Det er rart dette, som julekvelden på kjerringa gir meir og meir meining dess eldre eg blir. Dermed vert det òg hakket mindre boklesing i adventstida enn tidlegare - ikkje so mykje knytt til juleførebuingar (slik overlet eg enno til mamma), men desto meir til innspurt på jobb. Dermed går ein del av denne helga òg til å lesa elevane mine sine meisterverk, framfor andre litterære perler. Men eg les jo alltid eit eller anna, og no driv eg med novellesamlinga Ambulanse av Johan Harstad. Eg har hans Buzz Aldrin som ein av mine favorittar, men har aldri komme i gang med forfattarskapen elles. Ambulanse gir meg fornya lyst til det. På øyra har eg Outlander av Diana Gabaldon - og eg nærmar meg endeleg slutten... I går morgon, då eg hadde stå-opp-vegring, plukka eg dessutan fram neste bok i bunken, eit impulskjøp frå ca ein månad sidan. Den heiter Dream London, og er ei fantasy-aktig bok av ein Ballantyne.
God 4. søndag i advent, alle saman!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

I dag, på veg heim frå jobb, ferda eg endeleg The Sense of an ending av Julian Barnes. Eg seier endeleg, for eg har brukt tre veker på 150 sider, trass i at ho er både interessant, godt skriven og lett å lesa. So då set eg endeleg i gang med Glassbyen av Paul Auster i teikneserieformat, som har lege klar på nattbordet i månadsvis.
På øyra har eg enno The Outlander av Diana Gibaldon, og eg fattar ikkje at ho kan vera so lang. Korleis vart dette noko av det Skottland brukar for å promotere seg? Men kvar kveld les eg sjølvsagt eit kapittel i Julemysteriet av Jostein Gaarder - og den er eigentleg ikkje lang nok.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er mi feiring, men vel ein månad på etterskot - men takk!
Skulle gjerne ha venta eg og, men har oppdaga at om eg ikkje les det før teateret, so vert det ikkje etter. Lurer berre på kvifor eg ikkje har lese ho før...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denn helgi skal eg feira rund dag, og reknar dermed med at det vert lite lesetid - men før invasjonen kjem, nyt eg ettermiddagen i godt (bok)selskap. Eg har akkurat ferda Bølle på døra av Jennifer Egan, og har plukka opp A Christmas Carol av Charles Dickens. Ja, det er litt tidleg for julelektyre, men eg skal sjå den på DNS allereie på torsdag, og må derfor komma gjennom før den tid. Diverre er utgåva mi av dei praktfulle, og dermed umogleg å ta med seg. Utanfor-huset-lesestoffet i helgi kjem til å bli 84 Charing Cross Road av Helene Hanff, som eg syntes godt om fyste gong eg las ho, og som eg gler meg til å lesa om att.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Hm, eg ser at eg driv med det same som førre helg - det går seint i vekene (og forsåvidt i helgene, det er so mykje anna som skjer). Eg les Bølle på døra (på engelsk Visit from the goon squad av Jennifer Egan, og har Outlander av Diana Gabaldon på øyra.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Dette er ei av dei eg har hatt ståande i hylla sidan eg var gamal nok til å kjøpa mi fyrste Pengun-bok (sikkert som 15-16-åring), men aldri lese. Med denne anbefalinga kjem den på lista over julelektyre (står sjølvsagt heime hjå opphavet...)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

