Av ein eller annan grunn har denne boka stått på vent lenge, men sidan det er påske og aktuelt med påskekrim, så vart den prioritert no.
I starten såg eg for meg Trude Teige som hovudpersonen, Kajsa Coren, men utover i boka fekk journalist og hovudperson Kajsa sin eigen identitet. Heldigvis.
Historia startar med at eit eldre ektepar vert funne drepne på garden deira i Asker. Politisk journalist Kajsa blir sendt ut for å dekke historia. Samtidig er ho også svært engasjert i avdekke saker som gjeld alvorlig omsorgssvikt mot barn på barneheim. Etterkvart som ho går inn i sakene, oppdagar ho at opplysningar ho har fått om skandalane på barneheimen og dobbeltdrapet har ein samanheng. Den mørkeredde Kajsa får verkeleg prøvd seg.........
Parallellt følgjer vi mordaren, ein som har full kontroll – ikkje berre med det han er oppteken av, men også med TV-reportaren. Ho skal spele ei framtredande rolle i hans «grand finale»....
Eg likte boka av fleire grunnar:
Barneheimsbarn som har vorte misbrukte, enkelte gonger i Guds namn, fortener ei stemme – og oppreising. Kjenner til slike saker ikkje så altfor langt unna, dessverre.
At Trude Teige tek med både natur og dialekt frå Sunnmøre opplevde eg som artig. Har besøkt ein av stadene ho referer til :-)
Opplevde det også som positivt at ho – spesielt i starten – sette eit fokus på litt av kvardagen til dobbeltarbeidande kvinner/mødre som anstrenger seg for at alt skal vere bra – for alle.
Språket er det lite å utsette på, korte setningar – ofte med mykje innhald. Eg opplevde boka som spennande, sjølv om mordaren var til stades nesten frå første side, og sjølv om eg tidleg greidde å avsløre han, eller?
Slutten vart nok eit antiklimaks etter mi meining, verka kanskje litt forhasta? Så derfor landar eg på ein fire.
Dette vart dessverre ein nedtur for meg. Hadde det ikkje vore for at den skal diskuterast i lesesirkel, hadde eg lagt den bort, tidlig. Historia er forsåvidt god, men eit klisjéfylt språk og dårlige formuleringar øydelegg litt for mykje.
Ein del av skildringane opplever eg som urealistiske, som td når Elise spring "for livet" gjennom skogen og legg merke til at:
Månen kastet et kaldt, kritthvitt lys over stien. Natten duftet søtt av villroser som vokste i klynger i de svarte hekkene. Jeg raste forbi den gulbrune uglen som nå satt og vaglet på gjerdstolpen. Den så på meg med gule øyne. Osv
Det verkar på meg oppkonstruert at naturobservasjonar kan overgå frykta i ein krisesituasjon.....
Det var også uvant at lokalbefolkninga snakka sørlandsdialekt, men det kan kanskje vere like ok som anna dialekt?
I eit etterord i boka seier forfattaren at historia er basert på kjende personar og kjend stad.
Takk! Den er lagt til lista!
Står på ønskelista....
Enig! Dette var vår første av Indridason, og gemalen og eg er ikkje imponerte. Det får bli med denne......Den andre vi lånte blir levert tilbake til biblioteket uopna..
Det var en slik natt da en syns at jorden ikke er verdt et blikk. Det er bare himmelen og vannet som speiler himmelen som det er verdt å se på.
....,og mens de sang, merket Jan at det strømmet en besynderlig glede gjennom luften. Den tok bort alt som tynget og gjorde en bekymret.
......
De var så lykkelige over at de var til og hadde en så vakker verden å leve i.
Forteljinga om husmannen Jan Andersson på Skrolycka, og hans einaste dotter , Klara Fina Gulleborg, er så vakker, så vakker – så melankolsk og trist, men ikkje utan humor.
Historia startar med at Jan Andersson får ei dotter. Han er i utgangspunktet skeptisk, han ser med motvilje på alt ekstra arbeid og uro det medfører å ha eit barn. Men, så snart han får den vesle i armane er det gløymt, han er far meir enn noko anna. Klara Fina er sola i livet hans, ho er den som gjer livet verdt å leve, og han viser henne ein altoppslukande farskjærleik. Så stor er hans kjærleik at det kanskje vert litt trangt for Klara Fina.
Så når Klara som 18-åring reiser til Stockholm for å tene pengar slik at ho kan hjelpe til med å skaffe familien nødvendig kapital, misser faren fotfestet. Augnesteinen hans bryt kontakten med foreldra – og sjuk av lengt utviklar han galskap og er ei stadig kjelde til latter for sambygdingane sine når han utropar seg sjølv til keisar. Rykta som vert kviskra om hans kjære dotter er meir enn han kan bere.
Forteljinga om Jan Andersson er gripande. Hans kjærleik er stor, men hans lengt og saknad er om mulig endå større. Det som bergar han gjennom årelang venting, er livsløgna. Og når livsløgna vert teken frå han, er verknaden katastrofal.
