Det er moro med gamle science fiction-forteljingar. Denne høyrer vel til i toppsjiktet dersom ein skulle stille opp ei liste av klassikarar innan genren. Ikkje fordi boka er så fantastisk god i seg sjølv, i alle fall ikkje etter mi meining, men fordi den har hatt så stor innflytelse på populærkulturen i over hundre år. Boka er filmatisert mange gangar, mange har kanskje sett Spielberg-filmen frå 2005 med Tom Cruise i hovudrolla? For min eigen del var mitt første møte med denne historia då NRK ein gang på 70-talet viste The Night that Panicked America, ein filmatisering av massehysteriet som oppstod under ei radio-dramatisering av boka i 1938, der lyttarane trudde dei høyrde på ei verkeleg nyheitssending.
Sidan det er H.G. Wells som skriv, så er handlinga lagt til England, og ikkje til USA som ein er vant med frå diverste filmatiseringar. Det observerast ein rekke merkelege lysfenomen på Mars, nesten som eksplosjonar. Noko tid seinare krasjar ein stor metallsylinder ned på den engelske landsbygda. Det kjem mange nyfikne til staden, og brått startar sylinderen å åpne seg. Det er nokon inni. Derifrå ekalerer det til eit reint mareritt, det kjem fleire sylindrar, og det blir klart at det dreier seg om ein ytterst fiendtleg invasjon av teknologisk overlegne skapningar.
Det er ei god og spanande bok. Likevel sat eg med kjensla av at sjølv om plottet, og dei nyskapande elementa i det, var veldig bra, så var ikkje boka som heilheit mer enn noko over middels. Men uansett var den god tidtrøyte på diverse køyreturar i sommar, eg høyrde den nemleg som gratis lydbok frå Loyalbooks. Opplesaren var god, noko som sjølvsagt er viktig for ei lydbok.
Med denne har eg no høyrt fire av bøkene til Wells som lydbok. Det blir nok ikkje den siste.
At the time there was a strong feeling in the streets that the authorities were to blame for their incapacity to dispose of the invaders without all this inconvenience.
(Chapter fourteen)
Those who have never seen a living Martian can scarcely imagine the strange horror of its appearance. The peculiar V-shaped mouth with its pointed upper lip, the absence of brow ridges, the absence of a chin beneath the wedgelike lower lip, the incessant quivering of this mouth, the Gorgon groups of tentacles, the tumultuous breathing of the lungs in a strange atmosphere, the evident heaviness and painfulness of movement due to the greater gravitational energy of the earth--above all, the extraordinary intensity of the immense eyes--were at once vital, intense, inhuman, crippled and monstrous.There was something fungoid in the oily brown skin, something in the clumsy deliberation of the tedious movements unspeakably nasty. Even at this first encounter, this first glimpse, I was overcome with disgust and dread.
(Chapter four)
Har Møte ved milepælen ståande ulest i bokhylla. Frå før har eg lest Syndere i sommersol, som eg likte godt. Eg har på ingen måte nokon ambisjonar om å lese igjennom heile forfattarskapen til Hoel, men det kunne vere moro å vite om det er ei eller to andre bøker av han som eg burde vere spesielt merksam på.
Aahhh – oppvekstskildring! Ein favorittsjanger for denne lesaren. Ein fyl guten Anders frå han er nokre få år gamal, frå det første minnet han har frå livet sitt, og til forbi konfirmasjonsalderen. Oppveksten er på ein gard på Austlandet ein stad, far er ein agronom som kom til bygda og gifta seg med odelsdattera på garden Anders veks opp på. Utanom foreldra og søskenflokken bur der også nokre få tenestefolk på garden, og der kjem sesongarbeidarar når det er tid for det.
Skildringa skiftar karakter i takt med at Anders veks til. Frå barnlege og underfundige betraktningar i dei tidlege åra, over til dei vare og forvirrande kjenslene til ein gut i pubertetsåra. Ein blir kjend med ganske mange folk i bygda, på godt og på vondt. Spesielt inntrykk gjorde to av tenestefolka på garden, Embret og Gorine, som har vært til-og-frå-kjærestar i eit par mannsaldrar, men som ikkje kan få einannan fordi den eldgamle mora til Gorine er imot det. Ei anna scene som gjorde uutsletteleg inntrykk er korleis Anders og ein gjeng andre gutar lar ein rampestrek gå alt for langt, og tek livet av ein geitekilling.