I dag tidleg ferda eg Shakespeare sin Richard II, og tenkte eg skulle lata det vera med han for ei stund, men i kveld var eg på bokslepp for den nyaste boka til min gamle professor, og sjølv om eg ikkje hadde råd til den (Shakespeare and the Visual Imagination, eit praktverk) måtte eg heim til litt Shakespeare, so no er det Shakespeare av Bill Bryson (hakket lettare...)
Eg les og Bølle på døra av Jennifer Egan, som ein del av årets bokutfordring (vinnar av Pulitzer Prize), medan eg på øyra har fyrste bok i serien Outlander av Diana Gabaldon. Det er ein serie frå 90-talet, men eg har ikkje lagt merke til den før i sommar, då eg var i Skottland og såg at den vert brukt for alt den er verd i marknadsføring og souvenir-sjapper, og sjølv hjå sylvsmedar og andre handverkarar. Eg vart nyfiken, og skeptisk, og 6 timar inn i lyttinga er stoda omlag den same.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg las Fordi det er bittert... osb. i engelsktimane enten på ungdomsskulen eller tidleg på vidaregåande, og sjølv om eg ikkje hugsar noko må den ha rørt noko i meg - tittelen synes eg enno er strålande, og eg får ei bittersøt kjensle i magen av den. Kos deg, om det går.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Simon Snow er the Chosen One – men han er ikkje særleg god til det. Han er den sterkaste magikaren som har levd, men kan ikkje styra sin eigen magi. Han byrjar sitt åttande år ved magiskulen Watford, og gler seg til å komma attende – sjølv om førre år slutta med enno eit møte med erkefienden the Insidious Humdrum, som syg magi ut av verdi. Men attende på skulen er ikkje ting som tidlegare – det er slutt med kjærasten Agatha, og romkameraten/-fienden Baz kjem ikkje att til skulestart.

Carry On er noko so spesielt som ein fiktiv fiksjonstekst, som er blitt ein ekte fiksjonstekst. Lat meg forklara: I Fangirl av same forfattar (Rainbow Rowell) skriv hovudpersonen Cath fanfiction om roman- og filmhelten Simon Snow, som i romanen er oppdikta av (den oppdikta) forfattaren Gemma T. Leslie – heng du med so langt? Når Rowell var ferdig med Cath og hennar historie, klarte ho ikkje å sleppa Simon og hans verd – ho hadde jo laga verda, såg ho føre seg – og bestemte seg derfor for å skriva si eiga historie. Dette er verken Leslie sin Simon Snow eller Cath sin fanfiction, men Simon Snow på eigi hand. Likevel trur eg dei fyrste lesarane av Carry On vert dei som har lese Rowell før – fram til nokon oppdagar at Simon Snow kan fylla eit bittelite hjørne i det store tomrommet etter Harry Potter.

Simon Snow er nemleg nesten Harry Potter. Kanskje kan ein kalla Carry On fanfiction, eller ein pastisj – for parodi er det ikkje. Til det er Rowell for glad i sjangeren og grunnlaget, og lagar ein litt for original historie, sjølv om dei kjente delane er med. Simon er sjølvsagt foreldrelaus, og profetert (men det finst ein twist). Draco Malfoy er der (med ein stor twist), og Simon har ein besteven som rett og slett er Hermione Granger, berre mindre omgjengeleg. Hagrid er blitt gjetaren Ebb (som er av dei sterkaste magikarane som lever), og Dumbledore er den militante og revolusjonære The Mage. Og: det funkar. Det er ikkje Harry Potter, men det vert jammen spanande nok når det nærmar seg jul ved Watford.

Det Rowell gjer best – i tillegg til å fortelja ein spanande historie med meir mysterie enn magi – er å skriva personar som verkar truverdige, sjølv om dei er ein betrevitande stjerneelev, ein profetert utvalt og ein homofil vampyr. Medan kjærleiken mellom t.d. Harry og Ginny (ja, her kjem fleire samanlikningar) er noko opphøga og rein (bittelitt klining, men det er det), er forholdet mellom personane i Carry On hakket meir lidenskapeleg – og truverdig. Me har trass alt med 18-19-åringar å gjera. Ho let òg magikarane bruka moderne teknikk – kvifor i all verda skal ein ikkje det? Det vil alltid vera meir effektivt med mobilar og bilar enn småfugl og sopelimar.

Ok, oppsummering. Carry On er ikkje Harry Potter – ikkje i nærleiken ein gong. Ikkje er det ein klassisk ungdomsroman av den typen det finst ein del av no for tidi heller, t.d. frå Rowell eller John Green. Men som oppfylgjing til Fangirl eller som enkeltståande, ganske grei, og likevel nyskapande, fantasy er det flott. Eg trur eg kjem til å tipsa syskenbarn og lesane elevar om denne.

