Eg var spent då eg begynte på boka. Fleire kvinner var passe begeistra, mens mennene kasta terningar til yatzy. No har eg lese og møtt både dyr og menneske. Det måtte eg blogge om:
Mannebok eller ei stor bok om menneske og maktene?
Eg gleda meg til denne boka. Språk, digitalisering, dibbeduttar. Perfekt, tenkte eg. Men kanskje eg hadde storkost meg om eg kunne fransk og hadde lese boka på fransk. Her er den plaga av at det er ein del fransk som ikkje blir omsett eller forklart for ein norsk lesar utan franskkunnskapar. Men kanskje omsetjaren meiner at det er det minste ein kan vente av eit litterært interessert menneske?
Compagnon får meg til å humre over fleire av innlegga sine og til å nikke av andre. Men eg sit altså igjen med ei kjensle av at dette er ei lettvint omsett bok.
Hjartesukket har eg forklart litt meir i bloggen min
"Kan jeg spandere noe å drikke?" brølte mannen, for å overdøve neste sang. (--)
"Nei takk," sa jeg. "Jeg vil ikke ta i mot noen drink fra deg, for da blir jeg forpliktet til å kjøpe en til deg til gjengjeld, og jeg er redd jeg rett og slett ikke er interessert i å tilbringe tiden det tar å drikke to drinker i ditt selskap."
Eg blir litt skremt når det står verdenssensasjon på framsida. Det plar bety "Gå forbi". Men denne blei eg lokka til å lese. Og eg innrømmer det, eg blei glad i Eleanor Oliphant ganske fort. Forfattaren får godt fram ei kvinne som har gjort sitt aller beste for å fungere i ei verd der ingen har lært henne kodene. Ho er pedantisk og manglar mykje når det gjeld sosial kompetanse.
Etter kvart kjem vi meir under huden på henne og skjønar at det er eit mørke der som ho fortrengjer med vodka. Så dukkar IT-Raymond opp, ein gamal mann fell om på gata og Eleanor må forholde seg til så mykje som ho ikkje kan kodene til.
Det største minuset er at boka er altfor lang og at vi ligg før forfattaren i å forstå kva som skjer. Dette kunne vore unngått med å strame opp boka. Litt meir i bloggen min
Denne boka likte eg! Ei lita bok, full av humor, men med eit alvor som heile tida ligg under. Jonas ein mann på 49, heterofil, utan makt og utan sexliv. Men han er nevenyttig. Og livslei. Men om han tar livet sitt i heimen, korleis vil den som finn han oppleve det? Det beste er bare å forsvinne, tenkjer han. Altså tar han med seg drillen og reiser. Han skal vere sikker på at han får til eit skikkeleg oppheng å henge seg i. Meir utfyllande i Leselukke - bloggen min
Denne var eg spent på og den fekk fram ein del tankar rundt mi eiga ungdomstid og forholdet til kyrkja/bedehus mm. Her er det eg skreiv om Da Gud skiftet mening.
Forsvinn det vonde viss vi ikkje snakkar om det? Dette er den andre boka eg les av Elizabeth Strout og boka gav meirsmak. Her er blogginnlegget mitt om boka
God idé. Briljant gjennomført. Hylande morosamt og urovekkjane på samme tid.
Dette er den beste boka eg har lese på lenge. Har krangla, grubla og smilt med Pessoa. Det er utruleg kor godt eit menneske som levde i byrjinga av 1900-talet kan skildre nordmenn anno 2018. Vår einsemd, vår jakt etter meining, vår fasade.... Har skrive om nokre sider ved bok i bloggen
Dette er ein skatt av ei bok. Vi er med Patti Smith frå den første tanken og så vidare gjennom sinnet til den kjem ut ein nydeleg, men trist tekst. Eg har skrive om den i bloggen min
Eg hadde store forventningar til denne boka. Likte ideen og debutbøkene hennar. Kvifor henge saman når det er tomt? Men eg blei aldri engasjert nok. Tok meg i å kjede meg. Blei lei. Det blei så mange ord, så mykje eg såg kome før det kom. Det var noko som mangla. Høgdepunkt? Vendepunkt? Det blei for typisk på slutten.
Det er eit godt grep å la mor på 90 fortelje oss om opplevinga si som ung jente i Spania 1936 og saman med Georges Bernanos gje oss eit godt bilete av det som skjedde under den spanske borgarkrigen. Den som sit igjen med det svartaste bilete, er den katolske kyrkja som velsigna både blodbadet og kuppet.
Ei bok eg storkoste meg med.
Eg har skrive om boka i bloggen min
Ein roman om eit hjarte som skal flytte frå ein kropp til ein annan. Er ein død når ein er hjernedød?
Maylis de Kerangal skriv ein svært god roman om det som skjer ein dag i fleire menneske sitt liv. Frå den friske ungdommen som kjem ut for ei ulukke, foreldra som må ta mange val, sorga, kjærasten, dei som arbeider i dette grenselandet mellom liv og død. Og "hovudpersonen" i boka er Simon sitt hjarta.
