Eg har vore så heldig å ha fått Yt etter evne, få etter behov av Olaug Nilssen.
Har berre lese litt, så veit ikkje om eg har fått meg så mykje anna enn at det ulike personar i ein dysfunksjonell familie som fortel om kvardagen sin..på godt og vondt, trur eg. Boka har iallfall fått gode kritikkar.
Elles så har eg mykje bra som venter på leselista mi, så kva blir neste val veit eg ikkje. Har litt å gjere med kva som blir valt i lesesirkel også.

Ei god helg til deg og alle andre som er innom her! :)

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Fylleangsten hadde tatt skikkelig tak,og spilte harpe på nervestrengene.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Noen kjenner mitt navn av Lawrence Hill las eg ein gong for ein del år sidan...trur eg fann den ok.
Men ei eg las for ikkje så lenge sidan er Komme hjem av Yaa Gyasi , og den likte eg godt.
Om desse kan vere noko du kan ha nytte av, veit eg ikkje.
Håper du finn det du leitar etter :-)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg hadde vanskar med å velje framlegg til bok denne gongen....har så mange nye bøker som kanskje hadde vore noko å diskutere, men så tenkte eg at dei nyaste ikkje alltid er så lette å få på biblioteket om ein ikkje vil kjøpe...sikkert dumt tenkt, då men..
Derfor bestemte eg meg for at mitt forslag blir Skammen av Hobæk Haff. Kanskje er boka litt krevande....
Romanen skal vere brokete familiekrønike, ei usedvanlig historie som skal vere full av forunderlige personar og hendingar. Ser at den har fått mange positive omtalar...

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Denne ble for detaljert og kjedelig for meg dessverre.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg ser opp. Over meg strekkjer eit jakarandatre dei nakne greinene sine. Kvistene er fulle av blåfiolette blomstrar. Mange ligg strødde på fortauet, Tause, blå munnar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg høyrer ikkje til her. Ingenting held meg fast. Eg får ei kjensle av at eg ikkje veit kven eg er når eg er ein annan stad.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg var så heldig å få låneFrøken Island av A A Olafsdottir på biblioteket. Eg likte svært godt den forrige -Arr- som eg las av henne.
Denne er heilt annleis, så eg har ikkje heilt bestemt meg for kva eg synest enno.

Elles så har eg hylla full av både heilt nye og nokre som ligg på vent, så det skal ikkje bli vanskeleg å finne noko godt å kose seg med.
God lesehelg til deg og alle andre som trivest nær bokhylla!

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Eg «kastar inn handkleet»....Walden vart litt for tung for meg i den situasjonen eg er no. Takkar varmt for støtta eg har fått, og ynskjer gruppa lukke til med resten.
Håper eg kan kome sterkare tilbake neste gong! :)

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Prøver å motivere meg til å kome i gang...har lese nokre få sider i dag, berre....får gi meg sjølv nokre dagar til før eg evt gir opp. Sjeldent til meg å vere...

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Jeg skulle gjerne sagt til doktor Molan at dette med å glemme er en kompleks prosess som det ikke er mulig å styre med viljen.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Over pulten hang huet på en kronhjort som så ut som den hadde stanga seg gjennom veggen og så forundra ut over synet som møtte den.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Vårt lokale bibliotek har fått tak i ei bok, fjernlånt. Det er ei utgåve frå 2007, og det ser ut som om den har vore lesen noke gonger....
Eg har berre bladd litt i den, og er kanskje litt skeptisk til om det er noko for meg.
Uansett skal den få ligge i ro nokre dagar...om diskusjonen likevel skulle gjere meg freista til å delta, så gjer eg det :)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Om å vere fri...

Åttiåringane Tom og Charlie bur djupt inne i ein skog i Canada - dei bur kvar for seg og er fornøgde med det. Utan band og ansvar kjenner dei seg fri! No og då er dei i kontakt med eit par karar som dyrkar hasj og skaffar dei nødvendige ting, Livet her og no er viktig-døden fryktar dei ikkje - den er ein del av livet.....

Så kjem ein kvinneleg fotograf og ei psykisk sjuk kvinne til dei. Den siste har rømt frå ein psykiatrisk institusjon som ho ikkje vil tilbake til! Einstøingane må gjere val.

Boka er spesiell både i form og språk. Forfattaren brukar språket meisterleg etter mi meining.

Romanen er original, uvanleg og gjorde inntrykk på denne lesaren
Natur, alderdom, kjærleik og framfor alt: Fridom!
Gamlingane er i livet så lenge dei lever!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Har nettopp lest ut Det regnet fugler av Jocelyne Saucier...ei lita litterær perle må eg nesten sei. Det er bok som både er snodig og rørande.. ...med eldre folk som lever i eit samfunn utanfor samfunnet, som ser på døden nesten som ei kvardagshending. Alderdom, kjærleik og fridom står heilt sentralt.
Så leita eg fram ei bok som har stått på vent ei god stund..Arkitektens læregutt av Elif Shafak. Håper den også kan vere noko som kan gi innhald til ei helg som ser ut til å bli grå og litt kjølig. 😊
God helg til deg og...

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Kirsebærene henger som øredobber på de mørkegrønne trærne.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Hei! Eg trur eg bestemmer meg for at mitt forslag denne gongen blir ei bok eg har lest før: Tante Augusta av Graham Greene....trur den toler å bli lest igjen....
Kjende det kunne vere greit å samlese noko som er underhaldande og annleis, men som også kan gi grunnlag for diskusjon?
Og sidan vi ikkje bør reise så mykje no om dagen, så kan vi «reise» saman med tante Augusta og Henry Pulling til Istanbul, Paris mm

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Hei! For meg passar det fint, nesten når som helst, sånn det er no....
Greit å ha eit par dagar til å pønske ut eit nytt bokforslag- eller kanskje repetere eit som eg har hatt før?....
Uansett er det kjekt å vere med, og kjekt at du Kjell tek ansvaret :-)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Hun følte seg ille til mote sammen med dem, som om hun var en del av et puslespill som ikke passet inn.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Hei, til deg også!
I min del av landet har vêret vore svært så variabelt, så litt tid til lesing har det blitt.
I går fullførte eg Det var engang en elv av Diane Setterfield - ei bok eg fekk i gåve, og som viste seg å vere betre enn eg hadde frykta. Den var både lettlesen og spennande, og kunne også få fram eit smil i ny og ne.
(PS...elva var svært sentral på mange vis...kunne nesten minne om besjeling til tider..)

I dag tok eg fram ei som har venta på tur ei god stund, nemlig Den svovelgule himmelen av Kjell Westö. Har lese berre nokre få sider, men trur det kan bli ei positiv oppleving. :-)

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaTanteMamieToveEgil StangelandEvaAlexandra Maria Gressum-KemppiBjørg  FrøysaaMorten BolstadHilde H HelsethMetteKirsten LundTove Obrestad WøienPer LundAnniken RøilIreneleserIngunnJRandiAEllen E. MartolBeathe SolbergKristina Jernstrøm LyseboJulie StensethTom-Erik FallaTrude OmaBjørg Marit TinholtNicolai Alexander StyveKjerstiStian AxdalDaffy EnglundelmeEivind  VaksvikAstrid Terese Bjorland SkjeggerudMarianne MJan-Olav SelforsHilde Merete GjessingHeidi BAnne Berit GrønbechStig TSvein Erik Francke-EnersenBjørn SturødIngebjørg