Berre ein peikar til ei fantasisk flott nettside, det reine e-boktivoli: Worldbookfair

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Jo, sjølvsagt kallar me elektroniske tekstar for både bok og brev m.m. og det er greitt nok det - men det er jo nettopp i mangel av nyare omgrep. Eit poeng for meg er om elektronisk tekst etter kvart vil forlata den type tekst som er berekna for det tradisjonelle bokformatet - og om ei slik utvikling kan bli påskynda og styrt inn i nye (og hittil ukjende) retningar ved å skapa andre omgrep kring fenomenet tekst.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Greitt nok, men det blir upresis språkbruk. Det interessante er jo at den teksten som blir presentert mellom to permer alltid vil vera ein spesiell type tekst, som regel via ein redaktør og ein forlag, som t.d. ein roman eller fagprosa, medan eit frislepp av digitale tekstar vil føra til meir flytande grenser - og kanskje nye måtar å skriva og lesa på.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Grisen fall over den kveltra bilen Grisen fall over den kveltra bilen Dritings sa Grisen, dritings

The Pig fell over the upturned motor car The Pig fell over the upturned motor car Drunk said Pig, drunk.

Frå “Three Pig Poems” (eigentleg er det fire) av Spike Hawkins

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Og Hunter S. Thompson si bok om Hells Angels som kom i norsk utgåve i fjor?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det er vel umogleg å diskutera kva som er den beste Dickens-boka, omlag som å finna fram til den beste Beatles-låta, men Store forventninger er kanskje den aller beste (?) - i det minste blant tre på topp

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Charles Dickens er min desiderte favorittforfattar - eg har lese det meste av han, men finn framleis eit og anna på nettet som eg ikkje har lese. Ein fantaastisk diktar, på alle vis! Eg låg sjuk eit par veker i vinter og las Pickwick-klubben om att - like nytt og morosamt som første gongen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja, sjølvsagt kan ein halda fram med å kalla også elektroniske tekstar for ei bok. Men før eller sidan - helst før - vil ein sitja med tekstar som berre finst elektronisk - dei første norske sjølv-publiserte tekstar for e-bokformatet er allereie dukka opp på Amazon - og ein kan jo då spørja seg om ei "bok" etter kvart er noko som høyrer fortida til... I alle høve viser salet av e-bøker på Amazon ein stigande tendens.

Og det opnar for vidare funderingar - dersom tekstar i elektronisk format, med ein mykje meir utstrekt bruk av sjølv-publisering enn no, går over til å bli det dominerande formatet - vil det også opna for ein heilt ny type litteratur, ein annan måte å skriva på?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Kva er ei bok? Opplagt - ein slik sak med papir og tekst og evt bilete, som du blar i. Men meir - no snakkar ein også om e-bøker. Og lydbøker. Det blir litt feil, synest eg, teksten på Kindlen min er då ikkje ei bok, men tekst. Og lyden på øyret er då heller ikkje ei bok. På same vis som det gjev like lite meining å kalla eit album i mp3-format for ei plate.

Dei såkalla lesebretta og anna elektronisk formidling tvingar dermed fram ein ny definisjon av kva ei bok eigentleg er. Etter mi meining kan det berre vera snakk om ei bok dersom teksten finst i ei bok. Når teksten finst på eit lesebrett må den kallast noko anna - eller kanskje ein ikkje treng det. Kanskje det er nok å bruka omgrepet "tekst".

Spørsmålet er kort og godt: på tide å reservera bok-omgrepet for berre bøker?

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Det finst eindel bøker ein aldri sluttar å lesa. Bibelen er eit nærliggjande døme. Men for å halda oss litt meir på jorda - bøker ein aldri sluttar å lesa kan vera så mangt, alt frå små diktsamlinger som vert lese i filler, eller romanar ein stadig vekk vender tilbake til - eller, som oftast, større verk som det tek tid å lesa, som ein treng lang tid på å lesa, tenkja gjennom og fordøya. Eller - som i andre tilfelle - bøker ein kanskje ikkje VIL bli ferdig med så snart.

I bokhyllene mine har eg fleire slike bøker som eg stadig vekk les i: Cervantes, Montaigne, Holberg. Eller faglitterære verk som Musikkens verden (no er me tilbake til metaforen med Biblenen att) - eller som Alberto Manguels ruvande bok om lesingas historie. For også lesing har si historie, ikkje berre den skrivne litteraturen.

