Eg les fleire av Discworld-bøkene før eg fann ut at eg likte fantasy, og likte det godt. Han har ein fantastisk fantasi, og gjer strålande narr av sjangeren. Begynn med bøkene om Rincewind (det er mange bøker som føl ulike grupper menneske, og det er so mange at det er vanskeleg å få oversikt). The Colour Magic og A Light Fantastic (heilt sikkert på norsk òg, men kjenner ikkje dei titlane) er ein god start.
Elles har han òg skrive bok saman med Neil Gaiman, Good Omens. Eg har ho på "skal lesa"-lista mi...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg er av dei som er i gang med kvardagen att, sjølv om det kan sjå ut som det endrar seg no som streiken vert trappa opp. Enn so lenge lever eg lærarliv og vekslar mellom kose-lesing og å nytta helga på å lesa meg opp på nye fag.
Men koselesinga er mest spanande, enn so lenge. Eg har nett ferda The King av JR Ward, den nyaste utgjevinga i serien The Black Dagger Brotherhood. På nesten 1000 sider vart den (fysisk) for tung til å ta med på ferie, og måtte venta til eg kom heim. Lett underhaldning, men diverre ikkje like drivende som tidlegare BDB-bøker. Men med den ute av verda kan eg konsentrera meg heilt om hovudboka for tidi, Persuasion av Jane Austen (ja, kontrastar er berre kjekt). I tillegg høyrer eg novellesamlinga Rogues på lydbok, med noveller av t.d George R R Martin, Patrick Rothfuss, Gillian Flynn og Joe Abercrombie.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg byrja helgi på landskappleik på Geilo, skal fortsetja med bryllaup på Stord og avslutta med reise til London. Men nokre reiseetappar gjer at det vert tid til lesing for det, og i høve bryllaup les eg ein roman om nett det fenomenet - å vera singel i bryllaup: The singles av Meredith Goldstein. Hennar debutroman, frå 2012, og ingen høydare i leseåret, men lett underhaldning til tog og buss og ferje og fly. Når eg er feridg med den vert det å ferda Three Men in a Boat av Jerome K. Jerome, som eg byrja på (litt for seint) i fjor sommar. Strålande sommarkjensle og klassisk britisk humor som høver godt til opplading til London.
Om det vert tid til det etter desse to korte romanane, og iallefall med i kofferten, blir det & me skal verta omskapte av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland, sambygdingar og søte ungdomar (vel, unge vaksne no) som har skrive roman om Paris og London. Håpar - og trur - det òg vert god London-lektyre.
Engelskspråklege romanar elles legg eg att heima - eg reknar med kofferten blir nedtyngd nok av denslags som det er på ei veke i Storbritannia.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg og misunte ungdomane på Darlah litt til å byrja med, men skjønte jo etterkvart at månen bør få vera i fred. Sei gjerne kva du syntes når du er ferdig - eg hadde ei søvnlaus natt med Darlah.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kvart år vert ti-tjue japanske turistar diagnostisert med Paris-syndromet, og sendt heim frå ferie i den franske hovudstaden. Syndromet er ein psykisk liding som kjem som resultat av høge forventningar og skuffelse, over Paris. Kanskje er det dette hovudpersonen i debutromanen til Heidi Furre lir av - sett reint vekk frå at ho antakeleg ikkje hadde so høge forventingar.

Jenta i romanen er 24 år, og har forlete Oslo til fordel for eit år i Paris. Kvifor er litt uklart, anna enn at ho har eit forhold bak seg, og få planar føre seg - utanom å læra seg fransk. Kanskje ligg forventningane meir hjå andre, hjå besteveninne og ekskjæraste, som begge ser på opplevinga i Paris som noko stort og eksotisk. For hovudpersonen handlar det om å gjera Paris til eit heime, ein by ho bur i, ikkje berre besøker. Det skjer ikkje mykje i romanen, noko av den ytre dramatikken vert spelt svært ned, medan det er den indre uroa og usikkerheiten som kjem til uttrykk. Trass dette ser ein ei stor utvikling i hovudpersonen gjennomm dei vel 200 sidene - og året i Paris.

