Seth er ein teikneserieskapar frå Canada. Seth hatar moderniteten, han lengtar etter ei nostalgisk fortid, ei tid då alt var annleis og betre - ei tid han ikkje ville levd i sjølv, når det kjem til stykket - men like fullt lengtar han. Etter ei tid då alt var enklare, lettare. Difor kler Seth seg i 50-tals klede, komplett med dress og slips, frakk og hatt.
Ein dag, i eit antikvariat, på jakt etter gamle teikneserieblader, finn han eit gammalt nummer av The New Yorker med ei vitseteikning signert "Kalo". Frå no av vert det nærast å ei livsoppgåve for han å finna ut kven denne obskure Kalo eigentleg var. Det til dei gradar at alt anna nærast vert ubetydeleg for han. Til og med kjærasten.
Boka er teikna i duse grønfargar og er ei hyllest til 50-talets teikneseriar. Det er ei stille verd me rører oss i, ei verd av lengt etter noko som ein gong var, men som eigentleg aldri var der. Som hovudpersonen Seth seier det: "Det er rart. Det er noe ved gamle tings forfall som inngir et dypt vemod over den forsvunne fortiden. (-) Det er forskjellen mellom en forsømt gammel bondegård og en plettfri art deco-lobby. På en måte overbeviser ikke lobbyen deg om gårsdagens virkelighet eller skjønnhet."
Denne boka er ein del av ei større historie i serien "Palookaville". Eg les gjerne resten.
I dag gjekk eg direkte frå Egil Skallagrimssons saga på engelsk og norrønt til ein amerikansk teikneserieroman - stor, men påkravd overgang. Rapport frå sistnemnde bok kjem ein av dagane.
Ser du spør vedk. pdf-filer - Når du kjøper ein Kindle får du ein eigen unik epostadresse - dittnamn@kindle.com, el.l. Dermed sender du ein pdf-fil som vedlegg til denne adressa, skriv "convert" i emnefeltet og Kindle formaterer pdf-fila til vanleg mobi-format og returnerer fila via nettet. Dette funkar greitt på min Kindle med kun wifi og er gratis. 6-tommaren er heilt grei - ein 10-tommar blir fort for stor. Noko av vitsen er jo som du seier å stappa Kindle'en i veska.
Pickwick-klubben - definitivt naivitet, livsflukt på den eine sida - skjønt, livsglede på den andre. Pickwick-klubben er jo berre til å bli glad av, ikkje særleg mye galt der!
Eg har nyleg lese ferdig Egils soga - soga om Egil Skallagrimsson, Islands store poet frå norrøn tid. Sjølv for meg, som har ein ekstra interesse for norrøn tid og også har studert litt norrønt språk, kan det ofte vera eit ork å ta fatt på ein saga, særleg om den er så omfangsrik som Egils soga. Etter å ha byrja og lagt boka frå meg ei rekkje gongar kom eg først i gong med eit brak i august, då eg var på Island. I Reykjavik kjøpte eg Penguin-utgåva av Sagas of Icelanders - og no vart det endeleg fart på sakene, godt hjulpe av at eg også besøkte Borg, staden der Egil budde for meir enn tusen år sidan - og like godt hjulpe, kanskje, av at eg fekk sjå fleire av dei kjende islendingesagaene i original - først då gjekk det til fulle opp for meg kva fantastisk bragd denne litteraturen i røynda er, både litterært, historisk og ikkje minst den reint fysiske måten den vart til på - skrive på strekt kalvehud, med fjærpenn og blekk av plantefargar, av skrivarar som stod eller sat ved høge pultar time ut og time inn, dag etter dag, veke etter veke, og skapte dei fantastisk vakre manuskripta.
Men for ein nordmann å lesa sagaene på engelsk? Det vert omlag som å lesa Bibelen på engelsk. Det er berre slikt ein ikkje gjer.
For meg viste det seg å funka som berre det. Som regel likar eg ikkje dei norske omsetjingane, som gjerne vert omsette i tilgjort arkaisk stil. Penguin-utgåva var fri for det, ho var på moderne dagligdags engelsk. Her vart me ført inn i Egil si verd på 900-talet, og det i ein slik grad at eg på ein måte kjende det som eg las om ein mann i vår eiga samtid. I tillegg lasta eg den norrøne teksten ned frå nettet og følgde med i den på Kindle'en min.
