Du ligg på senga og les ei bok som plutseleg berre ligg der, på nattbordet ditt. Du stussar litt over akkurat det, men boka ligg der, - og du les. Du les, - og oppdagar at boka handlar om deg, - om ditt liv, om dine hemmelegheiter.

Avslørt er forfattaren si debutbok, og sjølv er eg glad for at eg klarte å spare bok til påska, påskekrim på sitt beste. Og når ein i tillegg har heime-åleine-påske og kan lese akkurat når ein vil utan tanke på at nokon skal ha frukost eller merksemd på nokon måte, - det er berre så perfekt.

Boka engasjerer, ho er lett å lese og spenninga og engasjementet held til siste bokstav. Sjølv vekslar eg mellom å like og å mislike hovudpersonen, irritere meg og synast synd i. Meir tør eg ikkje skrive, redd for å røpe noko vesentleg. Men ta ein tur til bokhandlaren eller biblioteket så fort påskedagane er over.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Viser 3 svar.

Takk for en fin omtale som førte til at"Disclaimer" nå er lastet ned på Kindle - og at påskens krimbok er i boks. :))

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Håpar du får utbytte av lesinga :-)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det gjorde jeg - uhyggelig hyggelig påskekrim. :)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Sol SkipnesGrete AastorpHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinTove Obrestad WøienRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekStig TSynnøve H HoelHarald KIreneleserFindusBjørg Marit TinholtgretemorAvaKnut SimonsenPiippokattaIngeborg GKjerstiIngvild SritaolineLailaEvaHilde H Helseth