Dette handlar om å vera ung og reisa utanlands - eller kanskje berre til ein ny plass. Om å ikkje vita kva ein vil eller kven ein er eller kva ein heilt driv med. Om nye venskap som plutseleg oppstår utan at ein har tenkt over det, og å sakte, men sikkert bli kjent ein ny stad. For ungdom som drøymer om Paris (eller andre eksotiske reisemål) kan romanen til Heidi Furre gje eit lite innblikk i at alt ikkje er som dei glossa sidene i brosjyrane - men at det gjerne går greitt til slutt.

Omtalen vart fyrst publisert her.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Braaten var ikkje sjef ved Det norske Theater (Bergen), men ved Det norske teatret (Oslo), der det vel berre må vera ei føremon å vera landsmålsmann (sjølv om han altså ikkje var det på desse tider (1934-36)).

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg har lese ein heil del i mai, men ikkje fullført svært mange bøker. Av dei eg har fullført, er nok den som kjem til å sitja i lengst Hvem er du, Alaska? av John Green - mi fyrste Green-bok, men ikkje den siste. So heldig eg er som får lov å jobba med ungdom, og dermed har gode unnskyldningar til å lesa ungdomslitteratur! (Dersom ein no skulle trenga det...)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kor har du fått tak i talen til Gaiman? Eg les alt eg kjem over av han for tidi...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg tok langhelg, og kosar meg med det som finst heime i hyllene og som eg ikkje har lese på nokre år - nett no betyr det Margit Sandemo og Theresa Charles, herleg guilty pleasure.
Elles driv eg eigentleg på med Parissyndromet av Heidi Furre, men får litt haustkjensel av den boki, so den får venta til kvardagen kjem att - det trengs oppmuntringar då og.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Endeleg mi fyrste John Green-bok, og eg trur eg skjønnar hypen. Eg er ikkje heilt frelst, men eg er overbevist om at dette funkar, og at han har noko å komma med. Det skjønte eg vel eigentleg før eg las Alaska, men det er jo greitt å få stadfesta positive forventningar, sjølv dei som er litt avventande - for det var eg heldigvis.

Hvem er du, Alaska? handlar om Miles Halter, som flyttar frå Florida til Alabama for å gå på internatskulen Culver Creek. Heime har han ingen vener og er lite populær, og er mest oppteken av siste ord. Han håpar at den nye skulen skal opna døra til noko anna enn livet han lever no.

På Culver Creek møter han Obersten, Takumi og den vakre og fasinerande Alaska. Ho røyker for å døy, har eit heilt livsbibliotek ho vil lesa gjennom og planlegg dei beste skøyarstrekane i skulen sin historie. Miles, som dei andre, fell pladask for Alaska, men når livet plutseleg vert snudd på hovudet står han att med alle spørsmåla. Kva er historien hennar? Kvifor vel ho som ho gjer? Kven er eigentleg Alaska?

John Green ville skriva ein historie om ungdom som opplever tap, sorg og skuld. Men Hvem er du, Alaska? er òg ei historie om venskap og håp, og om at dei siste orda kanskje ikkje er dei viktigaste. Dette var debutromanen til Green, og den vart godt motteken, men den store internasjonale gjennombrotet hans kom ikkje før i 2012 med The Fault in Our Stars (Faen ta skjebnen). Den gjorde at òg hans tidlegare forfattarskap fekk merksemd - vel fortent, spør du meg.

Fyrst publisert her

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Nick er den strighte bassisten i det skeive punk-bandet The Fuck Offs, nyleg dumpa av vakre Tris og spelar konsert i New York City. Etter settet vert han ståande i baren, attmed ei jente i flanell. Når Tris kjem mot han spør han jenta “Kan du vera kjærasten min i fem minuttar?” ho svarar med eit kyss. Ho heiter Norah.

Norah er den ikkje-svært-opprørske dotra i ein velståande, velkjent familie. Ho brukar laurdagane på klubbar i New york City med den vakre veninna Caroline – og med å unngå (u)veninna Tris – og med å planlegga korleis ho skal få attende eksen Tal. Det er fram til ho fyrst går med på å vera Nick sin fem-minuttar-kjæraste, og sidan fygljet hans inn i New york-natta – fordi han treng litt oppmuntring, i fylgje band-venene. Nick & Norah’s Infinite Playlist er historia om denne eine seine natta der dei to bevegar seg gjennom New York, på leit etter musikken, og på leit etter kvarandre.

