Hva er det du gjør, din onde gamle gubbe, drepe din egen sønn, brenne ham, det er den gamle historien om igjen, det begynner med et lam og så ender det med at man myrder den man burde elske aller høyest

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Meldingene gikk ut på at en svært så beruset kar sloss mot en sykkel. Han var svært sint på sykkelen sin og hadde blant annet forsøkt å sklitakle den, sier operasjonsleder Terje Marstad i Østfold politidistrikt.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

I Øst-Finnmark har det ikke skjedd noen ting i natt

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eit anna namn som er henta frå røyndomen kom eg over ved eit slumpetreff medan eg las i humorboka Ny hylle på Prix. For å fylle på med tekst i denne boka sper forfattarane på med faktaopplysingar om tettstadane og byane til lokalavisene dei refererer til. Og for Larvik så såg eg at dei er venskapsby med Malbork i Polen.

Då kom eg brått til å tenke på at tittelen på den andre påstarta forteljinga i Calvino sin bok er Utenfor Malborks bebyggelse. Kanskje ikkje så oppsiktsvekkande sidan forfattaren til denne forteljinga skal vere polsk? Men artig likevel.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Far og son, Kjartan Fløgstad og Aslak Nore, er i Brasil for å få med seg fotball-VM og å skrive bok om opplevinga. Dei kan sjølvsagt ikkje avgrense seg til å skrive berre om dei aktuelle kampane, her blir det historie, kontekst, anekdoter og ellers slikt ein kan vente å finne i ei fotballbok. For å dekke flest mogleg kampar så skil dei som regel lag og reiser til kvar sin kamp. Stort sett er annakvart kapittel ført i pennen av Fløgstad og Nore, kvar på sin målform, og det enkelte kapittelet tek utgangspunkt i ein kamp.

I tillegg til ulik målform har også far og son ganske ulike politiske ståtstadar. Dette er noko dei raljerer venskapleg om i boka, men det fargelegg også drøftingane som blir gjort om fotball i ein større samanheng.

Eg var sjølv i Brasil under dette fotball-VM’et. Rett nok såg eg berre ein kamp på stadion, men eg fekk med det meste på TV og ellers stemninga i landet medan det stod på. Det var moro å gjenoppleve arrangementet gjennom andre auge enn mine eigne, og det var interessant å lese kva tankar forfattarane hadde gjort seg om fotball og om livet for øvrig. Grei bok.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ute på banen hadde Brasil spela sambafotball i forsvar og betongfotball i angrep. David Luiz og Dante hadde vore bautaer i forsvaret, og bautaer står som kjent stille. Lett og elegant sprang det tyske angrepet gjennom denne brasilianske skulpturparken.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ute på banen viser begge lag gode døme på det som blir kalla morosamt forsvarsspel

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Betty Mahmoody fortel om opplevingane sine når ho blir med mannen sin på ferie til Iran. Mannen Moody er lege i USA, og dei har eit økonomisk sutlaust liv i den øvre middelklassa. Men når dei kjem til Iran opplever Betty at mannen endrar seg, han tek opp dei iranske forventningane til korleis kjønnsrollene skal vere, og det blir etter kvart klart at han ikkje har tenkt å vende attende til USA men snarare slå seg til i Iran for godt. Betty har ikkje tenkt å bli, ho vil reise heim. Det er berre eit problem, dattera deira Mahtob er også med, og etter lokal lov er ho mannen sin eigedom, og kan ikkje reise ut av landet utan at faren godkjenner det. Det vil han sjølvsagt aldri gjere.

Boka åpnar med eit skikkeleg kulturkræsj. Betty verkar totalt uførebudd på at livet andre stadar på jorda kan arte seg annleis enn i USA. Ho raljerer over dårleg hygiene og over dei sosiale kodene som ho ikkje forstår. Etter som tida gjeng maktar ho på eit vis å tilpasse seg, i alle fall i det ytre. Men alt handlar om å overleve til det byr seg eit høve til å forlate landet.

