Ei sterk bok som eg framleis undrar meg over. Ein ting er hendingane på overflata, men den underliggande tonen. Eg blir ikkje heilt ferdig med bileta. Sterk og intens. Eg har skrive litt om mine tankar om boka i Leselukke - bokbloggen min

Godt sagt! (0) Varsle Svar

I eit effektivt japansk samfunn, finn vi dei som lever blant ting folk ikkje vil ha lenger, her undrar dei seg over menneska og livet. Ei bok for oss klønete, til tider einsame og undrande i livet. Eg har blogga litt om den. Leselukke - bokbloggen min

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Endeleg fekk eg òg med meg denne boka som kom på norsk i 2008. Ei nydeleg bok om ei mor som har utvandra frå ei landsbygd i Kurdistan til ei blokk i Sverige. Ei utvandring som gjev ungane ei framtid, men som gjev henne eit utanforskap.
Vi kjenner henne alle. Ho vi møter på gata med skaut og sid kåpe. Ho med tunge handleposar i hendene og fleire ungar på slep. Det er henne vi blir kjent med. Ho er ei elska mor, ei som ofrar det meste for sine.
Samstundes får vi eit nært bilete av utvandring og innvandring
Leselukke - bokbloggen min

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Stillheten og skriket har undertittelen - tanker og tro om eksistens. Dette blei ei bok til ettertanke. Ei bok til å samtale om, til å tenke i. Ei til å bli litt klokare av. Eg har blogga litt om den: Leselukke - bokblogg

Godt sagt! (0) Varsle Svar

No har eg lese alle 6 bøkene om Enzo Macleod. Ein helt eg blei meir og meir glad i, etterkvaart som dei uløyste krimgåtene blei løyst og det blei farlegare og farlegare å vere han. EG har blogga om alle bøkene og gjort mitt beste for at lesaren ikkje skal få øydelagt gleda over å lese sjølv om bloggen min gjer små hint om tema.Enzofilene

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dette er sjuande boka om Rudolf Odden, ein kriminaletterforskar eller reklamemann eller bestefar. Kanskje kan vi kalle det humoristisk krim? I alle fall er det både spenning og morsomme innslag. Det startar med eit lite oppdrag frå ein pelsbonde og utviklar seg til ein krim der både miljøvernarar, politikarar og pelsbønder er innblanda. Og sjølvsagt morfar sine små heltar.
Vil du vite meir så har eg blogga litt om boka. Bestefar i pelsdrama

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dette er bok nr 2 i Enzofilene. Ein verdskjent vinkritikar forsvinn og blir seinare funnen på ein fransk vingård, drukna i vin. Vi blir kjent med vinproduksjon og kor viktig ein kritikar sin omtale av vinen er for framtida. Det er ei spennande jakt på mordaren. Eg har skrive om dette i bloggen min, Leselukke. Lik dynka i vin fra Gaillac

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Tilfeldigvis var jeg ikke lenger interessert i litteratur som en form for snobberi, ikke engang som selvdefinisjon - jeg hadde overhodet ikke noe ønske om å bevise at den ene boken var bedre enn den andre; Hvis jeg leste noe jeg satte pris på, merket jeg faktisk at jeg stadig oftere var tilbøyelig til ikke å snakke om det i det hele tatt.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg var spent då eg begynte på boka. Fleire kvinner var passe begeistra, mens mennene kasta terningar til yatzy. No har eg lese og møtt både dyr og menneske. Det måtte eg blogge om:
Mannebok eller ei stor bok om menneske og maktene?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Bokelskere.no bruker bokbasen.no som hovedkilde for bokdata.
Vi har lenge hatt Amazon som alternativ kilde for bokdata.
Amazon har tilbudt bokdata til utviklere i bytte mot "kjøpeknapper" for å drive salg til Amazon.
Vi har hatt kjøpeknapper som fører til Amazon ved siden av bøkene der vi har brukt dem som kilde.

Nå har Amazon endret vilkårene for databruk, og krever nå en viss omsetningssum per databaseoppslag.
Kjøpeknappene våre som fører til Amazon har ikke drevet nok salg til dem, og vi har nå mistet tilgangen til bokdata derfra.

Det hadde vært fantastisk med et alternativ til Amazon som datakilde for utenlandske boktitler.

Hvis noen har tips her, tas de imot med glede.

