"Graphic novel" er rett og slett ein teikna roman. Eg har ikkje mykje erfaring med det, har lese meir dokumentarar, men har to ståande og venta på meg, ganske ulike. Neil Gaiman har skrive nokre, mellom Anna Black Orchid som var ein av hans fyrste bøker (og den meir kjente Stardust vert og rekna som ei graphic novel). Den andre eg har er ein versjon av Paul Auster sin Glassbyen. Dersom du nokon gong er i Oslo er Tronsmo ein god stad å starta om du vil finna ut om teikna romanar er noko for deg - eller berre treng eit tips til denne delen av utfordringa.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Hurra! Eg kom aldri så langt sjølv, men no skal det lyttast!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

I februar 2014 heldt musikaren Amanda Palmer ein TED Talk om å lata fansen betala for musikken, og om forholdet mellom kunstnar og publikum. På denne tidi hadde eg ikkje høyrt om Amanda Palmer, men i løpet av året som har gått sidan den gong har ho snike seg inn i livet mitt. Fyrst var ho kona til Neil Gaiman. Sidan vart ho kona til Neil Gaiman med den tøffe Instagram-kontoen. So vart ho kona til Neil Gaiman som viser seg å vera artist og forfattar. Plutseleg, etter tre sider i den biografiske The Art of Asking; or How I Stopped Worrying And Let People Help, var ho ein eigen person – noko som passar henne mykje betre enn å vera nokon si kone.

Palmer byrja karriera si som levande statue i Boston. Ingen forfattarar eller andre artistar har som henne fått meg til å skjønna at det òg er kunst. Likevel var det helst musikar ho ville vera, noko ho har gjort både i duo, band og som soloartist. Musikken er umogleg å klassifisera, men dei fleste har kalla det punk-kabaret. Ho fekk sin fanbase, sine faste fylgjarar, og dei vart fleire. Palmer var av dei fyrste som brukte e-postlister aktivt for å kommunisera med fansen, og har utvikla dette vidare med blogg, Twitter og Instagram. Og ho deler ikkje berre musikken sin, men det personlege. For henne er det ikkje noko skilje mellom artisten sitt arbeid og hennar kontakt med publikum, det eine er ikkje ein reiskap for det andre – men nokre gonger kan kontakten hjelpa folk inn, slik at dei etterkvart oppdagar kunsten (slik som meg).

Kva er poenget i The Art of Asking? Jo, det er som undertittelen seier – å tora å spørja om hjelp, frå vener, frå fans, frå ukjente, frå den ein er gift med. Palmer har spurt lenge, og oppdaga at nettopp det at ho opnar seg og spør – og med det opnar seg for å bli avvist – knyter folk nærare til kvarandre. Palmer var den fyrste musikaren som passerte 1 million på Kickstarter. Det er ei nettside der vanlege folk betalar inn til eit formål, denne gong handla det om å laga ei plate etter at ho braut med plateselskapet sitt. Dette, og mykje anna, har vore kontroversielt – at ho ber fans om pengar, at artistar og musikarar har vore gjester for henner (gratis), at ho skreiv eit dikt etter Boston Maraton-bombene, at puppane hennar spratt ut under Glastonbury-festivalen. Ho har vore i framkant på internett, på sosiale medie og no i endringa i musikkbransjen. Det har ikkje vore lett – men dama har klart det.

Boki handlar òg om kor skummelt det er å spørja, kanskje særleg dei som er nærast ein. Det er ei bok som framstår som ein blanding av sjølvhejlpsbok, memoarar og dagbok, til dels kronologisk, men òg med avbrot og digresjonar. Men mest viser den personen Amanda Palmer - og ho er ein spanande person å bli kjent med!

Omtalen si opphavlege form, med alle sitat, videosnuttar og bilete, kan de finna her.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg har hatt oppteljing i dag, og ser at eg kan plassera 32 bøker i lista. Dette er kjekt, men eg trur det vert litt meir arbeid etterkvar :)
Oversikti mi er her.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg likte svært godt fyrste bok, og har fått til innkjøp av nr to. Har høyrt, og då spesielt frå han som over seg av beigestring overtalte meg (utan særleg kamp) om å lesa den fyrste, at resten ikkje er like slåande. Eg har derfor og kjøpt ei anna St Aubyn-bok, Lost for Words, som med litt lettare tematikk, men same gode språket, lovar svært godt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

To svært ulike bøker, men begge med forstyrrande innhald: romanen Never Mind av Edward St Aubyn, og teikneseriedokumentaren Palestina av Joe Sacco.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

My name is Dawsey Adams, and I live on my farm in St Martin’s Parish,
Guernsey. I know of you because I have an old book that once belonged
to you – The Selected Essays of Elia, by an author whose name in real
life was Charles Lamb. Your name and address were written inside the
front cover.