Omtalen vart fyrst publisert her.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Stewart har vore i eksil i London i fem år. No er han attende i Stonemouth, den vesle byen rett utanfor Aberdeen der han vaks opp. Han skal berre vera her i helgi, ta del i ei gravferd, og reisa att. Helst ville han ikkje ha gjort nokon merksam på at han kjem, men sidan omstenda kring avreisa hans var som dei var - og byen er som den er - er det mange som ikkje vil ha Stu attende, ikkje ein gong for eit par dagar. Byen er nemleg styrt av to familiar med ikkje heilt reine forretningsføretak - og Stu har fornærma minst ein av desse.

Det tek ei stund før lesaren får vita kvifor Stu er så nervøs for å komma attende - og kvifor den fyrste han møter er Powell Imrie, handlangaren i Murston-familien. Det tek òg si tid før lesaren får vita kven si gravferd det er Stu kjem attende til - og enno lenger tid før det kjem fram kvifor han måtte forlata Stonemouth på eit godstog midt på natti for fem år sidan. Gjennom møte med gamle vener - og fiendar - gjennom helgi, og tilbakeblikk til barndom og ungdomstid, vert historia rulla opp. Samstundes er Stonemouth òg eit møte med eit moderne Skottland, eit Skottland i nedgangstider, med fiske og industri, og med smågangstarar på bruene. Den er spanande, særleg når lesaren etter omlag ein kveld i selskap med Stu vert gripen av mysteria som er kring han, velskriven, med mykje lokalkoloritt ('Ye've no tae tell the rest, though, eh?' seier kameraten Phelpie, med tjukk skotsk aksent), og meir enn nok action. Eg ser føre meg Stonemouth som ein mørk film (komedie?) i god britisk tradisjon - og finst sjølvsagt som serie i to deler frå BBC...

Omtalen vart fyrst publisert her.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg elskar å låna vekk bøker, vert overvettes lukkeleg når nokon snokar i bokhyllene mine. Diverre har eg hugse som ein gullfisk når der gjeld lån, så bøker eg låner vekk passar eg på å merka med namn, og so har eg brødre som kjenner meg so godt at dei kjøpte biblioteksett til meg til jul eit år, so eg har lånelappen med namnet på lånaren liggande :) Bøker eg låner av andre har ein fast plass på kommoden, klare til å leverast attende.
Eg har ingenting i mot at bøker ser brukte, lesne og elska ut. Eg ville nok reagert om dei var øydelagde. Eg tek óg gjerne smussomslaget av, slik at det held seg fint - eg veit jo at bøker er inn og ut av vesker og senger vel so mykje som dei vert lesne sitjande beint opp og ned i ein stol.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Eg tek siste helg i haustferien til fjells, og medan mamma måler karmar les eg bøker og går tur. På øyra har eg ein skikkeleg dameroman, The year of taking chances av Lucy Diamond, og i sofakroken Stonemouth av Iain Banks - spanande og interessant om det moderne Skottland og mafiaen i ein småby i nord. Eit noko anna Skottland enn det eg har forelska meg i, men like fullt skotsk so det held.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Lat meg byrja med å sitera Wikipedia, den evige kjelda til informasjon du treng fort*:

Lena Dunham (May 13, 1986) is an American actress, author,
screenwriter, producer, and director. She wrote and directed the
independent film Tiny Furniture (2010), and is the creator, writer and
star of the HBO series Girls. She has received eight nominations for
Emmy Awards as a writer, director, actress and producer and won two
Golden Globe Awards for Girls. Dunham is the first woman to win a
Directors Guild Award for Outstanding Director in a Comedy Series.

Det er ingen tvil om at Lena Dunham har lært sitt gjennom sitt korte liv, både om karriere, om film og fjernsyn, om ein hard bransje – og sikkert om seg sjølv. Og det er mykje det siste denne boka handlar om, å leva med gode og dårlege sexopplevingar, å leva med venskap som kom og forsvann, og å leva med ein del psykiske problem. Dunham har, i sitt korte liv, opplevd mykje, og ho skriv godt. Det er stor variasjon i skrivestil og tema, og boki er både lettlesen og morosam.

