Flott historie frå bygde-Norge på 1700-talet. Scena er ei flatbygd på det indre austlandet ein stad, og skogsbygda som ligg bakom den igjen. Flatbygdingane ser litt ned på skogsbygdingane, som igjen helst ikkje vil ha noko med flatbygdingane å gjere. Her er det generasjonar med mistru og vondt blod som har fått bløme fritt. Fremst i denn bygdestriden stend storgardane Borgland i flatbygda, og Bjørndal i skogsbygda.

Det er Bjørndalsfolket som er hovudpersonane i denne forteljinga. Eller først og fremst Dag, lesarane møter han som ung gut når faren blir bedt av flatbygdingane om å felle ein slagbjørn, og vidare som bonde på Bjørndal og gjennom det er han også nærmast ein høvding for heile grenda. Medlemer av slekta fell frå, og nye kjem til. Men ein blir også litt kjend med folk frå Borgland, samt frå ein by som ein må anta er Kristiania.

Der er mange temposkifte i boka, temmeleg dramatiske hendingar er unnagjort i løpet av nokre få linjer, og så kan forteljinga dvele lenge ved kvardaglsege scener, eller ved den storslåtte naturen, eller ved kjenslelivet til Dag eller nokon av dei andre. Språket er noko gamalmodig, også utover det ein kan vente frå ei bok frå 1933. Dette er nok eit medvite verkemiddel frå forfattaren, for å ta lesaren med seg attende i tida. Og denne lesaren blei verkeleg med på tur, for dette var ei fengande og god forteljing. Boka er den første i ein trilogi, og eg satte straks i gang med å lese vidare i trilogien etter at eg var ferdig med den.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Skiftende er menneskers sinn - vanskelig å temme som villmarkas rovdyr.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Velstand og makt grodde ved dag og kveld.
Men over dreiv skygger.
Gjengjeldstanker, stolthet og trass mot alt; de tre urtene grodde frodig opp med velmakten.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sjarmerande bok om ei kjærleikshistorie mellom ein kastelaus indar og ei svensk jente på 1970-talet. Men kjærleikshistoria, og sykkelturen som måtte til for å verkeleggjere den, er berre ein del av boka. Rundt halvparten av boka handlar faktisk om oppveksten til indaren, Jagat Ananda Pradyumna Kumar Mahanandia, eller Pikei i daglegtale, etter den engelske uttalen for PK (Pradyumna Kumar).

I likheit med namnet, var heller ikkje oppveksten til Pikei særleg lett. Som kastelaus i ein liten landsby i jungelen i Orissa var det å få skulegang ikkje enkelt, om ein var aldri så talentfull. Det er skammeleg å lese om den sosiale undertrykkinga og mobbinga som kastesamfunnet legg opp til. Pikei viser seg å ha særleg talent for å teikne, og med ein porsjon pågangsmot så livnærer han seg som portretteiknar på gata i unge år. Han møter mange kjende personlegdomar gjennom denne verksemda, mellom anna den russiske kosmonauten Valentina Teresjkova, første dama i verdsromet, og statsminister Indira Gandhi. Men den viktigaste personen han møter er Lotta frå Borås i Sverige. Kjærleiken.

Sjølv om sjølve sykkelturen sikkert var eventyrleg nok, så kjem den likevel i skuggen av den større forteljinga, den om oppvektst i vanskelege kår, kampen for å få nytte talentet sitt, og for kjærleiken. Retteleg triveleg lesnad var det. Boka inneheld også eit knippe bilete til slutt, det var kjekt å sjå. Ein kan ikkje anna enn å beundre Pikei for pågangsmotet, og ynskje lukke til på vegen vidare.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Hvem vet hva jeg, dvergen, lager for hemmelig brygg i mitt innerste, dit ingen noensinne slipper inn? Hvem vet noe om dvergsjelen, den mest hemmelighetsfulle av alle, hvor deres skjebne avgjøres. Hvem aner hvem jeg i grunnen er.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er stormfulle dagar i landet vårt no
Så då høver det godt å ta livet med ro
Men med Angrep fra alle slags kantar på gang
Gjer det slett ingen skade om helga blir lang

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Det mektigaste veit eg ikkje, men boka åpna jo for mange interessante betraktningar om kva som gjer ein til eit menneske. Ein har på den eine sida androidane, som er så menneskelike at den einaste måten å skilje dei ut på er å teste evnene til empati. Og boka tek også som snarast opp problemstillinga ved feilaktig å pensjonere eit menneske på grunnlag av slike testar. På den andre sida har ein menneska som er så stråleskada at dei blir sortert ut som annenrangs, Ville menneska som set opp kriteria for denne sorteringa kunne passere ein empatitest?

