Rockelegenda Patti Smith har skrive ei fin bok, «Sanka ull - Woolgathering».
Boka vart skrive for 20 år sidan, for eit lite forlag som publiserer handskrivne bøker, med namn som William Burroughs og Bob Dylan på forfattarlista. No er den vesle boka kome ut på norsk, i to-språkleg utgåve. Eg har gledd meg til å lesa ho, men det er eit eller anna som ikkje funkar. Slik er det stundom. Kanskje tidspunktet er feil, kanskje den norske omsetjinga vart for mykje av ein coverversjon og eg heller skulle konsentrert meg om den engelske originalteksten. Kva det enn er, eg legg berre boka til sides ei stund og tek ho fram att seinare. I mellomtida tipsar eg altså om at ho finst...
PS. Kva boka handlar om? Om det essensielle, om kva det vil seia å vera til og å veksa. Ei samling fragment, tankar kring kvardagslege hendingar. Undring og erkjenning. Og bøn. Motivet på omslaget (Jean-François Millets 1800-tallsmaleri «Shepherdess with Her Flock») viser ei jente i knall raud lue med ryggen til saueflokken ho gjetar, fordjupa i eit bønekjede. For - ja, det handlar om bøn. Og om å sanka ull på sin veg.
Charles Bukowski høyrer til ein eigen sjanger i amerikansk litteratur med kolleger som John Fante, Raymond Carver, Jack Kerouac og Henry Miller. Desse som skriv om sine eigne bedritne liv i ein hardkokt stil som elles høyrer heime i 50-tals krimbøker. "Nedenom og hjem" er intet unntak - tittelen seier det meste. Som John Fante har også Bukowski sitt alter ego: Henry Chinaski. Gjennom H. Chinaski får me del i Bukowski si eiga livshistorie, pluss minus. Om fattigungen frå Los Angeles som ender opp som drukkenbolt og kultforfattar. Skrive i ein kortfatta, nærast triviell stil som på eit vis forsterkar dei tragediane han formidlar, side opp og side ned.
Eg har stor sans for denne sjangeren. Men eg trur den kostar - både litterært og ikkje minst gjennom dei historiene som blir formidla. Bukowski fortel dei historiene me andre helst vil gløyma - og iallfall aldri fortelja offentleg. Han kler seg naken på eit vis som er hakket meir nakent enn Knausgård. Og stilen er reinska for alt prat. Her er det rett på sak.
Forfattarar som John Fante og Charles Bukowski går framleis rett heim hos særleg unge menn. Det håper eg dei held fram med. Både forfattarane og dei unge mennene.
På tur til Island for eit par veker sidan lasta eg ned ein islandsk krim på Kindlen: "The Flatey Enigma" av Viktor Arnar Ingolfsson, som har levert fleire solide krimbøker av beste islandske merke.
At eg valde nett denne boka var ikkje heilt tilfeldig. Flateyjarbok er ei av dei islandske sagabøkene eg har brukt ein del tid på, ikkje minst pga. ei av bøkene i samlinga - "Grønlendingesaga", som gjev mange verdfulle opplysningar om norrøn utforsking av Nord-Amerika i tidleg mellomalder.
"The Flatey Enigma" handlar vel så mykje om Flateyjarbok som krimgåta boka fortel om: ein dansk professor, ekspert på Flateyjarbok, vert funnen død på ei avsidesliggjande, ubefolka øy på vestsida av Island. Dermed vert det sett i gong ein prosess som rullar opp ei rekkje hendingar som dei involverte helst såg både gøymd og gløymd. Samstundes vert etterforskarane - og lesaren - presentert for den såkalla "Flatey-gåta", basert på gåtefulle spørsmål henta frå Flateyjarbok. Og det er nett dette som løftar denne krimromanen og gjer den annleis enn så mange andre krimbøker: kvart kapittel vert avslutta med ei gåte og ei forteljing henta frå Flateyjarbok. Og når boka er ferdiglesen veit lesaren ikkje berre kvifor og korleis den danske professoren døydde, men har også fått med seg mykje kunnskap om Flateyjarbok undervegs, eit gedigent og særs mangfaldig historieverk frå mellomalderen, med både norske kongesagaer, kvad og eventyr og islandske ættesagaer - handskrive i berre eitt einaste eksemplar. Etter fleire hundreår i København kan du i dag sjå boka utstilt i Reykjavik.
Eg er ingen stor forbrukar av krimbøker, så eg vil kanskje (kanskje urettferdig) plassera denne boka sånn litt over halvveges på treet, men opplegget med Flateyjarbok og innblikket som lesaren får i eit islandsk lokalsamfunn anno 1960 - ja, det blir glatt terningkast 5.