Slik bryjar eit nytt eventyr for forfattaren Juliet Ashton. Det er januar 1946, England skal byggast opp att etter krigen og Juliet, som har gjort suksess under krigen som spaltist og humørspreiar er på leit etter ny inspirasjon. Det finn ho på Guernsey, i historiane til medlemmene i The Guernsey Literary and Potaty Peel Pie Society – ein bokklubb der medlemskapen går utover felles leselyst og over i venskapsband som ikkje kan brytast av krig og okkupasjon.

Romanen er skriven i brevform, der dei fleste breva er innom Juliet – men ikkje alle. Brevromanen har den fordelen, og ulempen, at dei store hendingane skjer mellom breva, og breva framstiller ei redigert forteljing. Men på den andre sida: kva roman gjer ikkje det? Brevromanen er ein spanande sjanger – og her verkar det svært godt. Dei personlege relasjonane, saman med krigshistorie, kjem godt fram i dei personlege breva mellom karakterane. Kjærleikshistorie og okkupasjonshistorie går hand i hand – og med desse går kjærleiken til litteratur, som var det som førte karakterane saman i fyrste omgang. Medforfattar Annie Barrows skriv i etterordet:

We are transformed – magically – into the literary society each time
we pass a book along, each time we ask a question about it, each time
we say, “If you liked that, I bet you’d like this.” Whenever we are
willing to be delighted and share our delight, as Mary Ann did, we are
part of the ongoing story of The Guernsey Literary and Potato Peel Pie
Society.

The Guernsey Literary and Potato Peel Pie Society er nett ei av dei bøkene som absolutt kan gje ny leselyst og inspirera til samtalar kring litteratur. Ho er varmhjerta, humoristisk og ganske lett, trass si noko tunge plassering i tid og stad, og passar godt når ein treng underhaldning og få att trua på venskapen, kjærleiken og litteraturen.

Omtalen vart fyrst publisert her

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Om berre ei helg og to dagar er det endeleg ferie - som er full av fine helger, sjølv om dei kanskje byr på mindre lesemoglegheiter enn elles i året. Uansett er ferietid lesetid (slik som resten av året...?)
Denne helgi skal eg i bryllaup, noko som betyr ti timar tog. Hurra! Eg har fylt sekken med spøt, film, musikk og sjølvsagt bøker. På øyra, når eg treng pause, har eg den fjerde boki om trollmann og privatetterforskar Harry Dresden, Summer Knight av Jim Butcher. Hovudboki mi er fyrste bok om Patrick Melrose av Edward St Aubyn, Never Mind. Den er strålande, fæl, med godt språk og god flyt - og det beste er kanskje at det finst fire bøker til. Eg skjønnar ikkje at eg ikkje hat oppdaga han her før - men er godt nøgd med å ha gjort det no. Eg har og med meg the Guernsey Literary and Potato Peel Pie Society av Mary Ann Shaffer, ein fin brevroman om andre verdskrigen og tidi rett etter på Guernsey - og om litteratur og folke som lever og les der. Sist, men ikkje minst, planlegg eg å lesa Palestina av Joe Sacco, ein teikna dokumentar frå 90-talet. Den har eg hatt i månadsvis, og bibliotekaren byrjar å bli utolmodig...
God midtsommarhelg til dykk alle!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Endeleg frihelg og ingen planar! (Eg skal ikkje klaga, førre helg var eg i London, lese fekk eg gjort og, men det er noko eige med fredagskveldar før ei helg berre til eige og veners - og husets og hagens - bruk). Eg leikar meg på lesefronten for tidi, litt for trøytt til noko som utfordrar det minste. Dermed har eg Off with their heads, eit impulskjøp frå førre veke i veska. Det er ei historiebok for ungar/ungdom med alle dei kjedelege delane kutta ut, og dermed berre slag og skandalar og britiske kongerekker (som jo ikkje dreiv med anna). På sengi les eg det andre impulskjøpet, nemleg den lette Always the bridesmaid av Lindsey Kelk. På øyra har eg fleire britiske kongar, eg høyrer The King's Speech av Mark Logue (barnebarn av Lionel, som lærte kong George å bli kvitt tale-problema). Eg held meg i England denne helgi og, altså...

