Julieta skuffet ham aldri. Hun var den fødte journalist, og av samme støpning som ham, rede til å drepe sin egen mor for et journalistisk kupp, fremfor alt hvis saken var snuskete og uanstendig.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ser at romanen har fått gode kritikkar, så i morgon får eg gå innom biblioteket og sjå om dei kan skaffe meg eit eksemplar.
Lesetida kan dokke berre bestemme det som passar. Erfaringsmessig så les vi i det tempoet som er aktuelt for kvar enkelt der og då. Det er iallfall kjekt å vere med på felleslesing....:-)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kjekt at du også likte den! Det er ei bok som fortener mange lesarar etter mi meining!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det vart litt elle- melle her, men landa på Just kids av Patti Smith. Forfattaren er også musikar og har ma skildra musikklivet på 70- talet, med mange kjend musikarar. Ser at romanen har fått gode omtalar.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Då er eg endelig i gang...dvs eg starta for eit par veker sidan, men leselyst og interesse har vore av det heilt labre slaget.
Så- i går - kom eg meg endeleg i gang, og til mi store glede vart eg fanga i teksten. Trur kanskje det var skildringa av reisa i India som gjorde utslaget ( i tillegg til min personlege situasjon).
No ser eg fram til å lese meir om Ingefrid og hennar prestegjerning, om arv og menneska ved Svartvatnet. Der er mange løyndomar å ta tak i!

Er glad eg ikkje gav opp, trur eg kan få noko å minnast.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sidan det er påske har eg leita fram ei bok eg har sett fram til ei stund: Svarthuset av Peter May. Både forfattar og Orknøyane er heilt ukjende for meg.
Har elles nettopp avslutta ein roman som vart ein positiv overraskelse, nemlig Alle disse dagene av Tove Braathen.

Elles så lurer eg på om det er berre i vårt land det er krim som er mest aktuelt i påska? På bokhandelen bugner det av krimbøker, og trur at eg også har lese ein krim eller to dei fleste påsker. Veit nokon kvifor det har blitt slik med Påskekrim?
Uansett:God påske! :-)

( ooppps....Ytre Hebridene er det visst, ja...må visst til å leite fram ein Atlas)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Når krisa får uventa resultat

Islandske Jonas Ebeneser er ein mann midt i livet - og han kjenner at dagane ikkje gir så mykje lenger. Det er faktisk så vanskeleg at han vurderer å gjere "kort prosess" - med litt planlegging. Det vert lite kjekt for hans tre Gudruner om han let dei oppleve hans tragiske ende. Det blir betre om han er langt borte.
Så - han ryddar og ordnar opp, pakkar ein koffert med innhald som skal vere nok for ei vekes tid + ein drill som kan bli nyttig!
Så set han seg på flyet og reiser til eit krigsherja land der det er så mange som må møte døden.

Hotellet han kjem til - Silence- er herja, og manglar det meste som vi menneske treng til dagleg: vatn, straum, låsbare dører mm
Det går opp for Jonas at både drillen og det andre han har av verktøy verkeleg skal kome til nytte dei dagane han har planlagt....

Og på hotellet er dei meir enn takksame for hjelpa han gir dei. Han kjem i god kontakt med dei to som driv etablissementet, og han får godt ord på seg rundt om ...Han blir ein mann som fleire får bruk for. Kvardagane gir meining, og det blir ikkje så viktig å gjennomføre det han kom for.

Romanen har både noko trist over seg, på same tid som den fokuserer på kva som er viktig i ei velstandsverd ...... og i ei verd der det meste manglar.
Ein original roman, på fleire vis, men som kan få fram litt refleksjon.
Likte boka godt, spesielt etter avreisa frå Island

Godt sagt! (11) Varsle Svar

Jeg tror det er den mest feilslåtte politikken i dette landet gjennom tidene, at de ville gjøre dansker av alle innbyggerne i det daværende amtet Grønland. Disse menneskene var vant med å leve i ett med naturen i hjembygdene sine. Det var der de levde, jaktet og fisket til livets opphold og pustet fritt. Her inne kunne de ikke puste. De forsto overhodet ikke konseptet med å bo inne slik kasse høyt over bakken. De fleste hadde vinduene åpne døgnet rundt, og noen tente til og med bål i stuen. De var flyktninger i sitt eget land.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg har lese..dvs skumlese boka i seine nattetimar. Fekk ikkje same utbyttet av denne som av den første - av ein eller annan grunn. Det som kanskje gjorde størst inntrykk på meg er språk og skildringar av natur og stemningar.

Her eksisterte ingen tid. Solen stod stille som i Askalons dal og var dessuten usynlig. S 394

Ser at eg har god tid, så eg skal ta nokre dagar Ekmanpause før eg les den siste i trilogien!

(Ps- ser at Askalons dal er eit uttrykk frå Bibelen...også det med den stille sola? For meg var dette ukjent. Tenkte det hadde noko med det samiske å gjere, men der tok eg visst feil! )

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Du er reine poeten, Jostein! :-)
Her i huset er leselysta på lavmål. Greidde å kome meg gjennom Den som ser av Wassmo i går, og opplevde det som rart at den engasjerte meg så lite. Eg las dei tidlegare bøkene hennar med stor entusiasme.
I tillegg til at eg no såvidt har starta på "Morgen kommer" av Ekman så har eg leita fram Hålke av Helene Uri.
Håper at den eller noko anna kan gi meg leselyst og leseglede tilbake!

Ynskjer deg og alle andre ei god helg- og nyt lesegleda når du har den!

