Når krisa får uventa resultat

Islandske Jonas Ebeneser er ein mann midt i livet - og han kjenner at dagane ikkje gir så mykje lenger. Det er faktisk så vanskeleg at han vurderer å gjere "kort prosess" - med litt planlegging. Det vert lite kjekt for hans tre Gudruner om han let dei oppleve hans tragiske ende. Det blir betre om han er langt borte.
Så - han ryddar og ordnar opp, pakkar ein koffert med innhald som skal vere nok for ei vekes tid + ein drill som kan bli nyttig!
Så set han seg på flyet og reiser til eit krigsherja land der det er så mange som må møte døden.

Hotellet han kjem til - Silence- er herja, og manglar det meste som vi menneske treng til dagleg: vatn, straum, låsbare dører mm
Det går opp for Jonas at både drillen og det andre han har av verktøy verkeleg skal kome til nytte dei dagane han har planlagt....

Og på hotellet er dei meir enn takksame for hjelpa han gir dei. Han kjem i god kontakt med dei to som driv etablissementet, og han får godt ord på seg rundt om ...Han blir ein mann som fleire får bruk for. Kvardagane gir meining, og det blir ikkje så viktig å gjennomføre det han kom for.

Romanen har både noko trist over seg, på same tid som den fokuserer på kva som er viktig i ei velstandsverd ...... og i ei verd der det meste manglar.
Ein original roman, på fleire vis, men som kan få fram litt refleksjon.
Likte boka godt, spesielt etter avreisa frå Island

Godt sagt! (11) Varsle Svar

Viser 4 svar.

Hurra! Då fekk den Nordisk råds litteraturpris i dag! Lurer nesten på om eg må kjøpe mi eiga utgåve av boka! :-)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Fant omtalen din en kveld jeg satt og skrollet gjennom omtaler og ikke riktig visste hva jeg skulle lese. En nydelig bok, tusen takk for at du gjorde meg oppmerksom på den, Hilda.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kjekt at du også likte den! Det er ei bok som fortener mange lesarar etter mi meining!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Den vil jeg lese.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

LilleviMathiasPiippokattaKirsten LundAlice NordliJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MHarald KLinda NyrudLisbeth Marie UvaagConnieStig TNerakntschjrldMarit HøvdeTurid KjendlieVioleta JakobsensomniferumRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_Hanne Kvernmo RyeVannflaskeGodemineSigrid Blytt TøsdalAnita NessIngvild SBeathe SolbergritaolineBookiacJakob SæthreSol SkipnesBente Nogva