Veldig interessant lesing.
Rød mann/Sort mann er ei forteljing basert på verkelege hendingar og personar. Det er av den type bok som vert verande i kroppen og i tankane lenge etter avslutta lesing. Her får ein vita mykje om kroppsvæsker, om stank og skitt, om overgrep og vald, om død og fordervelse. Alt det ulekre og triste er ubehageleg å lesa om, men på ein tankevekkjande måte.
Kim Leine skriv med ein råskap, eit engasjement og ei innleving på ein måte som få andre forfattarar gjer. Skildringane av menneske og miljø er levande og nære. Trass i boka sitt omfang - 600 sider - vart eg aldri lei. Om noko skal pirkast på, er det at dei religiøse og filosofiske betraktningane vert litt langtekkelege enkelte gonger. Eg har også litt "problem" med Aappaluttoq som svevar overalt og dukkar opp både her og der, men eg tykkjer likevel ikkje at dette forteljargrepet forringar leseopplevinga mi.
Boka handlar om så mangt, på mange ulike plan. Om liv og død, om kjærleik og truskap, om offer og frelse, om religiøs fanatisme, om rasisme, om galskap og om menneska sine (manglande) evner til å tilpassa seg. Boka er svært folkerik og perspektivrik. Ein får vita korleis dei som befann seg på ulike stader og livssituasjonar såg på korleis tilværet var. Synsvinklane skifter ofte, også innan same kapittel og same side. Ein skal difor vera ganske vaken og konsentrert medan ein les.
Rød mann/Sort mann er ei lærerik, velfortalt, gripande, dyster og fengande historie - som stinkar. For meg vart det ei praktfull leseoppleving. Anbefalast på det sterkaste.
Heile omtalen kan lesast på bloggen min.
Er det noko ein bokelskar likar, så er det å kunna bidra med lesetips og bokforslag!
Eg vil nytta høvet til å tipsa deg om Hendelser ved vann av Kerstin Ekman: Ein psykologisk thriller, stillferdig, mørk og med mange lag, - litt tunglest, men velskriven. Tildelt Nordisk Råds litteraturpris og Glassnøkkelen.
Enig. Bokhylla her på bokelskere.no er ikkje noko fysisk bokhylle. Minst 90% av bøkene i mi bokhylle her er lånebøker.
Artig innlegg! Interessant å sjå andre bokelskarar sine oppsummeringar.
Her er mi sjølvmelding for 2017:
Vet ikke helt hva som kan være problemet med dette, men jeg skiftet ssl-sertifikatet som brukes til bokelskere.no den 21 desember - kanskje det kan ha noe med saken å gjøre?
Hvis du klikker på en direktelink på et bilde https://static.bokelskere.no/e620e5bb8f7e424f4c7d1e76fc0cff3e7456d1af0b1fb571712dd5ad_50_50.jpeg - kommer det opp?
Fornøyelig liten bok
På denne nettstaden gir ein gjerne stjerner til gode omtalar, men det er også vanleg å gi ei stjerne til innlegg i ein diskusjon - for å vise at ein er enig med vedkommande. Ein kjapp titt på stjernene i denne tråden viser at du har støtte frå dei fleste. Det må vera rom for både korte og lange omtalar på bokelskere.no.
Eg les som regel tre bøker samstundes, slik at eg har noko å variera i. Denne helga les eg
Som ebok: Rigels øyne, avslutninga av Roy Jacobsen sitt
stillferdige drama om Ingrid Barrøy
I papirformat: Beretningen om Jon Bentson av Vera Henriksen;
framhald av den meir kjende Beretningen om Bent Jonson
(Trollsteinen, Pilegrimsferd, Blåbreen, Staupet,
Skjærsild)
Ragde har eit lett, sprudlande og skravlete språk. Ho vekslar ganske så elegant mellom Erlend og Krumme sitt småbarnsfar- og luksusliv, Torunn og Margido sine gravferdsoppgåver og Tormod sine gammalmannsproblem og tilbakeblikk. Men altså - for meg vert det for mykje skravling. Såpass mykje at eg må ta lange pausar for å orka å lesa vidare. For mange ord, for mykje mas og for mange ting. For mange handlerundar og for mange oppramsingar. For mykje matprat og for mange uinteressante detaljar.
