Haimon
Eit land for ein mann - det er ingen stat

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg har forstått det slik at det berre er fantasien som avgrensar kva ein kan stemme frem. Å definere kva som er ein klassikar (i alle fall blant litteratur som er utgjeve dei siste 50 åra) er vel like subjektivt som det uvinnelege smaksspørsmålet. Eg håpar det dukkar opp meir samtidslitteratur ved neste avstemming.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Kanskje det ikkje er noko meir å krangle om? Eg synes eigentleg me skal vere glade for at nokon gidder å ta initativet til å starte eit slikt prosjekt. Med så mange innspel som har kome dei siste dagane synes eg i grunnen det er bra at kjell k har talt for "det tause fleirtalet" og funne frem til kva retningslinjer som skal gjelde for denne lesesirkelen. Det har jo dukka opp ganske mange gode forslag til ein eventuell parallell lesesirkel, så då får ein berre håpe at det dukkar opp nokon som har pågangsmot til noko slikt.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Eg har også inntrykk av at Mann kan vere litt tung, men me får sjå, eg ventar truleg med å byrja på romanen til etter jul, noko som er dumt sidan pliktlesing ofte dreper lesegleda (i mitt tilfelle), og det ikkje vert ei plikt før på nyåret.

Men kor lang tid tenkte du at ein skulle bruke på Middlemarch? 150 sider i veka eller er noko slikt? Diskusjonane kjem eg til å følgje, der er det ofte mange gode bidrag.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Einig, det vert lite føremålsteneleg, men eg har Doktor Faustus på pensum så den må eg lese snart uansett. Middelmarch er eg litt usikker på om eg vert med å felleslese for den har eg lese før, men det er lenge sidan så eg tenkjer eg byrjar på den saman med dykk, så får eg sjå kor mykje eg hugsar.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg trur faktisk eg slutter meg til forslaget ditt til namnet på lesesirkelen, artig forslag. Men når ein først skal nytte seg av Stockmanns sitater, burde du kanskje ikkje stemt på den nest mest populære boka ;)

Eg tar snart til på mi einsame lesing av Doktor Faustus og gledar meg over at:

"Den sterkeste man i verden, det er han som står mest alene.”

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Fantasy er den sjangeren eg kosar meg aller mest med. I mine auge er Gaiman betre enn Dostojevskij. Eg føler meir velvære med å lese Pratchett enn med Austen. Og eg går heller til sengs med Robert Jordan enn Hemingway. At sjangeren er uglesett trur eg eigentleg er meir ei myte enn ein realitet, men det kan hende at ein del styrer unna sidan ordet fantasy kan høyrast litt naivt og barnleg ut. Derfor nyttar ein gjerne sjangernamn som "magisk realisme" eller "dystopi" for å appelere til eit større spekter (og sjølv om det kanskje er snakk om litt ulike genrer så kan ein vel vere einige i at essensen er lik, ja?)

Du lurer på kvifor det er eldre klassikarar som vert plukka ut til felleslesing. Tja, kanskje det ser litt flottare ut i boksamlinga, men mest truleg handlar det meir om litterær modning. Ein ynskjer å utforske kva "stor litteratur" er for noko, og velgjer derfor romanar som har fått ein fast plass i den vestlege kanon (og der er fantasy ein smule underrepresentert).

Sjølv om eg er glad i fantasy føler eg at klassikarar høyrer meir heime i ein lesesirkel. Slik eg ser det er skilnaden på å lese fantasy og "tyngre" litterartur at målet med fantasy er "reisa" og "opplevinga" - det å leve seg inn i ei verd som skill seg frå vår eiga. Undervegs kan ei støyte på mykje som er verdt å snakke om, og forventningane til kva som skal kome, men når boka eller serien er ferdig er det lite å seie. I alle fall samsvarer dette med mi eiga lesing av fantasy. Samtlege av Harry Potter bøkene har vore diskutert flittig, men etter at den siste boka var lese, vart det ikkje sagt noko meir.

Med klassisk litteratur forheld det seg på ein anna måte. Ein kan vere på den same "reisa" som i fantasylitteraturen, men ein sitter ofte igjen med noko meir. Nye innfallsvinklar dukkar stadig opp. Ein kan ha ei feministisk eller imperialistisk lesing av t.d. Jane Eyre som vil gjere mykje for oppfatninga av verket, men ei liknande lesing av Twilight vil truleg ikkje ende i anna enn i den same kranglinga om det er vampyren eller varulven som bør gifte seg med den merkelege jenta.

