"It's a web, though."
"I deal with them every day. Dr. Blanche gave us sage advise in order to untangle them. Patience, and one thread at a time."
"She lied about one thing in there."
"Yes, I know," replied Masie.
"That woman has never had a humble opinion in her life."
"Tax men?"
"Yeah, they said they were investigating for the IRS. In the middle of the night. Wearing sunglasses. Evidently, to them, I appear to have just fallen out of the stupid tree."
A cop was softly burbling the cleavage of a big blonde in the corner, holding his hat in his hand behind his back out of respect.
No til helga så blei eg visst grasenkemann
Eg held borna i taume og hunden i band
Og for øvrig så les eg så ofte eg kan
Gi meg himmelen, dokumentar av Xinran
Denne uvørdne måten menn sår frø på, svimeslåtte av nyting. Dei får det til å spire i oss overmanna av sin eigen orgasme. Dei dukkar opp på innsida av oss og trekker seg tilbake, mens dei etterlét, skjult i kjøttet vårt, spøkelset sitt som ein ting dei har mista.
"Er Elena blitt meir vondskapsfull?"
"Nei, ikkje ho."
"Og kvifor ikkje?"
Lila tok på Gennaro ull-lua:
"Vi danna ei pakt då vi var små. Eg er den slemme."
Ein får halde oppe tradisjonen frå den første og den andre boka i serien med å presentere køyretya som blir omtalt. Men trass i at det refererast til bilar og bilkøyring i langt større grad enn i dei førre, så fann eg berre eit høve der ein spesifikk bilmodell blei nemnd; På side 351 kjem Enzo køyrande med Gennaro i ein kvit Fiat 500.
Jacqueline Winspear har skrive ein serie med krim-bøker om den engelske privatdetektiven Maisie Dobbs. Handlinga i serien startar tidsmessig rundt 1930 (sjølv om ein også blir tatt med på hendingar før og under 1. verdskrigen). Nokre av bøkene er oversatt til norsk. I denne boka, som er den 14. i rekka men likevel den første eg les, er ein såvidt inne i 2. verdskrigen. Phoney war, dvs det er erklært krig, men framleis lite av krigshandlingar. Dei fleste anar vel at det er stille før stormen.
I dette klimaet av ei overhengande katastrofe forsvinn Joe, sonen til ein kjenning av Maisie. Han blir funnen død ved eit nedlagt jernbanespor. Det kan sjå ut som han har ramla ned ein skrent og slått seg i hjel. Men Maisie anar at her stikk det noko meir under. Kvifor legg til dømes malarfirmaet som Joe jobba for så stort vinn på å halde arbeidsoppdraga sine løynlege?
Dette er ingen hardbarka action-krim, heller eit sjarmerande bekjentskap som leiar tankane over på Agatha Christie. Det er heller ikkje berre eit krim-mysterium som blir presentert, men eit brukbart portrett av heltinna og menneska rundt henne, samt av det engelske samfunnet i den aktuelle tidsepoken. Skildringane virkar tilforlatelege, ein får inntrykk av at Winspear har satt seg godt inn i stoffet ho skriv om. Skulle eg driste meg til å pirke på ein bitteliten detalj, så vel eg å tvile på at jernbaneskinnene på åstaden var laga av støypejern. Valsa stål er nok langt vanlegare til dette formålet.
Alt i alt ei leseverdig og underhaldande bok. Eg kjem nok ikkje på å satse på å lese heile serien, men skulle det lage seg slik at eg ein eller annan gang kjem over ei av dei andre bøkene så er det stor fare for at den havnar i handlekorga.
Eg har ikkje lest noko av Christopher Moore før, og veit ikkje heilt kva eg hadde venta, utover at det fort kunne vere humoristisk. Men ut frå omslaget og tittelen så er det rimeleg å anta at ein får ein lettbeint pastisj over Film Noir-sjangeren frå 1940-talet og der omkring. Og slik var det også, i alle fall i starten. Humoristisk og fin historie, der ein spelar på stereotypar som den einsame anti-helten, den tiltrekkande femme-fatale, dumme gangster-bøller, mystiske kinesarar etc etc.
Men gradvis så forsvinn noko av sjarmen. Stereotypane sklir ut av karakter, noir-stemninga blir ikkje fullt så noir lenger, og sjølve historia gjeng aldeles av skaftet. Det blir etter kvart minst like mykje sci-fi som noir. Og der det i starten var ein brukbar dose svart humor, blir det etter kvart noko overdrive hysterisk over morsomheitene.
Jaudå, det gjeng godt an å lese boka, og den var stort sett underhaldande. Men sidan den utvikla seg frå ein god start til ei retning som eg tykte var litt skuffande, så enda eg opp med å trille eit moderat terningkast på denne. Eg er ikkje avvisande til å lese fleire bøker av Moore, men eg kjem nok til å vurdere neste bok nøye før eg eventuelt startar på den.
"Javel! Javel!" sa Jephson høyt og klangfullt og tenkte på lagretten og tilhørerne. "Det er som en fortelling fra Tusen og én natt om heksen og den forheksede".