Då eg starta på boka trudde eg at ein større del av den skulle handle om sjølve flukta, men denne var overraskande kortfatta skildra. Det meste handlar om å leve med ein valdeleg ektemann i eit undertrykkande samfunn. Så kan ein lure på om boka bør lesast som eit partsinnlegg i ein bitter ekteskapsfeide. Det kan godt hende, men uansett kor mykje ein eventuelt justerer for dette så kjem ein ikkje unna at mannssjåvinisme og religiøs fanatisme er dårlege føresetnadar for å lage eit rettvist samfunn.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Reza kom med en bemerkelsesverdig uttalelse - som jeg ikke helt skjønte betydningen av før flere år senere, da jeg til fulle hadde stiftet bekjentskap med iranernes maskuline ego, og spesielt slik det kom til uttrykk i Moodys familie. Reza sa nemlig følgende: "Den eneste jobben jeg tar imot her i landet er som administrerende direktør." Derimot hadde han ingenting imot å bo gratis hos oss, i påvente av at et amerikansk selskap tok til fornuft og ga ham en lederstilling.
I mellomtiden tilbrakte han dagene med å sole seg på stranden, lese i Koranen, be til Allah, og prøve å kontrollere alt jeg foretok meg. Når disse pliktene ble for slitsomme, tok han seg en lur.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Aller mest forbauset ble jeg da Moody fortalte meg stolt at Ameh Bozorg hadde rengjort hele huset for å gjøre ære på vårt besøk. Jeg lurte på hvordan huset så ut når det var skittent.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

"I am instructed to communicate to him," said Mr. Jaggers, throwing his finger at me sideways, "that he will come into a handsome property. Further, that it is the desire of the present possessor of that property, that he be immediately removed from his present sphere of life and from this place, and be brought up as a gentleman,--in a word, as a young fellow of great expectations."

(Chapter XVIII)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Some medical beast had revived Tar-water in those days as a fine medicine, and Mrs. Joe always kept a supply of it in the cupboard; having a belief in its virtues correspondent to its nastiness.

(Chapter II)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Pip er foreldrelaus, han bur i fattige kår med den hardhendte storesøstera og mannen hennar, den godlynte smeden Joe. Medan han vitjar grava til foreldra sine ein vinterdag møter han ein rømd straffange, og blir truga til å hjelpe han med mat. Dette møtet får seinare uante konsekvensar.

Ikkje langt unna bur den merkelege Miss Havisham på godset sitt. Ho søkjer etter ein gut som kan kome og leike med adoptivdattera si, Estelle, av og til, og det blir Pip som får dette oppdraget. Den gamle og utmagra Havisham blei vraka av brudgomen på brudlaupsdagen, og ho vier resten av livet sitt til å dyrke denne fornedringa. Adoptivdattera blir opplært til å sjå ned på dei som er glad i henne, og sjølvsagt blir Pip forelska i Estelle. Vi følgjer Pip gjennom oppveksten og som ung og etter kvart vaksen mann. Han får sjansen til å gjere ei solid klassereise, og Dickens syner at dette ikkje nødvendigvis berre er positivt.

Det mest minneverdige med boka er nok alle dei fargerike romanfigurane. Det virkar som om Dickens ikkje greidde å halde igjen, han måtte male ut alle karaktertrekka til det groteske. Og det fungerer, desse figurane festar seg i fantasien til lesaren og gjer historia om til eit eventyr. Eg høyrde denne som gratis lydbok på Loyalbooks, opplesaren gjorde ein god jobb. Flott underhaldning på lange bilturar.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Dette er eit utval av Johan Borgen sine noveller, henta frå tidlegare utgjevne novellesamlingar. Tidspunktet dei var skrivne spenner frå 1942 til 1974. Der virkar å vere ei viss tematisk ordning i novellene; mellom anna er barndom for seg heilt i starten, sommarleg stemning i ei gruppe for seg, togreiser for seg, og litt om livet etter døden til slutt. Rekkefølga virkar gjennomtenkt.

Borgen skreiv godt, det er ikkje tvil om det. Stemninger personar og lagnadar penlsast ut med få ord, utan å forklare for mykje. Lesaren må ofte jobbe litt for å få grep om historiene. Det verkar å vere mange einsame personar i historiene til Borgen. Ikkje nødvendigvis einsame i den forstand at dei ikkje har kontakt med andre, men heller at dei ikkje er heilt på bølgelengde med andre. Skal tru om dette gjenspeglar forfattaren sin eigen oppleving av tilværet?

Dette er den første boka eg les av Borgen, og den gav meirsmak. Eg har Lillelord-trilogien ståande i bokhylla, den skal i alle fall lesast. Så får vi sjå om eg må leite opp meir Borgen-bøker etter det igjen.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Grei og kort krimbok som er lagt til Oslo på vinterstid i 1975. Olav er leigemordar, og no har han fått eit oppdrag som han nøler litt med å gjennomføre. Han bestemmer seg for ein eigen vri, og det får mykje større konsekvensar enn han kunne ha sett for seg. Det blir ganske blodig etter kvart.

