Ikkje so mykje snert og humor, men vakkert og vist, Din veg av Olav H. Hauge.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Borogravia har vore i krig so lenge folk kan hugsa, og verving etter verving har tømt landsbyar og bygder for både unge og gamle menn. Nokre kjem att, men dei manglar alltid noko. Og no er det Polly som manglar noko – broren Paul, som ho ikkje berre er glad i, men som er hennar einaste sjanse til eit liv som ikkje inneber ein ektemann og ein ungeskokk ho helst ikkje vil ha, om då krigen let nokon leva. Men dei seier at Borogravia er på veg til å vinna… Polly let seg verva, og det siste regimentet unge menn går mot frontlinja. I gruppa er det både eit troll og ein kaffityrst vampyr, ein heroisk, men særs uerfaren løytnant og ein særs erfaren sersjant – og meir enn ein stor hemmelegheit.

Handlinga i Monstrous Regiment er lagt til Discworld, ei flat verd boren gjennom universet på ryggen til ei kjempeskilpadde. Denne verdi er skrudd saman slik at den er både attkjenneleg og framand for oss frå ein rund klode, og Pratchett går inn i tradisjonen attkjennele frå Jonathan Swift og Ludvig Holberg i si satiriske framstilling. I Monstrous Regiment er det både krigføring og kjønnsrollar som får gjennomgå, utan at ein einaste peikefinger kjem i vegen for underhaldninga og humoren.

Berre tittelen og framsida på boki er nok til å illustrera noko av Pratchett sin ordkunst og mange lag. “Monstrous Regiment” spelar på karakterane i boki, joda (trollet, vampyren, Igor, ja sjølv sersjant Jackrum kan nok kallast monstrøse), men ikkje minst på eit skriv frå 1500-talet av John Knox, “The First Blast of the Trumpet Against the Monstrous Regimen of Women“. Illustrasjonen er sjølvsagt ein parodi over det kjente biletet frå Iwo Jima, her med eit par mamelukkar som flagg.

Omtalen vart fyrst publisert her

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Heimreisehelg for min del, og ei god lesehelg. Fredag les eg ut Monstrous Regiment av Terry Pratchett, mi fyrste pratchett-bok på sikkert åtte år, og ei påminning om at det ikkje bør bli åtte til før neste. På bussen heim var det American Gods av Neil Gaiman på lydbok, og vel heime byrja eg på Sense and Sensibility av Joanna Trollope, som er ein mpderne versjon av Austen sin. Godt attkjenneleg, lett å lesa og særs underhaldande, so eg er kabgt over halvvegs etter berre vel eit halvt døgn heime.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ei helg nesten tom for planar, og eg har eit tårn med bøker (og strikk) eg skal kosa meg med. I sengi les eg (enno) The Big Over Easy av Jasper Fforde, om mordet på Humpty Dumpty. Som deg, Vibeke, fekk nyhenda om Terry Pratchett førre veke meg og til å finna fram att Discworld, eg har den siste veka kost meg med Monstrous Regiment, som er både humoristisk og tankevekkende om kvifor me går til krig. Synd det skulle så triste nyhende til for at me kom i gang med han (att). På øyra har eg Neil Gaiman sin American Gods (det er mykje fantastisk litteratur for tidi ser eg). Og no, medan soli skin og alt er stille og nesten magisk i Bergen har eg sett meg i hagen med A history of London in 100 places av David Long, og vekslar mellom den og Dikt i samling av Olav H. Hauge - sidan det trass alt er verdas poesidag i dag. God helg!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg syntes dette var ein vanskeleg debatt då du byrja på den for ein heil del månadar sidan, men kom til å tenkja på den no som fylgje av dette intervjuet med Neil Gaiman frå før helgi. Han har rett og slett kalla si nye novellesamling Trigger Warning, og snakkar litt om kvifor frå ca 55 min ut i intervjuet

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Cat Morland har vakse opp på ein prestegard i Sør-England, er heimeskulert og sluker bøker om zombiar og vampyrar. Kva ho vil gjera med livet sitt er usikkert, utanom at ho ynskjer Eventyr. Når ho vert invitert med til Edinburgh på Fringe og litteraturfestivalen ser ho det som ein stor moglegheit, men det viser seg fort at det handlar meir om å sjå og bli sett enn både teater, litteratur og ikkje minst Eventyr. Fram til ho møter Henry Tilney, då, som kjem frå eit gods på den skotske grensa og har ein spanande og mystisk familiehistorie – og dessutan sjeldan viser seg i sollys…