Ein del år tilbake i tida var det ein ven av meg som strevde hardt med å bli forfattar. Du kjenner kanskje typen, han levde med ein draum og byrja på det eine mislukka manuset etter det andre, inntil han til slutt kom til den erkjenninga at forfattar ville han aldri bli. Den innsikta førte til ein endå viktigare erkjenning hos han: "Eg vil heller bli ein god lesar," sa han.

Og det vart han. Då han diverre døydde så altfor tidleg let han etter seg eit flott bibliotek, han hadde vorte ein mann som tok lesing på alvor, nærast som eit kall. Me høyrer jo om forfattarkall, men lesarkall? Sjølvsagt eigde han også eit eksemplar av lesingas historie.

Men til saka: Alberto Manguel har skrive den ultimate boka om lesingas historie - ikkje om skrivekunst eller litteratur, men om det å lesa. Som alt anna kan det også gjerast til ein kunst, eit fag, eit livsinnhald. Men først og fremst noko me i vår tid og vår del av verda treng å kunne. Slik er det ikkje alle stader - og slik har det ikkje vore.

Manguel har skrive ei personleg bok - dette er også hans lesehistorie. Emna for kapitlane seier stort sett sitt: Om å lesa skuggar, dei tause lesarane, minneboka, om å læra å lesa, om å lesa bilete, om å bli lest for, formen på boka, privat lesing. Det skulle kanskje vore endå eit kapittel: om å lesa digital tekst, som du gjer no - tekst på pc-skjermen, på eit lesebrett, på mobilen.

Lesingas historie er mangslungen. Den strekkjer seg fleire tusen år tilbake i tida, frå lesinga av skrift på steintavlar til skrift på pergament - og til våre dagars papir. Då seier det seg sjølv at det å lesa stort sett har vore ein kunnskap for dei få. Til for ganske nyleg. Lesingas historie vert såleis også historia om kven som las. Og kva dei las. Og måtar å lesa på. Å lesa innanåt, eller å lesa høgt.

I puberteten gjorde Manguel ei viktig oppdaging. Han sat og bladde i eit leksikon og kom over ein artikkel om forplanting og sex, med tilhøyrande illustrasjonar - han vert brennheit av skam fordi faren sit berre eit par meter unna. Men så skjønar han det - faren kan ikkje sjå kva han les! For det å lesa er som regel ei svært personleg, for ikkje å seia intim, sak.

Lesingas historie er også religion. Tenk på Bibelen, Koranen. Toraen. Og politikk. Tenk på Kapitalen, Wealth of nations. Litteratur har lesing som ein føresetnad. Lesing er kort sagt så mangt. Og så mykje. Og Alberto Manguel si lesingas historie har det meste. Nei, alt.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

For tida les eg Hans Fallada sitt store romanverk om livet i Berlin under nazitida - "Alle dør alene". Etter krigen kom Fallada over nokre rettsdokument frå Gestapo sine arkiv vedk. eit ektepar frå arbeiderklassa som i åra 1940 til 1942 hadde distribuert 220 håndskrivne postkort med antinazistisk bodskap. Og det er lagnaden til Elise og Otto Hampel som dannar utgangspunkt for «Alle dør alene», som no er nyomsett til norsk. Eg skriv nok meir om denne boka seinare, når eg har lese den ferdig.

Men nett no dette: i Dagbladet si nettutgåve vert boka anmeldt av Arne Dvergesdal i lag med ein historisk dokumentar som tek føre seg det same emnet, "Berlin i krig" av Roger Moorhouse. Meldinga har tittelen "Slik var hverdagslivet i Hitlers hovedstad - To nye bøker kaster nytt lys over mørk fortid". Korleis var livet i Berlin under andre verdskrigen? Kor sterk var oppslutnaden om naziregimet? Kva visste folk flest om jødeutryddingane? Kort sagt, korleis reagerte majoriteten av befolkninga på det intense dramaet dei var delaktige i?

Eg hugsar ein gong for mange år sidan at Kåre Willoch rådde studentane på Handelshøgskulen i Bergen (trur eg) til også å lesa skjønnlitteratur, fordi skjønnlitterære verk ofte er i stand til å forklara politiske og historiske prosessar på ein betre måte enn historiske fagverk. Som døme trekte han fram Hans Fallada sin store suksess frå 1930-talet, "Hva nå, lille mann?" som betre enn noko anna bok forklarer korleis det var å leva under depresjonen, og kvifor nazistane fekk slik framgang.