Forteljinga vekslar mellom stemmene til dei to hovudpersonane, annakvart kapittel fortel deira versjon av hendingane. Dette gir oss eit innblikk i begge hovud, og skapar god avvekslinga. Historia i seg sjølv er nemleg ikkje banebrytande, og det er uvisst kor mykje karakterane eigentleg utviklar seg på desse få nattetimane. ein annan ting som bryt litt med den klassiske amerikanske ungdomsromanen er at det fysiske forholdet mellom dei to har fått ganske stor plass, og er skildra med hakket meir rett-fram-språk enn det ein gjerne finn elles – forfriskande er det iallfall.

Fyrst publisert her

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne fullførte eg for eit par dagar sidan, og skreiv nett ei melding av her (ekstern lenkje). Eg veit ikkje om eg vart like begeistra som deg, men det var underhaldande lesnad.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dette står ikkje på nettsida hans, so takk for beskjed! Eg synes forresten han kan ta seg ein tur til hi sida av landet òg, til oss som ikkje kan ta ein måndagstur til hovudstaden. Eg er ikkje av dei som spring etter forfattarar (eg er nok redd for at magien kan forsvinna om eg ser dei og høyrer dei snakka om bøkene sine, sjølv om eg gong på gong - ganske tilfeldig - får det motbevist), men akkurat Gaiman kunne eg verkeleg tenkt meg å få med meg. Jaja.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

17.mai er av dei travlaste dagane i året, so då er det inga lesing, men søndag skal eg retta norsk-prøvar, so då må eg ha litt pausar... Eg har teke med meg heim Agnes i senga av Heidi Linde, og skal kosa meg med litt feel-good. På øyra har eg det motsette, nemleg Bram Stoker sin Dracula. Passar godt når eg går heim, men ikkje når eg går heim om natta...

Godt sagt! (3) Varsle Svar

"He tried to escape to the border in a rowing boat and was shot down by anti-aircraft fire."
"Wow," said Addie, "i would never have seen that coming."

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Which would you prefer? A short life as a tiger or a long one as a rabbit? I'm with the tiger.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

But when it works, a well-spelled feat of magic is the most wondrous thing to behold, like your favourite book, paining, music and movie all at the same time, with chocolate and a meaningful hug from someone you love thrown in for good measure.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Fint ver meldt i regnhovudstaden òg, men for min del er det ein god grunn til å ligga på eit teppe i hagen med ei bok, istadenfor innandørs med ein film eller tv-serie. Håpar eg.

Eg har nett byrja på ein serie fantasybøker for born/ungdom, for tredje gong. Den nyaste boka i Dragonslayer-serien til Jasper Fforde kom i posten på tysdag, so då må eg fyrst lesa The Last Dragonslayer og Song of the Quarkbeast. Når eg ikkje kan lesa papirbok vert det Dracula på lydbok - og endeleg er eg hekta.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Rory Deveuax flyttar til London for å gå siste år på high school på ein britisk pensjonatskule. Dagen ho landar, 31. august, har ein mordar kopiert Jack the Ripper sitt fyrste mord, og London er i opprør. Utover hausten dukkar fleire lik opp, alle kopiar av den kjente Ripper-saka. Er det ein copy cat på ferde, eller er Jack the Ripper verkeleg attende i Aust-London? Rory oppdagar at ho er den einaste som kan sjå mordaren, og ein spesiell avdeling av politiet, The Shades, fattar interesse for henne.

Konseptet er spanande – dette er ikkje typisk paranormal romance eller dystopi, so vanleg i YA-sjangrane for tida. Her har me eit heilt vanleg London (med litt fleire spøkelse enn me kanskje er vant til) og ein ganske vanleg amerikansk tenåring, ei mengd med referansar til London og britisk kultur (men ikkje så mykje som blurbar som “An unputdownable thrill ride that will leave you gasping, laughing, and dreaming of London” kan lata ein tru), og eit mysterium som både er klassisk og originalt. Og desse bitane kvar for seg er gode – Maureen Johnson skriv humoristisk, med eit utsideblikk på britisk kultur (inkludert ei Doctor Who-referanse, hurra!) og greie plot-tvistar. Men alt for mykje av boka er oppbygging, kva som skil Rory for andre blir ikkje eit tema før omlag halvvegs i boka. Og hennar flørting med Jerome, ein av gutane på skulen, er heilt utan gnistar, nesten slengt inn fordi slikt høyrer til.