Forøvrig hadde eg stor glede av å halde boka opp mot filmen. Eg såg den oppatt på Netflix i helga, og liker den framleis veldig godt.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Fleire ord ...
Etter litt kriging på ein stad skal det krigast vidare ein annan stad, side 69 "trosset skulle av sted".
Tross er visst det same som ein i mi eittårige militære karriere kalla tren.
Forsyningar altså.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Hoem er god til å dikte. Han tek utgangspunkt i fakta han har samla om slekta si, og tryllar fram levande menneske slik han forestiller seg at dei hadde det, både i Molde og omgjevandane der og på prærien i Nord-Amerika, for over 100 år sidan. Dette er bok nr. to i denne halvdokumentariske slektskrøniken, som starta med Slåttekar i himmelen.

Brorparten av boka handlar om Eilert, den tredje sonen til slåttekaren Knut Nesje. Ein fyl han på overfarta frå Norge til Amerika, som dreng på garden til tanta Gjertine, og i tru og tvil om kvar og med kven han skal etablere seg. Eilert er nemleg uviljug til å binde seg til noko eller nokon, han vil ha fridom til å gjere som han vil, sjå seg godt omkring, og til å leite etter lukka uansett kor lang tid det måtte ta. Heime i Norge gjeng tida også for slåttekaren Nesje. Det er tungt å drive gard for eit aldrande og etter kvart i praksis nesten barnlaust ektepar. Inntektene minker, og Nesje må innrette seg deretter.

Det er mange scener frå boka som heng att etter at den er ferdiglest. For eksempel Gjertine som vil skyte med gevær og gå på jakt, eller den gamle Nesje som grev seg ny brønn ein tørkesommar. Tidsbiletet er også veldig bra, anten det gjeld livet til nybyggarane på prærien eller miljøet i Molde og omegn rundt år 1900. Dei detaljerte skildringane tyder på at Hoem har satt seg godt inn i levemåten på denne tida. Når språkføringa i tillegg er framifrå, fyk sidene i veg nærmast av seg sjølv. Ein må berre applaudere forfattaren, og glede seg til dei to siste binda i denne serien. Begge er i hus.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

-- Ikkje meir enn seks barn! sa ho, og no merka han at det var fortviling i stemma hennar.
-- Det vil tida vise, sa Eilert.
-- Vil du vite korleis det er med mor? ropte ho.
-- Eg vil gjerne vite korleis alle i familien din har det, sa han.
-- Mor både skit og pissar på seg, fordi ho har sett tolv barn til verda.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg vil kjøpe meg ei pipe! snøvla han. - Kvar får eg kjøpt ei pipe? Eg vil bli piperøykar!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Bernardo nyttar sølvstift når han teiknar. Eg fann ikkje noko om dette på norsk wikipedia, men på engeslk, derimot er det gjort godt greie for denne skrivereiskapen.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Prosjektet til Fløgstad i denne romanen er å vise korleis krigsforbrytarar frå Nazi-Tyskland forholdsvis kort tid etter krigen fekk viktige posisjonar i Vest-Tyskland. Dette var mogleg fordi det var danna menneske av borgarskapet som utgjorde eliten i Nazi-administrasjonen, og sidan borgarskapet hegnar om sine eigne var vegen kort frå nederlag til restitusjon. Slik sett kan ein kanskje seie at prosjektet til Fløgstad heller er å vise lesaren kvar borgarskapet skal stå.

Det er to forteljarstemmer i boka. Den vi møtter først høyrer til Nazi-offiseren Otto Nebelung, som fortel om sitt eige, men først og fremst om den evnerike venen Paul von Damaskus, sitt liv før, under og etter andre verdskrigen. Den andre høyrer til Alf Magnus Mayen, ein norsk politimann i tryggingstenesta som vaks opp i Vestkant-Oslo i etterkrigstida. Bindeleddet mellom desse forteljarane er mora til Alf, som var ihuga og aktiv nazist så lenge det passa seg.

