....og eg er glad for at rebellen vann! Skal gå på biblioteket og skaffe meg boka i dag! Har heldigvis litt godt å lese før samlesinga tek til :-)
Her har vi haustdag med ein himmel som vekslar mellom blått og grått. Glad det ikkje regnar, for det har vore temmelig vått nokre dagar.
I lesestolen vekslar eg mellom Historien om Ásta av Stefansson, og Leksikon om lys og mørke. Den siste er repetisjon før diskusjon i lesesirkel.
Begge to vil gi gode lesestunder, meiner eg.
God lesehelg til deg og alle andre! :-)
D'er haust. Det ruskar ute med regn og kalde vind. Småfuglen flyg mot rute og ville gjerne inn. - Frå Veslemøy ved rokken av Garborg. :-)
Lurte litt på kva som skulle vere mitt forslag denne gongen - men trur eg landar på Bli Bjørk av Mette Karlsvik.
Det er ein roman eg har hatt lyst til å lese, men som har hamna litt i bakleksa. Boka har fått gode kritikkar og handlar om ein islandsk artist og om folkelivet på Island ( etter det eg kan lese om).
Samlaget presenterer den prisnominerte boka slik:
"Med stor og begåva innleving skildrar Karlsvik personane og samspelet deira med naturen og kvarandre. I eit elektrisk, musikalsk og humoristisk språk får vi oppleve naturen, kulturen og samfunnet på Island på andre halvdel av 1900-talet. Dei små, daglegdagse hendingane i romanen blir fletta inn i dei store internasjonale...."
Nok er NOK!! Om du eller andre vil diskutere islam, så oppmodar eg deg og andre om å finne eit anna forum for diskusjonen!
Eg er meir interessert i å lese om bøker, romanar, noveller.... - og andre sine meiningar om dette. Diskusjonar om religionar vil alltid ha ulike meiningar, og der er alltid mange sterke verdisyn.
Dette bør finnast andre fora for!
No har dette eskalert slik at eg vurderer å kutte ut all mi deltaking her.
Mvh
"Hilda"
Eg har nettopp fullført krimboka Likblomsten av Anne Mette Hancock. Til å vere ei debutbok var den slett ikkje verst. Nokre minus, men spenninga var god nok.
Så har eg henta Historien om Ásta på biblioteket.
Har lese nokre bøker av same forfattar før, og har likt dei fleste. Håper at denne kan gi ei god lesestund.
Ha ei god helg!
(PS- skal faktisk på cruise i ein vestlandsfjord i morgon, så då spørs det om eg får lese så mykje akkurat då :-) )
Er verkeleg glad fot å ha denne boka i hylla- kanskje eg skal prioritere å lese den igjen i haust! Ha ein god søndag, Lillevi! :-)
Han ser veldig ung ut, helt ferskbakt, med rødblomstrende kinn, ligner nærmest en konfirmant.
Eg skriv under på den anbefalinga, Lillevi!
Ei bok som er ein av mine favorittar!
Elles er det så godt å lese eit innlegg som er enkelt å tyde, og som er reint litterært.
(Har nokre dagar no vurdert å legge Bokelskere "på is" - her kjem litt for mange innlegg som har lite her å gjere. Det er alt anna enn greit- etter mi meining!)
Etter å ha fullført Ut av ensomheten av Benedict Wells - som eg likte godt (synest han fekk fram kva familie betyr når sorga tek tak) - så starta eg på krimboka Dvalen av Camilla Grebe. Situasjonen min gjorde at eg kunne lese nesten utan avbrot i fleire timar i dag, så dermed las eg heile boka.
Den hadde rimeleg mykje spenning mellom permane, men sjølve hendinga verka noko oppkonstruert på meg. Litt usannsynleg, nesten...
Når eg no i ettermiddag skulle finne ei ny bok, så lurte eg litt på Singer sine bøker om familien Moskat. Dei står på vent i bokhylla. Ventar kanskje litt, er redd det er tungt stoff..kva meiner du
Jostein??
Uansett, det manglar ikkje på gode alternativ, trur eg.
God helg, det vesle som er att av den :-)
Ser fram til gode bøker og gode diskusjonar! :-)
Dette var sterke saker, ja! Eg vart imponert over både språk og skildringar av så mange vonde lagnader i ein ekstrem situasjon! Også imponerande at han greidde å flette inn humor. Han ser ut til å ha gode bakgrunnskunnskapar.
Ei svært god bok, som eg nesten gav seks!
Denne fikk jeg ikke helt tak på, synes den var langdryg og kjedelig.
Veret er flott også i min del av landet, i nordvest! Var svært fornøgd då eg kunne hente Medusas flåte på biblioteket, men etter nokre kapittel vart innhaldet så fælt at eg heldt på å gi opp. Tvinga meg sjølv til å fortsette, og det er eg glad for. Boka er god, og trur eg kjem til å huske innhaldet i lang tid framover, sjølv om det er ille å lese om fortetta menneskeleg vondskap. Heldigvis er der også både godt språk og humor!
Så greidde eg ikkje å la være å få i hus Ut av ensomheten av Benedict Wells. Har såvidt begynt på den, og kjenner at det vert triveleg, svært triveleg- noko eg kan kose meg med.
Ønskar både deg og alle andre leseglade ei god helg! :-)
De har fjernet så mye av hjernen hans at han kunne bli politiker.
Folk er så fattige her at de spiser cornflakes med gaffel for å spare på melka.
En bil der varmeapparatet virker og kanskje et brukbart musikkanlegg, sa Kloz. Bilen din er så gammel at du må fore hestene som er under panseret.
Fyren hadde på seg et skittent forkle og en bukse av det slaget kokker på dyre restauranter går med-bortsett fra at denne var så sjaskete at det ikke lignet noen ting.de størknede matrestene kunne holdt liv i en storfamilie i to uker.
Eg vart nesten "satt ut" etter å ha lese Eg får aldri sjå verda igjen
Trist, lærerik, poetisk om ein trist lagnad. Han skriv godt!
Ingenting er umulig for en viljesterk mann. Ordet «umulig» finnes ikke på koreansk.
Kim Jong-il