Og at skjønnlitteratur kan vera ein betre tilnærmingsmodell enn faktalitteratur er også konklusjonen til meldaren i Dagbladet:

"Og spørsmålet trenger seg på: Er det Roger Moorhouses historiske tilnærming eller er det Hans Falladas skjønnlitterære verk som gir det beste bilde av atmosfæren i krigstidens Berlin?

Mitt svar er at sakprosaen i dette tilfellet bare avtegner bleke skygger mot det brede lerretet Hans Fallada spenner opp i sin roman."

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Døden er slutten - ikke slutten på et eller annet bestemt (for eksempel en tretthet, en smerte) som noe annet, kanskje ukjent, som kommer etter, men slutten på alt, og for godt. Døden er ingen ting. Det er ikke lett å forestille seg dette, for alt jeg har kunnet erfare i hele mitt liv, har vært noe, om aldri så lite. Hva et slikt ingenting kunne være, ja egentlig ikke være, har jeg vel i høyden fått en aning om en sjelden gang. Noen omtaler det som søvn, eller som fred og hvile; jeg har bestandig lurt på om de mangler fantasi. Dødens realitet, om man kan si det slik, er mangel på realitet overhodet. Noe så fremmed skal man grunne på en hel del før det demrer. Om man ikke klarer å presisere det som en tanke, kan man i det minste ta det inn over seg som en redsel. Men redsel er noe, likesom fred eller hvile, døden er ingen ting i det hele tatt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Anders Johansen har skrive ei bok om eit emne som angår oss alle saman - døden. Eit ubehageleg emne. Den som seier noko anna kan neppe snakka sant. Døden har ikkje berre med døden å gjera - døden har også i høgaste grad med livet å gjera, dagar og veker og månader som ubønhøyrleg tikkar mot den tida då det tek slutt. For med døden tek alt slutt. Livet mitt opphøyrer å eksistera, det er vanskeleg å fatta det - men i den augneblinken ein døyr vert ein vekke, ein vil ikkje vita at ein har eksistert, du finst rett og slett ikkje. Såleis vert det einaste du har det levande livet, her, no. Dette livet som heile tida svinner.

Det er i det minste utgangspunktet for Anders Johansen, som er ateist og ikkje trur på noko form for eksistens etter døden. Og dermed vert tanken på døden også ein bitter tanke.

Boka er forma som ei verkeleg skildring av ein mann som har kort tid att å leva. Han vil så gjerne fortelja om livet sitt, få skrive noko som han kan etterlata til slekt og vener. Dermed vert hjelparen hans også involvert i dette prosjektet. Dei må begge berre godta at verda held fram etter dei som om ingenting har hendt.

Anders Johansen er ein skribent som likar å undersøka dei emna han skriv om. Han har tidlegare skrive om m.a. tid. Og tid har mykje med livet å gjera, og noko å gjera med døden. I små kapittel undersøkjer han vår oppfatning av døden, både sin eigen og andre sin.

Boka vekte for alvor i meg vissa om at eg skal døy. Når eg skriv dette, har eg noko slikt som 10 - 15 år att å leva med den helsa eg har i dag. Det kan henda eg vil leva etter det, men då vil livet mitt sannsynlegvis vera meir fysisk innskrenka enn no. Gjennom livet mitt har eg fleire gongar vore i livstrugande situasjonar - men eg har eigentleg aldri teke det inn over meg. Tvert om, eg sat att med ei kjensle av at eg var uovervinneleg.

Denne boka fortel meg at eg ikkje er det. Døden sigrar til slutt. Å døy vil seia det same som verdas undergang, skriv Johansen. Med det meiner han at det bokstaveleg tala er verdas undergang for den som døyr, for då vert verda borte og ingenting finst meir. Ingenting. Som menneske er du eit vilkår for alt som er. Når du døyr, forsvinn alt. Verda, slik den har blitt til for deg gjennom eit heilt liv, med alt kva den inneheld av menneske og stader, vil bli utsletta.

Som med dei andre bøkene eg har lese av Johansen - til å bli klokare av. Men mest av alt ein vond og skremmande tekst. For døden - dette å gå katastrofen, verdas undergang, i møte, skremmer meg.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Teikneserieromanen "Glassbyen" er ein moderne klassikar - den vert rekna som ein av dei verkeleg store amerikanske graphical novels. I 1999 vart den kåra til ein av århundrets 100 viktigaste teikneseriar av The Comics Journal.

Og når ein les - og ser - boka er det lett å skjøna kvifor. Formen er ein slags svart kvitt 50-tals krim av typen noir, effektane er diskrete, men gjer sin verknad - det er som dei føyer seg etter Paul Auster sin originale prosatekst på nett den rette måten. Emnet for boka er identitet, språk og galskap - vevd saman på ein slik måte at eg ofte måtte setja ned farten under lesinga til eg nærast krabba avgarde, for å bruka ein metafor.

