Einig i det valet. Eg las boka i samband med nordisk grunnfag og avslutta oppgåva mi med hovudpersonen Elias Rukla eigne ord: Han oppdager at han er overflødig. Det er helt opplagt at han er en lærer som mener at det som gjør ham til lærer - at han er i stand til å formidle noe fra vår kulturarv videre til kommende generasjoner - det er det ikke lenger behov for. Ibsen-scenen viser hans angst over dette, og hans innestengte raseri. http://www.dagbladet.no/kultur/2006/08/04/472970.html
Eg måtte endre litt då det flaut over her... Nå er alle norske bøker på eige tv- og bibliotekrom. I stua står alle dei utanlandske bøkene: romanar i ulike sjangrar, men alfabetisk. Har alltid undra meg korleis folk kan finne bøker igjen når dei sorterer etter fargar, høgd osv. Eg likar å raskt finne bøkene mine, kanskje er det nokon som vil låne, kanskje les eg om bøker eg veit eg har, eller kanskje eg vil sjekke om eg har den og den boka. Då er det å ha dei alfabetisk det lettaste. Og eg er nok litt slik sjølv og: likar orden :-)
Dei norske bøkene er og sortert alfabetisk, men fagbøkene har eige hyller, det same har diktsamlinga mi og biografiar. Romanar er samla. Hagebøker har eg plassert i ei brei hylle ved trappeoppgangen og kokebøker har eigne hyller på kjøkkenet.
Eg er så heldig og har fått meg "hobbyrom" (kombinert med gjesterom) og her står strikkebøker, heklebøker og liknande Dei er sortert etter kva type handarbeid det er. Dei står der saman med permar som inneheld alt eg ein gong skal lage...
Må inn å redigere litt... Gløymde jo alle barnebøkene, dei står i ei stor hylle i gangen i kjellaren, så her har me bokhyller i tre etasjar... Jo, eg treng ei opprydding.
Nå må eg innrømme at det her i stua treng ei opprydding igjen, men ser ikkje noko god løysing på det utan å kvitte meg med nokre av dei... Ga meg sjølv kjøpeforbud tidlegare i år, men akkurat det klarte eg ikkje. Og når mannen og er glad i å lese (og kjøpe) så blir det fort fullt... Nips finst knapt her i huset, det er det ikkje plass til;-)
Vyrde forleggjar
Underteikna SIgurdsteinn Benònysson,. ordførar i Hneitisstad herad, sender Dykk med dette eit manuskript som omhandlar folkelivet her nord i Geirmundarfjord
Soga om Veret av Bergsveinn Birgisson
Eg har nettopp starta på boka og veit lite om kva som ventar meg, men ho verkar interessant. Boka opnar som eit brev til eit forlag frå ordføraren i Hneitisstad. Ordføraren legg ved eit manuskript som tar utgangspunkt i dagboka til Halldor, ein mann som har levd eit hardt liv som fiskar. Boka blei i 2003 nominert til Den islandske litteraturprisen.
Eg er ganske imponert over NrK som brukar ein heil kveld på dikt, gamle som nye. At det måtte ein konkurranse til kan det vere ulike meiningar om, men kveldens program var flott.
Nokon set spørsmålsteikn med at det berre var "gamle" dikt som var i finalen. Tusenvis av forslag blei til 100, som så blei til seks utvalde dikt. Sjølv hadde eg tre av mine favorittdikt i finalen. Olav H. Hauge gjekk seirande ut med "Det er den draumen".
Hadde vore kjekt om dokker andre som har sett programmet kunne seie litt om kva dikt dokker eventuelt stemde på. Eg må innrømme eg stemde på Arnulf Øverland sitt "Du må ikke sove", sjølv om Hauge nok er den personlege favoritten. Øverland sitt dikt er jo så veldig aktuelt i dag, som under 2. verdskrig.
Eit annan ting å diskutere kan vere tankar rundt det at få nyare dikt var med i konkurransen.
Flott omtale på bloggen! Eg les boka nå, men slit med å komme i gong. Kanskje er det det at hovudet mitt er fullt opp av andre ting, som er årsaka til at eg mister konsentrasjonen. Eg skal gje boka ei ny sjanse, nettopp av den grunn. Det einaste eg har å seie nå er at eg synest forfattaren med fordel kunne skrive litt kortare setningar. Ei setning på 6-7 linjer kan bli litt mykje... Men det kan og skuldast fokuset mitt, - så nå startar eg på'an igjen :)
Litt spennande å sjå kor ulikt inntrykk me har av boka. For meg blei dette ei fin og var forteljing om to einsame sjeler som finn kvarandre, på tross av stor alderforskjell.
Som skeptikar var eg og skeptisk til denne boka før eg starta å lese. Men eg er einig med deg: ei lun forteljing om den "kloke" kona Anna som strevar med å finne seg sjølv og sin plass i samfunnet. Boka er ingen biografi, men skriven i romanform, og som roman er ho god, men eg saknar litt meir fakta om Anna sin kvardag og livet hennar.