There is nothing gutsier to me than a person announcing that their
story is one that deserves to be told, especially if that person is a
woman.

Men. For det er eit men, minst. Eg er einig med Dunham i hennar påstand om å fortelja historiar, og særleg kvinner sine. Alle menneske har historiar verdt å lytta til – men kanskje ikkje i ei heil bok? Hovudankepunkt:
- Ein bør kjenna Dunham før ein les boka hennar. Eg, som ikkje har sett Girls eller fulgt arbeidet hennar noko særleg elles heller, har berre ei svak aning om bakgrunnen for tekstsamlinga, og brukar litt tid på å skjønna kvifor (om) denne kvinna er verdt å lytta til.
- Eg er usikker på overføringsverdien av det ho har “lært”. Ein del passar nok godt for dei som t.d. slit med psykiske lidingar (ein kan ikkje anna enn å verta imponert både over det ho har fått til i ung alder, og kor open ho er), men for andre kan det bli i meste laget.
- Svaret på ein del av problema hennar, særleg dei romantiske, vert (forståeleg nok) løyst av å ha funne “den rette”. Eg klarar ikkje heilt å slå frå meg tanken på at Dunham berre var 28 då boka kom ut – korleis kan ho vera so sikker?

Eg kan ikkje unngå å samanlikna Dunham si bok med Amanda Palmer si The Art of Asking. På nokre måtar er desse bøkene like, t.d. at dei handlar om sterke, sårbare, kvinner i kreative yrke og ein hard bransje. Dei handlar om kvinner som på sine måtar har gjort nye og banebrytande ting, og fått både kritikk og (heldigvis) skryt for arbeidet sitt. Det skil dei berre ti år i alder, og når det gjeld livserfaring kan det høyrast ut som dei har fått sin del, begge to. Likevel verkar Palmer si bok både meir balansert og meir relevant, i det ho både skriv nokonlunde kronologisk om si eiga karriere (med ein heil del sidesprang, som gjer at boka nærast kjennest som ein samtale) og at det kjennest som lærdommer hennar har ein overføringsverdi – ikkje berre for andre i same situasjon, men for dei av oss som aldri skal bli kunstnarar eller har stått kliss naken på ei scene eller eit filmsett (som Palmer og Dunham begge gjer titt og stadig). Hjå Palmer er heller ikkje mannen i hennar liv eit svar på problema, han var til å byrja med eit stort problem i seg sjølv, og endringa var det Palmer sjølv som måtte oppdaga.

Det kan henda eg ville vore mykje meir positivt innstilt til Not That Kind Of Girl utan The Art of Asking – eller om eg var fan av Lena Dunham frå før. Boka har gjort meg meir nysgjerrig på hennar arbeid (som òg Palmer si bok gjorde), men det er ikkje den fyrste eg kjem til å prakka på den som ynskjer å lesa ein artistbiografi (memoar, essay-samling?) frå det moderne kunstnarmiljøet i Amerika.

*men ikkje skal bruka i vitskaplege publikasjonar.

Omtalen vart fyrst publisert her.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

"Well, I don't mean a boner in the sexual sense," Gordy said. "I don't think you should run thhrough life with a real erect penis. But you should approach each book - you should approach life - with the real possibility that you might get a metaphorical boner at any point."

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg er i hovudstaden i helgi (må prøva ut finveret her og), noko som betyr lang togreise. Strålande for litt lesing! Eg ferda Paper Towns av John Green i går, og kom nesten gjennom ei av mine favorittbøker som eg har tenkt å testa ut på ein av klassane mine, The Absolutely True Diary of a Part-time Indian av Sherman Alexie. Til heimturen har eg den siste Green-boki eg ikkje har lese, An Abundance of Katherines. Mykje ungdomsbøker her, som de skjønnar - eg trur eg blir inspirert av skulestart. So då må eg ha noko fjernare frå røynda på øyra, so på lydbok har eg A Vintage Wedding av Kartie Fforde, ein skikkeleg dameroman.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Cassandra Mortmain bur i eit slott. Det høyrest kanskje luksuriøst og attraktivt ut, men slik er det ikkje. Far er forfattar, men skriv ikkje lenger, stemora Topaz er aktmodell (men kommuniserer helst med naturen åleine), bror Thomas går på skulen, syster Rose er berre vakker, og tenesteguten Stephen er den einaste som kan tena pengar – fyrst som dreng, sidan som modell. Cassandra vil bli forfattar som faren, og øver seg på å skriva med å føra dagbok. Gjennom tre kladdebøker og åtte månadar føl me livet i slottet etterkvart som det endrar seg, sterkt påverka av dei nyinnflytta amerikanske naboane Simon og Neil.

