Teikneserieromanen "Glassbyen" er ein moderne klassikar - den vert rekna som ein av dei verkeleg store amerikanske graphical novels. I 1999 vart den kåra til ein av århundrets 100 viktigaste teikneseriar av The Comics Journal.

Og når ein les - og ser - boka er det lett å skjøna kvifor. Formen er ein slags svart kvitt 50-tals krim av typen noir, effektane er diskrete, men gjer sin verknad - det er som dei føyer seg etter Paul Auster sin originale prosatekst på nett den rette måten. Emnet for boka er identitet, språk og galskap - vevd saman på ein slik måte at eg ofte måtte setja ned farten under lesinga til eg nærast krabba avgarde, for å bruka ein metafor.

Eg har ikkje lese romanen "Glassbyen", men etter kva eg kan forstå må denne teikna versjonen følgja originalen godt. Hovudpersonen Quinn alias Paul Auster vandrar kring i ein labyrint av gater, tankar, eit språk som aldri kan fungera fordi det heile tida skiftar meining - ikkje så ulikt Kafkas "Prosessen", kanskje. Ein treng å finna opp eit nytt språk: "Når en paraply går i stykker, slik at man blir våt, er den da fremdeles en paraply? Den er forandret, men ordet er likt, upresist, falskt. Hvis vi ikke kan benevne en hverdagsting, hvordan kan vi da snakke om det som virkelig betyr noe?"

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Denne MÅ jeg ha!!!!!!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Berit REllen E. MartolPiippokattagretemorAnn ChristinVibekeAnneWangKirsten LundHarald KReidun VærnesToveHanne Kvernmo RyeMarteBjørg L.Mads Leonard HolvikIngunn SAndreas BokleserEivind  VaksvikMarenTonesen81BenedikteTove Obrestad WøienKristine LouiseAnne Berit GrønbechIngunnJRufsetufsaJarmo LarsenChristofer GabrielsenTrude JensenMonika SvarstadTurid KjendlieBjørg  FrøysaaTonjeJulie StensethOleMorten MüllerTanteMamieLilleviAvaTine Sundal