Godt sagt! (2) Varsle Svar

dette er ikkje mi historie
dette er alle si historie
dette er mytologi og morsmjølk
den djupe jorda vi dyppar hendene i
dei simplaste songane
dei hardaste historiene
dekkjer heile bygda

Diktet over, som ein finn litt over halvvegs i diktsamlingi Vårar seinare er nok eit av dei mest diktliknande dikti til Kleiva i denne samlingi. Her er det alliterasjon og gjentakingar og ein klår rytme og eit lyrisk innhald. Slik er det ikkje med alle dikti i denne samlingi, men so skal dei heller ikkje fungera som lausrivne dikt heller, i allefall ikkje i hovudsak. Vårar seinare er eit narrativ, i fylgje forfattaren, brote av “minnebok”-stykka, som har eit klårare eg og du enn dei kollektive dikti elles.

Narrativet er henta frå forfattarens eige liv, då ho som ung opplevde dramatiske dødsfall om våren. Dei var knytt til livet langs vegen, langs toglinja og langs elva, men òg resultat av bratte dalsider. Dei var ikkje nær forfattaren, men i eit bygdesamfunn vert alle påverka, sjølv år seinare, vårar seinare.

Eg er ikkje vant til å lesa dikt på denne måten, eg les helst gamle klassikarar samla i store bøker, eller gamle klassikarar i antologiar. Moderne lyrikk har aldri vore mi sterke side, og lyrikk-bøker med so klare linjer, so klar tematikk, er eg sjeldan borti. Men etter å ha høyrt forfattaren lesa utdrag, måtte eg kjøpa boki, og las ho i hagen medan det vårast rundt meg. Når ein er oppvaksen på ein liten stad, der dødsfall til ungdom, om det er vår eller haust, kjennest i heile det vesle samfunnet, kjenner ein att tankane og kjenslene forfattaren gjer seg, og som ho legg i hendene til heile bygdi. I tillegg er det både ei lågmælt og dramatisk diktsamling, som er fort gjort å lesa, men som vert med ein i minnet lenge.

Omtalen vart fyrst publisert her

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ei av bøkene som betydde mykje for meg og eit av mine søskenbarn (og som eg har gitt vidare til fadderbarn og vene-barn) er, undarleg nok, ein ABC, nemleg Olav H. Hauge sin. Ikkje beint fram å få tak i, men med morosame vers og teikningar (av Bodil Cappelen) ein kan bruka mykje tid på.
Elles er det sjølvsagt mykje Astrid Lindgren i mi verd og, særleg Mio, Løvehjerte og Ronja, og Anne-cath vestly, Alf Prøysen, Roald Dahl. Og andre biletbøker, som Flode alene og Farvel, Rune.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Å, tusen takk, gretemor, det var kjekt sagt!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg kjenner eg er litt msunneleg på alle som får lesa Rothfuss for fyrste gong - eg ventar i spenning og med lengt på siste bok i trilogien.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Dei beste bøkene eg les i april er ganske anleis enn det eg brukar å lesa. Den eine eg vil trekka fram er Burma Chronicles av Guy Delisle, som er ei teikna dagbok av ein teikneserieteiknar og heimeverande far sine opplevingar i Burma/Myanmar der kona hans arbeider for Leger uten grenser. Både informerande og underhaldande om eit land som er ukjent for mange.
Den andre boki er frå eit meir velkjent landskap, nemleg Anna Kleiva si diktsamling Vårar seinare, som kom ut i fjor. Den handlar om ei bygd som opplever fleire dødsfall om våren, og dikta er både attkjennelege, vakre og triste. Eg har skrive litt om den her.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg er på helgeturne både nordover og sørover, tenk alt ein rekk på tre "fri"dagar. I bagasjen har eg både romanar og rettebunkar, og fokuset logg diverre på dei siste. Det betyr likevel ikkje at eg ikkje kosar meg - til og med med skjønnlitteratur innimellom. Eg les enno Alexander McCall Smith sin versjon av Jane Austen sin Emma. Den er diverre ikkje på langt nær so engasjerande som Joanna Trollope sin Sense and sensibility. På øyra har eg ei av Carlos Ruiz Zafon sine tidlege barnebøker, som i engelsk omsetjing heiter The watcher in the shadows. Eg er ikkje heilt griper,kanskje fordi det har vore for fint ver i det siste, og dette er ei slik bok som passar "en mørk og stromfull aften"? Eg har og med meg eit av impulskjøpa frå Paris, The Highland Fling av Nancy Mitford. Ho skreiv tre ganske lette kjærleiksromanar frå den britiske overklassen på 30-talet, og dette er den fyrste av dei. Men den handlar om Skottland, og meir treng eg knapt for å lata meg overtala.
God lesehelg til dykk alle!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

American Gods er på overflata ei historie om Shadow som slepp ut av fengsel berre for å oppdaga at kona hans har døydd i ei bilulukke saman med elskaren sin. Han vert istadenfor møtt av ein mann som kallar seg Wednesday, som treng Shadow si hjelp. Det er ein krig på gang, mellom dei gamle gudane som vart med innvandrarane til Amerika, og dei nye som dukkar opp på kjøpesenter og i fjernsynsprogram. Kva plass har eit menneske, sjølv eit så spesielt menneske som Shadow, i samspel med gudar?