Catherine Morland er mykje den same som i Austen sin Northanger Abbey. Henry Tilney òg, utanom at han her har blitt advokat. Bath er blitt Edinburgh, gamle general Tilney er enno general, men òg skotsk laird, og Henry si døde mor enno eit stort mysterium – Cat har nemleg lese både Twilight og Jane Eyre. Val McDermid klarar å framstilla den naive og romantiske – og sjølvstendige – Cat i ei ny tid, som går an å kjenna seg att i for moderne lesarar. Referansane til populærkultur er mange, og dette kan godt funka som ei litt rosa bok for unge lesarar – eller ein gotisk roman for oss som les Austen sin Northanger Abbey med kjærleik og attkjenning. Det er sjølvsagt ikkje alt som funkar like godt. Eg klarar ikkje heilt å tru på McDermid sin bruk av sosiale medie, det verkar noko påteke – men fungerer kanskje som ein kommentar på korleis ein “utanfrå” ser på ungdommen sine vanar.

Denne Northanger Abbey er mindre tidlaus enn Austen sin. Ja, Jane skreiv om gotiske romanar me knapt har høyrt om i dag, men me skjønnar poenget – og brevi som vert sendt er ein varig sjanger. Eg tvilar på at lesarar om 200 år kjener twitter og facebook like godt. Er det naturleg at ei vaksen dame tek med ein 17 åring på ein måndas opphald i Edinburgh? Er det naturleg at ein ferdig utdanna advokat fell for ei 17 år gamal jente? Er det naturleg å samanlikna ekteskap og dans på ein moderne fest? Nei – men det er ikkje so nøye. Som eit alternativ til Austen rekk ikkje McDermid opp, men som eit tillegg, ein adapsjon eller ein kommentar er det absolutt både underhaldande og velfungerande.

Omtalen vart fyrst publisert her

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Us var langlista til Man Booker-prisen allereie før ho kom ut i fjor – antakeleg som eit nikk til populærkulturen, meinte New York Times. Og det kan nok stemma, for sjølv om hovudpersonen er likandes (om noko repetitiv), historia er både humoristisk, bittersøt og attkjenneleg, og David Nicholls har funne ei slags suksessoppskrift i sine ubalanserte kjærleiksforhold, der minst ein av partane er uforholdsmessig nerdete – men, akk, kor likande. Slik òg med Douglas Peterson.

Douglas vert vekt midt på natta av kona Connie. Ho har bestemt seg for å gå frå han, men ikkje før sonen byrjar på universitetet – og ikkje før dei har gjennomført den planlagte ferien, ei danningsreise rundt Europa for dei alle tre.

Det går greitt i Paris, ok i Amsterdam, men i Tyskland raknar alt, og Douglas finn seg sjølv på reise gjennom Europa på leit etter sonen, og kanskje etter ein måte å redda ekteskapet. Historia han fortel i korte tilbakeblikk mellom europeiske kunstverk og togreiser er ei klassisk kjærleikshistorie, men ikkje ei som sluttar med eit “happily ever after”, men går vidare. Og det er kanskje forteljemåte til Nicholls, gjennom Douglas, i tillegg til denne sin lune natur og stoiske syn på livet og kjærleiken, som gjer Us so likande (dette verkar å vera det beste adjektivet for det meste ved denne romanen…) Samstundes er det nok dette som òg gjer at den ikkje engasjerer so mykje – eg byrja i haustferien og fullførte ikkje den tolv timar lange lydboki før i vinterferien. Historien er søt, lett, sjølvsagt med sine spørsmål kring livet og kjærleiken, men utan at ein må vita korleis det går med Douglas og familien no, med ein gong. Medan han rasar rundt i Europa i kamp mot klokka og for kjærleiken til kone og son, er det greitt for lesaren (les: lyttaren) å fylgja han i noko meir bedageleg tempo.