Eg valte denne boka av tre grunnar: 1. Eg har lese ei novelle /novellette av Maureen Johnson, og likte ho godt. 2. Jack the Ripper er spanande. 3. Blurbane som lokka med London. Eg veit ikkje heilt om eg er overbevist, og eg kjem ikkje til å leita etter dei neste i serien (enno ein gong med forbehold: om dei ikkje dumpar ned i fanget på meg). Men, og det er eit stort men: Johnson er ei forfriskande stemme i alt alvoret som kjem ut for ungdom. Og det er trass alt London. Med spøkelse.

Omtalen vart fyrst publisert her

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Meggie på tolv år bur med far sin, Mo, og alle bøkene deira. Det er bøker på alle overflater, i stablar på golvet, i kasser under senga, på do. Mo lever av å gje bøker nye kjolar, og Meggie elskar både faren, arbeidet hans og alle bøkene. Berre ein ting forundrar henne: Mo les aldri høgt for henne. ho kan såvidt minnast at han gjorde det før mor hennar forsvann 9 år tidlegare, men ikkje etterpå. Etterpå har dei dessutan flytta mykje omkring, berre den vesle bussen deira og alle bøkene er konstante i liva deira. Ein dag tek likevel fortida dei att, i form av gjøglaren Støvfinger. Han kallar Mo “Trolltunge”, og vil ha tak i ei spesiell og sjeldan bok. Ei natt forsvinn både boka, Blekkhjerte, og Mo.

Historia i Blekkhjerte er original. Det handlar om grensene mellom fantasi og røynd, og kor mektige skrivne, og lesne, ord er. Det handlar om kjærleik mellom far og dotter, og om ein mann med eit blekksvart hjarte. Med på jakta for å finna att Mo, og etterkvart redda heile familien frå den vonde Capricorn og hans svartkledde menn, vert gamle tante Elinor, flammeslukaren Støvfinger, hans ikkje heilt tamme mår Gwin, Farid, som er lesen ut av 1001 og ei natt, og forfattaren Fenoglio. Det er kjekke, levande figurar (sjølv om ein skal vera forsiktig med å seia slikt etter å ha lese Blekkhjerte), og historia er både spanande og medrivande, sjølv om boka på sine vel 500 sider kan verka lang i utgangspunktet. Settinga, i eit moderne Europa med mobiltelefonar, minibankar og hotellovernattingar, gjer at hendingane både verkar meir fantastiske og meir truverdige. Korleis kan me vita sikkert at det ikkje finst “trolltunger” som Mo, og blå alvar i skogane i Sør-Europa?

Cornelia Funke vert nemnt av Neil Gaiman som ein av hans hjelpande vener, og ein kan merka eit visst slektskap mellom dei to både i setting og målgruppe. Blekkhjerte er plassert i skjeringspunktet mellom vår verd og fantasiverda, slik mykje av Gaiman si dikting og er, og utforskar grensene for menneskeleg fantasi. I tillegg er boka klart retta mot eit yngre publikum, med eit ganske enkelt språk og ein hovudperson på 12 år, men dramatiske hendingar, ei spanande historie og spørsmål kring dei nemnte grensene gjer at den òg passar godt for eldre lesarar, særleg dei av oss som har vakse opp med Den uendelige historie og Narnia – eller dei av oss som les Gaiman og liknande i vaksen alder

Omtalen vart fyrst publisert her.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

siljehusmorIreneleserEster STove Obrestad WøienLeseberta_23Heidi BBLabbelineNorahTerje MathisenSynnøve H HoelPirelliTone SundlandTore OlsenLailaBente NogvaJarmo LarsenEmil ChristiansenHilde Merete GjessingEgil KristiansenmarithcPerSpelemannOdd HebækMarianne  SkageKarina HillestadKristine LouiseLars MæhlumSverre HoemAnne-Stine Ruud HusevågOle Jacob OddenesHarald KRune U. FurbergNinaMads Leonard Holvikingar hTralteKirsten LundsveinMarit HåverstadFrode Øglænd  MalminEva