Liebhaberne vart ei høgst varierande leseoppleving. Enkelte hendingar er skildra på ein veldig fin og varm måte, medan andre deler av boka er irriterande og unødvendige. Det låg lenge an til eit terningkast 3 - men avslutninga gjer at eg puttar på enno ein prikk.
Slutten gjev oss ei påminning om at sjølv om døden kan ramma brått og brutalt, må livet gå vidare. Gjennom tårene kan ein skimta både håp og framtidstru.
Øystein Wiik har sin eigen stil, han leikar seg med krimsjangeren, skriv forbløffande lett og ledig - og med tonnevis av snert og sjarm. Enkelte scener er hysteriske og kallar på humring og gapskratt - eller på kvalme og ubehag. Andre deler av boka er så spekka med teknologiske og tekniske detaljar at ein mistar litt fokus.
Dødsrytteren har kjappe sceneskift og perspektivskift, cliffhangers og korte kapittel, noko som gjer boka tempofylt og drivande. Wiik pøser på med krimverkemiddel og krydrar det heile med usannsynlege krumspring og blod og gørr.
Hartmann og Wiik har sjarmert meg nok ein gong, men "heilt overbevist" er eg ikkje. Til det er boka for omfattande - og ho inneheld fleire handlingstrådar som er unødvendige og/eller uavklarte.
Eddi Stubb er sympatisk og i motsetnad til mange andre krimheltar; tilnærma normal. Likevel vart dette ei leseoppleving under middels. Det heile er tamt og tregt - og når det endeleg byrjar å bli bittelitt spennande har ein forlengst skjønt korleis det heng saman. No er det ikkje slik at eg må ha action og full gass heile vegen for å bli engasjert, men det er ein heil del som skurrar i denne historia.
Avslutninga på historia er eit antiklimaks, "poesispråket" er jålete og konklusjonen min vert difor terningkast 3 minus..
Sansom sine skildringar av London og England på 1500-talet er levande skildra og etter det eg kan forstå; historisk korrekt. Både miljø, samfunnsforhold og historiske detaljar gir inntrykk av realisme og truverdigheit. Bygningar og gater, ver og klima, matvanar og klestil - alt dette gir lesaren ei slags historisk byvandring - og i tillegg får ein spennande, finurlege og gåtefulle kriminalhistoriar. Persongalleriet er rikt og mangfoldig og svært mange av personane er verkelege historiske personar. Mange av dei hendingane det vert fortalt om har også rot i det som verkeleg skjedde, men Sansom har gjerne ein eigen vri på kva og korleis. Alt vert fortalt gjennom augene til hovudpersonen - den melankolske og lojale Shardlake.
Dramatikken tek ingen ende i denne bokserien, men for kong Henrik VIII nærmar det seg slutten. Intrigane, maktkampen og motsetningane i hoffet og geheimerådet tilspissar seg. Ingen vil vera tapande part i det som foregår; straffa er hard og brutal for dei som går imot gjeldande styre og lov. Kjetterbåla er mange og torturistane har travle dagar. Ingen kan stola på nokon, heller ikkje kongen - og slett ikkje dronninga. Enkelte sentrale maktmenneske og aktørar har bokstaveleg talt mista hovudet medan andre er sleipe (og/eller lure) og snur kappa etter vinden.
Sansom gir oss levande skildringar frå både kongelege gemakkar, fangekjellaren i Tower, daglegliv i Londongatene, samt glimt frå boktrykkar- og andre handverkarverksemder. Samstundes får ein skarpe og interessante karakteristikkar av både historiske og fiktive personar. Noko som er spesielt fascinerande er innblikket ein får i korleis tudormenneska tenkte og oppførte seg. Det enorme klasseskiljet; dei øverste på samfunnsstigen sin groteske rikdom og dei lågaste som befinn seg i desperasjon, naud og armod. Kor vidtfemnande religionen var; å vera utan gudstru var nærast utenkeleg i dåtidas samfunn. Sakføraren Shardlake, som ser kor øydeleggjande striden mellom tradisjonell og reformistisk kristendom er, prøver alt han kan å halda seg nøytral og upartisk. Det vert naturleg nok vanskeleg for han.