Og dermed vart den omfangsrike soga rulla opp, i all sin velde - om poeten og krigaren Egil, son av Skallagrim, stygg som nøkken, brutal og hard, snar til å slå i hjel, ein djevel av ein diktar. Sitt første drap begår han som 11-åring. Diktar gjer han frå han er endå yngre. Han lever eit liv snart frå den eine staden, snart til den andre, stundom ved hoffet, stundom som fredlaus, stundom på garden sin på Island - ofte er han i viking og herjar, i austerveg som i vesterveg. Og undervegs diktar han det eine kvadet etter det andre - som det vidkjende Hofuðlausn, eller Hovudlausn, som han lagar i desperasjon for å berga hovudet etter at Eirik Blodøks har dømd han til døden.
Det er svært mykje action i Egils saga. Og ein moderne lesar oppdagar snart den enorme avstanden det er til 900-talet, ikkje berre i tid, men også i kultur. Personleg kjend med diktaren Egil Skallagrimsson vert du neppe. Også dikta er stengde for innleving, sjølv om dei høyrer til det ypperste frå den norrøne litteraturen.
Forfattaren av soga er ukjend. Ein teori går ut på at den vart skrive av Snorre Sturlason. Men det veit ein ikkje.
For meg var det i omvendt rekkjefølge - eg las "Hva nå lille mann?" først. Og les gjerne meir av Hans Fallada. Sjølv levde han eit liv som er ein roman i seg sjølv, prega av narkotika og fattigdom, og sinnsjukdom.
Etter ein lang ferie er det tid for å venda tilbake til kvardagen og Bokelskere igjen! At Dickens utforsker ein last i kvar bok er ein ny tanke for meg - men kanskje det er rett. I Nicholas Nickleby er det mogleg det er grådigheit, eg veit ikkje. Men det eg veit, er at dei lastefulle "vonde" menneska hos Dickens er mykje meir minneverdige karakterar enn dei "gode", som er heller bleike og teikna med nærast gjennomsiktige fargar.
Då ser det ut som eg er førstemann ut! Nicholas Nickleby er ei historie eg trudde eg kjende frå før, men no ser eg at eg umogleg kan ha lese boka. Likevel er det skikkelser her som eg kjenner: den brutale skulehaldaren Squeers og hans hjarteråe kone, den stakkars åndelege krøplingen Smike og sjølvaste vidunderbarnet - "the infant phenomenon". Kort sagt, heile spekteret av uforgløymelege Dickens-karakterar!
Så langt er dette berre ei løypemelding. Etter å ha lese dei første 7-8 kapitla på Kindle gav eg opp og kjøpte ei pocketutgåve i staden, stadig på engelsk. Skulle likevel ønskja at eg hadde ei norsk omsetjing. Eg er no kome til kap. 12 - altså berre i byrjinga av soga. Men her er alt duka for ei Dickens-forteljing av beste merke - vonde menneske, gode menneske, minst eitt mysterium (kvar kjem eigentleg Smike frå - og kva dyster løyndom ruger den kyniske onkelen Ralph Nickleby på?) Dickens gjev seg god tid før me kjem så langt.
Det er heilt rett, det er notidsperspektivet og det at Klakken er ung som gjer denne boka interessant. Og som du skriv, vedhenget om kva skrivande norske personar meiner om The big message kunne med fordel gått ut. Eit stort pluss for Klakken sin bruk av personleg synsvinkel - det gjer oss i høgste grad til medreisande.
Ja, Latours katalog kan sikkert diskuterast. Men fantastisk er det jo...
Så flott!
Det vert skrive mykje bra sci-fi og fantasy her til lands. På denne lista har eg samla nokre personlege favorittar av arten. Fleire av dei kunne ha hevda seg i verdstoppen om språk og forfattar hadde vore engelsk/amerikansk.
I dei seinare åra har det kome ein del såkalla grafiske romanar, eller "teikneserieromanar", i bibliotek- og bokhandlarhyllene. Eller kanskje me rett og slett skal kalla dei "biletromanar"? Bøkene er gjerne berekna på ungdom og vaksne, og kan vera like innhaldsrike og krevjande som ein "ordentleg" roman. Ein grafisk roman kan gje deg ei oppleving utanom det vanlege.
Ein favoritt for mange er Jason sine bøker. Dei finst det fleire av. Jason er ein norsk teikneserieskapar som har gjort stor suksess på den utanlandske bokmarknaden, ikkje minst i USA der han har vore nominert til ei rekkje viktige prisar. Den karakteristiske hunden som går att i bøkene hans er lett å forhalda seg til. Historiene er minimalistiske, dvs. at det ikkje finst overflødige ord eller teikningar i dei. Bøkene til Jason har ei eiga stemning som du lett blir hekta på. Eit av meisterverka hans er "Jernvognen" frå 2003, etter den klassiske krimromanen av same namn som vart skrive av Stein Riverton i 1909. Jason har ikkje laga ei erstatning for boka, men ei tolking av den. Her har han makta å skapa den same uhyggelege stemninga som i romanen. Finn fram til ei av Jason sine bøker - du vil snart slutta deg til skaren av fans.