Forteljinga er lagt fram i tredje person. Men det er vanskeleg å tenke seg anna enn at Sigurd Hoel har nytta mykje av sine eigne barndomsminne som inspirasjon for boka. Hoel vaks sjølv opp på gard, så det er lett å forestille seg forfattaren som Anders. Sjølv om Anders åpenbart er glad i garden, bolk 1 av boka ber forresten tittelen Edens have, så verkar det ikkje som om han ynskjer å bli jordbrukar. Men kva ynskje og draumar hovudpersonen har kjem i liten grad fram i boka, den handlar stort sett om kva ballast han får med seg frå oppveksten. Og det meste av den er av den gode sorten.
Da han sto i døragløtten, sa a Berte - og det var første ordet som var kløvd dem imellom:
-- Hvor skal vi si den karen er ifra då - om det skulle komme noe på?
Da svarte han som i døragløtten sto:
I mørkre kom je, i mørkre gikk je,
Tjøstøl heter je, frå Møltemoen er je
-- Nei, slik en dumming!
Det var Grete som brøt av, hun slo hendene sammen, og ropte forbauset.
-- Nei å nei, slik en dumming!
Embret stanset og så på henne med smale øyne:
-- Last itte sauen for det han har ull, og mannfolk for det døm er dumme!
Midt i verden står Anders. Han står i midten av alt.
Rundt omkring ham står alt det andre. Mor og far, Gorine og Embret og Andrea, Tora og Kari og Åse og Ket, sengen, puten, teppet og potten, muren og ovnen og slagbordet og den store klokken som står ved veggen i kjøkkenet hele dagen og sier An-ders, An-ders!
Ei heilt grei krimbok frå Melbourne i Australia på 1880-talet. Forfattaren Fergus Hume er tidlegare ukjend for meg, han var ein samtidig av den meir vidgjetne Arthur Conan Doyle, levde det meste av livet i England, men han vaks opp på New Zealand og han var busett i Melbourne medan han skreiv og publiserte denne boka.
Eit lik blir oppdaga i ein hestedrosje. Det vil seie, drosja blir stoppa seint på natta av ein mann på gata, som har tatt seg av ein annan overstadig rusa mann, og vil ordne med skyss heimatt for han. Etter litt om og men stig dei begge om bord i hestedrosja, men den edrue stig av igjen før dei har kome fram. Då drosjeføraren litt seinare ber den fulle passasjeren om å forklare adressa nærmare, viser det seg at han er myrda. Politiet blir kopla inn, og politietterforskaren Mr. Gorby tek saka. Han bruker ca. halve boka på å løyse den. Men er saka egentlig løyst?
Forfattaren var flink til å variere forteljarteknikken i denne forteljinga, og spesielt i innleiinga. Plottet var ganske brukbart. Personkarakteristikkane var jevnt over gode, og miljøskildringane var også av god klasse. Alt i alt ei leseverdig bok, skulle det vere fleire enn eg som finn glede i å finne fram til gamle bokskattar av mindre kjende forfattarar så kan eg absolutt anbefale denne. Eg høyrde den for øvrig som lydbok på Loyalbooks, der opplesaren gjorde ein framifrå jobb.
Når det regnar på austlandet slik som i går
Blir det fønvind og varme i fjordbotnen vår
Så i solskinet sit eg med Beltø på fang
Og lar Lasarus-virkninga kome i gang
Bonelis refleksbuetest, ein test som ved å måle reaksjonstid på lyd- eller lysimpulsar skal kunne skilje mellom menneske og androider.
Her kommer geskjeftige Phil Resch tilbake med sin lille pille bærbare.
For å framstå meir skræmande, og samstundes gi ei meining til det flekkete og misfarga anletet sitt, hadde Gonçalo tenkt ut at han skulle ta kallenamnet Puma, noko han ved kvart høve freista å prente inn i alle han møtte.
Men bortsett frå seg sjølv eller ein hende fyllik som ville bomme han for sprit var det ingen som nytta dette kallenamnet. Dei kalla han Føflekken.