"Jeg skjønner ikke riktig hva De mener," sa Clyde.
"De er blitt forhekset, unge mann - forhekset av skjønnhet, kjærlighet og rikdom - av slike ting som ungdom og ærgjerrighet kan hige blindt og bevende etter."
Hvor himmelvidt forskjellige disse to kvinnene var - Sondra som hadde alt, som bød ham alt - og intet krevde av ham; Roberta som intet hadde, men som krevde alt.
Framhaldet i soga om Clyde Griffiths og den blinde og omsynslause strebinga hans. Clyde kjem frå ei fattig og religiøs familie, men drøymer om eit liv i rikdom. Den amerikanske draumen, med andre ord. Når han kjem i kontakt med den velståande onkelen sin, som driv ein skjortesnippfabrikk i ein liten by nord i delstaten New York, virkar det som om målet er innanfor rekkevidde. Men nevøen og arvingen er ikkje interessert i konkurranse om fabrikkeigaren sin gunst, og Clyde blir igjen halden nede.
Det er ikkje berre i det økonomiske at Clyde ynskjer seg framgang, det sosiale er minst like viktig. Det å kunne menge seg med fiffen, å vere ein person som blir nemnd i avisene sine sosietetsspalter, det er noko av det gjevaste han kan tenke seg. Når han vinn sympati og etterkvart også kjærleik hjå rikmannsdattera Sondra, verkar alt å vere i boks. Det er berre eit problem, han har også eit løynleg forhold til fabrikkjenta Roberta, og ho er gravid. Korleis i alle dagar skal han vri seg ut or denne knipa?
Vendinga historia tek skal vere inspirert av ei verkeleg kriminalsak i USA tidleg på 1900-talet. Dermed får delar av boka også preg av å vere ein slags kriminalroman, med ein skarp politimann som gjer eit brukbart stykke detektivarbeid, og ein skurk som prøver å skjule spora sine. Om han hadde ynskt det, kunne forfattaren har gjort mykje meir ut av dette aspektet ved forteljinga. Men det var nok ikkje meininga at krim og spaning skulle vere hovudingrediensen her.
Tittelen til boka meir enn antyder at det ikkje gjeng så bra til slutt. Det er vanskeleg for Clyde å skulde på andre enn seg sjølv for at det gjeng som det gjeng, likevel så er det også omstende som han ikkje er herre over som gjer det ekstra vanskeleg for han. Den amerikanske draumen endar i tragedie, både for hovudpersonen og for mange rundt han. Sterk attrå og veik moral kan nok vere ein dårleg kombinasjon, og her får ein tydelege døme på det.
Alt i alt ei god bok, litt omstendeleg til tider, men med mange gode personkarakterestikkar og med interessante samfunnsmessige problemstillingar. Det overraskar meg litt at det ikkje er fleire bokelskarar som har boka i samlinga si. Er dette ein «gløymd klassikar», eller er det slik at boka ikkje er god nok/interessant nok for den moderne lesaren?
Boka startar med ei scene frå Kansas City, der den fattig familia Griffiths tek oppstilling på eit gatehjørne for å drive oppbyggjande verksemd med preike, bøn og song. Eldste sonen i familia, Clyde, er ikkje så opptatt av åndeleg rikdom, han drøymer heller om materiell velstand, og vil gjere kva som helst for å kome seg opp og fram i livet.
Ein fyl Clyde gjennom ulike stadier i ungdomstida hans, som ekspeditør på ein iskrembar i Kansas City og etter kvart som pikkolo på eit finare hotell i same by, samt etter kvart i Chicago. Heile tida strevar han mot rikdom, han kjenner rett og slett at han er fødd til eit liv i luksus. Ambisjonane gjeng langt utover dei moglegheitene han faktisk har. Han får smaken på fest, moro og damer, og saman med venane sine tek han snarvegar til fornøyelane. Dette kostar dei etter kvart dyrt.
Innimellom lurte eg litt på om Dreiser moraliserer når han skildrar uføra som Clyde kjem opp i på grunn av lettlivnaden sin. Men eg trur kanskje ikkje dette er tilfelle. Det strenge, religiøse livet til foreldra blir heller ikkje framstilt som noko ideal. Nei, eg trur heller meininga er å få fram fallhøgda ein byggjer opp når ein aldri blir nøgd og stendig attrår alt det ein ikkje har, samstundes med at omgjevnadane ikkje unner ein det.
Dette med å bli halden nede er til ein viss grad eit tema i boka. Dreiser var sosialist, og var nok opptatt av rettvise kår i samfunnet. Men boka er langt frå å vere noko politisk manifest, det er berre unntaksvis at ein anar at forfattaren talar arbeidarklassa sin sak. Det er nok heller veikskapen i menneska forfattaren ynskjer å syne fram for lesaren. Og det gjer han godt.
På ei helgeutflukt blir det køyring så klart
Då er Gullivers reiser som lydbok litt smart
Og papirbok det har eg så klart også med,
Ja, Ferrante sin Napoli-bok nummer tre
Eg har oppfatta det slik (internettetikette) at når ein skriv MED STORE BOKSTAVAR i kommentarfelt på internettsider og liknande stadar så er det om lag det same som om ein roper i ein debatt. Sidan Hassan gjennomført skriv dikta sine med store bokstavar, er det dermeld lett å tenke seg at han roper, nei brøler, tankane sine utover publikum. Eller lesarane. Og han har mykje på hjartet.