Peter Straub oppdaga eg ved eit tilfelle ein gong på 1980-talet, med romanen "Shadowland" som fanga meg inn frå første setning. Seinare skreiv han ei bok i lag med Stephen King, "The talisman" - på sett og vis eit litt umake par, ettersom Peter Straub er langt meir litterær enn King - resulatet blei bra.
Mursteinen "Ghost story" har også fanga meg inn frå første setning. Peter Straub kan kunsten å skapa ei indre, uhyggeleg spenning som held på interessa. Eg ser i omtalar av boka at romanen, forutan å vera ein grøssar av beste merke, samtstundes er ein litterær hyllest til genren. Ja, nokre seier til og med at "Ghost story" overgår både "Rosemary's baby" og "Excorsisten". Allereie etter nokre få kapitlar er det lagt ut så mange trådar som eg berre MÅ sjå enden på.
Det du seier om språket - kan det ha noko med den norske omsetjinga, som er litt "50 tals-aktig"? Eg las boka på amerikansk, og språket er levande, fengjande. Men eg er samd, me kjem ikkje under huden på Montag, og eg er ikkje sikker på om det er meininga heller. Dette er like mykje triviallitteratur som "seriøs" litteratur, og i trivia kjem ein ikkje så lett under huden på folk.
Fint å få med slike direkte reaksjonar innimellom!
Eg har nett lese ferdig romanen "Fahrenheit 451" av Ray Bradbury.
"Fahrenheit 451" handlar om bøker. I eit framtidssamfunn der husbrannar er ein saga blott, ettersom alle hus vert bygd brannsikre, får brannmennene ei ny oppgåve: å brenna alle bøker dei kjem over. Papir brenn ved 451 grader Fahrenheit. Ikkje at det gjer så mykje. Folk flest har for lengst slutta å lesa bøker uansett. Dei er lukkelege i dei hypermoderne heimane sine, med sine interaktive heildekkjande vegg-tv'ar som køyrer morosame show med hermetisk latter, med sine raske bilar og stadig skiftande samlivspartnerar. Kva skal dei med bøker? Dermed set dei anonyme, andletslause styresmaktene i gang med ei storstilt utreinsking av alle bøker dei klarar å oppspora.
Brannmannen Montag er ein av dei ivrigaste. Men ein dag stikk han unna ei bok, tek den med heim og set seg til å lesa. Og så endå ei, og ei til...
"Fahrenheit 451" kom ut i 1953 - men kunne gjerne kome ut i dag. Bradbury sa sjølv at boka vart inspirert av Arthur Koestlers bok om Moskva-prosessane ("Mørke midt på dagen") - men som tida har utvikla seg har boka også fått ei uhyggeleg aktualitet for vårt vestlege samfunn i dag, der så mykje blir trivialisert og relativisert og har problem med å forhalda seg til lengre og kompliserte tekstar.
Ray Bradbury er kjent for dei fleste som ei av dei aller fremste sci-fi forfattarane på 1950-talet, og fleire av bøkene hans må vel reknast som klassikarar innan genren, med "Fahrenheit 451" som eit absolutt høgdepunkt. Ettersom han skreiv for ein kommersiell marknad utvikla han ein skrivestil som mang ein forfattar av triviallitteratur kan misunna han. I "Fahrenheit 451" blir du garantert fanga inn frå første avsnitt, og du blir halde fast til siste line.
Eit stort poeng i boka er at det ikkje er styresmaktene som har forbode folk å lesa bøker, men at folk flest ikkje gidder å lesa meir eller bry hovuda med intellektuelle syslar av noko slag. Kvifor skal dei det, når dei kan leva lukkeleg med sine tv-show og overflatiske omgangsformer? Blir nokon lukkeleg av å lesa ei bok?
Les "Fahrenheit 451" og finn det ut. Boka kunne vore skrive i dag!
Lånte med meg heim to bøker om Anders Behring Breivik for eit par veker sidan - Aage Storm Borchgrevink si "En norsk tragedie" og Kristopher Schau: "Rettsnotater - 22. juli-rettssaken, Oslo tinghus 2012". Men orka lite av dette. Ikkje desto mindre fekk eg med meg mesteparten av "En norsk tragedie", som allereie er utropt som den ultimate ABB-biografien. Kanskje det. Mykje mimring om Frogner og tagging på 80-talet, og ein del om barnevern og skilsmisse og dataspel - og svært mykje om drapene på Utøya (som eg hoppa over). Tilsvarande lite om Fjordman og det ekstreme bloggermiljøet, lite om anti-islamisme, lite om korleis ABB planla og utførte terrorhandlingane, ingen djup analyse av dokumentet som ABB sendte ut 22. juli (og kven han sendte det til) - og absolutt ingenting om kva som kan ha bevega ein norsk ung mann til å gjera noko så uhyrleg. Det verkar som det vert knytta til ein teori om eit ønskje å bli kjend, eit stort namn - som Herostrates. Ei bok eg las med interesse, det skal innrømmast - men like fullt ei bok eg kunne klart meg utan.
