Ruth Thomas vender heim til øya Fort Niles utanfor kysten av Maine etter nokre år på fastlandet. Kva ho vil gjera med livet sitt veit ho ikkje, ho seier ho vil bli hummarfiskar som faren, men det er ikkje heilt sant. Helst vil ho at ingen skal bestemma over ho, men det er mange som har meiningar om Ruth.

Stern Men handlar om Ruth, om hennar oppvekst og framtid. Men mest handlar det om hummar, om fiskarar og om øyane. Gilbert har skrive ein roman som fortel historien til eit for meg eksotisk samfunn, som det no, midt på 70-talet, går nedover med, etter mange opp- og nedturar gjennom vel hundre år. Dette er historia om enka med guteflokken, om øybuaren som er redd for sjøen, om den rike sommargjesten, om dei som jobbar og døyr på havet – og alt er fortalt med både varme og humor, og den heimvendte utanforståande sin kjennskap og distanserte blikk.

Eg har brukt lang tid på denne romanen, mest fordi det ikkje var noko plot som greip meg. The devil is in the details, seier ein, og her er djvelen i digresjonane – det er digresjonane som skapar romanen, men òg som gjer at livet til Ruth Thomas ikkje dreg ein med i ein malstraum, men heller verkar som det rolege auga i stormen, og det hastar ikkje med å finna ut korleis det går med henne og resten av hummar-øyene. Likevel: Gilbert har gitt eit innblikk i ein utdøyande kultur og folkeslag, dei hardføre Maine-mennene som fiskar og kjempar og står på sitt, og kvinnene som gjer det same på land. God bok, lettlest, men sein. Kanskje litt som Maine-mennene?

Omtalen vart fyrst publisert her

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Amerikanske litteraturkritikarar har laga ei liste over dei 20 beste romanana so langt i det 21. århundret. Eg har berre lese ei - men det er fyrsteplassen.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg har (som vanleg) alt for mykje eg vil gjera i løpet av ei helg - men denne helgi ser det ut til at det kan bli nokre rolege timar, og då håpar eg eg klarar å prioritera bøkene framfor tv og spøt, som fort blir avslappinga i veka. Eg vil ferda Stern Men av Elizabeth Gilbert, som eg byrja på i fjor haust. Elles vil eg starta på ein av tre moglege: Othello av Shakespeare eller Momo, eller kampen om tiden av Michael Ende (som begge kjem på DNS i februar) eller Hemingway sin A moveable feast for å førebu Paris-tur om ein månad. På øyra (som er den einaste sikre måten å komma vidare i ei bok) har eg Broken Homes av Ben Aaronovitch, fjerde bok i serien om politibetjent og trollmann Peter Grant. Eg ser serien har fått ein prominent plass på Norli i Bergen (Torgallmenningen) no, og er glad fleire har fått opp augo for denne - lett, humoristisk og spanande!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg prøver i utgangspunktet å unngå slike bøker, sidan eg er sippete nok som det er. Men eg kjem i farten på ein heil haug ungdomsbøker - dei handlar gjerne om slike tema. Mellom andre John Green sine The Fault in Our Stars (som funkar for vaksne òg) og Looking for Alaska. Elles er Susan Abuhowda sin Morgen i Jenin svært sterk - kanskje særleg sidan eg kjente att så mange av karakterane mellom mine bekjente i Palestina, men eg trur den verkar slik på fleire.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Let It Snow er underhaldande, men ikkje noko meir. Må òg innrømma at den eine Levithan-boka eg har lese var heller forgløymeleg (Nick and Norah's Infinite Playlist, trur eg ho heitte). Looking for Alaska, derimot, er min John Green-favoritt, gled deg! Eg har An Abundance of Katherines liggande i bokhylla og venta (trass min langt framskredne alder i forhold til deg likar eg godt ungdomsbøker). Will Grayson, Will Grayson står på ynskjelista :)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg skulle akkurat inn og skriva ein omtale av denne boki no, etter å ha lete ho modna eit par dagar. Men det treng eg ikkje, for du har skrive akkurat det eg synes om ho. Eg har særleg hengt meg opp i språket, som du skildrar som "utrolig poetisk". Eg er so fascinert over alle bokstavrim, alle synonym og antonym, og alle nyansar som kjem fram. Ein får nesten lyst å synga deler av boki. Akk, Pat <3