Det er stort sett stemningsrapportar ein får i denne boka. Bilete frå ein trasig oppvekst med ein valdeleg far, frå ei karriere som ungdomskriminell, frå institusjonsliv og så vidare. Rotlaus ungdom på rim, det vil seie, her er ikkje så mykje rim. Men i tillegg til å vere ei diktsamling, så er dette også langt på veg ein sjølvbiografi. Hassan er av palestinsk familie, og har vokse opp i Danmark. Han greier å setje ord på det å kjenne seg utanfor, og på viljen til å sprenge grenser. Og på ein måte sprenger han vel grenser når han kan kanalisere så mykje sinne og frustrasjon inn mellom to permar.
Eg er ingen diktkjennar, så når eg trillar det terningkastet eg gjer så seier det ganske lite om kvaliteten på Hassan sitt verk. Derimot så speglar det kor godt eg likte å lese igjennom denne samlinga. Enkelte av dikta tykte eg var veldig gode, andre var litt vittige, atter andre sa meg ganske lite. Litt blanda altså, men stort sett bra.
Eg angra ikkje på at eg valde å lese vidare i Napoli-kvartetten. Denne boka tykte eg var hakket betre enn den første. Kanskje er det fordi eg alt har kome inn i historia, og at det var eit kjærkome gjensyn med Lenù, Lila og dei andre? Uansett er det ei interessant, underhaldande og til tider spanande historie ein får bli med på her.
Lila har gifta seg med mafioso-aspiranten Stefano, men trass den materielle velstanden som ekteskapet ber med seg så er ho ikkje lukkeleg. Det er uansett ikkje så lett å vere lukkeleg når ein blir skambanka med jevne mellomrom. Ho finn etter kvart kjærleiken på ein annan kant, men heller ikkje dette fører noko godt med seg. I det heile så gjeng det nedover med Lila i denn boka, i alle fall i det ytre. Men innvendig verkar ho å vere den same sterke jenta som før.
Elena på si side får plass ved eit universitet i Pisa. Ho blir sett ned på av medstudentane, sidan ho er ei fattigjente frå Napoli. Men ho klarer å heve seg over dette, og gjer det godt ved universitetet. Skåret i gleda over dette er at folket hennar heime i Napoli ikkje bryr seg stort om slikt. Slik sett endar ho opp med å havne utanfor både på universitetet og heime, på universitetet pga bakgrunnen og klassetilhøyrigheita si, og heime på grunn av at ho strevar mot noko som dei andre ikkje kan forstå.
Hendingane i boka er frå tidleg 60-tal og der omkring. Forfattaren er overtydande i skildringane av bylivet i Napoli, det er vanskeleg å tenke noko anna enn at vedkomande sjølv har vakse opp i byen. Språket flyt fint, og trass i at boka er på solide 574 sider så hadde eg aldri kjensla av at den var lang. Solid skildring av eit knippe svært ulike ungdomar som er i ferd med å bli vaksne.
Og drikk litt. Man kan ikke gå rett når veien er krokete.
En mester er strålende, men bøker er bedre. Den som eier et bibliotek, har tusen lærere.
Før eg leste noko av Camus i det heile, hadde eg ei førestilling av at dette var ein forfattar eg ville kome til å like godt. Det at han har fått nobelpris er gjerne eit kvalitetsstempel, om ikkje ein garanti for at bøkene vil falle i smak. Men det som først og fremst har skapt denne forventninga hjå meg, er at han skal ha sagt (truleg på fransk, dog …)
- Alt eg har lært om plikt og moral, har eg lært på fotballbana
Camus var fotballspelar i unge år. Målvakt.
Dette er den tredje boka av forfattaren eg les, og inntrykket så langt er at Camus skreiv for andre enn meg. I denne boka drøfter han meininga med livet, eller kanskje heller meiningsløysa med livet. Han åpnar knallhardt ved å hevde at det einaste filosofiske spørsmålet som betyr noko er sjølvmordet, dvs korivdt livet er verdt å leve eller ikkje. Teksta som heilheit er ikkje slett så dyster som innleiinga kan tyde på, han kjem etter kvart fram til at livet ikkje er så aller verst likevel.
Filosofi er nok ikkje min greie. Eg hadde verkeleg problem med å henge med i Camus sine utlegningar her, ikkje fordi dei var så vanskelege, men fordi dei ofte ikkje sa meg nokon ting. Dessutan tykkjer eg argumentasjonen til tider er svak. Det er for mange påstandar av typen «alle veit at …», og han tenderer til å generalisere ut frå eksempel han gir. Alt i alt var boka ein liten nedtur i mine auge.
Eg har ei bok til av Camus i ulest-delen av bokhylla, novellesamlinga Eksil og kongerike. Skulle eg ikkje like denne heller, så tenkjer eg eg set strek for Camus for ei stund framover.