Sjeldan eg har hatt så mykje moro av å lesa ei bokomtale! Du har med dette levert ei solid stadfesting av alle mine fordommar mot denne boka. Glad eg aldri har brukt tid på den - og no blir det iallfall ikkje gjort.
Har nett lese ferdig Per Petterson si siste bok - "Jeg nekter". Eg las boka straks etter at eg var ferdig med Bror Hagemann sin roman "De fordømte", som på sett og vis er i same sjanger, og det vart difor til at eg automatisk samanlikna dei to bøkene. Det var sjølvsagt ikkje rett å gjera det, men det var no slik eg likevel gjorde det. Der Bror Hagemann si bok er konsist og stramt regissert, kan "Jeg nekter" til tider verka litt vel ordrik og omstendeleg. Dessutan vil ein alltid halda Per Petterson sine bøker opp mot "Ut og stjele hester" - og det er sjølvsagt heller ikkje rett.
Når alt dette er sagt, så er dette etter mi meining ei bra bok. Veldig bra. Sjølv om det var saker og ting der eg ikkje vart heilt klok på. "Jeg nekter" handlar om dei to kompisane Jim og Tommy, som veks opp på den vesle staden Mørk på 60-talet, ein gudsforlatt bygd utanfor Lillestrøm ein plass. Me følgjer dei i eit døgn i 2006, frå ein tidleg morgon til morgonen etter, kvar for seg - bortsett frå eit kort møte i byrjinga av boka. I ei rekkje tilbakeblikk, skrivne i både første og tredje person - og på same vis med andre personar i forteljinga - får me etter kvart rulla opp ein vond barndom og ungdom først og fremst for Tommy, som endar opp som eit kasus for barnevernet til slutt, med ein brutal far og ei mor som har stukke sin veg, men heller ikkje Jim har det så lett. Tommy har alle odds mot seg - likevel er det han som har gjort karriere som vaksen, medan Jim strir med seg sjølv og til slutt bestemmer seg for å gjera slutt på alt saman.
Måten denne historia blir fortald på, med ei rekkje stemmer i eg-form, og stundom i tredjeperson, stundom som tilbakeblikk og stundom i notid, verka litt forvirrande i byrjinga, men etter kvart såg eg at det knapt kunne gjerast på nokon annan måte. Ein fantastisk flott måte å komponera ei bok på! Det må ha kosta Per Petterson ganske mykje tenkearbeid.
Eg likar stemninga og miljøet i Per Petterson sine bøker. Det er ein stillferdig kvardag som blir skildra, jamne kvardagsmenneske, men like fullt ligg dramatikken bakom heile tida. Boka er ganske omfangsrik, det er sikkert ein masse episodar og avsnitt som kunne vore kutta heilt ut og gjort komposisjonen strammare. Men også dette må ha vore eit medvite val frå forlaget og forfattaren si side.
Delar av forteljinga er så stillferdig at eg kanskje ikkje fekk med meg alt. Kva skjedde med dei to gutane på vatnet, då dei trudde at isen ville bresta? Var det då Jim fekk ein brest i forholdet til Tommy? Kvifor prøvde Jim å ta livet av seg - og kvifor avviser han Tommy etterpå? Kva er det han forlanger for at venskapet skal bli bra igjen?
Boka endar dessutan med eit spørsmål. Når Jim fram til brua og hengjer seg, eller møter han Tommy og alt blir bra mellom dei? Kanskje det er berre eg som tolkar det slik - men for meg, i det minste, var det ein fin slutt på boka.
Kort sagt - god bok for både gamle og nye Petterson-fans!
Kanskje det. Dickens er underhaldande nok. Morsom også. Dei originale forteljingane hans kom ut som føljetongar, ikkje så ulikt våre dagars tv.seriar. Det var først etter at føljetongane var ferdige at dei ble samla i bokform (om enn nokre også kom som bok frå byrjinga)
Ja, og eg får no melding om at det er ein tre-timars seanse i Tromsø også i dag.
