksla med skremmande bilete av udyr berre barndommens mareritt kan skapa. Eg valte ei innspeling der Gaiman les, og denne karen kan lesa! Det er ikkje alltid “forfattaren sjølv les” gir dei beste innspelingane, men det gjeld ikkje Gaiman. Historia er både personleg, biografisk og full av Gaiman sin kjente galskap, og å høyra det fortalt med hans stemme passar godt. Dessutan er han både engasjerande og behageleg – den stemma kunne ha rugga meg i søvn kva kveld som helst (sjølv om eg då antakeleg hadde vakna med hovudet fullt av Hunger Birds og store osean).

Fyrst publisert her

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Jon er nok favoritten til mange (sjølv om eg berre kan snakka for meg sjølv). Eit tips når det gjeld A Song of Ice and Fire: ikkje forhast deg! Det er mange folk og mange historiar å halda styr på, og eg opplevde at eg gjekk lei når eg endeleg kom til femte bok, etter intens lesing - vel, lytting - i eit par månader. Ta deg tid, Marting og gjengen hans fortener det

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg er heima hjå ho mor, og skal lesa masse - i tillegg til å trø til i våronna som sovidt er byrja, trass nesten kuldegrader i kveld. Med meg har eg Amy Plum si If I Die som det verkar som eg aldri vert ferdig med, og ei fantasy-bok til for ungdom, The Fiddler's Gun av A. S. Peterson. Eg hadde aldri høyrt om ho før ho plutseleg sto i bibliotekshylla mi, men då måtte eg berre låna. Eg er folkedansar, so når det er feler (og våpen) med i tittelen er det nok til å pirra nysgjerrigheiten. Det same gjorde ein an tittel, Klassikeren av Ola Jostein Jørgensen, som rett og slett vart med fordi den heiter det den gjer. Ser no at kritikken ikkje er strålande, men eg skal no gje han ein sjangse.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg plasserte fyrst Hulda Garborg. Forfattaren og feministen i samlinga “Biografiar og memoarar”, men oppdaga fort at den måtte over i “Om litteratur”-kategorien. Sigrid Bø Grønstøl, forskar og forfattar, har ikkje skrive noko historie om Hulda Garborg sitt liv. Derimot har ho lese, og lese nøye, dei vel 40 bøkene Garborg ga ut, i tillegg til grunnlagsmateriale og idear i tida – Garborg si, og Grønstøl si.

Min måte å respektera og beundra Hulda Garborg har vore å lesa bøkene
hennar nøye, ta ideologien på alvor, prøva å forstå henne ut frå
hennar eiga tid og analysera og kommentera dette ut frå
hundreårsdistansen oss imellom.

Grønstøl har lese ideologien til Garborg ut frå bøkene hennar, og sjølv om det òg kan vera på kanten reint forskingsmessig (alt kan vera på kanten når det gjeld litteraturforsking), gir det eit interessant innblikk i og ei idehistorisk plassering av ein forfattarskap som var overveldande og svært populær for 100 år sidan, men knapt lesen no. Hulda og Arne Garborg var eit mektig par, og Hulda ikkje den stillaste av dei, sjølv om det er Arne me les om i litteraturhistorien.

Garborg (Hulda) sto for eit kvinnesyn og kjempa ein kvinnekamp som braut med mange av dei rådande i tida, og Grønstøl plasserer dette synet både i Garborg si samtid og i kvinnekampens strategi. Forskjellsfeminismen Garborg sto for var basert i Rosseau si forståing av naturen, i det gamle bondesamfunnet og i ein tanke om at kvinna har ein eigenverdi vel så viktig som mannen – kvinna kan veksa gjennom kjærleiksforhold og morsforhold. Men Garborg talte ikkje for ei lausriving frå kjønnsroller og å vera lik mannen, det går gale med dei av Garborg sine kvinner som vel vekk barnet sitt, og det er få til ingen av Garborg sine kvinner som både lever i kjærleiksforhold og lever ut kunstnarlivet. Garborg talte for likestilling med mannen, ikkje likskap med han.

Med dette standpunktet, romantisk kjærleik med kvinnevri, argumenterte
Hulda Garborg mot tidas splitta kvinnebilde og for “den store Eros” i
samtidas debattfrontar: mot undertrykking av erotikken gjennom askese
og “hanskemoral” i sedskapsdebatten, mot overidealisert askese og
overseksualisert prostitusjon, mot lettsindig flørting med
seksualiteten i bohemavantgarden og mot hore/madonna-tematikken i
kjønnsideologien.
.

Grønstøl er forsiktig med å trekka linjer mellom Garborg sitt liv og hennar virke -

Å lesa skjønnlitteratur som biografi er å bryta den innebygde
sjangerkontrakten mellom forfattar og lesar.

men ho gjer det likevel. Ho samanstiller i eit kort kapittel trekk ved kvinnekarakterane til Garborg og Garborg sitt eige liv og hennar erfaringar. I nokre av heltane er det spor av Arne, i nokre av kvinnene erfaringar Garborg gjorde seg i eit opplevelsesrikt liv. Men som nemnt er ikkje dette nokon biografi, og for å vera heilt ærleg er det kanskje nettopp denne biografiske delen som er den svakaste delen av Grønstøl si bok. Eg er heller ikkje heilt overtydd om at siste kapittel, der Garborg sin feminisme vert sett som ein del av kvinnekampshistoria, er naudsynt – men for meg som kan lite om feminisme er det ei god oppsummering og oppklåring av det som måtte ha vore uklårt før.

So, kor plasserer ein eigentleg Grønstøl si Garborg-bok? Den ligg midt mellom for dei som er interesserte i Garborg-familien, i kvinnesakshistorie eller i litteratur ingen lenger les. Men ho er lettlest og interessant, og nerden i meg – som er interessert i iallefall Garborg og obskur litteratur – koste seg.

Fyrst publisert her

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Min måte å respektera og beundra Hulda Garborg har vore å lesa bøkene hennar nøye, ta ideologien på alvor, prøva å forstå henne ut frå hennar eiga tid og analysera og kommentera dette ut frå hundreårsdistansen oss imellom.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Å lesa skjønnlitteratur som biografi er å bryta den innebygde sjangerkontrakten mellom forfattar og lesar.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

siljehusmorIreneleserEster STove Obrestad WøienLeseberta_23Heidi BBLabbelineNorahTerje MathisenSynnøve H HoelPirelliTone SundlandTore OlsenLailaBente NogvaJarmo LarsenEmil ChristiansenHilde Merete GjessingEgil KristiansenmarithcPerSpelemannOdd HebækMarianne  SkageKarina HillestadKristine LouiseLars MæhlumSverre HoemAnne-Stine Ruud HusevågOle Jacob OddenesHarald KRune U. FurbergNinaMads Leonard Holvikingar hTralteKirsten LundsveinMarit HåverstadFrode Øglænd  MalminEva