Ingen lesetilstand
Ingen hylle
Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Dyret er noko så sjeldsynt som ein svangerskapsroman. Den gir deg svaret på det du ikkje får vite i fagbøkene. Den spør kva jomfru Maria og di eiga mor lurte på då dei gjekk gravide. Om å være to personar i ein kropp og likevel være einsam. Og om å plutselig være meir dyr enn menneske.
Forlag Flamme
Utgivelsesår 2018
Format Innbundet
ISBN13 9788282883030
EAN 9788282883030
Serie F° (356)
Språk Nynorsk
Sider 159
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Endelig en bok som beskriver og forteller om alt stort og smått som skjer med, i, og rundt, den gravide kvinnen, fødekvinnen, og barselkvinnen. Nydelig fortalt.
Hovedpersonen vert uventa gravid og går gjennom endringar både fysisk og mentalt. Me følger ho gjennom heile svangerskapet og dei første månadane med baby. Brått vert det viktig med fast jobb for å få foreldrepengar. Ho tenker på barndommen sin, og ser mor si med nye auge. Ho tenker på korleis samfunnet ser på morsrolla. Ho leiter etter dei heilt subjektive erfaringane om korleis fødselen er. Ho vil førebu seg, men som alle nye mødre blir verda snudd opp ned når ein blir mor. Eg kunne kjenne meg att i mange av tankane hennar, og hugsar sjølv at eg las alt eg kom over for å lære om det nye tilværet med barn. (Eg har ei liste med svangerskapslitteratur her på bokelskere, og ei med foreldrelitteratur!) Eg hugsar eg likte veldig godt Vinterbarn av Dea Trier Mørch, men denne kjem endå tettare på korleis det er å få barn no i 2019. Vinterbarn hadde mange flotte skildringar, men ber likevel preg av å vera frå 1977. Eg har nok meir til felles med hovudpersonen i Dyret. Perfekt bok for ventande mødre!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketJentebarnet i magen har utvikla alle eggceller, som blir til barna hennar ein gong. Der inne er barnebarna mine, slik eg også var ei celle i magen til mormor. Har aldri tenkt på dette som ein del av den fullkomne kroppen. At mitt celleliv starta i fosterlivet til mor mi. Ingen har fortalt meg om denne gjenklangen av kvinnekroppar i kvarandre. Har oftare blitt fortalt om kroppar som kan endrast og strammast. Kva som er mer feil enn riktig.
Sjølv om han ikkje har liv, har han dette lyset, barnets lys. Eg må aldri gløyme han, alltid vite at han og Lux er det same.
Eg veit ikkje om det er viktig å ha eit barn, å være ei mamma eller ein pappa. Eg veit berre at alle barn er våre.
Bøker der du kan kjenne deg igjen! Utfordringer med å være i etablerings-fasen, finne seg selv, hvordan man framstår på sosiale medier, henvisninger til youtube, instagram, musikk, osv. Kan selvfølgelig leses av yngre og elsre, men treffer kanskje ekstra godt de som kan kjenne seg igjen og tenke "akkurat sånn er det!"