Boka er inndelt i små kapittel, kvart kapittel er forma nesten som ei eiga lita historie, utan at samanhengen vert borte. Selma Lagerlöf si skildring av det reserverte bygdesamfunnet er teken «på kornet». Ho viser stor innsikt i den noko inneslutta menneskelege naturen som kan vere i ei lita bygd. Og – det er meisterleg fortalt!
Ei favorittbok som av meg får terningkast seks
Den kjenner eg ikkje til.Greier heller ikkje å finne den så eg kan legge den til lista...
Å skrive "Har lest" ville vere løgn. Har lest grundig dei emna som var av interesse, resten vart skumlest og bladd forbi. Oppfattar boka som eit grunngjeve innlegg for å tilbakevise teoriar som har blitt presenterte i ein del bøker, ma Da Vinci-koden.
Men så mykje klokare, det er eg knappast.......
Vårt lokale bibliotek har funne mange bøker med tema Maria Magdalena til meg, så nokre dagar går nok med til litt fordjuping i nokre av dei. Så skal eg kose meg vidare med "Keiseren av Portugalia" av Selma Lagerløf. Nydelig bok!
Litt krim får vi også, gemalen og eg, ved lytting til " Fjellet" av Indridason.
GOD PÅSKE ønskar eg til alle! :-)
Maria Magdalena har fanga interessa mi. Kven var ho eigentlig?
Etterkvart har eg funne fleire bøker om henne, både ved hjelp av nettet og biblioteket. (Er imponert over velviljen på biblioteket!!) Emnet er omfattande...... får kanskje aldri vite kven ho verkeleg var, sidan så mange har ytra så mange ulike teoriar.
Her var så mange bokmeldingar at eg vel å legge mi her...
Og at det er ei bok ein må få med seg, er eg enig i. Synest mykje av innhaldet har mange metaforar i seg.
..i livbåt på Stillehavet
Bengaltigeren Richard Parker, ein sebra med beinbrot, ein hyene og ein orangutang, desse er det som prøver å berge livet saman med hovudpersonen- Pi, ( Piscine Molitor Papel) - ein 16 år gamal indisk gut. Med menneskelege kunnskapar og dyriske instinkt prøver dei å berge livet ute på storhavet – i ein liten, altfor liten livbåt.
I første del av boka vil hinduen Pi finne ut meir om andre religionar, og sidan han er open for det meste, vert han gripen både av kristendommen og islam, og han konverterer til begge..Eg fekk umiddelbart assosiasjonar til teatermonologen «Abrahams barn» med Sven Tindberg.
I del to, som også er den mest omfattande, må Pi bruke all si kløkt sidan han blir einaste overlevande etter eit skipsforlis på Stillehavet. I starten er der fire dyr saman med han i båten –ein slags miniutgåve av Noas ark - medan eg måtte tenkje på gåta med mannen, ulven, geita og kornsekken som skulle krysse ei elv i ein liten båt... Naturkreftene ute på storhavet i ein liten båt er ikkje lette å meistre. Men Pi viser seg å vere både hendig og oppfinnsam.
I den siste delen prøver eit par menn frå det japanske Sjøfartsdirektoratet å finne ut kva som verkeleg..skjedde..Morsomt.
Sjølv om boka ganske nyleg er filmatisert, var eg noko skeptisk til til at dette skulle bli den store leseopplevinga: Ein båt med ein gut og ein tiger ute på opne havet – var ikkje det eg venta meg mest av. Så viste det seg at innhaldet både var givande, spennande og gav meg som lesar dei mest uventa bilde. Visuelt språk saman med eit eventyr av ei forteljing gav kar: fem
Når vi snakker, skriver eller leser om mat, er det ikke bare en fattig erstatning for måltidet (..)
Ordene har en verdi i seg selv, de er også i stand til å påvirke vår kropp og vår oppfatning av maten - skjerpe apetitten, skape avsky eller bringe tilbake minner om mat og situasjoner som for lengst var glemt.
Frå Forord av Andreas Viestad
"Brødtekst" er ein antologi frå Gyldendal, redigert av Mattis Øybø, utgitt i år 2000.
Innhaldet er variert, både når det gjeld tid og rom...frå tidleg 1800-tal til meir moderne tid - og har med både norske, nynorske og utanlandske forfattarar. Der er kjende noveller, tekstar og dikt - og dei som iallfall for meg er meir ukjende.
Eg opplevde å få eit godt "gjensyn" med Lunsjen av W. Somerset Maugham, Babettes gjestebud av Karen Blixen og Jan Erik Vold sin Tale for loffen. Eg fekk ei god oppleving i Jens Bjørneboe sitt dikt Om steder på jorden og mat jeg liker - og eg vart nesten overraska over det gamalmodige språket i Grauten paa Grut av A. O. Vinje. (Hadde gått i gløymeboka)
I tillegg er der fleire lesverdige tekstar av kjende forfattarar.