Eg har ikkje lese romanen "Glassbyen", men etter kva eg kan forstå må denne teikna versjonen følgja originalen godt. Hovudpersonen Quinn alias Paul Auster vandrar kring i ein labyrint av gater, tankar, eit språk som aldri kan fungera fordi det heile tida skiftar meining - ikkje så ulikt Kafkas "Prosessen", kanskje. Ein treng å finna opp eit nytt språk: "Når en paraply går i stykker, slik at man blir våt, er den da fremdeles en paraply? Den er forandret, men ordet er likt, upresist, falskt. Hvis vi ikke kan benevne en hverdagsting, hvordan kan vi da snakke om det som virkelig betyr noe?"

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Det er sjeldan eg vert så oppslukt av ei bok at eg les 500 sider nærast i eitt strekk. Det verste ein forfattar kan gjera er å levera frå seg ei bok utan spenning og nerve, særleg om boka er lang og særleg om den er meint å vera spennande. "Lille stjerne" har alt som trengs. Her er ein indre spenning og ei uhygge som dreiv meg frå side til side - ei fantastisk bok. Om det ikkje hadde vore for at eg frå no av berre vil reservera terningkast 6 til det aller ypperste, skulle denne boka glatt fått ein seksar frå mi side.

Det er elles skrive så mykje om "Lille stjerne" på Bokelskere at eg ikkje skal gje noko handlingsreferat eller utdrag, men kort slå fast at denne boka gav meg ein vond draum ei natt. Det fortel sitt. Særleg første delen om Theres som veks opp innesperra i kjellaren til det avdanka svensktopp-paret var bra, så bra at ein ikkje skulle tru det kan bli betre når fortellinga flyttar seg over til Terese, den feite, stygge jenta som skriv så fantastiske tekstar.

Og når desse to jentene etter kvart møter kvarandre - ja då...

Spenningslitteratur i verdsklasse!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Debutanten Linda Klakken får glatt terningkast 6 for boka "Den siste beatpoeten" - i utgangspunktet ei bok om San Francisco-poeten og forleggjaren Lawrence Ferlinghetti, men så mykje meir i tillegg - det har vorte til den ultimate boka (på norsk, i det minste) om beat-poesien - om Jack Kerouac, Allan Ginsberg og alle dei andre. Om beat-poesien i Noreg - Jón Sveinbjørn Jónsson, no død, intervju med Jan Erik Vold og andre, om jazz, om Linda Klakken si reise på lukke og fromme til San Fransico april 2009, med eit håp om å treffa Ferlinghetti. Det er ei herleg personleg bok, velskriven, eg vart fanga inn frå første side, takk vere nettopp Linda K. sitt personlege engasjement og skrivestil. "Den siste beat-poeten" er desidert boka for deg som var for ung til å få med deg 50- og 60-talet, for deg som berre er litt interessert i poesi. Desse folka forandra verda. Eg ønskjer LK eit langt liv som poesi-skribent.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Å rokka ved Borges blir omlag som å rokka ved Beatles. men eg gjer det likevel. Samstundes som eg glatt gir han terningkast 6. Det er eit paradoks, som novellene hans er det.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Morten A. Strøksnes si bok om Tjostolv Moland og Joshua French handlar eigentleg om noko anna. Boka handlar om Kongo. Om Strøksnes si oppleving av Kongo. Og forfattaren har gått lengre enn dei fleste journalistar. "Et mord i Kongo" er ei velskriven og spanande beretning om hans eiga risikable ferd gjennom eit av verdas verste land, der det til slutt tok til å brenna under føtene på han. Me er med forfattaren inn i jungelen, me møtar korrupte politifolk og militære, me vert med til eit av verdas verste fengsler for å prata med Moland og French - kort sagt, ei fantastisk spanande bok. Men ikkje av den lettleste typen, og heller inga bok om kva som eigentleg skjedde med den drepne sjåføren. Etter å ha lese boka skjønar du kor lite me eigentleg fattar av Afrika, og det ulukkelege Kongo spesielt. Og ikkje minst, kor jæklig livet kan vera for svært mange.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Jorge Luis Borge si novellesamling "Labyrinter" slo ned som ei lokal bombe i hovudet mitt den gongen eg las boka for første gongen, for mange år sidan. No sit eg med Borge si samla novelleproduksjon mellom hendene, ei bok du sjølvsagt bør ha i bokhylla di, men no er ikkje begeistringa mi lenger så stor. Betydeleg litteratur, høyrer til verdslitteraturen - absolutt. Men litt oppsylta, irriterande intellektuelt affektert? Ja, det også. Men for all del - vil du eiga ein bit av vår samtid si verdslitteratur, få tak på boka.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