Omtalen vart fyrst publisert her

Godt sagt! (0) Varsle Svar

God helg til deg òg, Vibeke!
Eg har som vanleg samla saman 15 diktanalysar, 60 fagartiklar og 25 prøver til helgi (eg går ikkje tom for lesestoff med det fyrste), men håpar det vert tid til litt anna lesing òg - trass i at eg skal på hyttetur med gode vener. Eg sit bom fast i En vampyrs bekjennelser, og klarar ikkje å bestemma meg for om eg skal tvinga meg vidare eller ta ein pause - innspel frå røynde lesarar vert tekne i mot med takk! På sengi les eg enno The Big Over Easy av Jasper Fforde, om drapet på Lille Trille og problemet med bønnene og kyri. I tillegg skal eg byrja på ei Neil Gaiman-bok, berre fordi eg vil, men eg klarar ikkje heilt å bestemma meg for kva for ei, det er so mange å velja mellom, og alt for mange av dei står ulesne i mi bokhylle. Og so var det VM, då... Det får bli på radioen.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Oppdatering: Det var so mykje meir freistande å byrja eit nytt oppussingsprosjekt enn å arbeida denne helgi, so attåt vasking, sparkling, pussing og måling har eg høyrt lydbok. Eg ferda Us av David Nicholls som eg har drive med sidan oktober - men som verkeleg var fengande når eg fyrst kom i gang - og byrja på noko som verkar som noko av det enklaste eg nokon gong har lese eller høyrt (og det er inkludert diverse Harlequin-romansar), The List av Joanna Bolouri, om ei jente som bestemmer seg for å leva ut sin seksuelle fantasiar - med sin beste ven. Antakeleg ikkje den beste ideen - men både jenta og opplesaren er skotske, so det veg litt opp for manglande litterære kvalitetar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Trass at ferien byrja i dag, er det enno nokre stilar som skal lesast før ein lærar kan ta heilt fri, so det ser ut som det vert helgelektyra i hovudsak. Men innimellom skal eg lesa litt i En vampyrs bekjennelser av Ann Rice - mest fordi den vert rekna som ein klassikar, i fylgje 1001 Books to Read Before you Die og The Big Over Easy, som er eit gjensyn med Jasper Fforde sin Nursery Crimes-serie, der Humpty Dumpty (han som sat på ei hylle) vert funnen knust, og det store mysteriet er kven som ville egget til livs. Kjempemoro, og perfekt helgelektyre når ein treng litt pause frå barokken og diktanalysar.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Romkameraten/sambuaren/flat maten min (det manglar eit ord i det norske språket for dette fenomenet) var særs nøgd med gebursdagsgåva mi i fjor. Eg møtte gåva med same entusiasme - og ein viss usikkerheit. Ei Doctor Who-bok? Av Douglas Adams?! Nei, dette var for godt til å vera sant! Og det var det jo, og entusiasmen fall litt når det viste seg at boki var basert på ein historie av Adams, men skriven av ein heilt ukjent kar (for oss), Gareth Roberts.

Utpå nyåret gav eg likevel boki ein sjanse, eg trong lesestoff på sengekanten og ho låg på nattbordet. Og eg vart positivt overraska, for sjølv om ein av "blurbane" på framsida overdriv noko i sin entusiasme ("gloriuos Adamsian whimsy"), har boki den rette Doctor Who-sjarmen, med forviklingar og overraskande plot twists (som vel kanskje er definisjonen på plot twists...?), ein pratsom doktor, ein heil del trufaste fylgjarar og mykje springing. For meg som berre kjenner til "Nu Who" (som kidsa vistnok kallar serien etter 2005), er det både eit kjekt møte med ein tidlegare inkarnasjon av vårt favoritt-romvesen, og ein attkjenneleg figur som minner mykje om inkarnasjonane frå dei siste ti åri. Og ja, det er nok mykje basert i Roberts sine val, men ein heil del ligg i Adams sin historie òg.

Doktoren og hans fylgjesvein, time lorden Romana, føl eit nødrop som fører dei til universitetet i Cambridge. Der finn dei ein gamal professor som ikkje heilt hugsar kva han trong hjelp til, men det viser seg snart at dei er på leit etter ei bok - ei heilt spesiell bok. Den har studenten Chris lånt, men det tek ikkje lang tid før den fell i hendene på den mystiske Skagra. Så er dei på jakt då, Doktoren, Romana, professor Chronotis, Chris og hans kjære Clare, og roboten K-9, i to TARDISar og eit romskip med sterk personlegdom, etter Skagra og den mystiske plassen Shada. Mange forviklingar, harde kampar, mislukka redningsforsøk og sykkel-, køyre- og springeturar seinare dukkar ein ut att på hi sida, godt nøgd med å ha vore med på eventyr. Det er action, det er humor, det er lettfatteleg språk og morosame hendingar - men ein bør nok helst lika Adams eller Doctor Who eller begge deler for verkeleg å nyta denne heseblesande turen gjennom tid og rom.

Adams nekta alltid BBC å skriva om Doctor Who-historiane til romanar, så hans historiar er av dei få frå dei fyrste 26 åra til Doctor Who som ikkje er tilgjengelege som bøker. No har altså Roberts retta på dette - og sjølv om det ikkje er med "Adamsian whimsy", er det med ein Doktor som absolutt funkar.