-- For å kunne bu i São Paulo, og for å studere der, treng ein pengar, og det er noko eg manglar, sa Miguel høfleg.
-- Du får låne av pappa.
-- Det tviler eg ikkje på, men eg kan neppe spørje han.
-- Kvifor det?
Miguel måtte smile litt av at jenta insisterte slik.
-- Den som ikkje har noko ber ikkje om lån, med mindre ein ikkje meiner å betale det attende.
A hot December day, with a cloudless blue sky, and a sun blazing down on the earth, clothed in all the beauty of summer garments. Such a description of snowy December sounds perchance a trifle strange to English ears. It may strike them as being somewhat fantastic, as was the play in "A Midsummer Night's Dream," to Demetrius when he remarked, "This is hot ice and wondrous cold fire."
(Chapter XXI)
The Fitzgeralds had always been more famous for spending than for saving, and it was an agreeable surprise to their latest representative to find the money rolling in instead of out.
(Chapter VII)
Medan ein er inne på kva ting heiter i originalteksta vs i den norske oversetjinga, her er nokre ord eg lurer på kva dei er omsett frå:
Androider blir i daglegtale omtala som "andreaser"
"Kippel", ein omgrep for søppel og anna rusk og rask som nærmast formerer seg
Hmm, trur eg hadde fleire ord i tankane, men no har eg gløymt av dei. Får heller supplere etter kvart.
Eg er glad i kattar, og tenkte derfor at dette måtte vere ei bok som ville vere midt i blinken for meg. Og jau då, det var mange ting eg likte ved boka. Katteskildringane er veldig flotte, og ein må vel også kunne kalle dei poetiske. Då var det litt verre med menneskeskildringane. Eg greide ikkje heilt å få taket på personane i denne boka. Er japanarar så grunnleggande ulike meg sjølv at eg ikkje forstår meg på dei, eller er det forfattaren eg ikkje forstår meg på, eller kanskje har oversetjinga forvrengt eit eller anna? Noko er det i allefall, noko som gjorde at eg ikkje kunne kjenne meg att i stort av det personane gjer eller tenker.
Forteljarstemma er den til ein relativt ung, gift mann som saman med kona leiger eit anneks til ein herskapsvilla. Dei har vært igjennom ei slags krise, utan at ein får vite noko større om det, men ein får vite at ingen av dei er interessert i at dei skal ha ungar. Heller ikkje kjæledyr, for den del. Men ein av naboane til huset dei har flytta inn i har ein nydeleg kvit katt, og denne katten byrjar å vitje ekteparet. Dei blir så begeistra for denne katten at dei nærmast tilber den. Ein får etter kvart inntrykk av at heile livet deira dreier seg om denne inntrengaren i heimen deira. Men kan denne lånte lukka vare? (Ja, det er eit leiande spørsmål)
Eg vil ikkje seie at eg er skuffa over boka, men i og med at eg hadde vanskar med å setje meg inn i hovudpersonane sin stad så kjende eg på at eg ikkje fekk fullt utbytte av den. Vingla mellom terningkast 3 og 4, men enda til slutt på det siste.
I et uvær; hvor lenge må ei jente og en gutt være under samme tak før de ligger med hverandre?
Det fantes ikke trær her. Ikke et eneste et. Bare småkjerr, steinhus og beitemark. Ikke engang en mager ospestengel.
Hvordan kunne en snekker holde ut det?
Jeg hadde hørt at katter bare er seg selv sammen med den som gir dem mat, derfor er det bare kattens eier som ser den fra dens beste side. Det betydde at denne fortellingens ektepar, disse to som aldri selv hadde hatt katt og som følgelig var ukjent med hva kattehold innebar, de som selv nå bare drev med annenhånds kattehold, neppe noen gang ville få se Chibi på hennes mest bedårende.
På den andre siden kunne det tenkes at dette også innebar at vi derimot fikk se noe som aldri var eierne forunt; at hun hos oss åpenbarte sitt egentlige selv, aldri innsmigrende, uforfalsket, Chibi slik hun virkelig var - kunne ikke det være kilden til den magiske følelsen vi alltid satt igjen med når hun hadde vært her?