Takk for det!
Eg avlyser lesehelga denne gangen. Istaden blir det bryllupshelg, med vigsel i dag og festmiddag to dagar på rad :)
Nei, det blir nok absolutt ei god erstatning!
Takk for det! Livet er bra det :) Kommande helg blir det heller ikkje særleg tid til lesing, då blir det heller bryllup :)
Det blei lite lesing i helga, då eg blei utsatt for mitt eige utdrikningslag :) Så boka ligg framleis og ventar i bokhylla. Men trur eg har noko godt i vente, ja!
Jane Eyre og Stolthet og fordom er mine favorittar. Dei blir lesne med jamne mellomrom, og eg kosar meg like mykje kvar gang!
Usikker på kor mykje lesing det blir i helga, men mulig eg begynner på 'Kjempenes fall' av Ken Follett. Eg kjøpte den på salg forrige helg, så no ligg den berre og ventar i bokhylla.
Eg er 33 og syns framleis at Anne fra Bjørkely er noko av det beste eg kan lese. Favoritter frå barndommen tåler nok ofte å bli lest om igjen, uavhengig av alder!
Eg har faktisk aldri høyrt ei lydbok. Med unnatak av dei gangane eg har spelt lydbok for elevane mine, noko som og skjer svært sjelden. Eg veit ikkje heilt kvifor, men papirbøker appellerer nok meir til meg. Det å lese er ein aktivitet for meg, ikkje eit supplement til anna aktivitet ( som til dømes å lytte til lydbok medan eg gjer husarbeid). I tillegg er eg nok litt redd for at opplesaren skal forstyrre mi oppleving av teksten.
Så bra! Eg såg nummer to var i butikken, så planen min var å kjøpe den i julegåve til far min :)
I dag kjøpte eg 'Kjempenes fall' av Ken Follett. Ei utgåve til meg, og ei i bursdagsgåve til faren min. Eg trur dette er ei bok eg kan like godt, så eg gler meg til å lese den. Reknar med den fell i smak hos pappa og, så det blir nok ei godt motteken gåve!
Det blir truleg til at eg byrjar på 'Paganinikontrakten' av Lars Kepler. Leselysta er framleis ikkje heilt på topp, og då er det alltids greit med litt krim.
Eg blir fort rørt av bøker, og har nok blitt meir lettrørt med åra. Enkelte bøker kan eg lese om igjen fleire gangar, og eg blir like tårevåt kvar einaste gang. Eit døme er barne-/ungdomsboka Anne fra Bjørkely. Her er det opp til fleire scener som får tårene til å trille.
Eg er nede i ein liten bølgedal på lesefronten for tida. Eg har lyst å lese noko, men eg greier ikkje heilt å finne ut kva! I håp om å bli positivt overraska har eg lånt 'For Leas skyld' av Marianne Terjesen. Ikkje fordi eg hadde så brennande lyst å lese den, men fordi eg har lyst å lese NOKO, og kanskje i tillegg oppdage at boka var god.
Ut i frå omtalar på sida her kan det vere eg har lyst å lese 'Kjempenes fall' av Ken Follett og, så mulig eg blir nødd å bytte bok i løpet av helga. Simultanlesing av fleire bøker er diverre ikkje mi greie...
I tråden til Brit om samme emne skriv du at det ikkje spelar noko rolle for deg om du veit korleis folk her inne ser ut eller ikkje. Kva fekk deg til å endre meining?
Får dessverre lite tid til lesing denne helga, men er begynt på Nattefrost av Knut Faldbakken.
Lesber, eller lesbAr? :)
Eg har begynt på 'djevelkysset' av Unni Lindell.
Og så blir det dessverre litt ekstra komplisert å følgje med på alle personane når oversetjaren (eller forfattaren) skriv feil namn eit par stader. Ei underhaldande bok, men det er så forstyrrende med slike feil.
På side 93 er eg endå ikkje overbevist, og boka er bokstaveleg talt lagt på hylla. No blir det krim i staden. Satsar på at underhaldningsverdien er noko høgre i Kaaberbøl og Friis si bok 'Et stille, umerkelig drap'.