Eg likte boka svært godt og tenkjer at det er ei bok som kan få i gang mange samtalar med dei nærmaste. Kva er eit liv? Kva vil eg de skal gjere med meg når de står der å må svare fort? Er det bare det fysiske som flyttar over til eit nytt menneske eller følgjer litt av meg med?
Blogginnlegget mitt om boka, finn du på bloggen leselukke
"Hvis helvete var av is" av Bernard Minier er en utrolig dårlig krimbok. Hvor mange ganger skal man lese at "blodet frøs til is" uten at det gir spenning? Og at en politimann er så redd av seg er underlig. Den er ikke spennende, selv om den begynner lovende. Historien er forsåvidt grei, men språket er barnslig - dette kan skyldes dårlig oversettelse. Den får terningkast 3 fordi den er litt morsom innimellom. Jeg kommer ikke til å lese mer av franske Bernard Minier, det anbefaler jeg ingen andre å gjøre heller.
Boka starta treigt for meg, men etterkvart hadde ho meg. Eg blei med til Grønland og det danske livet saman med inuittane. Gjennom presten Falck blir vi kjent med korleis dei dansknorske herrane koloniserte øya.
Undervegs gjekk det opp for meg at eg visst svært lite om historia til den største øya i verda. Eigentleg litt flaut.Undervegs har eg retta litt på det.
Boka er tjukk og det er mykje lukt, frost og vatn i ho. Kim Leine fortente Nordisk råds litteraturpris for Profetene i Evighetsfjorden.
I bloggen Leselukkehar eg skrive litt meir om tankane rundt boka.
Ei lita bok som eg tenkte skulle gå fort. Men nei. Denne trengte at eg var tilstades i kvart eit ord. Fascinerande at vi får den engelske teksten på venstre side og den norske på høgre. Det gjev av og til høve til å gruble over orda.
Eg storkoste meg og blogga ganske kort over boka.
Denne boka kom litt overraskande på meg. Eg kjente ikkje til forfattaren frå før og boktittelen lokka heller ikkje. Men så las eg vaskeseddelen og blei frista.
Det angra eg ikkje på. At det går ann å seie så mykje om i dag ved å skrive om menneske, opprør og konfliktar i Palestina for 2000 år sidan. Og ikkje nemne notida.
Eg trengte tid på boka for eg måtte gå saman med desse folka og tenkje over underteksten. Alt det som ikkje blei sagt.
Skriv om tankane mine i bloggen http://fritenkjar.blogspot.no/2018/01/den-gong-da-og-no.html
Eg begynte på denne boka for då eg las "Mysteriet i trua" der Jon Fosse samtalar med Eskil Skjeldal om tru, blei eg nysgjerrig.
Det svirra mange tankar rundt i hovudet medan eg las denne boka. Å møte så mykje intensitet og sterk søking var sterk. Men samstundes hadde eg så lyst til å rope til han: Kvifor gjer du alt så innvikla for deg? Kan du ikkje bare leve og akseptere livet. Forstår meir og meir undervegs kvifor han ikkje kan det og blir kjent med eit menneske som går 200% inn for å setje seg inn i det han er opptatt av. Intenst. Anten så må han tru inderleg eller så trur han ikkje. Menneska rundt han er helst i vegen for biletet han skapar av Gud.
Å få oppleve tankane til eit menneske som søkjer så inderleg at det mest er skremmande for meg med "kvardagstru". Alt måtte undersøkjast som om han forska. Når trua byrja glippe, forska han på det òg. Mannen og kven han forsvann. Han blei Job i krangel med Gud. Han søkte svar i bøker om psykologi. Som om dei gjev objektive svar på tru/ ikkje tru.
Kanskje kan eg seie at Fosse er raus med både seg sjølv og kyrkja og Skjeldal er anten eller.Eg har blogga om desse to bøkene og eit par til som òg tar for seg tru og tvil-
Øystein Wiik skriver godt, det er spenning og intensitet fra første side. Jeg har ikke problemer med å visualisere hendelsene, noe som til tider er skremmende ekkelt. Jeg måtte gi denne terningkast 5 da historien er som hentet ut av en James Bond film, og Tom Hartmann kan godt legge til siffer til eget navn. Likevel halter det noe, men det er vanskelig å sette fingeren på hva. En ting er i alle fall sikkert; neste gang bør Wiik sløyfe årstall - det hadde gjort det ekstra spennende og enda mer uhyggelig.
For måtehald har aldri vore mi sterke side, same kva det gjeld. Røyking, drikking, skriving, lesing.
Måtehaldsmann det er eg ikkje, men eg skulle gjerne ha vore det. Og eg er heller ikkje måtehalden når det gjeld å lata vera å gjera noko.