Heilt til slutt i denne 700 siders mursteinen gjer forfattaren greie for historiske fakta og presenterer teoriar vedkommande dei mange dramatiske og turbulente hendingane som fann stad i England i 1546-47. Eg vil tru at det kjem fleire bøker i denne serien - avslutninga tyder på det - sidan Shardlake får ein ny spennande oppdragsgjevar.
Aslak Nore er ein dyktig forfattar som med innsikt, balanse og forteljarglede skriv om menneske som står framfor store utfordringar. Ulvefellen er ein spionthriller med handling frå krigens dagar, ei fascinerande historie og "befolka med" med ekte og interessante karakterar. Boka er velkomponert, lærerik, detaljrik og svært spennande. Det handlar om moral og umoral, svik og lojalitet, om korleis krig og konflikt grip inn i den enkelte sitt liv og om kva enkeltmenneske kan vera i stand til å gjera når situasjonen tilseier det.
I dag har bokelskere.no flyttet til et nytt datasenter, til nye og kraftigere servere.
Dette betyr at alle nå er logget ut, men utover dette burde den eneste forskjellen nå være at mange sider nå laster raskere enn før.
De nye serverene befinner seg hos AWS i Dublin for de som måtte være teknisk eller geografisk interesserte. Vi har skiftet databasemotor fra MySQL til AuroraDB, noe som ved testing har vist seg å ha store fordeler.
Webserveren har fått dobbelt så mye minne, ny linuxversjon og en saftig prosessoroppgradering. Den bruker nå en nyere versjon av nGinx og uWSGI til å servere nettsider.
IT-avdelingen er henrykte over oppgraderingene, og håper ingen uforutsette problemer oppstår.
Bokelskere.no ble oppdatert grytidlig i dag morges.
Jeg har oppdatert rammeverket som driver nettstedet (django) samt en rekke programvarebibliotek som vi bruker.
En hel del kode har også blitt oppdatert og tilpasset disse nye versjonene.
Oppdateringen har gått forholdsvis smertefritt, og jeg krysser fingrene for at alt virker som planlagt.
Min favoritt opplesar er Ivar Nergaard. Han les t.d. Keplers Sandmannen og Stalker og er elles oppført som opplesar av 96 bøker her på bokelskere.no. Andre gode lydbokstemmer er Duc Mai-The, Anders Ribu, Helge Winther-Larsen, Yngve Berven, Ane Ryg og Silje Storstein.
Korleis ei opplesarstemme vert "opplevd" har naturlegvis med personleg smak og "kjemi" å gjera. Eg likar opplesarar som ikkje er altfor teatralske, men som likevel syner innleving. Tydeleg diksjon og passe tempo er sjølvsagt viktig - og at opplesaren klarar å formidla ulike forteljarstemmer.
To fine forfattaropplesarar (eller opplesarforfattarar?) er Tore Renberg og Edvard Hoem. Øystein Wiik er også ein super opplesar av krimbøkene sine. Elles har eg heller dårlege erfaringar med at forfattarar les sine eigne bøker..
Ein god opplesar kan heva ei elles vanleg bok opp til nye høgder med stemma si. Og på den andre sida kan ein oppleva mindre gode opplesarar som nesten øydelegg leseopplevinga.
Opplesarar eg har hatt "problem" med er Kjersti Grundvig, Ola Otnes og Erich Kruse Nielsen.
Begynnelsen ligger så langt tilbake at ingen kan se den mer.
Som gammelt løv som er blitt til jord ligger den der, forvandlet, og er det kanskje best slik, at vi slipper å gjenkjenne den?
Britt Karin Larsen: Av lys er du kommet
Interessant historie om bakgrunnen til noen av selvmordsbomberne i Casablanca, Marokko i 2003.