Men sjølvsagt finst det unntak, og Tolkien, som du nemner, er eit godt eksempel på noko som kan vere verdt å sjå nærare på frå ulike vinklar, til dømes kan ein lese Ringenes Herre som eit religiøst verk, eller kanskje ha ei marxistisk tilnærming.

Om det skulle dukke opp ein lesesirkel med fantasy som tema, er eg interessert.

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Satsar på at leseprosjektet får ein plan etterkvart, men greit for første lesing.

Eg stemmer Doktor Faustus

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Takk for eit interessant boktips. Eg har arbeida ein del med postkolonial litteraturteori i haust og synes derfor ikkje-vestleg litteratur er utrulig fengjande, og ikkje minst vanskeleg å definere. Om det skulle oppstå ein lesesirkel basert på dette, vert det artig å sjå kva som vert foreslått - altså om det vert bøker av forfattarar som vender seg mot vesten, som til dømes Murakami, Coetzee og kanskje Lessing, eller om ein går motsatt veg å velgjer Achebe og Marques.

Forslaget om fleire leseprosjekt var ingen dårleg ide. Då har ein større sjangse for å støte på noko som interesserer eller ein ikkje har lese før.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Delevis einig, men eg føler likevel at det har noko meir heilskapleg over seg når ein velgjer verk frå etterfølgande nobelprisvinnarar. Ved å konsentrere seg om ein bestemt periode konsentrerer ein leseprosjektet, i staden for å ekskluderer 90 prosent av nobelprisvinnarane. Ein vil også unngå å oversjå mindre kjente vinnarar, noko som truleg vil skje om ein skal stemme fram 1 av 10 frå kvart tiår.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Godt å høyre at eg ikkje står aleine på barrikadane i min kamp mot "kaos", manglande struktur og planlaus lesing (her nyttar eg meg av overdriving). Me får drive litt lobbyverksemd for å fremje skapinga av ein raud tråd i leseprosjektet. Eg må innrømme at eg synes begge forslaga mine var knakande gode (her nyttar eg ikkje overdriving), og kunne tenkje meg ein tilsvarande tematikk i leseprosjektet, eller kanskje ein studie av ikkje-vestleg litteratur frå det 20 århundre - der ein teke for seg eit nytt land for kvar lesing. Uansett kva det blir til ser eg fram til å starte på leseprosjektet, juleferie er oppskrytt.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Einig. Sjølv om tanken om at alle skal lese det fleirtallet bestemmer er så norskt og sosial demokratisk som ein kan få det, velger eg ei sjølvsentrert tilnærming og blir berre med på felleslesing av det som passar meg.

1001 bøker du må lese før du dør har eg og basert mykje av årets lesing på(Eg gjekk frå ca 30 til 110 i løpet av året). Eg synes særleg den er gull verdt når det kjem til å oppdage "nye klassikarar", som Murakami, Ishiguro, Coetzee og Zadie Smith. Lista over gamle klassikarar er jo ganske statisk.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Det vert sikkert litt lettare å halde styr på kva som skal lesast, om ein har ein overliggande plan. Sjølv om det vert litt mindre fritt, prøvar eg på ny å lufte forslaget om eit meir strukturelt opplegg der ein velgjer ut ei knippe bøker frå ein avgrensa periode, (til dømes 1800 - 1820) og stemmer fram ei av desse. Så flyttar vi oss fram i tid ved neste lesing. På den måten vil ein vere innom fleire epokar, støte på både klassikarar/samtidsbøker, samt forfattarar frå begge kjønn. Ein vil også unngå problemt med alt for mange forslag å ta stilling til.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg foreslår

Tess av slekten D'Urberville av Hardy
Absalom, Absalom av Faulkner
Midnattsbarn av Rushdie

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg synes det høyres ut som ein god ide. Det er kjekt å få i gang gode diskusjonar, og dei tidlegare samlesingsprosjekta har jo vist seg å vere fruktbare. Men noko bindande medlemskap burde ein kanskje styre unna.

Eit lite problem med flere av dei tidlegare leseprosjekta har vore at dei har vore avgrensa til eit enkelt forfattarskap, noko som kan verte litt einsidig i lengda. Då er det betre at leseprosjektet tar utgangspunkt i til dømes: ei bok frå kvart tiår frå 1800 - 2000, eller ei bok frå kvar nobelprisvinnar dei siste 20 åra, der "medlema" stemmer fram kva som skal lesast.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Eg har har jamnt over vore godt nøgd med bøkene eg har lese i år, og sjølv om eg har fullført langt mindre bøker enn vanleg, har eg aldri trilla så mange seksarar.