Ein annan sterk biletroman, om enn på eit ganske anna plan, er den amerikanske boka "Husfred" som kom på norsk i 2007. Det dreier seg om ein sjølvbiografisk historie om ei jente som etter kvart oppdagar at ho er homofil, og som også finn ut at faren hennar er det. Men medan ho sjølv godtek legninga si og står fram som lesbisk, vert faren sitjande i skapet - eit skap han byggjer eit heilt hus rundt. Han driv nemleg med ei manisk restaurering av det gamle huset dei bur i og fiksar opp den store eigedommen deira - og han byggjer dessutan opp eit imponerande bibliotek, både kva bøker og interiør angår. I kjellaren held døden til, i form av gravferdsbyrået han driv (som i "Six feet under"). Det er ein heim kor husfreden rår, i ironisk tyding av ordet. Far og mor snakkar lite saman, dei viser aldri kjærleik til kvarandre - og unngår fysisk kontakt med dattera. Alt handlar om å byggja ein praktfull eigedom og restaurera huset - halda ein "fasade" - medan han lever ut legninga si i skjul, noko som får tragiske følgjer både for han sjølv og andre. Far og datter finn etter kvart fram til kvarandre på eit vis, gjennom litteraturen - men for seint. Han vert påkøyrd av ein lastebil og drept. Skuldast det ei ulukke - eller er det sjølvmord? Og dattera tenkjer: om no far hadde levd ut legninga si, ja, då eg ville eg neppe vore fødd.. Boka er teikna og skrive av kunstnaren Alison Bechdel, og vart kåra som årets bok i USA 2006.
Teikningane, forteljarmåten og stemninga - og lengda - minner mykje om Craig Thompson sin bestseljar "Tepper" (på norsk 2006), som er ei romantisk historie om den første store kjærleiken. Også denne biletromanen er delvis sjølvbiografisk . Hovudpersonen veks opp med sin bror i ein religiøs familie. Han tenkjer på å bli prest. På ein kyrkjeleir møter han Raina. Den vare og vakre skildringa av den intense forelskinga mellom dei to er sjeldan kost. Samstundes vert det også fortald ei anna historie, om den evnerike hovudpersonen sin kamp for å bli kunstnar og lausriving frå familien. Mange som har lese "Tepper" seier at det er den finaste boka dei har lese.
Takk for opplysende og avklarende kommentar.
Det har du forsåvidt heilt rett i. Men omgrepet grafisk roman er i bruk frå både anmeldarar og forlaga si side, netopp for å setja eit skilje. Døme på grafiske romanar er "Tepper" og "Husfred", for å ta eit par prisbeløna bøker. Eller "Glassbyen" av Paul Auster, som eg nyleg skreiv om her på Bokelskere.
Uansett - teikneseriar heilt topp.
Sukk! Ei tid eg lengtar etter. Eg vaks opp med GGG-bøkene. Ei verd av eventyr og store opplevingar...
Sigbjørn Heie: Dikt i utval. Samlaget, 1997
W.B. Yeats: The Lake Isle of Innisfree
I will arise and go now, and go to Innisfree, And a small cabin build there, of clay and wattles made: Nine bean-rows will I have there, a hive for the honey-bee; And live alone in the bee-loud glade.
And I shall have some peace there, for peace comes dropping slow, Dropping from the veils of the morning to where the cricket sings; There midnight's all a glimmer, and noon a purple glow, And evening full of the linnet's wings.
I will arise and go now, for always night and day I hear lake water lapping with low sounds by the shore; While I stand on the roadway, or on the pavements grey, I hear it in the deep heart's core.
Eg har lese ein stad at omslaget og evt. fronteksponering i bokhandel eller bibliotek har bortimot alt å seia for om du får interesse for ei bok. Eg veit også om folk som kjøper ei bok berre for omslagets eller formens skuld.
Eg trur det går eit viktig skilje mellom teikneseriar og grafiske romanar, sjølv om sistnemnde ofte vert omtala som "teikneseriar". Dei seinaste åra er det kome mange gode grafiske romanar her til lands.
Nora Roberts - det vekte "gamle minne" hos meg då eg såg namnet, eg omsette ei eller fleire av bøkene hennar ein gong på 1990-talet (og kanskje før). Lukke til med bokjakta! Knut R.