I år er det Dickens-år, behørig feira i Storbritannia. Charles Dickens er eit av dei store namna i verdslitteraturen. Få litterære verk har til dei gradar makta å bli ein del av vårt felles medvit, verda over. Typar som Oliver Twist og David Copperfield, ord og vendingar, miljø - alt saman er framleis levande, på same vis som all klassisk litteratur er det, anten ein kjenner verka eller ei. Ei anna sak er at Dickens var ein stor forfattar i seg sjølv. Få, om nokon, diktarar har skildra samtida så rikt og detaljert, frå samfunnets botn til dei øvste samfunnslag, og hatt denne merkelege evna til å kombinera triviallitteratur med litteratur av verdsformat.
Så desto mykje meir underleg at Dickens-året har gått oss hus forbi her i landet. Rett nok har Aschehoug sendt ut Bleak House i ny omsetjing, som eg les no - men det burde vel vore meir enn dette...? Er Dickens blitt ein uinteressant forfattar for det boklesande norske publikum?
Langt ute i det kvikksølvlysende verdenshavet ligger et ensomt lite blyfarget land. Det ørvesle berglandet forholder seg til storhavet omtrent som et sandkorn til gulvet i en ballsal. Men sett under et forstørrelsesglass er dette sandkornet likevel en hel verden med fjell og daler, sund og fjorder og hus med små mennesker. Ja, et sted ligger til og med en hel liten gammel by med brygger og pakkhus, gater og veiter og bratte smug, hager og torg og kirkegårder. Der er også en gammel kirke på en bakketopp. Fra tårnet er det utsikt over hustakene i byen og utover det veldige havet.
Ein skal hugsa på at boka vart skrive straks etter krigen - av ein forfattar som så å seia var augnevitne til det som skjedde. Slik sett ser eg på denne romanen som eit samtidsdokument med høg grad av historisk truverde. Det er også ein intensitet i skildringa som maktar å formidla noko av uhyggen i tida. Å samanlikna verket med seinare verk av forfattarar som har levd på (lang) avstand frå nazi-Tyskland, både i geografi og tid, slik du skriv, er vel nokså urimeleg?
Perler i prosa er ein klassikar! Dessutan ein flott bok, reint utstyrsmessig. Norsk novellekunst på sitt aller beste. Ja, det er ikkje fritt for at eg saknar den gode, gamle Bokklubben som produserte eigne bøker og aldri gjekk på akkord med seg sjølv, anten det galdt innhald eller bokutstyr.
Kva er det å seia om Jason som ikkje alt er sagt? (Vel, mykje nytt blir sagt om han i siste nr av Vinduet. Løp og kjøp osv. Altså om mannen bak Jason, John Arne Sæterøy, som kan mykje meir enn å laga Jason-ruter, m.a. bokomslag med kultstatus). Den siste boka i ei lang rekkje av Jason-bøker er nett lese, og eg er framleis fan. Historiene i Jason-universet er på mange måtar like, på mange andre måtar er dei ikkje det. Dei er underlege, tomme på eit vis, det er liksom noko stumt over dei synest eg, desse fuglane og hundane som er meint å likna på oss menneske, sjølv om det er nok av snakkeboblar. Noko langt hinsides det infantile.
I denne historia dreg den unge jenta Gweny i veg med eit skattekart for å leita etter faren, som forsvann då ho var lita. Undervegs hamnar ho i klørne på ein gjeng sjørøvarar - men endå verre ting ventar: ho kjem til ein skule for små bødlar, der ho vert dømd til døden...
Kort sagt, endå ein ganske så sær og stundom grotesk Jason-bok. Anten er du fan (som meg), eller du har neppe sansen for det. Men for oss fansen... yess.
Hans Fallada levde sjølv eit dramatisk og sterkt liv, kanskje det førte han nærare sjølve det tragiske i mennesket - og det kjem tydeleg til syne i måten han skriv på - det er så sterkt, ei bok av Fallada vert sitjande i deg. Anbefaler også "Hva nå, lille mann?" Kåre Willoch sa ein gong at inga anna bok hadde makta å tydeleggjera kvifor så mange vanlege tyskarar slutta opp om nazismen.
Ja, me har jo alle lese diverse saker som har kome fram dei siste åra, ikkje minst her i Bergensområdet. Hugsar dei gutane me vart konfirmerte i lag med som kom frå barneheimen Lindøy i Stavanger - det var slike som dei me vart truga med, og det er jo ikkje så rart at dei var som ein slags straffangar i våre auge.
"De vergeløse" held framleis mål som protestskriv.
Ja, det var ei bok som gjorde inntrykk, absolutt. Særleg når ein tenkjer at dette også er noko som rammar mange born også i dag, også i Norge, om enn på ein litt annan måte.