Stundom går forfattarar i gløymeboka på fullstendig ufortent vis. Ein av dei er Gabriel Scott, forfattaren av "Kilden eller Brevet om fiskeren Markus" (1918), "Det gylne evangelium" (1921), "Fant" (1928) og "De vergeløse" (1938). Gabriel Scott var ein særs populær og mykje lesen forfattar i si samtid.

Eg las nyleg "De vergeløse" for første gong, ei forteljing om ein liten flokk stakkars gutungar som er satt vekk på ein gard, slik det så ofte gjekk med born som av ymse grunnar mangla ei trygg familieramme. Rett nok er historia litt nedstøva, men det at ho er skriven så seint som i 1938 gjer likevel inntrykk. Og godt skriven er den! Gjennom ein heil romans lengd følgjer me fjortenåringen Albert, "Blingsen", gjennom den eine trøysteslause dagen etter den andre - først dag for dag, så veke for veke - og til slutt månad for månad. Og år for år. Ei uendeleg rekkje svarte dagar der den stakkars barneflokken vert tvungne til å arbeida lange dagar for bonden dei er vekksatte hos, forakta og usynlege for alle, for læraren, lensmannen og presten - og for folk i bygda, som vender seg vekk og ikkje vil sjå kva som skjer med borna. Ei trist og nedslåande forteljing som gjeld born også i dag - millionar av born verda over har fått si eiga bok i "De vergeløse".

Boka kan du lasta ned på Norsk Bolselskap http://www.bokselskap.no/

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Viser 8 svar.

Fin at du også løfter fram Gabriel Scott, jeg har som mål å lese det meste han har skrevet.
Jeg har kommentert denne boka i en annen tråd, det hadde vært fint om de kunne bli hektet sammen, men nok om det.

"Alkejegeren" var jeg ferdig med for noen dager siden, meget god, "Jernbyrden" er også knakende god, her er det bare å ramse de opp den ene etter den andre :) Å ja, han har så mange gode bøker, så folkens jeg oppfordrer dere til å børste støv av de og jeg vil tro det er flere av dere som vil like de særs godt.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Husker jeg leste denne for mange år siden, før jeg fikk vite at min far hadde opplevd dette da han var barn - dette var i 1939. Han og hans søsken ble satt ut på gårder etter at de mistet moren sin. Han var heldig og kom til snille folk, en av mine onkler opplevde mye av det samme som i boken. Det gjør det veldig nært for min del. Fin og viktig bok.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja, me har jo alle lese diverse saker som har kome fram dei siste åra, ikkje minst her i Bergensområdet. Hugsar dei gutane me vart konfirmerte i lag med som kom frå barneheimen Lindøy i Stavanger - det var slike som dei me vart truga med, og det er jo ikkje så rart at dei var som ein slags straffangar i våre auge.

"De vergeløse" held framleis mål som protestskriv.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Har lest denne for mange år siden og husker den som en hjerteskjærende bok.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, det var ei bok som gjorde inntrykk, absolutt. Særleg når ein tenkjer at dette også er noko som rammar mange born også i dag, også i Norge, om enn på ein litt annan måte.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Takk for tips! Da er denne lastet ned :-)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Norsk Bokselskap er absolutt ein nettstad å følgja med på frametter. Fint at det er bøker der i Kindle-format, som eg trur er det lesebrettet dei fleste har.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Selv har jeg iPad og har ikke noe opplevd noe problemer med å laste ned noe, men det er flott at man tilpasser seg flere lesebrett. Forhåpentligvis kommer det ennå flere norske forfattere hos Norsk Bokselskap, det er viktig med lett tilgang om folk skal lese mere norske klassikere.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Violeta JakobsenHarald KsomniferumPiippokattaStig TKirsten LundRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_Hanne Kvernmo RyeVannflaskeGodemineSigrid Blytt TøsdalAnita NessIngvild SBeathe SolbergritaolineBookiacJakob SæthreSol SkipnesBente NogvaReadninggirl30mgeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLinda NyrudWenche VargasKatrinGVibekeAvaCarine OlsrødReidun Anette AugustinGladleserTove Obrestad WøienNinaMaiken