Ideelt sett trenger vi da tilgang til et API med bokdata av god kvalitet, samt omslagsbilder.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg gleda meg til denne boka. Språk, digitalisering, dibbeduttar. Perfekt, tenkte eg. Men kanskje eg hadde storkost meg om eg kunne fransk og hadde lese boka på fransk. Her er den plaga av at det er ein del fransk som ikkje blir omsett eller forklart for ein norsk lesar utan franskkunnskapar. Men kanskje omsetjaren meiner at det er det minste ein kan vente av eit litterært interessert menneske?
Compagnon får meg til å humre over fleire av innlegga sine og til å nikke av andre. Men eg sit altså igjen med ei kjensle av at dette er ei lettvint omsett bok.
Hjartesukket har eg forklart litt meir i bloggen min

Godt sagt! (0) Varsle Svar

SSL-sertifikatet vårt trengte fornying - nå er det fornyet! Takk for at du sa fra! :-)

Godt sagt! (4) Varsle Svar

"Kan jeg spandere noe å drikke?" brølte mannen, for å overdøve neste sang. (--)
"Nei takk," sa jeg. "Jeg vil ikke ta i mot noen drink fra deg, for da blir jeg forpliktet til å kjøpe en til deg til gjengjeld, og jeg er redd jeg rett og slett ikke er interessert i å tilbringe tiden det tar å drikke to drinker i ditt selskap."

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Eg blir litt skremt når det står verdenssensasjon på framsida. Det plar bety "Gå forbi". Men denne blei eg lokka til å lese. Og eg innrømmer det, eg blei glad i Eleanor Oliphant ganske fort. Forfattaren får godt fram ei kvinne som har gjort sitt aller beste for å fungere i ei verd der ingen har lært henne kodene. Ho er pedantisk og manglar mykje når det gjeld sosial kompetanse.
Etter kvart kjem vi meir under huden på henne og skjønar at det er eit mørke der som ho fortrengjer med vodka. Så dukkar IT-Raymond opp, ein gamal mann fell om på gata og Eleanor må forholde seg til så mykje som ho ikkje kan kodene til.
Det største minuset er at boka er altfor lang og at vi ligg før forfattaren i å forstå kva som skjer. Dette kunne vore unngått med å strame opp boka. Litt meir i bloggen min

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Denne boka likte eg! Ei lita bok, full av humor, men med eit alvor som heile tida ligg under. Jonas ein mann på 49, heterofil, utan makt og utan sexliv. Men han er nevenyttig. Og livslei. Men om han tar livet sitt i heimen, korleis vil den som finn han oppleve det? Det beste er bare å forsvinne, tenkjer han. Altså tar han med seg drillen og reiser. Han skal vere sikker på at han får til eit skikkeleg oppheng å henge seg i. Meir utfyllande i Leselukke - bloggen min

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Denne var eg spent på og den fekk fram ein del tankar rundt mi eiga ungdomstid og forholdet til kyrkja/bedehus mm. Her er det eg skreiv om Da Gud skiftet mening.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Forsvinn det vonde viss vi ikkje snakkar om det? Dette er den andre boka eg les av Elizabeth Strout og boka gav meirsmak. Her er blogginnlegget mitt om boka

Godt sagt! (1) Varsle Svar

En vakker, rødende og grusom bok om menneskets verste og beste sider. Om verdien av vennskap, respekt og aksept. Om hvor mange prøvelser et menneske kan tåle og fortsatt kunne leve et verdig liv.

Det er lenge siden sist jeg har blitt så revet med og så filleristet av en bok. Eneste ankepunktet er at den nok med fordel kunne vært noe kortere og mer kompakt. Må leses på et tidspunkt man har overskudd, for den er følelsesmessig utfordrende og krevende.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Ingenting er så hardnakket, ingenting så gjenstridig som håpet, særlig hvis det er grunnløst, håpet er som ugress.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Noen av bibliotekarene lot henne få lese i boken i en hel time av gangen, selv om det stred mot reglene. De mente at alle bøker skulle leses så lenge leseren ønsket å lese.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

VannflaskeToveLailaNils PharoAkima MontgomeryJohn LarsenSiv Jane HettervikAndreas VillangerHelena EJakob SæthreFrode Øglænd  MalminNikkaJarmo LarsenEli HagelundLilleviKjell F TislevollLinda RastenMorten MüllerTanteMamieBjørg L.Nina M. Haugan FinnsonSigrid Blytt TøsdalAnne Berit GrønbechDemeterChristofferMads Leonard HolvikHelen SkogKirstenHeidi HoltanIngvild SHilde H HelsethAlice NordliTine SundalFarfalleMartemgeTove Obrestad WøienTatiana WesserlingellinoronilleSynnøve H Hoel