I Capture the Castle er skriven med ei blanding av ung naivitet (som hovudpersonen òg vert kritisert for) og skarp observasjonsevne, som er det ho vil trena opp når ho byrjar å skriva. Etterkvart som Simon og Neil vert ein større og større del av livet i slottet kjem skrivinga litt i bakgrunnen, men det er enno med observasjonar knytt til skriving, både Cassandra og faren si.

Romanen har sine tunge tema, men er for det meste lettliva – både i innhald og skrivestil. Ein vert interessert i, og etterkvart glad i, karakterane, særleg Cassandra, Topaz og far Mortmain. I tillegg til å vera ein kjærleiksroman, er det òg ein oppvekstroman – eller omvendt – som fortener ein større lesarskare, sjølv om den er prega av tiåret den vart skriven i. Kjærleik, og oppvekst, verka hakket meir uskuldsreint då.

Dorothy Gladys Smith (1896-1990) skreiv ei mengd skodespel og romanar. Den fyrste av desse var I Capture the Castle, medan den best kjende er 101 Dalmatians. Castle vart godt motteken då den kom ut, og skriven som skodespel allereie fem år etter, og disney kjøpte filmrettane (som med dalmatinarane). Film vart det derimot aldri frå Disney, men etter at Smith døydde kom rettane attende til England, og BBC produserte ein film med Romola Garai i hovudrolla i 2003 (og inkluderer ein svært ung – og kjekk – Henry Cavill som Stephen).

Omtalen vart fyrst publisert her.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Søndag morgon, og ingen planar for dagen bortsett frå lesing og film (og noko rydding og husvask og slike ekle nødvendigheiter). Det blir kanskje den siste på ei stund, i morgon kjem elevane attende, og so er me i gang. Men desto viktigare å nyta stilla (før stormen). Eg har ferda to bøker allereie i helgi - Van Gogh av Ingo Walther, som er ei rask innføring i liv og arbeid til ein av mine favorittkunstnarar, og I Capture the Castle av Dodie Smith, ein velskriven og engasjerande ungdomsroman frå 40-talet. På øyra har eg Far From the Madding Crowd av Thomas Hardy (eg rekk nok ikkje heile før eg må på kino), og klar for å fylla lesedagen ligg ei anna kinoaktuell bok, John Green sin Paper Towns. Eg likar Green, og har gleda meg til denne - håpar den lever opp til forventningane (men eg kan spara meg for gråtetoktene frå Alaska og Stars...)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

So kjekt at du les att, litt lett krim gjer berre godt :)
Eg skal ein tur på stølen denne helgi, so då blir det nok mest gamle Sølvpilen-blad og tantene sine Hjarterevyen, men eg tek òg med meg I Capture The Castle av Dodie Smith, ein ungdomsklassikar frå 40-talet. På øyra har eg att ein time av Jonathan Strange & Mr. Norell, det har teke si tid, men endeleg er den blitt svært spanande, og no vil eg ikkje ha den skal slutta. Og so lurer eg på kva neste lydbok skal bli...