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er alltid kjekt å få desse fredagsinnlegga slik at ein kan gle seg retteleg til alt ein trur ein skal rekka i løpet av helgi. Denne helgi håpar eg at eg rekk å ferda to bøker, Introducing Islam før semesteret byrjar att måndag, og ei av bøkene bror min fekk til jul, The Slow Regard of Silent Things av fantasy-forfattar Patrick Rothfuss. Eg trur det går gale med begge, då eg har tenkt meg ut av huset i morgon (det har ikkje skjedd kvar dag denne ferien) - men heldigvis har eg lydbok i bilen, Whispers Under Ground, tredje bok om trollmannslærling og politimann Peter Grant, so då kjem eg i det minste vidare i den.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg har tenkt og bladd og vurdert, for det var ingen som sto ut i år slik som i fjor, men etter all denne tenkinga har eg komme fram til at Neil Gaiman si The Ocean at the End of the Lane er min favoritt frå i fjor (tenk, i fjor!)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Slike er alltid litt skumle. I fjor (ja, i år, altså) hadde eg som mål å lesa litt meir enn året før (det har eg klart), lesa meir frå utanfor anglo-amerikansk område (det trur eg gjekk dårleg) og lesa fleire bøker frå mi eiga bokhylle (gjekk svært dårleg grunna ein vår tilsett på bibliotek og diverse utanlandsreiser til engelsktalande land). So dermed trur eg eg held på dei to siste (+ tanken om at eg IKKJE SKAL KJØPA FLEIRE BØKER (utanom når eg har kjempelyst på...))

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Det som har vore sengelektyre heile hausten har i juli fått teke steget iver til sofa/godstol, so eg les for tidi Harry Potter and the Order of the Phoenix. Godt å retteleh slappa av før andre halvdel av ferien går til litt meir faglege ting (innimellom, i alle fall).

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg fekk to bøker eg ynskte meg (og som eg rekna med eg kunne få, sidan eg passa på å ynskja meg dei av rette folki): The sleeper and the spinkle av Neil Gaiman og Å skrive livet, som eg ser fleire her fekk. I tillegg fekk eg The meaning of Liff av Douglas Adams, ei særs morosam ordbok der kjente fenomen får ord som ellers berre vert brukt på vegskilt. Visste de for eksempel at den vesle plasbiten som er att etter at du har demontert og sett saman att ein hushaldningsgjenstand heiter "exeter"? :)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Rothfuss skriv so godt! Neste bok av han kjem om berre eit par dagar, men det er diverre ikkje ei direkte fortsetjing av trilogien, men eit lite sidespor. Trass det - og at eg utolmodig ventar på nr. 3 - skal eg lesa ho, fordi han skriv so godt! Språket, karakterane, fantasien - alt er vel so godt som handlinga. Gled deg til fortsetjinga :)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Hjelpes, har visst verkeleg teke ferie... Rettar snuten / set kursen, sjølvsagt.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Endeleg haustavspasering! Eg let arbeidet ligga nokre dagar og set snuten mot Nederland - flykapteinen melder om 20 grader i Amsterdam i kveld, å kor eg gler meg! Men eg har jo med lesestoff - store delar av dei neste fire dagane skal brukast på kafé med nasen i ei bok. Utanom lonely planet sin Nederlands-guide har eg med meg andre Harry Potter-bok (haustens guilty pleasures...), Stern men av ein forfattar eg i farten har gløymt namnet på (om hummarfiskarar i Maine, av alle ting), og på øyra har eg Rivers of London, herleg krim/fantasy frå eit London fullt av modige politifolk, spøkelse og masse humor. Folk ser rart på meg når eg ler høgt, mutters åleine....