Dei første bøkene eg vil dra frem er Michael Cunninghams the Houers og Arthur Goldens Geisha. Begge romanane har vore filmfavorittar, og bøkene er i alle fall ikkje dårlegare.

To bøker som i mange år har stått ulest i bokhylla, og som eg har hatt store forventningar til er John Irvings En Bønn for Owen Meany og Umberto Ecos Rosens Navn, og sjølv om forventningane berre var blitt høgare med åra, innfridde begge desse bøkene.

Eg leser nesten berre bøker frå Europa og USA, så eit av måla var å utvide horisonten litt. I løpet av året har eg lese det meste av Coetzee, og særleg Vanære fall i smak. Murakamis Elskede Sputnik og Kafka på Stranden var solide vinnarar. Eg hadde mitt første møte med dei søramerikanske forfattarane Borges og Marques der både Labyrinter og Hundre Års Ensomhet vart favorittar.

Av nordiske forfattarar har Frode Gryttens Bikubesong, Peter Høegs Frøken Smillas Fornemmelse for Snø og Tove Janssons Sommerboken gjort inntrykk og verte storfavorittar.

Dystopisk litteratur er ein genre som eg etter kvart har blitt meir og meir glad i. Margaret Atwoods Tjenerinnens Beretning, Anthony Burgess A Clockwork Orange og Kazuo Ishiguros Never Let Me Go er dystopi som ligger nært opp til vårt eige samfunn, noko som forsterkar uromomentet. David Mitchells Cloud Atlas og Philip K. Dicks Do Adroids Dream of Eletric Sheep? har kanskje ikkje den same nærleiken til dagens samfunn, men er like tankjevekkande.

Eg må sjølvsagt ikkje gløyme Neil Gaimans American Gods. Glimrande fantasy, full av mytologisk allusjon, religiøs skepsis og mykje humor.

Eg er svak for grafiske romanseriar og kom meg endeleg til å lese Watchmen, som sjølvsagt fall i smak. Eit par andre som kan nemnast som solide, teikna meisterverk er John Laymans Chew og Brian Vaughans Saga.

Men ein kan jo ikkje berre fokusere på det som er bra, utan tanke på dei store skuffelsane. For meg var Dickens Oliver Twist ein stor skuffelse, eg følar forfattaren spelar i alt for stor grad på sentimentalitet, noko som ikkje fell i smak for ein kynikar. Eg har stor tvil omkring hovudpersonens autentisitet. Ein skulle tru at miljøet ville forme Oliver til noko anna enn den vesle fromme jævelen han er. Ei anna bok eg ynskjer å rakke ned på er Jo Nesbøs Doktor Proktor og det Store Gullrøveriet, dei andre bøkene hans i denne serien har meir eller mindre vore solide barnebøker, denne boka meinar eg feilar på dei fleste områder. Ein sitter igjen med ein litt sur ettersmak i kjeften etter alle dei tørre ordspela.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Lister er alltid kjekt å lage, og ingenting er vel artigare enn å mimre over bokåret, tenkje tilbake på året som snart er omme, og dra frem dei beste bokminna frå 2013. Har du hatt eit godt leseår? Har du lese mykje nytt, eller har du funne igjen gamle bokromansar? Er det nokre nyutgivingar du vil dra frem eller kanskje ein gamal klassikar.

Så tenk deg godt om og del dei mest dugande bokminna =)

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Dear Josh, we stopped by to fuck you but you didn't answer the the door. Therefore you are gay. Sincerely Tiffany and Amber.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Gjentagelsen er alltid bare forventningen om gjentagelse, ikke selve gjentagelsen.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Da hun kom på pleiehjem, fikk bestemor for seg at fjernkontrollen til å skifte TV-kanaler med var et ektebarn av satan; det var fjernsynets endelige triumf, sa hun, at det kunne gjøre deg hjernedød uten at du fikk røre deg fra stolen engang.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Violeta JakobsenHarald KsomniferumPiippokattaStig TKirsten LundRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_Hanne Kvernmo RyeVannflaskeGodemineSigrid Blytt TøsdalAnita NessIngvild SBeathe SolbergritaolineBookiacJakob SæthreSol SkipnesBente NogvaReadninggirl30mgeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLinda NyrudWenche VargasKatrinGVibekeAvaCarine OlsrødReidun Anette AugustinGladleserTove Obrestad WøienNinaMaiken