Gutten Pi vokser opp i India, hvor faren hans eier en zoologisk hage. En dag bestemmer faren seg for at familien skal flytte til Vesten, og sammen med de fleste av dyrene går de ombord i et lasteskip.

Skipet forliser imidlertid, og kun Pi og noen få av dyrene overlever. I en livbåt midt i Stillehavet forsøker han å overleve. Til slutt er det bare han og en bengalsk tiger som er igjen. Tigeren er livsfarlig, men gjennom kløkt og stort mot finner Pi utveier for ikke å bli angrepet. Men vil han noen sinne nå land?

Historien er både spesiell og ikke minst nydelig skrevet! Dette er en bok man bare MÅ få med seg i løpet av livet!

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Viser 2 svar.

Her var så mange bokmeldingar at eg vel å legge mi her...
Og at det er ei bok ein må få med seg, er eg enig i. Synest mykje av innhaldet har mange metaforar i seg.

Ein gut og ein tiger...

..i livbåt på Stillehavet

Bengaltigeren Richard Parker, ein sebra med beinbrot, ein hyene og ein orangutang, desse er det som prøver å berge livet saman med hovudpersonen- Pi, ( Piscine Molitor Papel) - ein 16 år gamal indisk gut. Med menneskelege kunnskapar og dyriske instinkt prøver dei å berge livet ute på storhavet – i ein liten, altfor liten livbåt.

I første del av boka vil hinduen Pi finne ut meir om andre religionar, og sidan han er open for det meste, vert han gripen både av kristendommen og islam, og han konverterer til begge..Eg fekk umiddelbart assosiasjonar til teatermonologen «Abrahams barn» med Sven Tindberg.

I del to, som også er den mest omfattande, må Pi bruke all si kløkt sidan han blir einaste overlevande etter eit skipsforlis på Stillehavet. I starten er der fire dyr saman med han i båten –ein slags miniutgåve av Noas ark - medan eg måtte tenkje på gåta med mannen, ulven, geita og kornsekken som skulle krysse ei elv i ein liten båt... Naturkreftene ute på storhavet i ein liten båt er ikkje lette å meistre. Men Pi viser seg å vere både hendig og oppfinnsam.

I den siste delen prøver eit par menn frå det japanske Sjøfartsdirektoratet å finne ut kva som verkeleg..skjedde..Morsomt.

Sjølv om boka ganske nyleg er filmatisert, var eg noko skeptisk til til at dette skulle bli den store leseopplevinga: Ein båt med ein gut og ein tiger ute på opne havet – var ikkje det eg venta meg mest av. Så viste det seg at innhaldet både var givande, spennande og gav meg som lesar dei mest uventa bilde. Visuelt språk saman med eit eventyr av ei forteljing gav kar: fem

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg er einig med di vurdering av boka. Ei merkeleg, fasinerande og eventyrleg historie! Velkomponert med eit flytande språk. Historia er ikkje så hendingsmetta, størsteparten av handlinga går føre seg i livbåten, Men her er beskrivelsar som er detaljerte og levande. Det er som ein skulle vere med i livbåten sjølv. Minner meg i grunnen noko om Den gamle mannen og havet av Hemingway.

Eg lytta til lydboka på engelsk. At ho er innlesen med indisk aksent gjorde boka meir "autentisk". Slutten var overraskande - Ei bok som vil leve i meg lenge.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundAndreas BokleserVioleta JakobsenPi_MesonBenteReadninggirl30Berit RTine SundalBritt ElinAnne-Stine Ruud HusevågRisRosOgKlagingIngunn SAmanda AHanne Kvernmo RyeEgil StangelandHarald KReidun SvensliCathrine PedersenBjørn SturødTanteMamieAnn ChristinalpakkaAnneWangStig TAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MLinda NyrudLisbeth Marie UvaagConnieNerakntschjrldMarit HøvdeTurid Kjendliesomniferum