Omtalen vart fyrst publisert her

Godt sagt! (0) Varsle Svar

I 1964 gav Mary Hemingway, Ernest Hemingway si fjerde kone, ut hans Paris-skisser og memoarar frå tida i Paris på 1920-talet. Desse hadde han byrja på i 1957, men dei var ikkje heilt klare då han tok livet av seg i 1961. Rekkefylgja på kapitla var uklår, det låg føre fleire utkast, og det mangla ein tittel på verket. Tittelen “A Moveable Feast” kom frå eit brev Hemingway skreiv til venen E. A. Hotchner:

If you are lucky enough to have lived in Paris as a young man, then
wherever you go for the rest of your life, it stays with you, for
Paris is a moveable feast.

45 år seinare, i 2009, kom The Restored Edition. Redaktør og barnebarn Sean Hemingway påstår at denne utgåva ligg nærare det Hemingway ville ha ynskt, med dei siste endringane han føretok, med ei rekkefylgje nærare den han var komen til i 1961, og der fyrste kona, Hadley, er heltinna. Det er kanskje ein råare Hemingway som framstår i denne versjonen, men ein sannare, ifylgje barnebarnet (og til dels sonen Patrick, som har skrive føreordet til denne utgåva). Ikkje alle er einige, men berre denne uklårheiten i utgjevingshistorie – og alle moglegheitene ulike versjonar gir Hemingway-lesarar og -tolkarar – er i seg sjølv nok til at A Moveable Feast vert spanande lesnad. Og det stoppar jo ikkje der.

A Moveable Feast gir eit lite innblikk i korleis Paris var for unge kunstnarar på 1920-talet. Slik denne utgåva framstår er ikkje kapitla nødvendigvis kronologiske, men ein ser likevel ei utvikling i forfattaren og venen – og fienden – Hemingway, frå den prøvande, famlande, iderike journalisten, til han som er forfattar på heiltid og som har funne si stemme. I tillegg er det heile tid den gamle mannen som kommenterer den unge, Papa H på 50-talets Cuba veit korleis det gjekk med Hemingway i 20-talets Paris. Paris-skissene gir eit godt innblikk både i det Gertrude Stein døypte “the lost generation” (denne dåpen er sjølvsagt med i Hemingway sine minner), og i Hemingway sin skrivestil. Få kan som han skapa så sterke kjensler utan å nemna kjenslene, berre gje oss nok detaljar til at me sjølv finn oss mellom høge hus i ein kald by der ein berre ventar på våren og det er varmare å arbeida på kafe enn i sitt eige atelier.

The Restored Edition gir, i tillegg til ei endring i rekkefylgjen av kapittel, nokre skisser og utkast både til historiar og til innleiingar og avslutningar, som Hemingway aldri fullførte. Ikkje berre gir det eit spanande innblikk i skriveprosessen, men òg i korleis Hemingway (påstår at han) såg på verket sitt. Kanskje var han ikkje fullt so nostalgisk til Paris 1925 som me har innbilt oss – det som er sikkert er at han ikkje nett er nådig med ein del av forfattar-kollegaane, eller med seg sjølv, t.d. samanlikna med den gode Ezra Pound, eller i behandlinga av kona Hadley.

If the reader prefers, this book may be regarded as fiction. But there
is always the chance that such a book of fiction may throw some light
on what has been written as fact.

A Moveable Feast er blitt ein klassikar, og rettmessig so. Både for dei som kjenner Hemingway godt og dei som møter han fyrste gong er boki ei glede å lesa - for nokre for å bli kjente med eit forgangent Paris, for andre å bli kjent med litteraturen og skikkelsane i den gjennom ein av dei største innanfor feltet.