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Det er ikkje alltid like vellukka det, for forfattaren har ofte ei heilt eigi forståing av teksten. Andfre gonger kan det bli ein retteleg suksess, t.d. likar eg svært godt Neil Gaiman si lesing av eigne bøker.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Med eit travelt skuleår godt i gang og ingen delar av jobben på bibliotek (buhu!) vert det mindre tid til lesing her òg - men eg har då nok bøker eg driv på med for det... Eg har Attachments av Rainbow Rowell som hovudbok. Eg likte svært godt ungdomsbøkene hennar, Eleanor and Park og Fangirl, men er ikkje heilt hekta av denne enno. Morosam, lett, underhaldande, men utan karakterane som var so gode i ungdomsbøkene.
På senga les eg, etter inspirasjon frå ein venegjeng på hyttetur førre helg, fyrste Harry Potter-boka. Eg oppdaga det var fire år sidan sist, då er det vel lov? Heile serien kjem til å vera sengelektyre utover hausten.
På øyra har eg høyrespelversjonen av Neverwhere av Neil Gaiman, høyrt for andre gong på under eit år. Har berre att ein episode (som eg sparar på), so til helgas forflytningar på buss eller til fots vert det nok attende til novellesamlinga Rogues, om alle dei som står midt mellom helt og skurk i litteraturen. Svært mange gode, men eg er ikkje so vant til å lytta til noveller, og det vert derfor litt i rykk og napp.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Elizabeth og hennar Fitzwilliam Darcy har vore gifte i seks år, og lever lukkeleg på Pemberley. Dei er midt i planleggingi av det årlege ballet, når ei vogn rasar inn på tunet, Lydia Wickham dett ut og ropar at mannen hennar er skoten. I skogen finn dei ein mann død, men det er ikkje Wickham - det er unge Denny. Livet på Pemberley vert kanskje aldri heilt som før når mordet skal oppklarast og nye og gamle hemmelegheiter kjem fram i dagen.

Death Comes to Pemberley er ein pastisj over Jane Austen og hennar Pride and Prejudice, og ein absolutt vellukka sodan. James låner figurane med stor respekt - særleg Darcy får ein ny dimensjon med hennar penn - og språket er Austen sitt, om enn i noko meir moderne utgåve. Og som elles i James: krimhistoria har ein liten vri - kanskje ikkje kjempeoverraskande, men nok til å halda spenninga og interessa oppe.

Omtalen vart fyrst publisert her

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Kvinner som les 50 Shades har meir usunn sex, opplever meir partnarvold og har større alkoholproblem enn andre, melder NRK.

Eg må innrømma det verkar som den norske forskaren her har eit litt meir nyansert syn på årsak-virkning enn den amerikanske her, men interessant. Og nei, eg er nok av dei "vaksinerte".

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Coraline og foreldra har flytta til eit gamalt hus som er delt i tre leilegheiter. I kjellaren bur to systre som ein gong var berømte, medan mannen på loftet trenar eit museorkester. Huset elles er heilt vanleg, utanom døri innanfor finstova, som eigentleg skal føra rett inn i ein vegg, men som ein dag fører til ei anna finstove, eit anna kjøken, og ei anna mor.

Coraline er i kjent Gaiman-stil. Det er ei barnebok, men sopass skummel at eg ikkje turte å lesa den om kvelden (det er noko med skildringane av mori med knappeaugo som er særs forstyrrande), og Gaiman tek barnet på alvor. På den måten liknar Coraline både på Ocean at the End of the Lane og The Graveyard Book, men Coraline er hakket enklare, iallefall overfladisk sett. Ho har eit kort handlingsforløp, og små avstandar, men når ein kjem til slutten oppdagar ein at ho handlar om meir enn å sleppa unna ondskapen. Ho handlar om den vesle som vinn over det store, at kanskje ikkje alt er slik det ser ut som, og om faren ved å få alt ein ynskjer seg. Dessutan er ho spanande som berre det – kanskje særleg for ungar, eller dei av oss som klarar å skremma oss sjølv i mørke augustkveldar.

Omtalen vart fyrst publisert her

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det vart ikkje mange ferda bøker i august, plutseleg var kvardagen det att. Men eg fekk eit gjensyn med ein gamal favoritt, Persuasion av Jane Austen, og fortsette med ein an favorittforfattar, Neil Gaiman og hans Coraline. Begge greie, medrivende og i høvet Coraline, litt skummel. Ikkje so mykje, ikkje so nytt, men svært kjekt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Therese HolmSigrid NygaardBjørg RistvedtEgil StangelandHarald KLinda NyrudPi_MesonPiippokattaStig TAneSynnøve H HoelMarteLailaTine SundalTatiana WesserlingTove Obrestad WøienTor-Arne JensenMalinn HjortlandJoakimIngridLabbelineBenteTheaElisabeth SveeDinaAkima MontgomeryMads Leonard HolvikIngunn SSigrid Blytt TøsdalMarianne  SkageRandiKirsten LundTrude JensenGitte FurusethTone SundlandJon Torger Hetland SalteAlice NordliIngvild SMonica CarlsenChristoffer Smedaas