I hovudsak er dette ein roman om amerikansk mytologi. Den stiller spørsmål om kva som skjedde med gudane når folk, for tusenvis av år sidan eller for eit tiår sidan, kryssa havet til den nye verda, og om kva som skjer med gudane no, når folk ikkje lenger er opptekne av dei. Men like mykje handlar den om mytene om å reisa, om den opne vegen, om dei ulike delane av landet og folki som bur der, og om korleis det kan gå ein rotlaus, og namnlaus, mann i eit land utan røter. Romanen er òg ein kommentar både til kva religion kan vera, og til fiksjonen sin rolle i samfunnet – og i religionen. Dessutan er det både ein reiseroman, ein kriminalroman og forteljinga om ein krig. Ein får både i pose og sekk og veske og koffert her altså.

Gaiman er kjent for å plassera sin historiar på grensa mellom vår verkelegheit og det som ligg rett utanfor. Slik er det her òg, og det er vanskeleg for både lesar og hovudpersonen sjølv å vita kva som er kva. Kanskje er alt like sant, kanskje er alt like mykje ein illusjon, ein fiksjon. Men nett som Shadow vert med på Wednesday si reise, vert lesaren lokka med på Shadow si. Kanskje det er ei reise nokon vil stritta i mot, men eg gav meg over, i minst like stor grad som eg tidlegare har blitt med dit Gaiman fører meg.

Omtalen vart fyrst publisert her.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

På bussen heim frå jobb lea eg meg gjennom Gudbrandsdalen i Anne Kleiva si flotte, og triste, diktsamling Vårar seinare. No sit eg midt i London, i A historie of London in 100 places av David Long, som både minner meg om plassar eg har lyst å besøke (fysisk) og lærer meg om London sin lange historie. I kveld blir det nok ein tur til England og, i Alexander McCall Smith sin versjon av Jane Austens Emma, og på øynene har eg ei historie frå Chicago, John Green og David Levithan sitt samarbeidsprosjekt Will Grayson, Will Grayson. Mykje god litteratur her altså, og alt frå dei siste åri (3 av 4 frå 2014).

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Hurra, helg! Ikkje at det gjer nokon forskjell, for eg har både ferie og rettebunke uansett. Men eg får no lesa anna enn elevtekstar og, mellom anna storkosar eg meg med Neil Gaiman sin American Gods på lydbok, noko som passar svært godt når det er våronn på gang. Elles les eg krim, litt fordi det er påske, men mest fordi eg berre klarar den sjangeren i feriar. No er det Fedrenes synder av Elizabeth George, tredje bok om Lynley og Havers, men eg har og planar om klassisk norsk krim, som Bergensbanen røvet i natt og Mordet på maskinbygger Roolfsen. Men nett i kveld er det anna lektyre, gebursdagsgåva til broderen var Burma Chronicles av Guy Delisle, so no er det teikneserie frå Myanmar i nokre timar.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Blekkhjerte av Cornelia Funke bør med, og Den uendelige historie av Michael Ende (å, tyskarar og barnebøker, atlså!)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg synes ikkje eg har gjort anna enn å lesa i mars, men ser på lista at det ikkje er so mange fullførte bøker. Då er valet lett, den beste er Terry Pratchett sin Monstrous Regiment, både humoristisk, spanande og tankevekkande om krig og kvinner.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

BenteTheaElisabeth SveeDinaAkima MontgomeryMads Leonard HolvikIngunn SSigrid Blytt TøsdalMarianne  SkageRandiKirsten LundTrude JensenGitte FurusethTone SundlandJon Torger Hetland SalteAlice NordliIngvild SMonica CarlsenChristoffer SmedaasRoger MartinsenTove Obrestad WøienBjørg Marit TinholtkntschjrldHanne Kvernmo RyeLene AndresenLeseaaseSissel ElisabethTurid KjendliemgeelmeKjerstiFindusGrete AastorpBerit RStine SevilhaugTherese HolmBeathe SolbergHarald KPrunellaLaila