Ler dei no, så har eg vunne

møte med Ragnar Hovland

av (forfatter) og Finn Tokvam (forfatter).

Samlaget 2012 Heftet

Gjennomsnittlig terningkast: 4.60 (10 terningkast.)

25 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp bøker hos haugenbok.no Kjøp boka hos Bookis!

Selg boken hos

Selg boka hos Bookis!

Omtale fra Den Norske Bokdatabasen

I samtale med forfattarane fortel Ragnar Hovland om oppvekst og forfattarliv. Boka inneheld også tidlegare upubliserte tekstar av Hovland. Boka er utgitt i samband med Hovlands 60-årsdag.

Bokdetaljer

Forlag Samlaget

Utgivelsesår 2012

Format Heftet

ISBN13 9788252181333

EAN 9788252181333

Genre Personlige beretninger

Omtalt sted Berlin

Omtalt person Ragnar Hovland

Språk Nynorsk

Sider 250

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

1 5 3 1 0 0

Bokomtaler

I høve Hovland sine seksti år, tok Tokvam og Folgerø med seg forfattaren til Berlin, og utførte eit tredagars intervju på kafeen zur Rose i gamle Aust-belrin, over varm sjokolade og baileys, medan Hovland alltid var den som bestilte nytt til dei. Slik fekk Tokvam og Folgerø eit nytt innblikk i ting dei ikkje visste om sin gamle helt – og det får lesarane òg.

I mange år arrangerte vi Hovland-seminaret, parallelt med Vossajazz.
Vi var dei to einaste deltakarane, der vi sat nede ved Vangsvatnet med
pappvin og Hovland-tekstar.

No inviterer dei fleire med på Hovland-seminar, og sjølv om eg mangla pappvin fekk eg både ny kunnskap og nokre nye hovland-tekstar i denne boka. Og bilete eg aldri før har sett av Hovland som bjørnen Alfred, med Jon Fosse som hunden Samuel. Det seier seg sjølv at dette er ei bok som gir lesaren det meste.

Vel bør ein kanskje kjenna til iallfall Hovland før ein les ei tredagars intervju med han. Helst bør ein kanskje kjenna til Tokvam og Folgerø òg for å ta alle (dei fleste?) referansane og den personlege humoren. for dette er ikkje berre eit møte med Hovland. Det er til dels òg eit møte med lesarane til Hovland, og mellom dei eit par av hans største fans, og deira veg til å finna ut sanninga om forfattaren.

Skal ein oppsummera Ler dei no, så har eg vunne må det vera at den er mangslungen. Den er både humoristisk og lettlest, men tek med dei tyngre sidene av livet til Hovland. Den er springande og leikande, men likevel strukturert – mellom anna vert bøkene til Hovland lista i kronologisk rekkefylgje med forfattaren sine eigne kommentarar. Og ho har gitt meg enno meir lyst til å fortsetja mitt Hovland-prosjekt, sjølv om eg skjønte to ting gjennom denne lesinga: med 40 utgjevne bøker bør eg kanskje få opp farten skal eg rekka alle før det har gått for mange år – og eg er glad Hovland ikkje strauk med på 90-talet, for då hadde me gått glipp av eit par favorittar som 1964 og Stille natt.

Fyrst publisert her

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket


Sitater fra dette verket

Ein skal ikkje rose folk i utrengsmål. Alle som er oppvaksne på Vestlandet, veit at det er ein sunn og god leveregel. Den beste komplimenten du kan håpe på i den delen av landet, om du serverer ein god middagsrett, er dette: "Hm. Det var ikkje nokon direkte usmak på maten."

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Ragnar Hovland veit at han blei fødd inn i ei regnbye. Han har sjekka det på yr.no.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Han kan gå på vatnet, sjølv om det ikkje har regna på lenge.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Du vil kanskje også like

  • "Forbudstid - den norske krigen mot brennevinet" av Gunnar Kagge
  • "Lettiparken - fortellinger" av Judith Hermann
  • "Språkets syvende funksjon" av Laurent Binet
  • "Friksjonar - essay frå kulturelle grenseområde" av Marta Norheim
  • "Mellom dem" av Richard Ford
  • "Jegerne på Karinhall" av Carl-Henning Wijkmark
  • "Vårar seinare - dikt" av Anna Kleiva
  • "Frå Ragnar til alle - e-post i utval" av Ragnar Hovland
  • "Norske gleder" av Ragnar Hovland
  • "Kunsten å komme heim og andre essay" av Ragnar Hovland
  • "Sveas sønn" av Lena Andersson
  • "Sanne gleder" av Lars Saabye Christensen
Alle bokanbefalinger for dette verket