Antologiar er slett ikkje så verst innimellom - ein kan både oppdage og gjenlese overraskande gode tekstar - både språkleg og innhaldsmessig, og det seier eg ikkje neitakk til.
ei spesiell kvinne frå si tid
Svenske Marianne Fredriksson har gjort eit noko ambisiøst forsøk på å fortelje Maria Magdalena si historie, nesten for ambisiøst, kanskje? Den bibelske Maria frå Magdala har for meg framstått som litt mystisk, spesiell, interessant – ei kvinne som vart rekna som urein, og som likevel fekk ein plass saman med dei som følgde Jesus.
Eg såg verkeleg fram til boka, men må innrømme at eg vart litt skuffa.
Maria opplever at brutale romarar myrdar heile familien hennar. Til alt hell vert ho teken hand om av Leonidas, ein eldre mann som sørger for at ho skal få eit trygt tilvere hos Evfrosyne som styrer eit gledeshus. Her finn ho seg til rette, og lettlærd som ho er, meistrar ho etterkvart godt sitt nye tilvere. I vaksen alder får ho psykiske problem, vonde makter har teke bolig i henne, meiner dei.
Så kjem Jesus inn i livet hennar, med alt det fører med seg, og på nytt får ho store utfordringar – på godt og vondt.
Historia er for mange delvis kjend , men boka innfridde ikkje mine forventningar. Strukturen er etter mitt syn noko uryddig, slik at det ikkje alltid er like lett å få med seg samanhengen. Språkleg er den til tider svært prega av skrivestilen vi finn i Bibelen, kanskje naturlig nok, men som roman tapte den seg ved det. Litt for mange gonger lurte eg på kven snakkar – kvar er vi, etc. Skildringane av miljøet nådde heller ikkje opp hos meg. Så derfor vart det kar: tre.
Men – kvinnene på Jesu tid risikerte mykje:
Hun hadde ofte tenkt på det, hvor ubegripelig sterke de var, disse kvinnene som fulgte Jesus. De forlot ikke bare familiene sine, de brøt med hele tradisjonen sin, hele det jødiske samfunnet. (s 227)
Korrigert 14.03: Maria Magdalena har fanga interessa mi - har vore på Biblioteket som hjelper meg å skaffe meir litteratur......
Tja, kva skal ein sei om denne.....Vart nok litt skuffa her, eg også. Tidleg avsløring av gjerningsmannen var ikkje det som var det største minuset i mine auge - heller det at det vart for mykje likt "Nådens omkrets" i strukturen. To parallelle historier, der den eine ligg svært langt tilbake i tid, samtidig som forfattaren har ei gjennomgangshistorie med Felicia. Greidde ikkje å bli engasjert. Synest forresten at det makabre får vel mykje plass i begge bøkene...
Men, skrive, det kan han - så eg landa på terningkast fire - under tvil.
Korleis denne boka har havna i mine hyller er ei gåte. Men, eg er ein av dei få som eig den, og no er den også lest. Andreas Viestad seier i forordet at mat ikkje er kunst, derimot kan tekstar om mat vere det...Og nokre av tekstane gir virkelig utbytte. Mellom mine favorittar er Babettes gjestebud ( av Blixen), Lunsjen ( av Somerset Maugham), Om steder på jorden og mat jeg liker (av Bjørneboe). Kafka sin Sultekunstner gav meg frysningar. Så ja, kanskje nokre fleire kunne finne glede av Brødtekst?
Middelhavet!
Dine fullkomne måltider
pryder min kjærlighet
til dig!
Selv det enkleste:
oliven, brød, vin
i den varme natt
med fred i sjelen, måneskinn
og det gamle vannhjul!
Jens Bjørneboe - Om steder på jorden og mat jeg liker
Det var Havregraut av det rette Slaget, det. Saadirne stodo med Piggar nett som Busti paa ein Griserygg, og svart var han som Oskegraut.
(...)
Storetarar skulde kjenna for ei Sæla det er, naar det soleides skrapar og riflar nedigjenom og river med seg gamle Matsyndir; men fyrst maatte dei liksom eg vera trøytte og skrubbsvoltne og som ein Lutefisk utbløytte av Sveitting og Lauging.
Grauten paa Grut av A.O. Vinje
Boka er spesiell,ja. Eg hadde store forventningar til denne, men den innfridde ikkje heilt. Tema ho tek opp er viktig: ma. tilknyting, skam, fortviling, kontroll, i tillegg til politiske og sosiale forhold hos eit utrygt folk i eit ufritt land.
Den svært springande, nesten frustrerte regien av innhaldet vart for meg eit minus. Handlinga forsvann nesten i det å skulle orientere seg i når? -kvar?- og kven? - når vi vart førte fram og tilbake i ganske så mange årstal, personar og hendingar.
Men som debutbok er den original og lesverdig. Eg kjenner også på ,som andre nemner, at mykje av dette ber preg av å vere sjølvopplevd. Språkleg innfrir ho, synest eg, så derfor vert det hos meg terningkast fire.