Eg hadde i utgangspunktet ikkje tenkt å sei noko som helst i denne diskusjonen, men er enig i at her no er ein diskusjon som har lite med litteratur å gjere. Vi er nesten 31600 "bokelskere" her inne som likar å lese ei god bok, som likar ein god litterær diskusjon - sjølv om vi kan ha ulike meiningar om det vi les.
Eg trur eg avsluttar med noko som mi kjære bestemor sa til meg rett som det var då eg var lita:
Tale er sølv - taushet er gull :-)

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Bøkene eg las i mai var ganske ulike, men dei som gav mest utbytte var
Kjærlighet i koleraens tid som vi las saman ( kjekt)

Den vesle, men sterke Jeg overlevde Treblinka gjorde inntrykk, fekk ternigkast 5,
og ikkje minst Agaat, ei spesiell bok som fekk topp karakter av meg, og mellom mine favorittar.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Dette var leit, Lillevi, men håper likevel at du blir med og deltek i diskusjonar om litteratur som kan engasjere oss "bokelskere" på ulikt vis.
Du skal iallfall vite at eg set stor pris på innspela dine :-)

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Oisann! Eg trudde eg hadde registrert meg.....men, ser nesten ikkje slik ut.
Har eg forstått det rett når eg trur at dei som er registrerte kan:
1. Kome med forslag til bøker
2. Vere med på å stemme på dei innkomne forslaga?
Og om andre har lyst til å vere med i diskusjonen så er dei velkomne til det?

Eg har iallfall lyst til å vere med..
Og Godmorgon, forresten. Sola skin varmt her eg oppheld meg no :-)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

No fekk eg verkeleg lyst til å lese denne- sjølv om den ser ut til å vere ei utfordring!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ettersom eg no om dagen "framand uti verdi stend, heimlaus, frendelaus og lite kjend, og likar på leiken ille"(Ivar Aasen), så har eg ikkje med Sin egen herre, men planen er å kaste meg over boka når eg er heime att. Ser fram til det :-)

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Morn, Lillevi!
Vil berre fortelje at eg har bestilt mi utgåve av Sin egen herre i Bokkkilden etter å ha lese Rosa99 sin gode omtale av boka. Eg får bøkene mine derifrå utan porto, sidan eg har meldt meg som fordelskunde.
Eg ser fram til å lese boka saman med deg og dei andre i gruppa.
Ha ei god helg både du og andre som måtte lese dette :-)
Og kos deg med boka di....

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ei svært spesiell bok om svært spesielle menneske, gjorde inntrykk!
Både innhald og komposisjon var utfordrande og engasjerande.

Flytta denne teksten etter å ha skrive ein lengre omtale av ei svært god bok som fortener mange lesarar - iallfall etter mi meining :-D

Godt sagt! (1) Varsle Svar

A for Agaat, apartheid, allegori

Det startar i 1996. Milla de Wet som er eigar av garden Grootmoedersdrift er fullstendig lamma av ALS. Ho kan berre kommunisere med augene, og den som greier å tolke det ho formidlar er Agaat, ei farga tenestejente som har levd saman med henne i over 40 år.

Milla er forteljaren. Med ulike forteljarstemmer tilpassa ulike livs-situasjonar fortel ho om livet som ligg bak henne. Det blir meir og meir tydeleg at ho er og har vore både ondskapsfull og sjalu.

Milla gifta seg med sjarmerande, pene Jak i 1947. Men - det viser seg at dei ikkje fungerer godt saman, også fordi ho er så ulukkeleg; ho får ikkje barn som ho så sårt ynskjer seg.
Når ho då kjem over ei lita, svakeleg jente i 1953, adopterer ho henne på eit forunderleg vis –ei jente som vart fødd same år som apartheid blir innført i Sør-Afrika i 1948. Ho oppdreg henne med hard hand, ho vil gjere henne til ei dotter ho ikkje skal skjemmast over. Jak på si side er lite begeistra over å ha ei farga jente i heimen.

Så – sju år seinare blir Milla gravid. Agaat må flytte ut, ho vert tenestejente som må arbeide hardt – utan å kny- når vesle Jakkie vert fødd. Det viser seg snart at Jakkie vert svært sterkt knytt til Agaat, noko som er tungt å svelgje for dei dysfunksjonelle foreldra.

På variert vis er boka - etter mi meining - glimrande og originalt fortalt og komponert.
Dei to kvinnene førebur seg på døden – ein død som skjer parallelt med apartheidregimet sitt fall. Også på det personlege planet flyttar makta.

Romanen er tjukk, over 700 sider, og innhaldet er engasjerande, spennande, interessant. Terningkast: 6!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg prøver igjen å foreslå Kongens fall av Georg Jensen som kom ut rundt århundreskiftet i DK.
Den vart kåra til århundrets roman,og har fått gode kritikkar det eg kan sjå her (eg oppheld meg i helsevesenet si varetekt).
Elles ser eg at her er fleire gode forslag som kan gi gode diskusjonar!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Dette er ein bokskatt som no endeleg fekk plass i ei av mine overfylte bokhyller.
Ja, eg har lese boka før, men når eg no kom over ei flott utgåve til ein svært god pris, så kunne eg ikkje la vere....
Ser fram til å lese den ein fin, varm sommardag! :-)
Kjekt å ha noko godt å sjå fram til!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg vart også merksam på namna medan eg las.
Fermina - som betyr sterk, eller eg oppfatta henne som uthaldande, nesten litt sta
og
Florentino - (Flores = blomar)- han kom jo stadig med ein blome til Fermina....
Det kunne ikkje vere tilfeldig.
Og Juvenal, han heldt seg jo godt trass i høg alder......heilt til papegøya slo han ut...