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Har lese nesten halve romanen, og meiner det er ei bok som viser eit godt tidsbilde av åra like etter krigen. Forfattaren skildrar også personar og stemningar svært godt.
Men, sit med eit lite spørsmål som kanskje nokon kan svare på: Sonen Jesper som snart skal starte på skulen er svært spesiell. Kan han ha ei mild form for Asperger eller autisme?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Så har også eg avslutta Guds barmhjertighet. Det har vore ei bok som har gjort inntrykk, trass i at min lesesituasjon har vore alt anna enn optimal!
Hillevi fekk det trygt saman med sin Trond, og dei kunne skape så god ramme som mogeleg for borna, både sin eigen gut, og dei to jentene som også fekk rom.

Det var også mykje spenning i livet til Elis, han bar med seg den traumatiske avskjeden han tok med røtene heile livet. Helsa gav han mykje å kjempe med, men han hadde styrke til å få gjer det som låg han nærast: malarkunsten!

Kjerstin Ekman skriv godt, både språkleg og innhaldsmessig ligg dette i toppsjiktet, med eminente skildringar av stemningar og natur. (At nokre ord ligg langt bortanfor mi dagligtale får eg berre tole!)

Da hun kom ut, var måneskiven enda blekere. Som ben. Pannebenet på et dyr.
En Gud uten forsyn, uten barmhjertighet. Som lot liv ta slutt i kulde og ondskap. S 295

Alt i alt: Ei god bok som eg gjerne anbefalar vidare!
Takk for samlesing, der mange innspel har opna augene mine litt meir.
Og - eg håper eg kan vere med på dei to neste bøkene! :-)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ja, då har eg vore hos bokhandlaren og henta dei to bøkene eg hadde bestilt...pluss tre til! Eg eig ikkje karakterstyrke på boksal, og som ei dame eg trefte sa: "Det er vel di form for godteri du har i posen"! Og, det er det....
Spesielt "Marias testamente" berre måtte eg ha, sidan dei hadde berre eit eksemplar av den...Ja,ja :-)
og tre av desse vart faktisk mine i dag

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg har ikkje fått lese så mykje som eg skulle ha ønskt, berre vel 100 sider. Men, er iallfall bekymra for Hillevi som ikkje får så mykje omtanke frå presten Edvard som ho ynskjer. Eg blir lei meg på hennar vegner....var det virkelig så lite raust på den tida...at presten ikkje kunne vise at han hadde ei som skulle bli kona hans?? Er litt skeptisk til heile presten!
Ellers så skildrar Ekman godt, både sæterliv, sommarkveldar og såre opplevingar! Skal sjå om eg ikkje får gå litt djupare inn i romanen i dag.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Det var ikkje fritt for at eg knisa litt i går også...var innom bokhandelen for å justere Mammutbestillinga mi, og medan eg gjekk der og venta på ein eg skulle møte, kika eg litt i eit par salgskasser dei har. Enda opp med to bøker ...svært rimeleg. Den eine av dei var ei hadde vurdert å bestille. No fekk eg den til ca halv pris av mammutprisen.
Så ja...eg vert litt mistenksam når det gjeld heile mammuten. Sjølv om eg skjønar at bokhandlane må få nok inntekter, så er det dumt at dei prisar opp bøker som nyleg har vore på billigdisken!
(Ho som jobba der sa at ho ikkje hadde hatt tid til å ta bort alle dei nedprisa bøkene)

Elles var det kjekt å sjå ei flott ny utgåve av En by som Alice av Nevil Shute

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sit med årets Mammutkatalog i hendene...og må nesten le. Eit par av bøkene har eg nyleg kjøpt, til berre ein tredjedel av mammutprisen!
Men- eit par bøker blir det kanskje likevel...sjølv om eg ikkje akkurat er i mangel på lesestoff!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Så har eg omsider starta på "Guds barmhjertighet" - rett nok har eg lese berre eit kapittel. Men, dette ser eg blir engasjerande!
Ekman skildrar godt, så eg formelig kjenner kulden og skrekken som møter henne på hennar lange reise mot nord - med reisetid og reisemåte som er heilt utenkjeleg for oss i våre dagar.
Hillevi ser ut til å vere ei jente med sterke kjensler, og med eit opphav som ikkje gav henne den beste framtida.
Ser på baksida av mi utgåve at det er samejenta Kristin som er forteljaren.

Språkleg godt, når eg berre greier å tolke det munnlege som for meg ser ut til å veksle mellom trøndersk og nordlending.
Trur eg kastar meg over andre kap med ein gong...dette gav meirsmak!

( Og til deg Kjell K...du har organisert samlesinga her heilt framifrå! Håper det ordnar seg slik at du kjem sterkt tilbake! )

Godt sagt! (5) Varsle Svar

...og om du vil ha litt meir makadam, så kan du no kose deg med Anna- Lena Løfgren og Lyckliga gatan:-)
Eg for min del har fått "Guds barmhjertighet" i hus, førebels ikkje opna...ho ligg berre der og freistar, ganske nær meg. Ser fram til å lese - trur det vil gi ei god oppleving!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Døden begynner lenge før den kommer. Også i dødens eget selv er det liv som må leves ut.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det meste, bortsett fra kjærligheten, forsvinner

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundLailaBård StøreLars MæhlumMcHempettG LPiippokattaToveOdd HebækRune U. FurbergHilde H HelsethEivind  VaksvikReadninggirl30IngeborgBeate KristinritaolineJarmo LarsenCamillaTatiana WesserlingTove Obrestad WøienInger-LisejunieJohn LarsenFredrikDemeterLisbeth Kingsrud KvistenSynnøve H HoelAlice NordliKikkan HaugenTonje SivertsenAstrid SæverhagenBente NogvaAnne Berit GrønbechKetilIreneleserElin FjellheimHeidiVannflaskeHeidi Nicoline ErtnæsEva