Det er mykje bra i denne boka. Tidskoloritt, miljøskildringar, persongalleri, det meste er av god kvalitet. Men det er vanskeleg å tru heilt på hovudpersonen. Han skal vere dyslektisk og nærmast ein skuletapar, han framhevar sjølv stadig vekk at han ikkje har greie på det eine og hint, men det skin ganske ofte igjennom at han er rett så belest. Han er også ein blauthjarta romantikar, men trivest likevel som leigemordar. Det er godt mogleg at det kan finnest personar som er slik, men eg greier som nevnt ikkje heilt å tru på det.

Men når det er sagt, så er boka både underhaldande og spanande, innimellom også vittig. Det er ein litt annan stil enn i Harry Hole-bøkene, eg vil tru forfattaren har godt av å variere litt. Og det har sikkert lesarane også. Så då er vel alt i orden, då.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Jeg kjente at det gikk nedover, jeg sklei bakover, hue stanga mot kisteveggen. Faen, jeg trodde de alltid bar liket med beina først.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Jeg følte meg som en fyr som sitter ved et pokerbord med fire tungt bevæpna, naturlig mistenksomme og dårlige tapere. Og jeg har akkurat fått fire ess rett på hånda.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

"Same kva som hender, må du halde fram med å studere."
"To år til, så får eg vitnemål og er ferdig."
"Nei, du skal aldri vere ferdig: Eg kan gi deg pengar, du skal alltid halde fram med å studere."
Eg lo litt nervøst og sa:
"Takk, men etter ei viss tid er det slutt på alle skolar."
"Ikkje for deg, du er den briljante venninna mi, du må bli den beste av alle, av både gutar og jenter."

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Boka innleiast med ei liste over dei viktigaste personane i boka. Det var gaske lurt, sidan der er ein del namn å halde greie på. Men dei to viktigaste, Lila og Lenú lærer ein seg ganske raskt, og så må ein hugse på at Lila eigentleg heiter Rafaella og stort sett blir kalla for Lina medan Lenú eigentleg heiter Elena og også blir kalla Veslelena. Greit?

Neidå, det var ikkje så vanskeleg. Det er Elena som fortel, og ho fortel inngåande om oppveksten i eit arbeidarklassestrok i Napoli og om venskapet med den tøffe Lila. Ein fylgjer jentene frå dei er i småskule-alder ein gong på 1950-talet og til dei er om lag midt i tenåra. Begge jentene er skuleflinke, men Lila er den skarpaste, for ho lærer uten å anstrenge seg. Men det var bortkasta pengar å gi jentene bokleg lærdom på denne tida, det er ikkje gitt at dei får halde fram på skulen særleg lenge. Etter kvart som dei veks til kjem også gutar inn i biletet. Og etter kvart trer også konturane av eit mafia-styrt samfunn tydelegare fram.

Forteljarstilen er levande, men lite grann omstendeleg. Det er lett å lage seg bilete av dei ulike scenene i boka, og ellers la seg dra med i forteljinga. Eg hadde kanskje vente meg meir då eg starta å lese boka, for den har fått til dels overstrøymande god mottaking. Men den er god nok til at eg kjem til å lese dei tre andre bøkene i denne tetralogien, to av dei stend alt klare i bokhylla.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Klientellet på baren der statsadvokat Kenneth von Kwist er skikkelig på fylla med rom, cognac og whisky, består av en blandng av kategoriene rike og svært rike. Det eneste som forstyrrer den sosiologiske strukturen, er en gruppe japanske menn. Disse ser ut som om de er på studiebesøk i en eksotisk zoo. Og det er de jo også på en måte.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Anniken RøilSt. YngheadAnn ChristinKirsten LundPiippokattaTherese HolmBjørg Marit TinholtSolNicolai Alexander StyveKarina HillestadAnneWangIngvild STorill RevheimRandiAJakob SæthreKarin BergEirin EftevandMarenmarithcEster SIreneleserHedvigBeathe SolbergGro-Anita RoenHelge-Mikal HartvedtMarianne  SkageVibekeAndré NesseVariosaSiv ÅrdalIngebjørgHarald KSigrid Blytt TøsdalSissel ElisabethHilde Merete GjessingMads Leonard HolvikEllen E. MartolBirkaGroSynnøve H Hoel