Som tittelen antyder, gjeng ein del av handlinga føre seg i grensetraktene mellom Norge og Russland. Litsa-fronten er eit stykke av krigshistoria som eg også nyleg las om i Alf R. Jakobsen sin krimbok Djevelens Kobber. Begge desse bøkene skildrar hendingane, så langt eg kan bedømme, på ein truverdig måte.

Det er er eit vell av faktaopplysningar bakt inn i Fløgstad sin forteljing. Sjølv om det kunne vere moro å finne meir ut av kva som var fakta og kva som var oppdikta, så blei dette ei alt for omfattande oppgåve for denne lesaren. Ei og anna blødma har han også funne plass til, samt ei avslutning som ein kanskje kan kalle magisk realisme. Likevel fekk eg aldri kjensla av at dette var ei uvanleg god bok. Det kan godt hende at ho er nettop det, og at problemet heller er at eg er ein middelmådig lesar. Men sjølv for ein middelmådig lesar så er altså dette heilt grei lektyre, vel verdt tida det tok å lese igjennom den.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Det er haust, det er regn, men det gjer ingenting
For med bokhylla breiddfull av litterært bling
Er det berre å slenge seg ned i ein stol
Og la bøkene krevje sitt tidsmonopol

Eg les Harry Quebert-saka, drivande smart
Samt ei samlesingsbok, det er Dvergen, så klart
Pluss ei lydbok om esel-omvandling så vrang
Og om litt skal Tereza Batista i gang.

Så når bikkja er ferdig med kveldsturen sin
Blir det utandørs-lesing med pipe og vin
Og når hovudet bikkar og auget blir trøytt
Finn eg vegen til senga, slik gjeng det visst støtt.

Godt sagt! (12) Varsle Svar

Når eg ser nøyare på wikipedia-oppslager om Søsterkirkene på Gran, så er også klokketårnet der omtalt som "støpul". Då er det vel rimeleg å anta at dette er ordet som blir nytta om dette tårnet.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Avsporingar er det kjekkaste eg veit. Spesielt når ein kan lære noko av det. Takk!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ta ein nordmann og gå tur med han. Det er det einaste som trengst for at han eller ho skal bli glad og fornøgd.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Den 30. november gjekk Den raude hæren over grensa til Finland på ein front som strekte seg frå Viborg på det Karelske neset i sør til Ishavet i nord. Ifølge konsul Beutler hadde nordmennene då 35 menige infanteristar i Aust-Finnmark, eit område om lag så stort som halve Danmark.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Valde å gjere unna eit par andre bøker som var nær ferdiglest først, men no er eg i gang. Utgåva mi er frå 1957, oversatt av Johanne Grieg Cederblad, 190 sider. Med jevn progresjon så skulle det bli knapt 10 sider pr dag.

Det dukkar sjølvsagt opp nokre ord eg ikkje er heilt fortruleg med, fram med PC'en:

Kondottier finnest korkje på norsk wikipedia eller i bokmåls/nynorskordboka. Men frå engelsk wikipedia får ein vite at dette er ein militær leiar for leigesoldatar.

Ein kampanile er eit frittståande klokketårn. Dette gjeng for såvidt også fram av teksta i boka. Då kom eg brått til å tenke på Søsterkirkene på Gran på Hadeland, som også har eit frittståande klokketårn (om enn ikkje så imponerande høgt). Er det nokon som veit om ordet "kampanile" blir nytta om dette tårnet? Har vi andre kyrkjebygg i landet med frittståande klokketårn? Sjølv kan eg ikkje kome på andre, men så er heller ikkje dette noko eg har tenkt på før no.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Fann du den? Eg tenker meg i gang med denne no, på portugisisk. Reiknar med å bruke minst 4 veker på den, kanskje så mykje som 8 (jaudå, eg skal lese andre bøker i tillegg).

Om du ikkje har lest den enno, så kunne det jo kanskje vere moro med litt prat dersom du skulle finne på å lese den i same perioden,

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Egil StangelandAmanda AKirsten LundNabodamaPer LundMarit HøvdePiippokattaTerje MathisenBjørn SturødBård StøreIreneleserEivind  VaksvikKaramasov11JoakimMorten BolstadKjell F Tislevollingar hHeidi LBjørg L.Linda NyrudAnneWangJulie StensethLilleviAstrid Terese Bjorland SkjeggerudDemeterOdd HebækAnn-ElinHelena EAnniken RøilAvaChristofferBenedikteTralteMorten MüllerEvaMonica CarlsenmarvikkisMorten JensenDaffy EnglundTove