Mars har ikkje vore den heilt store lesemånaden. Mest krim;spennande og underhaldande, men kanskje ikkje dei mest varige leseopplevingane. Falkejakt av Hilary Mantel er vel såleis den beste eg har lese denne månaden. Spennande og underhaldande den og, men i tillegg mykje historie om verkelege personar. Eg har verkeleg fått sansen for Thomas Cromwell, men han var kanskje eigentleg ikkje ein særleg likandes kar? Sånn i notidas perspektiv iallefall.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja, eg prøver å lese dei ut. Det er sjeldan eg ikkje fullfører, då skal dei verkeleg gi meg lite. Men enkelte bøker får ein lengre pause før eg tek dei fram igjen :)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Vanlegvis les eg berre ei bok om gangen. Unntaksvis kan eg halde på med to, men det er gjerne dersom ei av dei eg les ikkje fenger meg skikkeleg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Min far i 60-åra likar veldig godt historiske romanar og bøker om andre verdskrig. Så dei nyaste bøkene til Ken Follett fall definitivt i smak hos han. Det vil seie, Ken Follett slår vel alltid an hos han :) Ellers kan kanskje krim vere aktuelt? Jussi Adler-Olsen og Lars Kepler kanskje?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Fekk endeleg litt tid til lesing, og har fullført Falkejakt av Hilary Mantel i dag. No er eg såvidt i gang med Sandmannen av Lars Kepler. Reknar med at påskeferie gir meg god anledning til lesing, og ser fram til mange gode timar i sofakroken!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne helga les eg Falkejakt av Hilary Mantel. Etter eg er ferdig med den skal eg lese Sandmannen av Lars Kepler. Dersom eg greier å la denne ligge på vent då...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det må vere "Bare skyer beveger stjernene" av Torunn Lian.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Den er utgitt av Den norske Bokklubben, månadens bok i mai 2002. Ellers kan eg ikkje sjå noko informasjon om utgivelsesår. Det er ei tobindsutgåve, og i Geir Kjetsaa si oversetjing.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

I mi utgåve er første del omlag 200 sider, del to rundt 150 sider. Eg trur del tre og fire og ligg på nokolunde samme sidetal.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg held på med Mannen fra St. Petersburg, av Ken Follett. Men fekk nett melding frå lokalbiblioteket om at Marco-effekten av Jussi Adler-Olsen var lagt av til meg, så spørs om ikkje Follett får ligge i fred i helga. Kjekt med god service på biblioteket!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det spørs litt kva eg skal lese. Dersom boka er krevjande er det best med stillheit. Om det er ei meir lettlest bok kan eg gjerne ha bakgrunnstøy, i form av musikk, radio, ungar, tv. Men som Wolfcat skriv, det kan vere vanskeleg å konsentrere seg om ei bok som er skriven på samme språk som til dømes det som går føre seg på tv samtidig. Eg kan feks ikkje høyre norsk musikk samtidig som eg les norsk. Men det er ikkje noko problem at folk rundt meg snakkar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja, Colin Firth passa perfekt i den rolla! Eg har ikkje sett meir enn to versjonar av Jane Eyre, men einig med deg, Rochester har liksom ikkje festa seg heilt som den ultimate romantiske helten i nokon av dei innspelingane.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg held truleg ein knapp på Stolthet og fordom. Men eg trur nok det er fordi eg er så glad i BBC-filmatiseringa, med Colin Firth som ein fantastisk flott Mr Darcy. Boka blei ekstra god etter å ha sett denne :) Men historia om Jane Eyre og Mr Rochester er høgt oppe på lista og.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Denne helga er eg komen i gang med Fare, fare krigsmann, del 2. Det har gått trått med lesinga no på nyåret, men kanskje ei veke vinterferie hjelper på? Det blir iallefall nokre dagar med sofa, bok og kaffikopp!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Stolthet og fordom og Jane Eyre er mine favorittar.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg held framleis på med Fare, fare krigsmann av Marge Piercy. Synsvinkelen vekslar mellom Stillehavskrig, jødisk undergrunnsarbeid i Frankrike, etterretning i Washington og London og kvardagsliv i USA. Mange spennande og rørande skjebner.
Det einaste som manglar er leselysta mi. Til no i år har det gått trått, uansett kva eg les. Satsar på betre tider etterkvart!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg les sjeldan eller aldri biografiar, lyrikk, noveller, serieromanar/kiosklitteratur.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Denne helga blir det baking, barneselskap for 5-åringen, 'trimmaraton', 'trimfest', litt meir baking, kaffiselskap, litt jobb (om eg gidd...) Men om eg rekk det mellom slaga blir det Fare, fare krigsmann av Marge Piercy denne helga og.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Så koseleg!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg var på eit kurs i regi av jobb for nokre år sidan. Foredragshaldaren sa at heilt opp i 12 års alder var høgtlesing meir utviklande for ordforrådet enn eigenlesing. Og når eg tenker over det er det jo igrunn heilt logisk!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Anniken RøilFriskusenAliceInsaneMetteellinoronillePernille GrimelandGro Anita MyrvangEster STonjePirellisveinKikkan HaugenIngeborgMarit MogstadHanne Kvernmo RyeKaramasov11HeidiMarenConnieFarfalleHilde H HelsethCarine OlsrødRufsetufsaJohn LarsenGrete AastorpHelena ELinnKirsten LundNorahMarieVegardsomniferumMarit HåverstadAnne Berit GrønbechAnn ChristinAlice NordliToveTorKjell PEli Hagelund