"Krabbeskipet" er boka du bør lesa. Av fleire grunnar, gode grunnar, viktige grunnar. For det første er boka eit spanande bekjentskap i seg sjølv, teksten riv deg med frå første stund, det er noko rått og hardt og upolert over boka som står godt i stil med det forteljinga handlar om - det umenneskelege slitet på eit japansk fabrikkskip på 1920-talet. For det andre står denne boka som eit sentralt verk i moderne japansk litteraturhistorie. Og for det tredje handlar boka om noko viktig, som også er høgst aktuelt i dag - nemleg utbyttinga av menneskeleg arbeidskraft under nedverdigande tilhøve.

Mykje av det du les om i boka er så grusomt at ein mest ikkje skulle tru det var sant - men det er sant, så ille var det i Japan på 1920-talet, og så ille er det mange stader i verda i dag. Me likar ikkje å tenkja på det, men sanninga er at det meste av vårt konsum i Vesten byggjer på rå utbytting av menneskeleg arbeidskraft i fattige land: komponentar i mobilen eller pc'en din er høgst sannsynleg laga av arbeidarar, ja barn!, med 12 timars arbeidsdag, ingen fridagar, som må halda eit høgt tempo og får sparken om dei blir sjuke. Dei billege kleda dine er sydd av småjenter ein stad i Austen. Leikene du kjøpar til ungane dine til jul kjem frå fabrikkar i Kina der det nettopp er - ja, ungar som lagar dei. Og som forbrukarar - også dei medvitne av oss! - er me veldig flinke til å lukka augene for det. Du viser gjerne fram den nye mobilen din, men vil helst ikkje tenkja på under kva tilhøve og til kva for ein mennneskeleg pris nokre av komponentane er laga.

Alt dette er "Krabbeskipet" ei ubehageleg påminning om. Kort fortalt: handlinga i boka går føre seg på eit fabrikkskip, der krabben som vert henta opp or havet vert hermetisert med det same. Fleire hundre mann jobbar på fabrikken. Tilhøva er elendige, det er lange arbeidsdagar og dei vert behandla som slavar, sett på som dyr, mishandla av oppsynsmannen - profitten står over menneskeliv, fortenesta betyr alt. Jaget etter forteneste reduserer den menneskelege verdien til null - under null! I tillegg gjer forfattaren eit meisterleg grep: det er ingen hovudpersonar i boka, det er ein kollektiv roman, skrive meir som ein reportasje, få av personane har namn, og det er ingen psykologiske skildringar. På dette viset trer det klart fram at den undertrykte arbeidarklassa er ein masse utan korkje namn eller andlet for den som sit i den andre enden og et av dei hermetiske krabbeboksane, som gjev blanke i korleis krabbekjøtet har hamna i boksen, samstundes som denne anonyme massen også - mot slutten av boka - vert forvandla til ein "masse" i positiv forstand - ein masse som veit å slå tilbake!

Straks boka vart publisert i 1929 vart ho forboden. Takiji Kobayashi var medlem av det japanske kommunistpartiet. To år etter at boka kom ut vart han pågripen av politiet, torturert og drepen.

Les "Krabbeskipet", om det er det siste du gjer! Boka har noko vesentleg å fortlja deg. Anten du er kristen eller ateist, sosialist eller konservativ - boka handlar om noko som bør angå oss alle. Den handlar om korleis umenneske behandlar andre menneske som umenneske - og at me bør reisa oss mot uretten.

PS. Eit godt og instruktivt etterord ved omsetjaren Magne Tørring.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Morten JensenmarvikkisBerit RAvaKirsten LundPiippokattaSynnøve H HoelLilleviJulie StensethAnne Berit GrønbechEvaTine SundalEllen E. MartolHilde H HelsethLailagretemorHarald KElisabeth SveeRisRosOgKlagingBjørg L.Tor-Arne JensenIreneleserKaramasov11Marit HåverstadJohn LarsenEva GabrielleTone HAstrid Terese Bjorland SkjeggerudGroAndreas VillangerFiolMartin ABKine Selbekk OttersenJoannAkima MontgomeryLinda NyrudIngeborg GNorahReidun SvensliJan Arne Nygaard