PS (lagt til) Var det ikkje kvit kamelia Florentino brukte? Det er i så fall også eit symbol...

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Så har eg vendt siste side...og det har vore ei god oppleving, dvs eg skulle ha ønska meg at Sr Marquez hadde vore litt meir raus med avsnitt. Nokre av sidene er så tettpakka med ord- gode ord, altså - at det til tider var litt anstrengande å lese. Det er også årsak til at min terning landa på 5.
For meg er dette ei bok som vil sitte i minnet lenge.
Ein så altoppslukande kjærleik er heilt unik.
Eg er elles svært glad for etterordet av Arne Worren bake i mi utgåve. Har lese det fleire gonger no. Han skriv ma:

..en bok hvor både trekk fra den gammeldagse kjærlighetsroman såvel som fra folkeeventyrene er vevet sammen med andre mer realistiske trekk fra samtiden. Dessuten bobler den av anekdoter, pussige personer, vittige innfall og ironiske kommentarer.

Marquez skriv godt, og eg er jammen glad at eg endelig har fått lese denne.

PS Eg har også sett filmen, biblioteket hadde den...

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Og meir...
Han (Urbino) hadde aldri kunnet leve videre om han ikke hadde brakt på det rene hvorfor denne ukuelige soldaten, som var garvet til å slåss til siste blodsdråpe, ikke hadde kjempet sitt livs aller siste krig til ende. (sagt om Jeremiah)

Eg er fascinert av den evigvarande kjærleiken hos Florentino Ariza, men jammen er personen Jeremiah de Saint-Amour ein som eg kunne tenkje meg å få vite litt meir om.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Du imponerer stadig, Jostein!
Kvar kan du lese om at Jeremiah har vore på kino?
Eg har berre fått med meg at han er død, og så litt om hans vanar, etc....

Når det gjeld tida, så les eg i eit etterord i mi utgåve at handlinga er lagt til tidstommet mellom 1880 til 1930.
Om Jeremiah står det at han er ein politisk flyktning frå dei karibiske øyane. Utan å ha sjekka, så innbiller eg meg at det var borgarkrig på dei karibiske øyane som gjorde at han forlet heimlandet??
Men, sikker er eg altså ikkje.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det er berre å beklage...
..men, dette vart for meg ein gedigen skuffelse!
Sidan "Balansekunst" er ei av mine favorittbøker, og etter å ha lese ein del positive omtaler var forventningane mine høge.
Historia frå Bombay om familien- mor, far og to søner- ein bestefar med parkinson og beinbrot i ei svært lita leilighet kunne ha gripe meg, men det vart for mykje kvardagslege "selvfølgeligheter" som gjorde at eg vart meir irritert enn interessert.
Nokre sekvensar fanga interessa innimellom, og nokre gv personane var forsåvidt litt krydder i historia, men inntrykket mitt er likevel at dette vart FOR detaljert...
Så derfor: terningkast 3

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Har lese eit godt stykke, ca hundre s, og inntrykket er positivt.
Dei mange fasettane i skildringa av trekantdramaet mellom Fermina Daza, Florentino Ariza og Juvenal Urbino er spesielt og sært? Jau, det er litt sært å lese om ein kjærleik som ikkje har falma etter "femti år, ni måneder og fire dager."!!

Det er også spesielt å lese om brevvekslinga mellom Fermina og Florentino.....eit forhold på papiret får si store utfordring når realitetane viser ansikt!

Det er ikkje så mykje action, men skildringa av personane går djupt, vi får sjå ulike sider - skildra i eit variert og bilderikt språk.
Men, har ikkje heilt fått med meg kva rolle den døde Jeremiah de Saint-Amour spelar i romanen....

(PS( måtte legge til): Jostein stilte spm om det er pestsjukdomen kolera det er snakk om, og det er det. Har lese litt om det no, ein bakteriesjukdom som ofte kjem av ureint vatn. Korrigert...)

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Aller først: Lukke til med konfirmasjonen! Sånne dagar er store!

Så må eg berre sei at " Døde sjeler" gjorde inntrykk på meg, spesielt del ein.
Boka har så mange fasettar at den hadde vore ypperlig til diskusjon. Kanskje det blir ein gong?

Eg har også såvidt starta på "Kjærlighet i koleraens tid", ei eldre utgåve som er arv. Ser fram til god diskusjon både med deg og dei andre her inne! :-)

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Hmmm...og eg som trilla terningen til 6 for "Stoner", og det gjer eg ikkje ofte...
Ikkje fordi det var så mykje action, akkurat, men fordi eg vart så medriven av historia om Stoner og livet hans.
"Svøm med dem som drukner" har eg ikkje lese, enno...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja, dette er underhaldning i toppklasse! Den godaste Tsjitsjikov er ein finurleg kar!
Eg er ikkje komen så langt, skal til på kap 5

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

DemeterOdd HebækAnn-ElinHelena EAnniken RøilAvaChristofferBenedikteTralteMorten MüllerKirsten LundEvaMonica CarlsenLillevimarvikkisBjørg L.PiippokattaMorten JensenDaffy EnglundToveMads Leonard HolvikBertyAlexandra Maria Gressum-KemppiTanteMamieVannflaskeTove Obrestad WøienElisabeth SveeSynnøve H HoelGodemineHeidi HoltanKari FredriksenKjell F TislevollAskBurlefotTrine Lise NormannlittymseKjersti SIngebjørgIngunn SSissel ElisabethEivind  Vaksvik