Omtalen vart fyrst publisert her

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Mo i Blekkhjerte av Cornelia Funke er ein sympatisk og god far, om enn med sine hemmelegheiter (heldigvis finst det ein del barne-/ungdomsbøker med positive farsskikkelsar, elles hadde det vore sørgeleg). Eg tenkte òg på faren i Susan Abulhawa sin Morgen i Jenin som ein far som prøver å vidareføra gode verdiar til ungane sine.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Leseplanen for helgi er klar, eg har 17 uleste og ukommenterte diktanalysar som ventar på meg. Men ein kan ikkje berre lesa med kritisk blikk, so i tillegg har eg stabla opp Hemingway si fantastiske Paris-skildring A moveable feast, Anne Rice sin klassikar En vampyrs bekjennelser - og jammen meg gjekk eg ikkje på årets fyrste kjøpe-smell (det måtte komma) og gjekk ut att frå Norli med Svar på brev frå Helga av Bergsveinn Birgisson, som har stått på ynskjelista lenge.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg har elska og preika Fforde og Thursday Next i mange år til alle som vil høyra (+ ein del til), og må sei meg einig i di vurdering av First among sequels. Slutten, derimot, er sterk, diverre følte eg ikkje bok seks fulgte like godt opp. Sju, derimot, den til no siste om Thursday, gjer eit par svake historiar verdt det - og karakterane og Fforde si verd er jo alltid fornøyeleg. Nei, kanskje ein skulle funne fram att Thursday...?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det kan godt henda Reservation Blues ikkje passar for vg1. Kva med for oss andre?
Til vg1: har du prøvd The absolutely true diary of a part-time indian av Alexie? Den kan eg tenkja meg kan funka for den aldersgruppa - den er i det minste skriven for ungdom, og tek opp mange av dei same temaa som denne ser ut til å gjera (og som mesteparten av forfattarskapen til Alexie gjer).

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Og Nord og sør av Elizabeth Gaskell

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Bokåret kom godt i gang hjå meg òg, det spørst om det held seg slik framover... Vanskeleg å skilja ut ei, eg må innrømma eg har to favorittar frå årets fyrste månad: The Slow Regard of Silent Things av Patrick Rothfuss og Momo, eller kampen om tiden av Michael Ende. Begge tilsynelatande enkle bøker, begge med unge, lyttande jenter i hovudrollane, begge med flott språk.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Å, endeleg lesehelg! Eg har byrja på Hemingway sin A Moveable Feast, og storkosar meg med skisser frå Paris så levande at det kjennest som eg er der (og det er eg om under ein månad :) ). På øyra har eg - som dei siste helgene - eventyra om Peter Grant, trollmannslærling og politi, av Ben Aaronovitch. Om eg ferdar Hemingway i helgi skal eg hiva meg over ein av hans samtidige, noveletta/novella Babylon Revisited av F. Scott Fitzgerald. Berre for å halda meg til temaet Paris på 20-talet...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

No når Den Nationale Scene i Bergen skal setja opp Momo som teaterstykke for born (og vaksne) fekk eg òg endeleg somla meg til å lesa denne vesle perla av ei bok.

Momo, eller kampen om tiden handlar om vesle Momo, som bur åleine i ruinene av eit amfiteater. Det gjer ingenting at ho er åleine, for ho får fort mange vener – Momo er nemleg so god til å lytta. Men etterkvart forsvinn fleire og fleire av venene hennar, og berre borna, gamle Beppo gatefeiar og Gigi framandførar er att. Dei andre har ikkje tid lenger, det er nokon som stel tidi deira, utan at dei oppdagar det. Berre Momo er ein god nok lyttar til å oppdaga sanningi, og ei modig nok jente til å kjempa mot hæren av grå menn om menneska si tid.

For ein unge ligg nok mykje av spenningi – ja, beint ut skrekken – i denne boki i Momo sin kamp mot dei grå mennene: slepp ho unna? Slepp venene fri? Klarar ho å få attende tidi? For oss eldre er jo dette sjølvsagt relevante spørsmål, dei òg, men i tillegg ligg mykje av skrekken i at me kanskje kjenner oss meir att i innbyggarane i byen, venene til Momo, enn i Momo sjølv. For er det ikkje fort slik at me ikkje har tid, at me må arbeida litt meir, litt fortare, for dermed å få meir tid til – ja, til kva? For Ende peikar på at tidi kan ikkje sparast opp, den ventar ikkje til ein er gamal, den er her og no – “tid er liv. Og livet er i hjertet.” Som i Den uendelige historie fortel Ende oss noko viktig om oss sjølv – der handla det om å ta vare på fantasien, her er det å stoppa opp og lukta på timeblomane.

Omtalen var fyrst publisert her

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Pi_MesonPiippokattaStig TAneHarald KSynnøve H HoelMarteLailaTine SundalTatiana WesserlingTove Obrestad WøienTor-Arne JensenMalinn HjortlandJoakimIngridLabbelineBenteTheaElisabeth SveeDinaAkima MontgomeryMads Leonard HolvikIngunn SSigrid Blytt TøsdalMarianne  SkageRandiKirsten LundTrude JensenGitte FurusethTone SundlandJon Torger Hetland SalteAlice NordliIngvild SMonica CarlsenChristoffer SmedaasRoger MartinsenBjørg Marit TinholtkntschjrldHanne Kvernmo RyeLene Andresen