Kapitla som er nummererte med romertal er forteljinga om Lesaren, Lesarinna, og ei slags jakt på ei bok. Denne jakta, med uventa vendingar og kronglete og ugjennomtrengeleg informasjon som Lesaren må forholde seg til fekk meg til å tenke på Prosessen av Kafka.

Som vanleg så funderer eg også ein del på om alt i boka er oppdikta, eller om der er fragment som har rot i røyndomen. Slik som Kimmeria og Den kimbriske folkerepublikk, til dømes. Engelsk wikipedia sin side om boka gjer greie for dette.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Eit anna namn som er henta frå røyndomen kom eg over ved eit slumpetreff medan eg las i humorboka Ny hylle på Prix. For å fylle på med tekst i denne boka sper forfattarane på med faktaopplysingar om tettstadane og byane til lokalavisene dei refererer til. Og for Larvik så såg eg at dei er venskapsby med Malbork i Polen.

Då kom eg brått til å tenke på at tittelen på den andre påstarta forteljinga i Calvino sin bok er Utenfor Malborks bebyggelse. Kanskje ikkje så oppsiktsvekkande sidan forfattaren til denne forteljinga skal vere polsk? Men artig likevel.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

LailaHarald KKirsten LundAndreas BokleserVioleta JakobsenPi_MesonBenteReadninggirl30Berit RTine SundalBritt ElinAnne-Stine Ruud HusevågRisRosOgKlagingIngunn SAmanda AHanne Kvernmo RyeEgil StangelandReidun SvensliCathrine PedersenBjørn SturødTanteMamieAnn ChristinalpakkaAnneWangStig TAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MLinda NyrudLisbeth Marie UvaagConnieNerakntschjrldMarit HøvdeTurid Kjendlie