Eg har nett starta på boka, men allereie lagt ho vekk fleire gonger. Ho fenger meg ikkje rett og slett. Merkjer at tankane mine hamnar over på kva eg burde gjera av husarbeid og andre trivielle ting... Det har skjedd før, at "gode" bøker må leggast vekk for så å takast fram igjen seinare. Kanskje er dette ei av dei. Og nei, storleiken på boka har det ikkje noko med, eg har før søren meg lest alle "Min Kamp"-bøkene...
I helga las eg ferdig "Bienes historie" av Maja Lunde. Ei flott bok frå tre ulike tidsepokar. Av ein eller annan grunn måtte eg sjekke om forfattaren verkeleg var norsk, og då meiner eg det positivt. Det er eit internasjonalt "svung" over både språk og innhald synest eg. Ei nydeleg bok om relasjonar mellom foreldre og barn, men og om bier og korleis det kan gå om me ikkje tar vare på naturen...
Litt gøy det da, Broadchurch har eg sett, likte den veldig godt :-). True Detective prøvde eg meg på, men fekk ikkje med meg starten og datt av. Nå har eg begynt å følgje med på Gåsemamman (svensk). Eg er ikkje noko spesielt tilhengjar av seriar som går i det "uendelege", 8-10 episodar held lenge.
Eg likar godt å sjå skandinaviske krimseriar, men og krim frå England låner eg augo til. Akkurat nå er det Hinterland (Wales) eg brukar fredagskveldane på. Prøvde meg på Johan Falk (Sverige), men det blei vel amerikansk, og amerikanske krimseriar blir for mykje "glamour" og vel, rett og slett for "amerikansk". Der sit sminka like godt gjennom både nattestid og kjeltringjakt, om det skjer i by eller ørken. Høghela sko passar visstnok og uansett kva desse unge FBI-agentane (kvinnelege) utset seg for... Homeland er eit unnatak, her blei eg litt hekta.
Såg nettopp krimserie frå Island som eg "storkoste" meg med (ja, det går an å kose seg med mord, blod og gørr..). Under heile serien var eg nok like opptatt at språket som av plottet, og det var rett før eg melde meg opp til studie om det islandske språket :-)
Elles ser eg ulike faktaprogram, mest på Nrk. Nå har det vore Jeg mot meg og Guds lærllnger eg har kikka på. Skavland og Lindmo får eg og med meg om eg er heime.
Som norsklærar for denne aldersgruppa skulle eg ønske du hadde rett.... Eg er heller ikkje einig i skildringane dine om boka, men konklusjonen kan me einast om: me likte ho ikkje!
Vaskeseddelen seier blant anna "....Det er rett og slett umulig å legge fra seg boken". Vel, eg har lagt boka frå meg "ørten" gonger og nå gir eg opp. Dette klarar eg ikkje.
Ein annan stad kan me lese: "En fulladet krysning av Homeland, The Wire og The Bourne Ultimatum".
NÅ er eg med, så viss nokon der ute kan tenke seg å overføre "Jeg er Pilegrim" til film, så skal eg ta med meg chips og cola og slenge meg ned i godstolen.
Kva type bøker tenker du på? Informative/nøytrale bøker eller bøker frå personar som er gått ut av Jehovas vitner?
Håpar du får utbytte av lesinga :-)
Jeg kan kontaktes direkte på admin@bokelskere.no.
Det var fælt for IT-avdelingen også.
I dag har vi oppdatert programvaren som driver dette nettstedet.
Dette gjorde at vi fikk uventet nedetid.
IT-avdelingen håper at alt likevel har gått bra.
Vi har to tilleggsfunksjoner på bokelskere.no - med de kryptiske betegnelsene "API" og "widgets".
API'et tilbyr et grensesnitt til data hos bokelskere.no for programmerere.
Widgets lar deg vise bøker fra boksamlingen din på din egen hjemmeside.
Begge disse funksjonene legges ned med effekt fra 1.mai 2016.
Bakgrunnen for dette er at funksjonene har blitt bygget opp rundt et programvarebibliotek som ikke vedlikeholdes av forfatteren(e) lenger.
Dette skaper stadige problemer når vi skal oppdatere annen programvare.
Det er kun en håndfull brukere som vil berøres av dette, og jeg beklager til dem som berøres.
Jeg hører hva dere sier, og ser at flere misliker endringen.
Jeg ser at det er en kjekk funksjon å kunne snakke privat med andre selv om man ikke følger hverandre.
Kanskje det ikke var riktig å sperre på denne måten.
Allikevel har jeg vært lettet over å ha fått ut denne nye strenge funksjonen.
Det er få brukere som sender uønskede meldinger, men mange som berøres.
Uønskede internmeldinger er det flest tar kontakt med meg om. Nå er dette effektivt stoppet.
Kanskje en ignoreringsfunksjon er bedre.