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Lesekafear i Oslo har eg diverre lite kjenskap til - mest fordi eg nok alltid har folk med meg i tillegg til ei bok når eg er i den byen. Men i Bergen, dersom du nokon gong er der, kan eg på det varmaste anbefala Krok og krinkel, som i tillegg til å vera kafe er bruktbokhandel, i Lille Øvregate - og dei har byens beste skillingsbollar, og det seier litt, til å vera Bergen (ok, so tapte dei for eit eller anna bakeri i konkurransen om "Bergens beste", men uoffisielt iallefall). Bergen Kaffebrenneri Vågen i Kong Oscars gate innbyr òg til lesing, og Blom ved universitetet (sjølv om den er meir "stilig"). Begge plassar har alvorleg god kaffi i tillegg.
Bergen offentlege bibliotek har nett opna ein kafe, Amalies hage, og eg håpar den vert ein god leseplass etterkvart - eg har aldri prøvd den - og bokhandelen på Litteraturhuset i Østre Skostredet har gode stolar og roleg atmosfære, særleg i dei indre romma, der dei oppfordrar folk til å slå seg ned.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

The Elysian Prize for literature skal delast ut i England, og komiteen er i gang med forhandlingane. Ein avdanka politikar, ein tidlegare byråkrat i utanrikstenesta (no forfattar av spaningsbøker), ein akademikar, ein kritikar og ein skodespelar skal bli einige om kva som er årets beste bøker - og alle har sine preferansar og sine agendaer. I bakgrunnen finn me òg forfattarar av bøker som kom med på lang- og kortlista, forfattarar av bøker som var gløymte, utgjevarar, redaktørar og eit par familiemedlemmer. Det er ei mengd ulike karakterar i Lost for Words, til felles har dei at dei trur at livet kan endra seg med litteraturprisen - men stemmer no det?

Edward St Aubyn set i denne romanen, humoristisk og krast, fokus på det som går føre seg i kulissane i litteraturverda. Han spør om det eigentleg er noko vits med slike prisar, og peikar på alle dei bakanforliggande motiva forfattarar, forleggarar og komitemedlemmer har i samband med prisen. Det er òg karakterar i romanen som etterkvart stiller spørsmål ved heile konseptet, å premiera og rangera kunst.

Ein av karakterane, Jo Cross, baserer sine dommar på "relevanse". Og Edward St Aubyn si bok er absolutt relevant - i dag vert langlista til Man Booker Prize offentleggjort, ein pris som liknande Elysian er sponsa av eit kommersielt selskap, dekkar engelskspråkleg litteratur, og har upubliserte bøker på lista (dei må komma ut tidleg på hausten), og det er dermed mykje opp til dommarane å avgjera, utan at publikum nødvendigvis kjenner alle bøkene. Men me får håpa at det er litt mindre politikk og litt meir engasjement bak Man Booker Prize enn St Aubyn sin Elysian.

Edward St Aubyn (f. 1960) er frå Cornwall. Han vaks opp i England og Frankrike, og har dei siste åri endeleg gjort seg bemerka - òg i Noreg - med dei til dels sjølvbiografiske bøkene om Patrick Melrose. For den siste boki i den serien, Mother's Milk, kom han på kortlista til Booker, medan Lost for Words har gjeve han Wodehouse-prisen i 2014 - ikkje so reint lite ironisk. St Aubyn har blitt omtalt mykje på grunn av innhaldet i romanane, særleg Patrick Melrose-bøkene inneheld til dels sjokkerande og opprørande scener og særs få sympatiske karakterar (det gjeld forsåvidt for Lost for Words òg), men samstundes er skrivestilen hans prega av turr og syrleg humor, krasse personkarakteristikkar som går rett til kjerna på karakterane hans, og eit språk som er både oppfinnsamt og lettlese. Vel er ikkje romanane hans lange, men dei er òg lette å komma gjennom - og hakket vanskelegare å gløyma.

Omtalen vart fyrst publisert her.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Linda NyrudPi_MesonPiippokattaStig TAneHarald KSynnøve H HoelMarteLailaTine SundalTatiana WesserlingTove Obrestad WøienTor-Arne JensenMalinn HjortlandJoakimIngridLabbelineBenteTheaElisabeth SveeDinaAkima MontgomeryMads Leonard HolvikIngunn SSigrid Blytt TøsdalMarianne  SkageRandiKirsten LundTrude JensenGitte FurusethTone SundlandJon Torger Hetland SalteAlice NordliIngvild SMonica CarlsenChristoffer SmedaasRoger MartinsenBjørg Marit TinholtkntschjrldHanne Kvernmo Rye